Klokka er no 18.00, temperaturen ute er+6 grader C,og no regnar det. Eg har gått ein tur på Vernet i dag, men rekna ikkje med at det skulle bli regn og mørkt før eg kom heim, og no er det bekmørkt så tidleg på kvelden, det trudde eg ikkje det skulle vere.
Heilt sidan eg kom heim altt har eg plundra med maskina, PC-en altså- No er eg ikkje pålogga med mitt eige namn, så det spørs korleis det går. Eg har i grunnen ikkje så mykje å forelje, eg har no gått her og vimsa innomhus heile dagen, heilt til eg gjekk tur.Eg synest den runden oppe på Fonnvernet blir lenger og lenger etter kvart som eg blir eldre. No må eg ha meg ein kaffikopp og når eg få skikkeleg dreis på maskina skal eg legge inn bilde
Svein Nordal fyller 60 år i dag, men vi feira han litt på førehand sist laurdag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar