søndag, september 30, 2007

Kongsberg søndag.

No var eg så mett av fårikålen at eg måtte sette meg her på loftet for ikkje å sovne.Eivind har besøk av ein kamerat og dei et pannekaker på kjøkkenet; som kjent et ikkje Eivind kva som helst.Det har vore voldsomme regnbyger før i dag, men det ser ut til å lette opp att etter kvart.Har hatt kontakt med Karen Marie,det blir truleg til at vi reiser til Fredrikstad på tysdag; Rasmus og dei reiser til Langesund på eit badeland på onsdag. Dei har bestilt der. Alle har det bra her.Og eg skal helse til ev.blogglesarar.Dessverre kan eg ikkje legge inn bilde herifrå, men eg får legge inn bilde av gutane seinare.

lørdag, september 29, 2007

Kongsberg laurdag

Sola forsvann fort. I dag regnar det og det er grått og trasig ute.
Men vi held oss inne og lever godt. Wenche lagar elggryte til middag. Eivind er i selskap,men skal snart hentast heim. Då blir det meir liv i leiren!!! Eg har litt problem med laptoppen, så det blir inga lang avhandling.

torsdag, september 27, 2007

Helsing frå Kongsberg.

No skriv eg på laptopen til Rasmus.
Vi hadde ein nydelig tur i dag i det fine veret,og var framme her i 18-tida.
Her står alt bra til, sjølv om Vebjørn er litt forkjøla.
Elles har vi fått god mat, og kosar oss!
Var litt skeptisk på å skulle sitte heile dagen i bilsetet, men det gjekk fint.
Komfyren er komen på plass og virkar som han skal.
Håper at Solveig blir fort frisk av "sykja" og at dei andre går fri.
Var det komande helg i Kongsvinger, eller neste, Margrete?
Du veit eg er litt surrete........
Skal helse frå alle her.

onsdag, september 26, 2007

I morgon reiser vi.

Vi kjem til å reise over Hemsedal denne gongen også, men tek sikkert ein annan veg heim att.
Vi har tenkt oss ein tur til Fredrikstad også, viss eg greier det. Er ikkje alle dagar like sprek, veit de.Lurer på korleis det går med sittinga i bilen i morgon?
Som de ser har eg begynt på enda eit lestepar, og eg gjer ferdig (nesten) alle arbeid før eg begynner på noko nytt!!! Klok av skade. Men eg skal ikkje skryte for mykje, har ei jakke som har vore ferdig i 10 år, men enno er ho ikkje montert. Slå den!!!!
Så håper eg at orkideane skal greie seg mens eg er vekke; vi skal sette varmepumpa på 16 grader, så frys dei i alle fall ikkje.
Er spent på boka til Øystein som kjem no. Ho har den skumle tittelen Rabarbrakrigen og handlar om livet på Hareid på 60-talet. Den er bok nummer tre i ein trilogi, men bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre.Det stod om den i Sunnmørsposten i dag. Synest dei kunne spandert på seg å skrive intervjuet på nynorsk. Litt rart å få Øystein sitert i feil målform.
Tagging er noko nytt for meg, Hilde, men eg får tenkje ut noko glupt. Treng litt tid !!!
Kjem til å sjekke e-mailen min mens eg er på Kongsberg, men om eg kjem meg inn på bloggen veit eg ikkje. Ja, lese bloggane blir vel ikkje noko problem, men skrive? Jau, det skulle vel også gå?
Posted by Picasa
Posted by Picasa

tirsdag, september 25, 2007

Nye lydbøker.

Var på biblioteket i dag etter ny forsyning. Spurde etter Engelen på det syvende trinn, den hadde dei berre på kassettar, men no ville dei bestille den på CD også. Lærer`n er av samme forfattaren. Boktyven skal vere veldig bra, etter som bibliotekaren sa. Dei ville også bestille inn Genanse og verdighet, sidan eg spurde etter den. Må ha nok lydbøker med meg på tur i tilfelle eg vert liggande våken om natta der slik som heime. Les framleis på Les Miserables, dessverre ikkje på originalspråket.I morgon blir det å pakke full bilen.
Posted by Picasa

mandag, september 24, 2007

Skjerfet er ferdig.

No er eg ferdig med Margrete sitt skjerf og langt inne i neste (hemmelige) prosjekt.
Prosjekta mine går stort sett ut på å halde resten av storfamilien varm på beina, hovudet og halsen. Så no ventar vi godver! Er det ikkje slik det virkar ? I alle fall har det vore regn og kaldt heilt sidan Nils kjøpte kaldluftsvifte!
Viss du Margrete er i Ørsta mens vi er vekke, så ligg skjerfet i kista på gangen!

I dag har vi også laga ca 100 fiskekaker-tek vel med mesteparten til Kongsberg. Her heime lagar vi lett fleire, berre det er ver å fiske.
Nils var i Volda og såg fotballkamp i kveld. Det var laget til Audun som spelte, og då må jo morfar stille opp.
Elles skjer her ikkje så mykje, men dagane går!!!
Posted by Picasa

søndag, september 23, 2007

Starevegen sundag.

No har eg fått duken på bordet, men maten maglar enno. I dag skal vi ha hjortekjøt som Nils har fått med ein nabo i byte mot fisk. Vi har tyttebær i frysaren som vi har fått med ein annan nabo - også i byte mot fisk. Så her har vi nesten gått tilbake til naturalhushaldet.
I går sydde eg duk av gardinlengda som eg kjøpte fredag. Stakkars Harald som kom på besøk mens eg slost med symaskina, han fekk verken vått eller tørt.
Duken kom meg på 70 kr; som gardinstoff kosta den 230 kr meteren. Vaska den i maskina; likevel trong den nesten ikkje stryking. Skulle tru eg hadde dukar nok, og det har eg, men har ikkje mange som passar på spisebordet utan plata er i. Derfor altså. Den er ein nyanse mørkare enn gardinene, så den høver berre å bruke når det er full oppdekking!!! Elles blir den litt for tam.
Reisa til Kongsberg er bestemt til torsdag om alt går etter planen.Det er meldt fint ver der nede neste veke. Gråver på K. er enda gråare enn her!
I går kom vi over eit godt tilbud på ein brukt komfyr som vi kjøpte. Skal ha den med til Rasmus, han vil ikkje kjøpe NY komfyr før han set inn nytt kjøkken. Kan no bytte den med litt datautstyr e.l. No må eg snart begynne på hjortegryta mi.
Posted by Picasa

fredag, september 21, 2007

Fredag før TV-kvelden set inn.

I dag reiste vi til Volda etter at eg hadde vore til akupunktur. Skulle kjøpe noko småtteri å ha med til Kongsberg.Hadde tenkt å kjøpe Fabel-garn også men det vart gløymt!!!! To tankar i hovudet på samme tid går visst ikkje lenger?
Handla litt i Ørsta også; trava i alle fall så mykje rundt at eg vart heilt "skutt". Gjorde eit lite varp då eg fekk meg ein flott duk til spisebordet for 70 kr. Brukar å rote i restekassa på gardinbutikken etter gardinlengder som eg kan bruke til noko.
Fekk med meg ei brosjyre frå TRAKTØREN. Mange gode tips til julegåver- kvalitet, men ikkje billeg. www.traktoren.no
Borna på bildet er tvillingane Jimmy og Johannah,2 år; oldebarna til Anne-Marie, barnebarna til Tone og barna til Patrick. Her er dei på veg inn i barnehagen for første gong.
Elles fekk Øyvind ein son i går, så no har Anne Marie 3 oldebarn.
Med skjerfet til Margrete går det framover for å seie det slik.Har begynt på den andre av tre buntar. Heile bredda er på 26 masker, så det er overkomeleg, men aberet er at eg må ha augene på arbeidet heile tida, for misser ein ned ei maske er ho ikkje god å finne att.
Posted by Picasa

torsdag, september 20, 2007

Nytt strikketøy

I går då Margrete fekk seg ny hue, ymta ho frampå om at ho trengde eit skjerf også, for duffelen(dyffel?) var så open i halsen. Ho hadde også kjøpt seg ein grå genser som trengde ein liten fargeklatt. Eg var glad for eit nytt oppdrag, men sidan dette var fleire ønske på ein gong, måtte eg rasjonalisere litt. På garnbutikken var eit nytt og rikhaldig utval i garn til skjerf, så det var vanskelig å velje. Eg landa på dette Chili-garnet i første omgang, så får eg heller lage eit meir fargerikt skjerf i tillegg.
I dag var eg til frisør. Ho hadde eit strikkeproblem som eg kunne hjelpe henne med; ho skulle strikke ei bukse til døtra og forstod ikkje korleis ho skulle lage den høgare bak slik det stod i oppskrifta. Men det var noko eg kunne etter alle buksene eg har strikka.Neste gong har ho kanskje eit strikketøy som eg kan få låne mens eg er der?
Posted by Picasa

onsdag, september 19, 2007

Tannlegedag.

I dag var Nils til tannlegen i Volda. Han henta Ingeborg på ferja og fylgde henne til tannregulering i Ørsta. Seinare kom Margrete og resten av ungane hit, for Eirik skulle spele kamp i Ørsta.No kom Nils heim, Folkestad tapte ;4-3 til Ørsta.
Lars er på overnattingstur med jobben.
Margrete ville gjerne ha den kvite Odessahua i ull som eg hadde strikka. Eg festa trådane etter at bildet var teke. Margrete og Ingeborg var nedover på ei lita handlerunde, då hadde Ingeborg kjøpt den grå "hijaben".
Nils har teiner ute, skal drge i morgon. Kanskje han får så mykje hummar at vi har noko spennande å ta med til Kongsberg?Der har dei ikkje slike skapningar rett utafor døra akkurat.
Posted by Picasa

Dagens blogg.

Har fått dilla på å lære meg portugisisk, så i dag kjem bloggen min på det språket. Vonar dei fleste forstår. Det er ikkje vanskeleg.

Hoje meu marido comecou mesmo mais caranguejos, mas eu mâo posso comer it.
If que eu, eu comeco sick.He comecei também um lobster.
It estou frio estes dias e muitos da neve dentro ele montanhas.

tirsdag, september 18, 2007

Ørsta i dag.

Sidan eg har registrert lesarar både på Austlandet og Portugal, tenkte eg det kunne vere på sin plass å sende eit bilde som viser korleis veret er akkurat i dag. Ikkje særleg fristande?Nils er ute og ser til teinene; eg driv med støvsuging og stell av plantar.
Elles hadde eg det ikkje så godt etter krabbemåltidet i går. Hummar smakar eg ikkje, for det blir eg skikkelig sjuk av, men no toler eg ikkje så godt krabbe heller. Synd, for det er veldig godt.
Posted by Picasa

mandag, september 17, 2007

Krabbesesongen er i gang.

Nils drog teinene i dag før middag. Han fekk 1 hummar og masse krabbe, i alle fall nok til oss to.
Hummaren ligg framleis i sjøen, i ei kasse, og ventar på selskap av likesinna.(Fredingstida var ute i DAG)
No kokar Nils krabbane, vi skal ete dei seinare i dag. Gler meg til det, sjølv om eg oftast får bondeanger etter måltidet fordi eg et for mykje.
Posted by Picasa

lørdag, september 15, 2007

Nye grytelappar.

No er dei nye "normale " grytelappane ferdige. Synest garnet var litt fint, men har kasta magebelta, så eg veit ikkje kva det heiter. Som de kanskje har oppdaga er eg svak for garn som lagar mønster sjølv. Grunnen? Likar ikkje å feste trådar!
Posted by Picasa

Fiskekaker.

I dag har vi laga fiskekaker av sei og hyse som Nils fiska på torsdag.
Desse fiskekakene skal vi ha med oss til Kongsberg når vi reiser dit om ikkje så lenge.
Nils skal til tannlegen på onsdag og eg til behandling på fredag, og så får vi sjå korleis det passar for dei der nede.
I natt har Steffen sove her hos oss, så no har vi fått ein ny "son " i huset. Han er berre eitt år eldre enn Einar. Nils er alt blitt gode venner med mora hans,; ho er så glad i fisk!!
Eg har ikkje truffe henne enno, men ho bur berre to gater lenger oppe..................i Lyngvegen for dei som er kjende.
Kjenner på meg at det blir ikkje gjort så mykje meir med meg i dag, føler meg som ei velbrukt nålepute, men Nils har planar om å legge ut teiner. Sola var så vidt framme ei lita stund etter ei voldsom haglbyge.Kanskje eg heklar ein grytelapp?
Viss eg får ånden, skal eg ta meg av diverse eple som fell mot jorda i dette veret.
Posted by Picasa

Det var en gang en sommer.....................

Kom over dette (teknisk dårlege) bildet av dei to vedhoggerane som kosa seg med heimedyrka jordbær i pausen. Berre for å minne om at vi har hatt LITT sommar.
Posted by Picasa

Ny ordførar !

Etter harde forhandlingar mellom Gudny Fagerhol og Ola Perry Saure, var det Gudny som trekte det lengste strået denne gongen. Ho er no den første kvinnelige ordføraren i Ørsta .
Ho har vore aktiv i AP i mange år, og har vel som dei fleste andre både tilhengerar og motstanderar. Men ein ting er sikkert, ho slår seg aldri i lag med Frp- slik senterpartiordføraren i Volda har gjort.
Det har vore ein lang TV-kveld her i Starevegen med ekstremt med regn ute. Blæs gjer det også innimellom.Håper fineveret austafør held seg enno ei stund?Men det er vel heller tvilsomt.
Eg er optimist og håper på sommar i oktober!!
I morgon skal eg lage fiskekaker av seien som Nils fiska i går. I dag vart det ikkje mykje gjort med meg; først var eg til akup.og etterpå var det "damelunsj" hos Marit G. Koseleg det.
I kveld har eg hekla ein grytelapp i normal storleik.Skal ta bilde når eg har hekla ein til!
God helg til alle.

onsdag, september 12, 2007

Clematisen blomstrar trass alt i år også!

Posted by Picasa

Ein sløv dag !

Veit ikkje om det er veret si skuld eller det berre er latskap, men i dag har eg ikkje utretta mykje.
Vi var ein tur til Volda f.m. og skulle ha nokre plater til å ha over kjøkkenbenkane i kjellaren.Det er i staden for flis. Her kunne dei ikkje skaffe, så vi måtte på COOP bygg-eller kva det no heiter.
Kjekt at de har fint ver på Austlandet for her berre bøttar det ned.Vi må no ha oss ein tur om ikkje alt for lenge.
Så skulle eg visst ha sjekka blodtrykket, for no hissar eg meg meir opp enn eg har godt av.
Siste nytt er at Sp-ordføraren i Volda vil samarbeide med Frp i staden for dei "raude".
No kan eg ikkje utvandre til Volda heller.
Nils var på møte i FUM i dag, det er dei gamle utvala som fungerer enno.
Det er ikkje bestemt kven som blir ordførar i Ørsta. Forhandlaren for Ap insisterer på at hans parti skal ha ordføraren. (Gudny)Viss han får med seg Sp skulle det gå bra, men Sp har ein ordførarkandidat sjølv (Ola Perry)....................................og så er maktspelet i gang.
Eg har ikkje så veldig mykje i mot noko politisk parti - med eitt unntak!!!!!
Det har ikkje blitt fleire gryteklutar i dag, har begynt på ei hue i staden. Den skal leggast i " (H)jul(e)lagert" så eg kan ikkje legge inn bilde. Heretter blir det stor tystnad omkring handarbeida mine.
Mens Nils var på møte i dag las eg ut ei gammaldags krimbok av Stein Riverton (Sven Elvestad), eg må vedgå at det også har gått framover med den sjangeren. Litt artig å lese den likevel, sidan eg berre har kjent forfattaren frå litteraturhistoria.Eg skriv "les", men det går sjølvsagt i lydbøker her. Har lese nesten alle lydbøkene på biblioteket, men no får dei snart inn ny forsyning. Det hjelper for tinnitusen å "ha noko på øyret" i tillegg til at eg må legge meg ned ei stund kvar dag. Det er ikkje så kjekt som ein skulle tru!!!!!
Det er kjekt at du skriv blogg på engelsk også, Elin, så får eg trent meg litt på å lese litt"utanlandsk". Har ikkje lese mykje engelsk i seinare år, sjølv om eg underviste i det i fleire år. Men det var liksom på eit anna nivå!!!!!!

tirsdag, september 11, 2007

Dagen derpå.

Det tome glaset på bildet er eit symbol på at vi ikkje har noko å feire i dag, reint politisk.
Elles kan vi no glede oss over at vi fekk sjå sola ei lita stund i dag

Skjebnedag

På denne dagen går tankane 6 år tilbake til det som skjedde i NY.
På den bakgrunnen blir resultatet av valet i Ørsta ein bagatell som eg nesten ikkje gidd å ergre meg over. At Nils ikkje kom inn,tek vi med stor ro. Dei som kom inn var Jan Magne Dale, som er heiltidspolitikar og nr.1 på Fykestingslista for SV, og Audhild Baarholm som er lærar. Ho har ikkje vore i kommunestyret før. Misunner ikkje dei som skal sitte i møte med alle NISSANE frå Frp.Eg hadde den tvilsomme gleda å bli kjend med nokre av dei sist laurdag.Og eg må faktisk innrømme at dei var enda teitare enn eg trudde.
Gratulerer til Oddvar som er komen inn for Ap i kommunestyret på Eid . Flott!!!!

I dag tok eg fram heklekroken etter at han har kvilt i nærare 30 år. Dessverre fann eg berre ein som det stod 5,5 på. Det var ein skikkelig grovis. Men har ein bestemt seg for å hekle gryteklut, så heklar ein. Eg måtte bruke dobbelt garn, hadde kjøpt inn Tuva på Europris for å ha noko billig å øve meg på. La opp på måfå og hekla fastmasker fram og tilbake. Det blei ein skikkelig King Size - lapp og begge nøsta gikk med til siste tråd.
Hadde nokre som mamma hekla til meg ein gong som eg likte godt, dei var store og gode utan finurlege hol som fingra stakk igjennom. Denne er minst like bra og enda større. Viss eg no ser meg råd til å kjøpe to nøster til, kan det bli par!!!!!!
Steffen er nesten innflytta no, Nils er på det nærmaste ferdig i kjellaren, så i dag fekk han tid å grave att holet i plenen. Så får han kanskje tid å fiske????
Posted by Picasa

mandag, september 10, 2007

Fargeval.

Mens Nils er på Samfunnshuset og tel opp stemmesetlar, sit eg framfor TV-en og gjer handarbeid. Sidan eg er bra i skuldra og nakken, kan eg strikke no. Men så er det sitteknuten som slår seg vrang!! Alltid noko som vert gale, same kva eg gjer.
I kveld har eg lagt siste hand på tre lestepar; strikka ferdig siste paret og festa trådar. No har eg 5 par i lestelageret mitt.
Paret heilt til venstre er strikka i garnet Fabel som eg har kjøpt på Nett-Strikk i Volda.Så kjem eit par i Regia og til høgre ligg eit par som eg har strikka av restane av Online -garnet eg fekk med Hilde. Dei måtte få tå i koksgrå Sisu.
Når det gjeld valet, veit eg ingen ting om resultatet i Ørsta. Men eg ser jo tendensane elles i landet. Det går nok som eg frykta ; vi blir sittande med ein gap av ein Frp-ordførar enda ei periode. Eg har trua med å utvandre til Volda om det skjedde!( Synd han ikkje les bloggen min.)
Posted by Picasa

søndag, september 09, 2007

Stem: Raud-grønt !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Overskrifta er ikkje ei befaling, men ei oppmoding til alle lesarane mine om å halde seg på den "rette" sida i politikken. Hadde ikkje nemnt det her om ikkje Lappetausa hadde spurt om råd.
Grunnen til at Nils og eg held oss på venstresida i politikken er at vi er FOR gode offentlege tilbod i skule og helsevesen m.a. og MOT private konkurrerande ordningar. Dessutan har den raud-grøne regjeringa gitt meir pengar til kommunane, slik at dei no kan få utretta litt anna enn berre å skjere ned.
NB: Vi er ikkje imot private initiativ generelt !
Nils står som sagt høgt oppe på SV-lista, og eg trur han kjem inn denne gongen også.
Eg står visst nederst som såkalla "listefyll"-har ikkje sjekka.Eg er for gammal å gå aktivt inn i politikken, og godt er det!!! Men det er snart berre pensjonistar som kan ha tid og høve til å vere med på dei lange og seine møta i kommunestyret.

Elles vil eg opplyse om at Solveig har kasta seg på bloggebølga. Der kjem vi til å få meir tips om matlaging enn om handarbeid, trur eg.
www.ortentrovag.blogspot.com

I dag har Steffen, den nye leigebuaren, vore og kopla seg på breibandet. I same slengen rydda han litt opp på maskina mi som heldt på å kollapse. Kjekk gut!! Han kjem til å flytte inn så snart rørleggaren kjem og koplar på vatnet igjen. Han har vore her før og sett inn ny varmtvassbeholder.
Godt val!!!!!!!!!!!!!!!!!

lørdag, september 08, 2007

Laurdagshandel m.m.

I dag har eg hatt ein ganske kjekk dag.
Nils og eg var ned i Vik ein tur, der eg vart ståande på
Frp.- standen det meste av tida.
Det vart til dels heftige diskusjonar og eg fekk både
nye venner og uvenner i DET partiet.
Der var no eit par slike "julenissar" som skulle få det til
at eg var både dum og kunnskapslaus, men det vart no avsanna
av ei tidlegare AP-dame som eg kjenner godt.
Der var ein ung lærar frå Yrkesskulen som eg fekk god kontakt med.
Men ein må no lure når ein småbarnsfar forkynner at skule
ikkje skal vere leik men "blodig alvor".Då protesterte eg!!!!
6-åringar SKAL leike sa eg.Ein kan no begynne å lure...
Og så desse gamle gubbane som snakkar om kor mykje betre alt var før.
Eg sa som sant er at eg har aldri hatt det betre.(No snakkar vi om det materielle).

Eg likar å diskutere, men blir litt opptrekt også. Likevel greidde eg å la vere å bli ufin.
(Har litt problem der!)
Frp har stor oppslutning i Ørsta og det bekymrer meg.
Så vi for altså til Volda og åt lunsj på kafe-kebabrull denne gongen, og ikkje kinesisk.
Vi brukar å gå på kafe av og til. Det blei litt kluss med henting/ikkje henting av Eirik,
men det ordna seg. Desse mobilane er jammem kjekt å ha!!!!

Kjøpte ikkje så mykje anna enn mat, men eg fekk meg ei ny svart bukse på Kapp Ahl; ei som går opp i livet og ikkje sig nedover hoftene.Og så kjøpte eg litt garn, blant anna litt bommullsgarn til grytelappar.
No er Nils og Peder i gang att i kjellaren, og Steffen har vore her ein tur. Han hadde lyst å begynne å sette opp høgtalarar. Skal bli godt å få litt bråk i huset igjen !!!
Kjekt at han gleder seg til å flytte inn.

Seinkveld fredag.

I dag har det vore meir "puslearbeid" i kjellaren. Dei har sett handtak på skapdører og skuffer etc., noko som tok si tid fordi der ikkje var bora hol på førehand. No står det att å sette soklar under benkane og litt finpuss. Har ikkje heilt oversikta.
Eg var til lunsj hos ei "nabofrue" etter at eg hadde vaska til helga.
I morgon skal vi ta oss litt av Eirik som er på fotballskule i Volda.
Lars er i Stavanger på hundeutstilling, så Margrete er heime "åleine".
Hadde ein lang prat med Rasmus i dag, der nede har dei i alle fall betre ver enn vi har.
God helg til alle trufaste lesarar av bloggen min.

torsdag, september 06, 2007

Torsdags kvelden.

No har dei to pensjo-snikkarane lagt ned verktøyet for i dag. Eg synest dei har vore flinke.
Men det står ein god del småplukk att. Av erfaring veit eg at slikt tek tid.
No må eg fore snikkaren min med sikringskost slik at han held løpet ut.
Har fått ny time hos akupunktøren neste fredag.


Posted by Picasa

Torsdag før middag.

Karane jobbar i kjellaren, og eg har laga middag til Nils og meg, for no er det snart pause.
Elles går eg og irriterer meg over meg sjølv som møtte opp til akupunktur ein dag for seint.
Hadde dobbelt-sjekka klokkeslettet, men ikkje dag og dato. Synd at det er mi eiga skuld,
for då har eg ingen å skjenne på. Dessutan TRENG eg behandling.

Posted by Picasa

onsdag, september 05, 2007

Six feet under.

I dag kunne Nils endelig entre hola som han grov sist torsdag. Elles har ho berre stått og samla vatn.
Steffen, den nye leigebuaren, er så smått begynt å flytte inn, og så får vi berre vone at kjøkkenet kjem i dag. Planen er at dei, Nils og Peder, skal montere det i morgon.
Derfor vart eg lettare sjokka då dei ringde frå forretninga i går og sa at kjøkkenet vart to dagar forsinka. Det gode var at Nils var på kommunestyremøte, så det var eg som tok telefonen. Eg gikk omtrent opp i fistel og tok ordet KRISE i min munn. Peder skal nemleg reise til Oslo med helga og vil vere vekke på VEKESVIS. Eit par timar etter hadde dei greidd å ordne det.
NB: Eg var ikkje UHØFLIG.
Nils jobbar med sitt og eg med mitt. Hittil i dag har eg strikka litt, laga kjøttkaker og bolledeig. (Lagar grove bollar til Nils, han toler ikkje brødet mitt.)
Har vore nokså dårleg sidan sist eg var til behandling. Sist mandag fekk eg eit "anfall" av frost -skalv og hakka tenner, så eg måtte grave meg ned i tepper og dyner til eg fekk varmen att. (Det var ca 25 grader i rommet!) Og etter det har eg vore mykje betre. I morgon er det ny akupunkturbehandling.
I går kveld skreiv eg eit lesarinnlegg som eg sende til Sunnmørsposten. Veit ikkje om dei tek det inn.Det vil tida vise.
Ser fram til at kjellaren blir ferdig og vi kan bli fri til å farte litt viss helsa held.
Posted by Picasa

søndag, september 02, 2007

Blomster frå Hareid.

Dessse to fine krysantemane fekk vi av Solveig. Fargemessig står dei fint til orkideane vi har frå før. Måtte sette dei på golvet ei lita stund for å få tatt bilde ovanfrå- elles står dei i vinduskarmen.
Posted by Picasa

Samling i Starevegen 7.

No har eg vaska opp og rydda etter invasjonen i dag. Både Solveig og Margrete med fam. har vore her, så alt i alt var vi 13 til bords. Heldigvis var vi fordelte på to bord, dermed unngår vi vel allverdens ulykker.
Nils var kokk. Han laga gammal sjømannskost:Erter, kjøt og flesk. Den retten er han spesialist på!!! Seinare hadde vi kaker og kaffi, så det vart ingen slankedag akkurat. Ikkje meir god mat før til jul !!!!!! Den einaste som ikkje møtte opp var Audun. Det er no litt trist, men han føler seg vel både for gammal og for ung. Dessutan skulle han gjere lekser.
Olaug og Håkon var med på "Ørstaleikane" og sprang.Dei er begge med på friidrett. Ingen av dei tok gull, men som de ser på bildet fekk Håkon to medaljar. Olaug fekk ein fin ryggsekk i premie. Det var eit ausande regnver, så det var ein prestasjon berre å halde ut.
Som vanleg var det noko som stod att. Denne gongen ein stor sekk med klede som Solveig kom med til Margrete.
Kjøkkenet til kjellarleilegheita skal komme onsdag, og Peder nabo skal hjelpe til med å sette det opp.
Steffen, den nye leigebuaren, har vore her og sett på leilegheita i dag. Har sagt at han kan begynne å flytte inn så smått, for soverommet er ferdig.Han har kjøpt div. nye ting som han like godt kan lagre her. No er Nils ute og ser etter båten, om han held seg flytande.
Posted by Picasa

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...