tirsdag, september 18, 2007

Ørsta i dag.

Sidan eg har registrert lesarar både på Austlandet og Portugal, tenkte eg det kunne vere på sin plass å sende eit bilde som viser korleis veret er akkurat i dag. Ikkje særleg fristande?Nils er ute og ser til teinene; eg driv med støvsuging og stell av plantar.
Elles hadde eg det ikkje så godt etter krabbemåltidet i går. Hummar smakar eg ikkje, for det blir eg skikkelig sjuk av, men no toler eg ikkje så godt krabbe heller. Synd, for det er veldig godt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Snø i fjella her og. Håper at ikkje knollane frys enno!
Men vi har hatt sol også.
Joggedag på Bigset skule der Olaug går.S

Besta sa...

No svarer eg også på portugisisk:

Eu comecei uma mensagem de você meu blog.
But pesarosa, eu não compreendo Portuguise.If você têm qualquer coisa me,dizer que ou algo oferecer,para satisfazer escreva em inglês.

  Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +10 grader og det er opplett. Eg kom nettopp heim etter å ha vore på Hareide hos Solveig of Øyst...