torsdag, november 30, 2023

Dagbok 2023;: 30.november



Klokka er no 16.30, temperaturen ute er minus 5 grader C, det er fint ver, men altfor kaldt for slike som meg, Eg har mykje arbeid med å fyre i omnen i tillegg til at varmepumpa sstår på heile døgnet. Eg håper på at vi får litt mildare ver framover, men då kjem det vel meir snø og det vil eg heller ikkje ha.

I dag hadde eg store planer for kva eg skulle gjere, men det vart ikkje så mykje gjort som eg hadde tenkt. Eg fekk no hengt opp stjerna i vinduet, og pussa stuevindua på innsida, støvsuga golvet etc. Elles så går eg no her og småryddar og får ting på plass, men eg hadde no tenkt å gjere litt meir. Til middag i dag laga eg pannekaker og åt litt for mykje fordi eg ikkje ville ha restar. 

Etterpå gjekk eg tur på vegane med piggsko og det er travelt, det er tungt å gå med dei skorne og eg blir gåen i beina, men så slepp eg å dett og det er no ein fordel.

Marit er reist ut til Kjartan og eg skal passe Lollo,dvs. gi henne mat. Dei kjem att på sundag.

Eg har oikkje fått oi orden dørkransen, eg hugsar ikkje korleis eg skal få lys i den, det var vel Einar eller Helge som hjelpte meg i fjor. I morgon er det fredag igjen og då blir det fredagsvask, viss veret held seg slik får eg no ut teppa. Eg er litt stressamed juleførebuingane, men det er no lenge til jul enno-heldigvis. No skal eg ha meg ein kaffikopp, det er fristande å ta fri resten av dagen når det er så mørkt ute
 


onsdag, november 29, 2023

Dagbok 2023: 29.november

 

 
Klokka er no 17.46, temperaturen på trappa er minus 6 grader, det har vore fint, men kaldt i heile dag. Eg er nettopp komen heim frå julemiddagen på Bakk-Ola-marka.

Dagen i dag har vore litt uroleg. Etter frokosten i dag prøvde eg å leite fram litt julepynt, man har ikkje gjort så mykje med den enno. Dørkransen har eg, men hugsar ikkje korleis eg skal få lys i den, .... det kjem eg vel på etter kvart. Vurderer å kjøpe eit nytt ,lite juletre, det gamle ser ikkje heilt bra ut. Eg har ikkje fått nokon ting på plass enno. 

Eg skulle vere hos frisørdama kl.12.15- og eg var på plass. Det var ei ny dame i dag og ho var veldig nøye;ho klipte og klipte og det såg bra ut. Eg hadde dusja etc før eg for til frisør, men så måtte eg bytte klede før eg skulle på julebord. Då øydela eg krøllane ho hadde laga på toppen , og det var like bra, for eg likte dei ikkje så godt. Eg fekk no kledd meg om, men litt problem for eg hadde ikkje tenkt ut skikkelig det eg skulle ha på meg.

Møtet skulle begynne klokka 15, så eg hadde ikkje så mykje tid, men kom i god tid før møte skulle begynne. Då var der alt fullt hus, nesten, men eg fekk plass ved det bakerste bordet i lag med Lisbet og Jan og Rigmor og nokre andre eg kjenner, så det var heilt i orden.

Vi song julesongar og Eli snakka litt før Arne Ola slapp til .Han kåserte  om barn, sine eigne ag andre sine. Det var eit tankevekkane kåseri frå ein far ti 10 barn.

Så var det mat, og den var god: saueribbe, griseribbe, poteter, rabbestappe og surkål, det var mykje mat og den var god. Eg hadde ikkje ete sidan frokost, så det gjekk glatt ned. Det samme galdt dei eg sat i lag med.  Seinare fekk vi fruktsalat med krem + kaffi. Det var også godt. Det var ASKO som leverte maten. Vi song fleire julesongar og Eli snakka litt før det var slutt. Det var mange på møtet som eg ikkje kjende, for ikkje alle som går på "Sterk og stødig" går på pensjonistmøta, heller ikkje alle som er med på Spaserstokken.

Det gjekk fint å køyre, det er lyst og godt når det er snø, og merkeleg nok frys det ikkje på vindua når bilen står parkert ute, men eg legg no eit teppe over frontruta for sikkerheits skuld.

Og så er vi komne til torsdag-i morgon, og helga nærmar seg. Eg har no tenkt å "pynte" litt til advent.Men dagane er så korte at eg rekk ikkje så mykje.


tirsdag, november 28, 2023

Dagbok 2023: 28.november

Klokka e no 15.42, og temperaturen ute er minus 9 grader C. Eg var ute og gjekk tur for ei stund sidan og eg syntest ikkje det var kaldt, men eg har no vore i bevegelse mesteparten av dagen, så det hjelper på.

Eg går ikkje på Vernet no, men på vegane og så har eg piggskorne på og dei lagar lyd!. Og så treng eg ikkje å gå på Vernet for å treffe folk heller. I dag trefte eg ein hyggeleg mann som også hadde piggskor, etter kvart presenterte vi oss, og han visste då kven eg var. Han har jobba på Vikemarka skule og er kjend med Urke sine. Eg møtte også eit par med hund som eg snakkar med ofte

I dag hadde eg tenkt å gjere ein innsats med juleførebuinga, Eg ville lage ei "Gul-kak" og for ein gongs skuld skulle eg gjere det rett. Men så hadde eg ikkje alt som skulle til, så eg måtte ein tur på butikken, Eg trur bilen sjølv finn fram til dei djupe spora som er knallharde av is, for eg kom meg lett ut i dag også. Kaka vart ikkje heilt slik ho skulle vere, men den går no an å ete i alle fall. Det vart i  ein diger oppvask som eg tok for hand.

Det andre prosjektet mitt var at eg skulle ta ned gardinene på stova, vaske julegardinene og henge dei opp- våte -og no har eg gjort det. Eg veit ikkje om det blir meir julestemning med tynne kvite gardiner, men det er no ei forandring. Til helga må eg få opp julestjerna også og kanskje litt annan julepynt. Eg likar å pynte litt etter litt heile adventstida, og no har eg så smått begynt.

Eg trur det er langt på kveld, eg har enno i vendt meg til desse lange mørke ettermiddagane.

I morgon skal eg til frisør kl12.15 og på pensjonistmøte kl.15, så då er dagen fullbooca.

No skal eg koke meg ein god kopp med kaffi og så skal eg lese Møre-Nytt, sudokuen løyste eg i går kveld.
 


mandag, november 27, 2023

Dagbok 2023: 27.november


Klokka er no 16.03 og det mørknar ute, litt etter litt. Temperaturen på trappa er minus 6 grader, men det kjennest ikkje så kaldt ut, kanskje ein venner seg til kulden etter kvart. I dag har eg ikkje fyrt i omnen, men let varmepumpa stå på i natt. Då har eg ein fin temperatur i huset, og slepp å stille opp og ned på pumpa. Men eg ser ikkje bort frå eg eg hiv innpå litt ved i løpet av kvelden.

Eg fekk melding frå fysioterapeuten i dag om at det ikkje blir trening denne veka, så då får eg to fridagar ekstra. Men på onsdag er det altså frisør og julemiddag .

I dag hadde vi siste spansk-timen før jul. Men vi feira ikkje med spanske julesongar-slik vi har gjort før. 

Eg var litt spent på om eg fekk til å rygge ut bilen i dag, for før det fraus til hadde eg køyrt og laga djupe spor i snøen. Men alt gjekk fint og eg kom meg både ut og inn att.

Då eg kom heim frå spansken, bytte eg om til piggsko og gjekk ein tur rundt på Vallabøen mens det var lyst og fint. Då eg kom heim att laga eg middag og i dag vart det Pasta Carbonara. Løyvde litt som eg kan ha i morgon.

Eg har ikkje tenkt å gjere så mykje i dag, Eg likar best å jobbe frå morgonen av. Eg må vel bake litt til jul i år også, og prøve å ikkje gjere feil. Småkaker lagar eg ikkje, det kjøper eg heller  på butikken.

Eg tenkte å sette på ei klesvaskmaskin, men no høyrde eg på TV at staumen skar vere ekstra dyr to samanhengande timar i dag, men eg veit ikkje tidspunktet. Eg får vel finne fram eit strikketøy og sjå kva eg kan bidra med elles. 

Håper alle har det bra og slepp å fryse.

                        Bilda tok eg rett før eg sette meg til å skrive.

 

søndag, november 26, 2023

Dagbok 2023: 26.november

Akkurat no er det veldig fint ute, det kunne ha vore sol hadde det ikkje vore for fjella. Temperaturen ute er litt under0 grader, men det blir vel kaldare.  Eg har styrt mykje med fyring i dag, til tross for at varmepumpa står på heile tida.

Eg sat ei stund og strikka og såg TV, men så skulle eg sjå litt på spansk-leksa, og då må eg sitte ved datamaskina. Men her på datarommet blir det fort varmt og no har eg fått godt lys her også. Så eigentleg kunne eg ha vore her heile tida, men så er det TV-en. Og no har vi ikkje sol til å varme opp med heller.

Denne veka er det noko heile tida, mandag spansk, tysdag trening, onsdag frisør og julemøte, torsdag er det trening igjen. Eg skulle ha gjort ein del til jul, men det blir vel ei råd. Eg ser at naboane har får ut julebelysning etc. Eg har berre ein dørkrans -men den skal eg no få opp snart. Neste søndag er det 1.søndag i advent, trur eg, så då må her no vere litt jul her også. Julaftan er på 4.søndag i advent i år, så då blir det tre helgedagar etter kvarandre. Og eg likar best kvardagar-no når eg er fri heile tida.

Eg har ikkje gått tur på fleire dagar no, på Vernet er det ikkje godt å gå når det er snø, men det går no an å gå på vegane også. Eg får sjå kva eg kan finne på. Det er vel lyst ei stund enno.

Eg trur eg tek på meg litt godt med klede og går ut..


 

lørdag, november 25, 2023

Dagbok 2023: 25.november

Klokka er no 15.33. temperaturen ute er + 2 grader C. Det er fare for at det blir kaldare, så det er dumt at eg ikkje har moka tunet litt betre, men det var slik det vart i dag.
Eg sov godt og lenge i natt- og det var sikkert bra. Etter frokost etc. bar eg ved frå tilbygget og inn i kjellaren så slepp eg å gå ut i mørke natta for å hente ved. Varmepumpa står sjølvsagt på , men av og til vil eg ha litt meir varme.
Eg tok også fram mokebrettet og snøspaden min, slik at eg kunne moke meg ut med bilen. Eg var ikke ferdig , då kom Helge. Eg hadde tenkt at eg skulle be han stikke innom, men eg slapp å spørje. Han hadde, etter avtale, kjøpt ein ny ledlampe til meg, til å ha på datarommet mitt. Og no ser eg kor godt det er å ha skikkeleg lys når eg skriv på tastaturet .Lampen er lik den eg hadde før, berre større og meir lyssterk. Den gamle eg fullt i orden om det er nokon i familien som treng ein slik Led-lampe. 
Helge og eg drøfta litt om korleis vi skal få orden på diverse saker med varmepumpa, no når eg får krav på 1500 kr for fjerning av den gamle. Det var Helge som tok bort den gamle, så dei som selde den nye til meg har ikkje tatt i den ein gong. Det går vel i orden, Rasmus er sett på saken.

Helge moka tunet opp mot vegen, slik at eg kom meg ut med bilen og fekk handle på KIWI. Eg kjøpte mellom anna to små raude juleroser, dei var ikkje dyre, men kvikkar opp med den sterke fargen. Dei varer vel ikkje så lenge som til jul, men det får våge seg . Gratis på butikken fekk eg eit hefte med oppskrifter til diverse julemat. No blir det no ikkje så mykje selskapelegheit her hos meg, men ein kan no kanskje få bruk for ei av oppskriftene.

I dag laga eg fiskesuppe til middag, og eg trur der er nok til i morgon også. Det var mamma som lærte meg å lage fiskesuppe, og eg har elska den suppa heilt frå barndommen av. Eg har ete fiskesuppe på kafe i Bergen og på hotellet på Øye. Men best hugsar eg ein fiskesuppemiddag i Trovågen ein sommar då Bodil og Svein var med oss på ferie der ute. Eg hadde laga ei stor panne full med suppe og vi åt og åt, alle fire, og til slutt var det tomt. Det var då Bodil letta på panna og sa:"Var der ikkje meir?" Det var ei 8- liters panne, men heilt full var den no ikkje.
No er det vel tid for å ta fram strikketøyet og sette på TV-en snart. Eg har det godt og varmt og eg har kaffi og mat, så eg manglar ingen ting.
Eg stressar ikkje med å gå på Vernet slike dagar.Og no er det nesten mørkt.


 

fredag, november 24, 2023

Dagbok 2023: 24 .november

Klokka er no16.30, temperaturen ute er ca 0 grader og det snør og snør så eg er heilt innesnødd no. Dei har køyrt med plogen, så eg er avsondra frå vegnettet. Det gjer ingen ting, for eg har stort sett det eg treng i hus. Erlend og Ingrid er bortreiste på dagen, Erlend fyller 20 år i dag, og dei feirer det visst i Trondheim-om eg har forstått det rett.

Eg har hatt ein god arbeidsdag i heimen; eg har vaska, støvsuga og vaska klede m.m. Midddagen var graut frå i går ,men det kan no hend eg finn noko meir spennande i løpet av kvelden.

Eg har enno att litt husarbeid før eg kan ta heilt fri. Eg fekk ikkje vaska soverommet i dag, for der er så mange teppe, og det var ikkje ver til å henge dei ut. Eg har på varmepumpa og fyrer litt i tillegg så lenge eg har ved. Det er problematisk å komme seg ned i tilbygget, så mykje snø er det her. Eg snakka nettopp med Bodil og der borte var det lite snø.

Eg får sjå i morgon om eg mokar meg ut, men eg svelt ikkje i hel om eg ikkje kjem meg på butikk

Det er mange som har pynta opp med lys rundt husa sine og det er fint i vinterkveldane sjølv om det ikkje er jul på ei stund enno..

Eg vil ønske alle  ei god helg, med snø eller utan .

 

torsdag, november 23, 2023

Dagbok 2023: 23.november

Klokka er no15.30, temperaturen ute står på +1grad, men det blæs og regnar så det fristar ikkje å gå ut. 
Eg vakna veldig tidleg i dag og stod opp, men la meg igjen då eg så på klokka, Andre gongen eg vakna stod eg opp og åt frokost , eg var ferdig med frokosten fø  klokka var halv sju. For no her og skulle gjere eitt og anna før eg skulle på trening, men det vart no opp i berre tull. Treninga var grei og då eg køyrde heim tenkte eg at eg kunne gå tur på Vernet i dag. Eg sklo fort frå meg den tanken, men bestemte meg for å bruke opp all melka eg har kjøpt så eg både kokte graut og bakte brød. Eg har nettopp tatt brøda ut or omnen, og det var nokre rare brød, med tjukk hard skorpe, og så såg det ikkje ut som dei hadde heva seg i det heile tatt. Eg smakte på ei skive og den var ok , men skorpa var tjukk og hard. Eg trur eg har vore ute for noko liknande ein gong før.
Eg vaska opp alt rotet for hand før reg sette meg ned i godstolen og sovna sjølvsagt. Mens eg sov hadde snøen lagt seg på vegen og i hagen- og no varer det ikkje så lenge før vi gløymer den vakre hausten.
I går då eg sat og skriv blogg, begynte det å lyne og tordne ute, men så høyrde eg ikkje meir til toreveret. Men nokre på treninga fortalde at det hadde vore torever i natt-  I morgon er det fredag og heimedag, så då slepp eg å fare nokon stad, viss eg ikkje vil-
 Eg må visst lage meg ein kaffikopp, og så kan eg no ete ei skive til. I morgon har Erlend fødselsdag, då blir han 20 år-

onsdag, november 22, 2023

Dagbok 22. november

 

Klokka er 17.11, temperaturen er + 3 graderC.Det er mørkt og det regnar, det var ein voldsom overgang på vêrfronten, no er veret slik vi er vandt til å ha det.

Dagen starta med at lyset forsvant, og eg stod opp og kveikte eit "kjerteljøs". Det var heller ikkje så varmt i huset, for varmepunpa hadde sjølvsagt stoppa. Eg hadde litt ved inne, så eg fekk kveikt opp. Men så kom straumen att, og alt var greitt, heilt til det slokna igjen. Litt av og på med lys og varme, men lyset vann til sist og eg fekk gjort meg klar til spansktimen. Eg var ikje sikker på kor oppmøtet vart der, men alle kom på plass til slutt. Eg hadde begynt å kjenne på at eg ikkje var like flink som dei andre-men i dag meiner eg at eg greidde meg like godt som dei .Vi skulle ha vore filma!

No kom det eit lyn og eit torebrak rett utanfor glaset, og det likar eg ikkje.

Då eg kom heim att laga eg meg middag og så tenkte eg å gå tur før det vart mørkt. Men så langt kom eg ikkje, eg kom ikkje lenger enn inn i stolen min, der eg sovna ei bitte lita stund. Eg tenkte at eg kunne begynne på fredagsreingjeringa , så eg stelte litt med blomstrane mine. Då slo det meg at det ikkje er fredag, men torsdag og trening i morgon. Marit er ikkje frisk nok til å vere med på treninga i morgon- No kom der eit lyn og eit torebarak til. , så eg trur ikkje eg vil sitte her lenger, Det regnar ute-heldigvis er det ikkje snø i alle fall.

tirsdag, november 21, 2023

Dagbok 2023: 21.november



 
                                                                   Akkurat no kl 15.40

 Klokka er no 15.40; om sommaren er det midt på dagen, men no kjem kvelden snikande, det er alt begynt å minke på dagslyset. 

I dag har eg ikkje gått på Vernet, for eg hadde rett og slett ikkje tid syntest eg. I dag skulle eg på trening så eg var relativt tidleg i gang med det som skulle gjereast. Eg var glad for at eg har god varmepumpe no, for i dag var tempen minus 8 grader då eg kom ut. 

Det var lite folk på treninga i dag, for det viste seg at alle hadde fått melding på telefonen om at det ikkje var særleg varmt i treningslokalet og dei som ville kunne berre vere heime. Det var eg og to andre som ikkje hadde lese meldinga. Eg trena ei stund, men så gjekk eg. Eg var ut i Vik og skulle bestille frisør til neste onsdag då vi skal ha julebord. Men då eg kom opp i 2.etasje var frisørsalongen vekk. Heldigvis stod det kvar den hadde flytta , så eg fann dei att på butikken som før heitte GÅVEBUDA. Og eg fekk time.

Når eg er i Vik brukar eg å parkere ved ALTI for der er alltid plass. Eg hadde meg ein tur inn på Clas for å sjå om dei hadde noko fint å pynte opp med til jul. Og det hadde dei sjølvsagt, men eg kjøpte ikkje anna enn eit lys til grava, sånn "stearinlys" med batteri. Eg har no hatt slike før, men dette eg kjøpte i dag hadde eit stort batteri, så det kan hende det brenn mykje lenger. Elles tok eg bilde av pynten på blomsterbutikken, det gjekk mykje i rosa julestjerner såg eg.

Eg laga meg litt mat då eg kom heim, og etterpå begynte eg på spanskleksa. Det tek si tid når ein skal lage ein tekst på norsk og så omsette den til spansk på Google translate.

Eg sette på oppvasmaskina, så no er snart oppvasken ferdig. Eg fyrer i omnen for å spare på straumen, men varmepumpa er veldig god, så eg slepp å fyre om morgonen.I morgon er det altså spansk frå 11-13. I dag har eg ikkje vore på Vernet, og no blir det ikkje heller, det mørknar snart.




mandag, november 20, 2023

Dagbok 2023: 20.november

 


 
Klokka er no17.44,det er mørke natta ute og minus 5 grader. Men til tross for kulden har vi fine dagar, i dag fekk eg sol inn i stova i10-tida, og det var heilt uventa. Vi forskar litt på sol for tida for vi har vel aldri hatt noko særleg sol i november før.I daga ar det varmt og godt i stva då eg stod opp, så den nye varmepumpa gjer jobben sin.
Eg hadde ikkje så mykje planar for dagen, men eg skulle i alle fall jobbe litt med spansken, og det har eg gjort, men heilt ferdig blir eg ikkje før onsdag morgon.
Eg har no tenkt å bake litt til jul , så eg tok ein tur på butikken for å kjøpe nokre ingredienser om eg skulle få lyst å bake noko, og sidan eg først var påkledd til å vere ute, tok eg ein tur på Vernet. Det var ikkje sol der heller i dag, men fint å gå tur. Det er ikkje snø på vegane, men tjukt lag med rim , som gjer at det kan bli glatt

Då eg kom heim att laga eg meg grønsaksuppe med pølsebitar. Eg hadde rydda litt i frysedelen på kjøleskapet og då fann eg litt av kvart.  Eg fann litt fuglemat også,så eg har laga julebord til småfuglane på altanen. Eg synest ikkje dei skal svelte i kulden, og dei set pris på maten, for den blir borte etter kvart, men så legg dei att små klattar med svart. Det er eg ikkje så begeistra for.
Det blir ikkje gjort så mykje når dagane eg så korte, og det er litt tidleg å pynte til jul. Eg ventar til advent. Men dørkransen må eg ha ut før.
I morgon skal eg på trening og då lyt eg fare ålene for Marit er ikkje frisk enno.



søndag, november 19, 2023

Dagbok 2023: 19. november

 Klokka er no17.26 men det er mørke natta ute, dagane vert kortare og kortare for kvar dag, slik har det alltid vore. Det det har vore lyst og fint på dagtid-men sola vil ikkje komme fram lenger.Vegane er kvite av rim, men snø har vi ikkje-og takk for det.

I dag hadde eg ikkje mykje planar, men eg kunne i alle fall slå fast at eg er frisk-ingen Covid her!. På føremiddagen sat eg ved TV-en og såg at dei fekk ny biskop i Bodø mens eg strikka på ein lest.

Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet- i dag trefte eg ingen eg kjenner, men det var no for å få mosjon eg gjekk.

Då eg kom heim att laga eg kylling med ris og Mango Chutny, det er veldig enkelt å lage, men det er godt. 

Eg har strikka litt igjen , men så er det spanskleksa. Eg er ikkje så veldig motivert for tida for det er myke repetisjon, så eg føler at eg står i stampe. Eli vil så gjerne at vi skal klare å snakke meir, ikkje berre lese, men det å rive seg laus frå boka er ikkje lett.  Eg skal i alle fall møte opp denne veka, og veka etterpå skal vi ha spansk på mandag, fordi vi skal ha julemiddag i pensjonistlaget på onsdagen.

Eg ser at folk har begynt å sette ut julelysa sine, og det er fint no i mørke kveldar. Eg har  ein dørkrans som skal opp om ikkje anna. Eg er ikkje så flik med slikt, men eg kan kanskje få hjelp om eg finn noko å henge opp.

I morgon har eg heimedag, men eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke den til. Eg må vel snart til å tenke på julebaksten. Men eg skal ikkje bake så mykje. Og det er litt tidleg å begynne å pynte. Eg slapp i alle fall å få Covid opp i det heile, slik som Solveig og Marit. Eg håper at dei kjem seg på beina igjen snart og slepp å vere slappe i lang tid. 

Eg får god nytte av varmepumpa no-her er aldri skikkeleg kaldt-og det er bra.

No må eg jobbe litt meir med spansken fram til dagsnytt kl.19.

lørdag, november 18, 2023

Dagbok 2023: 18.november


 Klokka er no 16.02, temperaturen ute er minus 2 grader, og det har vore ein fin dag med sol somme stader. Her eg bur er det fjella som bestemmer kva tid vi skal få sjå sola. Klokka 14, fekk eg så vidt sjå sola i Os-skaret. Eg kunne ha gått på Vernet då, men  før eg var klar, var sola borte, så det vart ingen tur i dag. Eg er mykje betre av "forkjølinga "no. Marit sende meg utstyr til å sjekke om eg har Corona, men eg syntest det var så innvikla at eg prøvde ikkje ein gong. Eg har aldri vore i stand til å følgje ei bruksanvisning. Og det betyr no ingen ting om eg har hatt Covid eller ikkje all den tid at ein kan få det att fleire gonger. På Hareid har både Solveig og Øystein Covid og begge har mista smaksansen, det samme er det med Olaug i Bergen.

I dag venta eg Ingeborg og Eirik hit. Ingeborg kjem ikkje heim til jul, så ho ville gjerne treffe meg no. Eg visste ikkje korleis dei såg på det, men opplyste om at eg kanskje hadde Covid. Det brydde dei seg ikkje om  og så kom dei alle tre, den tredje var dama til Eirik; ho heiter Nora, er frå Trondheim, men studerer jus i Oslo. Kjekt å bli kjent med henne også. Eg hadde ikkje kjøpt inn noko godt til helga og heller ikkje laga noko, for eg visste ikkje på førehand on dei torde seg inn. Men ei god husmor bør ha ein plan B-det hadde eg heller ikkje. Men eg kokte kaffi og hadde ein pakke med Kornmo og ein brun ost. Det fall i smak. Dei skulle no inn til Margrete og ete middag litt seinare.

Det er veldig kjekt å ha ungdommane på besøk, og bli kjent med dei som er nye i flokken. Eg har ein bra flokk no, men det kan komme fleire.

Eg hadde tenkt å lage meg middag no, men eg er ikkje svolten , så eg ventar litt. Eg har begynt så vidt på ein ny lest, dei som ville ha, fekk lestar med seg frå lageret mitt i dag.

Eg ser at der er mørke skyer på himmelen no, så eg veit ikkje kva vi kan vente oss. 

Eg reknar med at det blir strikking og TV resten av dagen og kvelden.

fredag, november 17, 2023

Dagbok 20023: 17. november

 

Utsikt frå altanen.

Klokka er no16.38, temperaturen er så vidt over null, men det har vore ein fin dag sjølv om det ikkje har vore så mykje sol som før. Bildet tok eg frå altanen for eit par minutt sidan, det blir tidleg kveld no.
Eg er framleis ikkje heilt i form, men om det er forkjøling eller Corona, veit eg ikkje. Eg veit i alle fall at eg hag vore i lag med folk som har testa positivt på Corona.
Eg sov ikkje godt sist natt men eg kom meg no opp i dag, og eg fekk tatt fredagsvasken min, Eg kom også i mål med Sudokuen, så då reknar eg med at eg er oppegåande. Saken er at sist helg var eg i lag med folk som har Corona, og det var folk som hadde like mange vaksinesprøyter som eg. Eg vart forkjøla sist vår og då var det mange år sidan sist, og eg tek influensavaksine kvart år. Kort sagt ; eg skulle eigentleg ikkje vore sjuk.
Og eg er veldig utolmodig når det er noko som feilar. 
Eg får ikkje gjort så mykje , til dømes bake til jul, men eg får kjøpe kaker på butikken-kanskje.
Eg  tenkjer eigentleg meir på dei som må skofte jobben no i den travle førjuls-tida. I barneskulen , der eg jobba, var adventstida veldig fin-no når eg tenkjer tilbake.
No må eg finne meg litt mat, eg har ikkj eete sidan frokost.
Eg håper at vi alle får ei fin helg


torsdag, november 16, 2023

Dagbok 2023: 16.november


 Klokka er no 16.06, temperaturen ute er minus 4 grader men det kjennest ut som det er minus 20, minst. Det er sol og klårt, men sola held seg mest i høgda -på stader der fjella i sør ikkje stenger for sollyset. Eg har litt jobb ,med å finne ut kva som er sol, og kvar den ikkje er og kva tid vi skal ha den her. I november plar det ikkje vere så mykje sol, så eg veit ikkje noko på førehand.

Eg sov rimeleg godt sist natt og var bestemt på å gå på trening, til tross for forkjølinga. Eg hostar ikkje , men det renn som vatn frå nasen heile tida, så eg må gå med papirlommetørkle  i handa heile tida. Det gjekk greitt å vere på trening, og så fekk eg handla litt på KIWI etterpå.

Her var ikkje sol i Starevegen då eg kom heim, men på Vernet skein sola, så då gjekk eg dit. Det er som å komme til eit anna land når ein kjem dit sola er. 

Eg laga ikkje middag i dag, men åt resten av tomatsuppa + noko etterpå til kaffien. Så kveikte eg i omnen og sette meg til å passe opp sola og den kom klokka kvart på to, og var her i ein halvtime. Då var det slutt. Men oppe i fjellsida har det vore sol nesten til denne tid.

Eg var på Hareid sist søndag, og no er dei sjuke både Solveig og Øystein, og eg er forkjøla. Men kanskje ein skulle halde seg mest muleg borte frå folk når det går så mange sykjer ? Det var nokon på treninga i dag som sa at når snøen kjem, blir det slutt på "sykjer". Her har det gått ein mageinfluensa også. Eg har vore heldig til denne tid, ei lita forkjøling tek eg på strak arm. Drn 29.november er det juletallerken i pensjonistlaget og det har eg no lyst å vere med på. No får eg sette meg til med spøt og TV + drikke. Eg går og pustar med open munn så eg er tørst heile tida.



onsdag, november 15, 2023

Dagbok 2023: 15.november

Klokka er no16.37, temperaturen ute er minus 4 grader, Det har ikkje vore  så mykje ver i dag, ikkje så mykje sol heller og no trur eg at det har skya over, i alle fall litt.

Sist natt var det berre rot med meg, eg meinte at eg var forkjøla i tillegg til at eg hadde vondt i venstre foten, slik eg har hatt mange gonger før. Det var ltt rart  for eg har vore bra i den foten lenge no. Men eg var i alle fall ikkje i form. Eg sende melding til Eli om at eg ikkje kom på spansken i dag-fordi eg var forkjøla-

Eg sette meg attåt PC-en og sende diverse meldingar Etter kvart kjende eg at forkjølinga ikkje var så alvorleg, og kanskje ikke foten heller. I går var foten heilt bra og eg gjekk dobbelt så langt som vanleg. I dag har eg ikkje gått tur. 

For å gjere noko som var litt nyttig, sende eg pengar til barna mine, slik at dei kan kjøpe det dei vil til jul. Eg fraus og fraus og sette på ovnar og fyrte med ved, men eg fraus. Det gjer eg ikkje no lenger.

Eg syntest eg måtte gjere noko nyttig, så eg sette i gang å lage botn til ei gulrotkake, men eg trur ikkje den vart så vellykka for eg sovna i stolen før eg hadde tatt kaka ut av omnen. Å bake ein slik dag når ein ikkje er heilt klar i toppen, det er ikkje så lurt. Eg har gløymt å ete, har ikkje ete nokon ting sidan frokost, men eg er ikkje så svolten heller.

I morgon er det trening igjen, og då må eg møte opp. fysioterapeuten har kanskje gode råd-
 

tirsdag, november 14, 2023



Klokka er no16.12, temperaturen ute er minus 5 grader C, og vi har hatt enda ein eventyrleg dag med tanke på vêret. Så mykje sol har vi knapt hatt i november før-det gjer godt med så mykje lys i mørketida. No vert det likevel mindre og mindre sol etter kvart som ho kliv oppover, men enn så lenge har vi den her eg bur, og enda meir på Vernet,
I dag starta vi opp med trening i kaldt lokale fordi varmepumpa var i uorden, vi fekk lov å gå heim, men valde å trene sjølv om det var litt kaldt.
Etter treninga skulle Marit og eg ein tur på ALTI, vi hadde ærend begge to. Det enda med at eg kjøpte eit sett med gardiner som eg har tenkt å ha ved vinduet der varmepumpa står. Eg har ikkje hengt dei opp enno. 
Der var lite folk i kafeen, så Marit foreslo at vi skulle kjøpe oss kaffi og kake. Det var ikkje nei i min munn.
Vi har ikkje fått prata så mykje med kvarandre i det siste så vi hadde eit behov- og det var kjekt å ta seg tid til ein skikkeleg prat.

Då eg kom heim gjekk eg nesten med det samme opp til Vernet, og i dag tok eg ein annan veg så det vart nærmare to runder, men det gjorde godt. I dag trefte eg att ein mann som eg pratar med ofte-eg hadde ei meining om kven han er, men i dag greidde eg å spore han opp. Han nemnde kona si på namn, så eg la meg det på minne og sjekka på 1881. Og det var han som eg trudde. Eg trefte også ei "venninne" som hadde mykje på hjartet og så kom der ein som ho kjende osb. Så i dag har vi prøvd å løyse dei store problema i verda.
Eg har framleis problem med bilda på skjermen, eg treng litt hjelp til å få det i orden. Eg hadde mange bilde i dag, til dømes frå julebutikken på ALTI, den er stor. Dei har tatt både der som Narvesen var og der som Femina var til utstilling.


 

  
                                Vi var ikkje inn,men eg har tre bilde av utstillingane

Då eg endeleg kom heim laga eg meg tomatsuppe til middag. Og då snakkar eg ikkje om posesuppe, men suppe laga frå grunnen, men knuste tomatar på kartong+tomatpure, kvitløk, purreløk og litt frosne grønsaker + bulliongterningar+ hardkokte egg + litt fløte- Eg har ein skvett att som eg kan ha i morgon.
Heile resten av dagen+ kvelden må eg nok lese på leksa-for i morgon er det SPANSK.

mandag, november 13, 2023

Dagbok 2023: 13.november

 

Klokka er 18.21, temperaturen ute  er minus 4 grader C, og vi har hatt enda ein fin haustdag med sol frå klår himmel. Berre synd at solskinnet kryp oppover, så om nokre dagar kjem ikkje sol ned til oss. Men så lenge vi har henne her varmar ho på dagtid.

I dag har eg hatt det som eg kallar ein heimedag, men litt annleis enn vanleg for eg har ikkje gjort mykje husarbeid. Men eg sette meg ned framfor datamaskina på føremiddagen og jobba med spansken. Eli var ikkje nøgd med oss førre veka, så no måtte eg gjere ein innsats. Men eg veit ikkje om eg kjem så mykje lenger med spansken min. Eg har  ingen problem med å lese og forstå leksene, men eg er ikkje flink til  å lage setningar etc. sjølv. Trur dei andre har samme problemet, men eg er den eldste. Så eg veit ikkje om eg kjem lenger.

Eg gjekk ein tur på Vernet då sola forsvann her nede. Møtte eit par karar  som eg kjenner litt, mellom anna  guten med den fine, snille hunden, han som Amanda har jobba i lag med. Han hadde hunden med seg og den ville klappast  heile tida.

                    Dette bildet tok eg ein gong før, men ho er like fin no.

Eg tok bilde av naturen i dag også, men fann ikkje noko på telefonen då eg kom heim. Det var ei lita stiund med sol heime også, men så vart den borte for godt.

Eg hadde resten av fiskesuppa mi til middag i dag, og den var like god som på laurdag. Då eg var ferdig med middagen kom eg på at eg hadde kjøttdeig i kjøleskapet, 400gram med medisterdeig og 400 gram med vanleg. Eg tenkte det kunne vere godt med ei blanding, og så eg medisterdeigen litt billegare. Eg brukar å lage kjøttkaker og putte ei i frysaren så er det lettvint viss eg får besøk- Etter at eg hadde rydda opp sette eg meg inn i godstolen og sovna. Ja, det er ikkje så rart at eg er trøtt, for eg legg meg seint og vaknar tidleg, dvs. eg vaknar mange gonger føre eg bestemmer meg for å stå opp- I morgon blir det å ha vekkerklokka på for då skal eg på trening. I morgon Tysdag fyller den yngste i venninnegjengen frå Velle 70 år-eg synest det er veldig ungt- Ho som var eldst vart 90 før ho døde.

Eg driv og utforskar den nye varmepumpa, men det ser no bra ut. Eg trur Helge kjem ein tur snart, så kan han lære meg litt meir

Elles ser eg nyheiter men det er ikkje kjekt. Så gale som det er i verda no, har det sjelden eller aldri vore før.

søndag, november 12, 2023

Dagbok 2023: 12.november


 Klokka er no 19.40,temperaturen ute er minus 3 grader C og det har vore ein strålande dag med tanke på vêret, særleg for oss som bur på solsida.

Eg gjekk ein tur på Vernet på tidleg føremiddag, og alt så tidleg var der kome mykje folk.Det gjeld å komme før sola fer bak Melshornet.

I dag var eg invitert til Hareid for å feire farsdag; Øystein henta barnebarnet i Volda før han plukka opp meg. Solveig, Einar og Håkon var på Hareid, og då var vi fulltallige.

Vi fekk nydelig middag, kotelettar med tilbehør og dessert attpå.

Vi prata og drakk kaffi til den store gullmedalje og oldebarnet gjorde sitt for å underhalde oss.

Eg kan berre takke vertskapet for ein fin dag.

No er eg heime att i huset mitt og varmepumpa hadde gjort jobben sin , så der var godt og varmt her. Her på datarommet mitt har eg ein god, laus el-omn som eg kan ha på viss det blir kaldt, for eg sit ofte lenge framfor datamaskina.

Eg lurer på kor lenge dette fine veret vil vare, og så er eg spent på om vi får regn eller snø etterpå. Vi treng ikkje snø enno, men eg ser at somme har fått på plass utebelysninga til jul . Det er berre bra, for så får vi lys i mørketida.

I morgon skal eg ikkje på "noko", men eg må jobbe flittig med spanskleksa, for den er eg ikkje begynt på enno. 

Sette på TV-en og såg nyheitene då eg kom heim, men det er no berre sorgen, med krig og anna elendigheit. Eg forstår ikkje korleis dette skal ende.


                                                   Farsdag

lørdag, november 11, 2023

Dagbok 2023:11.november



 
Klokka er no15.22, temperaturen på trappa er +1grad. Eg hadde sol inn i stova mi til klokka var 15, bildet over viser kvar den var klokka 15.15 -uansett er det heilt nydeleg ute. 
Eg tok det heilt med ro frå morgonen av, i dag skulle eg ikkje på noko, og eg venta ingen. Så eg tok det med ro, vaska håret etc.
Så støvsuga eg teppegolva mine, det tek litt tid, for eg må ha kvilepausar for ryggen.
Etter kvart samla eg i hop alle tomme brusflasker og boksar og tok med til butikken. Det var i grunnen berre ein ting som var heilt naudsynt å kjøpe, men det var litt meir. Eg likar no å ha mat i hus, til meg sjølv m ikkje anna.
Då eg var heime att, kom Helge forbi  med bil, han ville høyre kor det gjekk med varmepumpa, eg sa som sant var at den er heilt topp. Tenk å stå opp utan at det er kaldt i huset. Eg hadde no ein laus elektrisk omn som eg brukte å ha på om natta også. Den har eg flytta inn til datamaskina når eg vil ha litt varme her.
Eg kan no fyre i tillegg til varmepumpa viss eg vil spare litt straum, det er spennande kva straumprisar vi skal ha denne vinteren.
Eg ville gå tur på vernet mens det var sol, så eg gjekk med det samme eg hadde fått frå meg varene. Eg gjekk i lag med Marit og Torbjørn til vi var oppe på Vernet, då gjekk vi kvar vår veg, og så møttest vi igjen, Eg sat på nokre av benkane i dag, og siste stykket gjekk eg i lag med ei som sikkert kjenner meg, men eg anar ikkje kven ho er, men ho var no kjekk å prate med.
Då eg kom ned att i Starevegen trefte eg på Hjelle og dottera. Eg snakka med han i går og då fortalde han at dei skulle sage ned ei stor lønn i dag, og det hadde dei visst gjort, han hadde ein stor tilhengar full av greiner, men han køyrer dei nok ikkje på VØR. Eg snakkar med han nesten kvar dag, og eg trur eg veit meir om kva som skjer i gata vår  enn mange andre.
Då eg kom heim att sette eg i gang med å koke fiskesuppe til meg sjølv. I dag gjorde eg det på den måten at eg laga ferdig suppa og kokte fisken i suppa til slutt. Det kan ein gjere når ein har heilt "reine" fiskestykke i frysaren. Det vart god suppe og eg løyvde ikkje så mykje til i morgon, men det gjer ingen ting for då skal eg til Hareid og feire farsdag viss Håkon skal utover -for då sit eg på med han.
I Vik (sentrum) er det starta opp med juleførebuingar med julebutikk, pynt i gatene osb. Eg kunne hatt lyst ned ein tur, men ikkje åleine. Men det er enno lenge til jul, så eg får vel ein sjanse.




                                                            Novembersol på Vernet.

fredag, november 10, 2023

Dagbok 2023: 10.november


 Klokka er no16.23, temperaturen ute er så vidt +1 grad C, det har vore fint ver og sol i dag også, men sola varmar ikkje så mykje lenger. No har eg varmepumpe så eg håper eg slepp å fryse, men eg har no ved også.

I dag skulle eg starte dagen med å ta fredagsvasken, og det gjorde eg. Men det er ikkje så mykje arbeid så eg skulle støvsuge også. Men først tok eg bilde av sola som gjekk ned bak Melshornet ei lita stund, men så skulle eg legge bildet inn på maskina og det var då eg fekk den lyse ideen om å slette alle bilda som eg ikkje ville ha. Eg har det med å ta mange bilde kvar dag for å ha noko å legge inn på bloggen, eg brukar ikkje så mange av bilda , resten blir liggande på maskina. Men no skulle dei vekk. Eg sette i gang å slette og sat i over to timar og klikka og klikka. Men eg trur ikkje bilda vart vekke likevel-eg er ikkje sikker.

Men i alle fall måtte eg ha litt mat, og kome meg ut og gå , helst før sola gjekk ned.Eg greidde så vidt å få sjå sola gå ned då eg kom ut på Vernet. Eg tok berre eitt bilde, men då eg kom heim og la det inn på maskina, fekk eg ikkje tak i det på vanleg måte, men eg hadde ei råd med det. Det fart ein fort og rask tur på Vernet i dag, godt å komme ut litt. Eg hadde stilt opp varmepumpa, så det var godt og varmt i stova då eg kom heim, men eg brukar no litt ved også, for å spare på straumen. Eg skal sette på vaskemaskina også, og den skal ha sitt. Eg veit ingen ting om straumprisane, men prøver i alle fall å ikkje sløse.

I dag har eg vore her åleine heile dagen, men det er no frivillig. Elles har eg ingen planar for helga, anna enn å sove, ete , strikke og sjå TV.

Ønsker alle ei god helg

torsdag, november 09, 2023

Dagbok 2023: 9.november


 Klokka er no15.25, temperaturen ute er+4 grader C. Det er like før sola går ned her no, i dag kleiv ho ikkje hornet heilt heller(bildet over).

Det har vore ein litt annleis dag i dag; eg var på trening som vanleg og handla litt på KIWI på heimvegen. Så dreiv eg med litt husarbeid mens eg venta på varmepumpa. "Etter kl.12 " er eit litt svevande tidspunkt. Helge kom innom, men for heim att ei stund oog kom att då varmepumpe-mennene kom, to i talet. Det var veldig bra at Helge var her, han som har godt kjennskap til alt elektrisk, og som forstår kva folk seier-det gjer ikkje eg alltid, sjølv om eg har høyreapparat på meg. Helge var her heilr tida og litt etter at vei var ferdige. Han vil no komme innom igjen snart for å sjå korleis det går. 

Den nye varmepumpa er veldig kvit, så eg trur eg må kjøpe nye gardiner for viduet der den står. Varmepumpa er også større enn deg vi hadde før.Men eg får prøve å  møblere slik at den ikkje blir altfor dominerande. Den blæs i alle fall god varme i rommet.Bildet under er ikkje så godt.

No må eg ha meg litt mat, for karane kom då eg akkurat skulle til å ete. Så kan det hende eg går ein tur-men det er ikkje sikkert, for der møknar fort-Eg er glad for at varmepumpa er komen i hus i alle fall.

onsdag, november 08, 2023

Dagbok 2023: 8.november


 Klokka er no17.30 og det er mørke natta ute. Temperaturen på trappa er + 2 grader, og vi har hatt ein nydeleg solskinnsdag. Litt problem med sola i augene då eg køyrde nedover, men det gjekk no bra. Då eg skulle heim att frå "Spansken" var frontruta frosen og eg måtte til å skrape. Det kunne eg ha spart meg om eg hadde lagt teppet eg har i bagasjerommet på ruta før eg gjekk inn- Eg var ikkje særleg flink i spask i dag, eg kunne alt heime, men så knyter det seg når eg eg blir høyrd i leksa- Men eg er ikkje åleine omå ha det slik.

Einar sende melding i går kveld om at han ville komme på besøk. Sidan eg skulle på kurs i dag, kokte eg fårikål i går kveld, så kunne eg berre varme den opp i dag.
Eg sluttar på Spansken klokka 13, og Einar ville komme kl.14. Så den var grei-eg hadde alt klart. Men så fekk eg ny melding frå Einar, han kom ikkje før seinare. Då var det berrre å få på seg HOKA-skorne og ta ein runde på Vernet; og der var det nydeleg i dag, trefte ganske mange, men berre to eg kjenner, eit ektepar.
Einar kom som avtalt og vi åt fårikål som var veldig godt kokt. Etterpå drakk vi kaffi og åt kokosmakronar frå Europris.
I morgon skal dei etter avtalen komme med den nye varmepumpa. Eg sende melding til Helge og han ville prøve å komme. Det er godt å ha med  ein som forstår seg på det -  eg har lite peiling. Viss det blir noko gale så blir det vel han som må reparere.
Eg skal på trening frå 10-11, men dei skal ikkje komme med pumpa før klokka er over 12. Kor mykje over, veit eg ikkje.
No har eg sett i gang oppvasmaskina og klesvaskmaskina, men eg har ikkje sett på varmeomnen for det er framleis varmt i stova etter solskinnet.
I dag hadde VØR-bilen tatt med seg begge plastsekkane, men papirdunken  var berre halvtom. Det er litt irriterande.


tirsdag, november 07, 2023

Dagbok 2023: 7.november

Finast i aust i dag.

Klokka er no 16.42, men det er nesten mørkt ute; temperaturen er+ 6 grader og det regnar. Ja,ja, alt er betre enn snø og kulde, for meg i alle fall. Men vi kunne ha hatt sommartida i allefall.
I dag køyrde eg til treninga med nye hjul, og det gjekk heilt fint. 
Etter treninga var eg på ALTI, eg skulle sende eit brev og avbestille nokre tablettar som eg hadde abonnert på i eit lyst øyeblikk. Eg fekk ikkje sendt det på e-post så eg fylte ut eit skjema og la i ein konvolutt. Eg lurte på om eg kunne kjøpe frimerke og sende det frå Bunnpris, og det kunne eg; for 21 kroner sette ein hyggelig ung mann frimerket på brevet og posta det, men i mi postkasse i dag låg det ein ny pakke med tablettar i god tid før eg var lens. Minn meg på at eg aldri skal abonnere meir. Eg har gjort det nokre gonger for mykje.
Då eg kom heim, tok eg på meg litt andre klede før eg gjekk tur på Vernet, det begynte å regne mens eg var der.
Då eg kom heim att fyrte eg godt i omnen og så fann eg diverse restar i kjøleskapet som eg åt til middag; etterpå vart eg så trøtt at eg sette meg inn i stolen og sovna, trur eg. Eg har enno ikkje sett på TV-en, men eg strikka ferdig ein lest før eg reiste meg og gjekk ut og henta posten.
I dag trefte eg ingen å prate med på Vernet, men eg hadde ein liten prat med ekspeditrisa på Europris-den var om jul og juleførebuingar. Butikken er full av julevarer alt. Og eg kjøpte ein boks med kokosbollar- eller kva det heiter.
No må eg bruke litt av kvelden til å øve på spansken, så eg ikkje får skjenn av læraren i morgon. No er klokka ca17 og det er mørke natta ute, så no angrar eg på at eg ikkje raka meir lauv i gå.
Fekk ei melding frå Bodil om at meieriet på Breim , det Audny jobbar, hadde fått gullmedalje for ein ost dei produserer der.


Eg har aldri sett så lite vatn i bassenget på Vernet som i dag, og elva var også lita. Då smeltar ikkje snøen i høgda-
                           Utsikta er no fin uansett kva ver vi har

 

mandag, november 06, 2023

Dagbok 2023: 6.november

Klokka er no16.23, temperaturen ute er +5 grader C. Det har vore fint ver og sol, men no er det begynt å mørkne alt.

Rasmus og eg var oppe relativt tidleg i dag og åt frokost i lag før han reiste. Han ville stikke innom Coop i Volda og spørje etter varmepumpa mi. Det er alltid trist når nokn fer, men vi hadde no eit par fine dagar i lag her. Og han fekk reparert både det eine og det andre, til og med kjellardørlåsen virkar no. 

Eg fekk ånden over meg etter at eg hadde rydda opp i sengetøy etc, så eg rydda alle plastkorgene i skrivebordet mitt, så no har eg alt verktøyet i ei korg. Eg har no folk som kjem og hjelper meg med eitt og anna, så då kan det vere bra å ha orden i sysakene.

I dag vart det tur på Vernet i nydeleg solskin, men eg var i tvil om sola "kleiv honnje"-litt vanskeleg å sjekke det ut, men eg tok mange bilde. Det var i alle fall solskin heile tida. Mens eg var der opp fekk eg melding frå Coop om at dei vil kome med varmepumpa torsdag etter kl.12. Det passar heilt fint, for då er eg komen heim frå trening.

Eg trefte eit litt eldre ektepar der oppe, dei passa hunden til dottera si. Vi vart sittane på benkane og prate. Dei visste kven eg var, men eg anar ikkje kven dei er. Det merkelige er at når eg snakkar med framande pratar eg som ein foss. Når eg snakkar med nærmaste familie eller med Marit, sit eg og leitar etter orda og har problem med å seie ei samanhengande setning.

Eg hadde sett på facebook at det hadde vore veldig flott nordlys i går, men eg er ikkje ute om kveldane, så det gjekk eg glipp av. Men eg får sjå ut i kveld om det skjer noko då.

Då eg kom heim att begynte eg å rake lauv nede ved epletreet,  eg blei ikkje ferdig då, men eg skulle ut att ,trudde eg, men no blir det ikkje , for no er det nesten mørkt.

Til middag i dag vart det restar frå i går,  og så hadde eg fyrt i omnen så her var godt og varmt, så eg vart sittande å slappe av i godstolen og sjå TV, så no er det begynt å mørkne ute. Eg har ikkje blitt van med dei tidlege kveldane enno.

Eg har ein jobb no, før eg kan slappe av, og det er spanskleksa, det tek si tid å  lære den. Eg greier veldig godt å lese og forstå tekstane, men vi må øve på å snakke utan å sjå i boka. Det er verre.

Har fått fleire meldingar frå Rasmus, den siste frå Furnes-men eg veit ikkje kvar det er.Han er vel snart heime no.


Det er mykje både lauv og eple nede i Skråninga. Eg tømde kjøkkenkassane ogdså der nede, der thujaskogen stod.Der trengst meir mold om ein skal plante noko der.Får håpe at lauvet blir liggande og ikkje fyk rundt. Det er no ikkje så ofte det blæs her, så det er lov å håpe.


 

Dagbok 2023: 5.november

 Klokka har passert midnatt for ein times tid sidan, men eg skriv om det som har vore på sundagen.. Temperaturen ute er no 0 grader, det har vore nokså skya i dag, men fint likevel.

I dag har Rasmus sett nye hjul på bilen min, elles har han ladda opp sin eigen bil, for i morgon reiser han igjen. Dessverre. Elles har han  funne litt av kvart å reparere, så får eg håpe det blir litt enklare for meg framover. Det er ikkje alt eg er så flink til, så eg treng ein handy-man av og til.

Eg laga julemiddag i dag, med fåreribbe m.m. Og så fekk eg spørsmål frå Margrete om ho kunne komme på besøk på ettermiddagen, og det kunne ho sjøvsagt; ho hadde med seg Amanda og hunden Dennis. Etter ei stund dukka Solveig også opp for å treffe broren når han var på desse kantar. Det var ein fin dag for meg , som fekk sjå alle tre barna mine på ein gong, Det skjer ikkje så ofte.

Rasmus og eg vart no sittane oppe ei god stund  etter at dei andre hadde reist, det er så kjekt å ha han her, men det er altfor sjeldan.

Eg har ikkje gått tur i dag og ikkje øvd på spansk-leksa, så eg får litt å ta att i morgon.

lørdag, november 04, 2023

Dagbok 2023: 4.november


 Klokka er no 17.13,temperaturen ute er + 9 grader C, og vi har hatt ein fin dag med sol og varme; det er ikkje så mange dagar sidan vi hadde nesten like mange kuldegrader som vi no har varme: men ikkje alle har hatt like mykje sol i dag som vi har hatt her på Vallabøen. PÅ bildet over her ser de at det låg store svarte skyer på himmelen, men så var det ei stripe med klår himmel over fjella i sør.

I dag venta eg Rasmus, han skulle komme i kveld. Men då eg stod opp tenkte eg at eg kunne lage ferdig middagen så den var klar. Eg måtte ta ein liten tur på butikken etter noko eg mangla. Så kom det plutseleg melding frå Rasmus, då var han på Solavågen. Så var det berre å gjere middagen heilt ferdig og dekke bordet. 

Middagen i dag var gulasj , den var grei både til å ete med det samme eller vente. Vi tok ein relativt tidleg middag, for så kunne Rasmus få sove litt etterpå; han hadde ikke sove så mykje natta til i dag. Eg gjekk min daglege tur på Vernet, så det vart stilt i huset. I dag møtte eg ei eg kjenner, ei som eg har treft på treninga, ho er frå Bjørneset, men bur ikkje der inne.

Eg kokte kaffi og fann fram gulrotkake til Rasmus stod opp igjen. Så har vi sete ei god stund og prata, men no er han eit ærend ned på ALTI for å få lada opp bilen. det er skulen sin bil han har denne gongen- og den er elektrisk.


Eg gløymde å skrive GOD HELG i går, men det er no litt att av helga enno.






fredag, november 03, 2023

Dagbok 2023: 3.november


 Klokka er no  16.35, temperaturen ute er+10 grader(hurra !), det har vore opplett i heile dag, men ikkje sol. Eg var relativt tidleg oppe, eg vaknar tidleg, men sovnar igjen eit par gonger før eg står opp. Eg søv sikkert litt for lite, for no har eg sete ved kjøkkenbordet og lese Møre Nytt og då sovna eg nesten. Men eg har det varmt og godt, fyrer i omnen -så ein kan no bli søvnig av mindre,og ikkje alt i Møre Nytt er like interessant. Eg prøver å få med meg kva som skjer i bygda no når vi har fått nytt kommunestyre.

I dag hadde eg berre ein liten fredagsvask, for eg tok det grundig førre veka. Etterpå tok eg ein tur på ALTI, der var eg på apoteket og kjøpte alt som eg har på resepten min. Så slepp eg å gå så ofte. Og det er billeg for meg som har frikort.

Var innom Spar og kjøpte litt matvarer også, før eg for heim att.Med det samme eg kom bed i Vik såg eg at der var mange bilar og stor trafikk. Men sånn er det alltid når eg fer nedover i 14-tida på fredagar, tenkte eg. Så såg eg på klokka, og den var berre 12.

Då eg kom eim gjekk eg ein runde på Vernet, ikkje mykje folk i dag, men ettersom tida gjekk kom der fleire til, men ingen eg kjende. I dag tok eg meg brødskiver til middag, men det var heimebakt brød og det mettar godt. No skal eg sette på TV og ta fram strikketøyet. 

I morgon må eg styre på litt, før Rasmus kjem i morgon kveld om alt går etter planen.



torsdag, november 02, 2023

Dagbok 2023: 2.november

Klokka er no16.00, og sola har gått ned, kvelden kjem tidlegare for kvar dag.I dag har det vore litt skyer på himmelen men vi har hatt sol også, akkurat no er det + 4 grader ute på trappa, så det er ikkje så kaldt lenger.. På PC-en min står det at vi skal få regn i morgon. I går stod der at vi skulle få snø i dag-men den kom ikkje. Heldigvis.

 I dag var Marit og eg på trening og ho køyrde. Etter treninga handla vi på KIWI- eg finn alltid noko eg treng, så sat vi lenge og prata i bilen då vi kom heim.

Då eg kom heim att sette eg på ei grautpanne og kokte opp. Etter ei stund gjekk eg tur på Vernet, men hugsa å slå av plata. I dag trefte eg berre ei eg kjenner og ho er frå Bhutan, så det vart ikkje så mykje prat.Men eg er no glad så lenge der er bert der oppe, for eg likar ikkje å vasse i snøen.

Då eg kom heim, kokte eg ferdig grauten og åt, og så har eg kveikt i omnen og skal sette meg i stova med TV og strikketøy. I morgon er det fredag og vaskedag, og så ser eg fram til å få besøk i helga. Dessverre blir det vel mykje arbeid for han som kjem-og ikkje berre kos.

I eit elvafar som for det meste er tørt, ligg det så mange fine steinar som eg skulle ha hatt  her; det er dei stripete eg tenkjer på. Eg kunne sikkert tatt med ein no og då, men eg veit ikkje om eg  må søke til kommunen. Eg vil no ikkje bli tatt for tjuveri.



 

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...