lørdag, november 25, 2023

Dagbok 2023: 25.november

Klokka er no 15.33. temperaturen ute er + 2 grader C. Det er fare for at det blir kaldare, så det er dumt at eg ikkje har moka tunet litt betre, men det var slik det vart i dag.
Eg sov godt og lenge i natt- og det var sikkert bra. Etter frokost etc. bar eg ved frå tilbygget og inn i kjellaren så slepp eg å gå ut i mørke natta for å hente ved. Varmepumpa står sjølvsagt på , men av og til vil eg ha litt meir varme.
Eg tok også fram mokebrettet og snøspaden min, slik at eg kunne moke meg ut med bilen. Eg var ikke ferdig , då kom Helge. Eg hadde tenkt at eg skulle be han stikke innom, men eg slapp å spørje. Han hadde, etter avtale, kjøpt ein ny ledlampe til meg, til å ha på datarommet mitt. Og no ser eg kor godt det er å ha skikkeleg lys når eg skriv på tastaturet .Lampen er lik den eg hadde før, berre større og meir lyssterk. Den gamle eg fullt i orden om det er nokon i familien som treng ein slik Led-lampe. 
Helge og eg drøfta litt om korleis vi skal få orden på diverse saker med varmepumpa, no når eg får krav på 1500 kr for fjerning av den gamle. Det var Helge som tok bort den gamle, så dei som selde den nye til meg har ikkje tatt i den ein gong. Det går vel i orden, Rasmus er sett på saken.

Helge moka tunet opp mot vegen, slik at eg kom meg ut med bilen og fekk handle på KIWI. Eg kjøpte mellom anna to små raude juleroser, dei var ikkje dyre, men kvikkar opp med den sterke fargen. Dei varer vel ikkje så lenge som til jul, men det får våge seg . Gratis på butikken fekk eg eit hefte med oppskrifter til diverse julemat. No blir det no ikkje så mykje selskapelegheit her hos meg, men ein kan no kanskje få bruk for ei av oppskriftene.

I dag laga eg fiskesuppe til middag, og eg trur der er nok til i morgon også. Det var mamma som lærte meg å lage fiskesuppe, og eg har elska den suppa heilt frå barndommen av. Eg har ete fiskesuppe på kafe i Bergen og på hotellet på Øye. Men best hugsar eg ein fiskesuppemiddag i Trovågen ein sommar då Bodil og Svein var med oss på ferie der ute. Eg hadde laga ei stor panne full med suppe og vi åt og åt, alle fire, og til slutt var det tomt. Det var då Bodil letta på panna og sa:"Var der ikkje meir?" Det var ei 8- liters panne, men heilt full var den no ikkje.
No er det vel tid for å ta fram strikketøyet og sette på TV-en snart. Eg har det godt og varmt og eg har kaffi og mat, så eg manglar ingen ting.
Eg stressar ikkje med å gå på Vernet slike dagar.Og no er det nesten mørkt.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fri...