mandag, april 30, 2018

Dagbok 2018: 30.april


 Klokka er ca. 18.30, temperaturen på trappa er +12 grader og det har vore ein nydeleg dag, litt kaldt i dag morgon, men fin arbeidstemperatur.
Eg var seint oppe for eg fekk ikkje sove så godt i natt, måtte stå opp og legge meg ein gong til, det hjelpte. For nokre dagar sidan fekk eg melding om stenging av vatn, meldinga kom både muntleg på telefonen og skriftleg på mobilen. Men ikkje høyrde eg skikkelig etter og så var eg så lur at eg sletta alle meldingar, så eg hadde gløymt heile greia. Såg sjølvsagt at vatnet var borte, og Marit kunne fortelle at det skulle komme att klokka 17. Heldigvis kom det att eit par timar før, og heldigvis hadde eg utblanda saft i kjøleskapet.
Stressar litt med hagearbeidet, det er mykje som skal gjerast no tidleg på året. I dag har eg rensa og rydda der som eg skal så sukkererter,men eg må ha litt kugjødselkompost oppå ertene, så eg kan ikkje så enno. Så har eg reinska opp i bringebæråkeren, det var mykje arbeid, og hadde på kompostjord på til slutt.
Kirsti kom ein tur nedom huset, ho hadde med seg tulipanar frå hagen og fine kort til heile familien som dotter hennar har laga, dvs.teikna originalane.
Eg vart så trøytt etter å ha ete "middag" at eg la meg ut på altanen og sovna. Då ringde det på døra og Even kom - og fiksa TV-en på mindre enn no time. Det var noko så banalt som ein laus leidning. Som om eg ikkje hadde sjekka det? Men eg vart veldig glad, for eg hadde lite lyst å begynne med å få i hus ny TV no når eg er her åleine. (Håper TV-en takkar for seg ein gong Rasmus er her).
Eg hadde litt meir arbeidslyst igjen, så eg gjekk ut og reinska jordbæråkeren. Den har aldri vore noko særleg produktiv, så eg har tenkt å  kutte den ut, men tek berre ein del i år, der er mange planta som er døde, så eg får fylle på frå den andre fòra. Eg kan ikkje halde på å styre så lenge om gongen, det har eg ikkje rygg til.
Graset veks fort no, så eg må snart fram med klipparen. Det er ikkje problem, for då går eg oppreist.
I morgon er planen at eg skal feire dagen i Volda. Det var tradisjon dei siste åra Nils var med at vi først var på Samfunnshuset og så åt vi kinamat etterpå. Når vi har gjort det to gonger, så er det tradisjon, seier Margrete. I fjor var Nils på Ørstaheimen 1.mai, men kom heim dagen etter og vart heime i sju månader.
Fine kort. teikna av Åshild Hansejordet.


søndag, april 29, 2018

Dagbok 2018: 29.april




Klokka er18.30, temperaturen er + 7 grader, og det er fint lettskya vêr.
Det er litt spesielt å vere heilt åleine og ikkje ha andre og anna som planlegg dagane mine. Litt trist og litt godt.
På føremiddagane finn eg alltid noko eg må gjere, anten det er sundag eller kvardag. I dag vaska og rydda eg i kjøleskapet og laga ei kake.
Ikkje lenge etter kom Marit G. på besøk, eg hadde etterlyst ein strikkepinne. Hadde ikkje erm-pinne nr.3 og gløymde å kjøpe då eg var i Vik i går. No fekk eg låne med henne.
Vi prata og drakk litt kaffi i lag- og det var kjekt.
Eg hadde lyst å gå ein tur, men ikkje for langt og ikkje for bratt; må tenkje litt på kneet mitt-heilt bra er det ikkje.
Eg fann ut at ein tur fram på Askjellhaugen var ein passeleg langt. Eg ville sjå korleis det såg ut på grava no, då blomstrane etter kvart taper seg. Det såg rimeleg bra ut enno, og eg har høyrt at gravferdsbyrået tek seg av dei visne blomstrane og kransane, så det treng eg ikkje å tenke på.
Gjekk ein liten runde og såg på gravsteinane og oppdaga at mange av namna var kjende for meg. Ikkje alle i Ørsta får grava si der, somme har sikra seg gravplass ved kyrkja.
På heimvegen fekk eg ei ny venninne, så no blir eg visst lik Nils. Ho kom gåande med to stavar og bemerka at eg gjekk utan. Det viste seg at ho visste kven eg var, og at ho kjende til Nils. Ho fortalde at ho var venninne med Agnes, og faktisk likna ho på henne både i utsjånad og veremåte. Etter kvart presenterte ho seg, og vi vart godt kjende på den vesle stunda. Ho nærma seg 80, sa ho. Ho har budd fram på dalen før, men no hadde dei kjøpt seg leilegheit her. Eg anbefalte henne å melde seg inn i pensjonistlaget.
Etterpå tenkte eg at dette hadde vore noko å fortelje Nils. Då han ikkje var så mykje ute blant folk lenger, tykte han det var kjekt når eg hadde noko å berette, noko eg hadde opplevd, folk eg hadde snakka med når eg hadde vore ute eit ærend.
Eg hadde med meg fotoapparatet for å ta nokre bilde på turen.
No har eg funne meg ein suppeporsjon i frysaren som eg skal varme opp. Det var Rasmus som laga til porsjonane og fraus dei, og eg trur dei er store nok.
Så blir det vel ein kveld utan TV igjen, men litt kan eg no sjå på data viss eg vil. Elles har eg både striketøy og lydbok. Eg har det bra.

lørdag, april 28, 2018

Dagbok 2018: 28.april

Her kjem eg opp Elvavegen-Olavsgata til høgre.

Den kvite vogna står i Storebakken.

Her har eg gått under den lange lastearmen og ser tilbake. Kunne tatt bilde av skogen også, dei feller ned massevis av store grantre. Det får bli ein gong eg har kamera med.

Klokka er 17.00, temperaturen er + 11 grader C og det er opplett. Eg synest det er for kaldt å begynne på hagearbeid, dessutan skal det bli enda kaldare. Eg vel å skrive blogg tidleg i dag, for eg har ein mistanke om at det går med litt tid til reparasjon av TV utover ettermiddagen og kvelden.
Rasmus driv og fjernstyrer meg via Messenger, og jammen fekk eg både lyd og bilde - så lenge det varte; og det var ikkje lenge. No sit han vel og grublar, kan eg tenkje meg. Eg har sendt bilde av to fjernkontrollar.
I dag ville eg ut og gå, har sete i ro veldig lenge no, og passa foten min,  no er det ikkje så farleg om eg må kvile ein dag eller to. Eg hadde eit ærend på apoteket blant anna, så eg tok diverse vegar nedover mot Amfi. Det var ikkje så mange eg kjende der i dag, men eg trefte ei god venninne som kunne fortelje at ho hadde vore innlagd på sjukehuset i Volda.
Det var ikkje så mykje eg trong å kjøpe i dag, men eg var innom Bunnpris og kjøpte meg eit beger med salat som eg sat og åt på ein benk. Det skulle vere eit opptog FOR Israel, såg eg, med digre banner, men eg gjekk fort forbi. I Mellegardshagen driv dei på og lagar terrassar blant anna. Eg gjekk opp Vikegeila, og vidare opp langs elva der eg gjekk nesten kvar dag i heile vinter, heilt til foten svikta.
Eg var ikkje heime før klokka var nesten 15.00. Det er første gongen på veldig lenge eg har gått utan å skunde meg.
Har ikkje gjort noko nyttig etter at eg kom heim heller, anna ennå "reparere" TV og vere på data. Men no vart eg brått så trøtt.
Møtte også nokre av naboane såpass eg fekk såpass eg fekk gramme meg over TV-en. Heimvegen gjekk i krok og sving for å få sett mest mulig av det som skjer i staden-eg har lenge vore utanfor det meste.
Sidan eg gløymde det i går får eg ønske alle ei god helg i dag.

fredag, april 27, 2018

Dagbok 2018: 27.april

Klokka er 19.00, temperaturen er + 8 grader C og det regnar litt. I dag har tida gått som ein røyk-forstår ikkje kvar timane har blitt av.
På føremiddagen tok eg inn klede, strauk etc., men no angrar eg på at eg ikkje tok inn det som var nesten tørt-no er det våtare enn nokon gong.
Margrete var på denne sida av fjorden, så ho ville komme ein tur, ho fekk i oppdrag å kjøpe med seg kaffi frå Lefdal, så no har eg bunkra opp. Eg hadde laga vaflar til ho kom så det vart traktementet i dag. Seinare kom Audun også, så var vi tre. Han sat att ei stund etter at Margrete hadde fare. Fekk han til å fikse mobilen; han gjorde det samme som eg hadde prøvd, berre at han heldt tasten inne litt lenger- og jammen hugsa eg koden! Det varte ikkje så lenge etter at Audun hadde reist, så ringde mobilen, og det var Ellen Marie. Vi hadde ein koseleg prat. Så ringde fasttelefonen, det var naboen som skulle handle og lurte på om eg ville vere med. Eg hadde ikkje behov for å fare på apoteket i dag sidan eg hadde funne nokre tablettar såpass eg kan klare meg over helga om så er. I går kveld sette eg meg til å strikke, men var så trøtt at eg følte for å rekke opp att, så i dag strikka eg borden for andre gong, mens eg høyrde musikk på You tube.
I dag tidleg såg eg at naboen in bossdunkstod ute- og kom på at det var fredag. Då eg skulle ta den inn att på ettermiddagen var den ikkje tømt. Eg hadde sett ut feil dunk-det var papir i dag-ikkje restavfall. Det er ikkje krise, det blir ikkje mykje boss når eg er her åleine.
Elles har eg tatt oska ut or omnen og vaska ruta. No ser eg fram til å sjå heile fredagsprogrammet på TV -det er lenge sidan sist. Og så blir det kanskje til at eg strikkar litt. Burde eigentleg gå ein liten mosjonstur, men det fristar ikkje i dette vêret. Kneet mitt er bra, men eg kjenner der er noko enno, så eg skal i alle fall bruke opp dei tablettane eg har.
Margrete fortalde meg i dag at veninna hennar hadde snakka om "ventesorg"-eg syntest det var eit fint og dekkande ord. Ellen Marie som har jobba heile sitt liv som sjukepleiar, mykje av tida på alders-og sjukeheim, kjende til det ordet. Eg trur alle forstår kva som ligg i det.  

torsdag, april 26, 2018

Dagbok 2018: 26.april

Klokka er 19.40, temperaturen ute er + 9 grader, og det er opplett, men det har også regna litt i dag.
Eg har vore heime åleine heile dagen, det er lenge sidan sist eg var det. Men ingen må tru at eg kjedar med. Eg har nok å gjere -og bøker å lese, og blir det litt tamt kan eg snakke med meg sjølv-eller datamaskina. No på ettermiddagen har eg sete her og rippa boka om Åttitallet, ei bok på 23 plater. Innimellom har eg vore på Face, og så har eg hatt lydbok og strikketøy på samme tid. Multitasking er betre enn sitt rykte.
På føremiddagen begynte eg å rydde diverse skap etc. Vil gjerne få litt ledig skapplass. Så rydda eg og vaska på "Roserommet"-som eg like gjerne kallar "Roterommet". Og så har det gått i vasking av klede, bretting av klede, oppheng av klede osb. No skal eg snart tømme oppvaskmaskina og henge opp enda ein klesvask.
Eg tok sjansen på å strikke litt i dag-trur det funkar betre når eg sit rett opp og ned på ein stol i staden for å ligge i godstolen. Grunnen til strikkepausen er ei litt låk skulder.
Viss eg blir lei av å vere inne kan eg gå ut og stikke løvetann, det er sesong for det no.Det er litt kaldt så det fristar ikkje så veldig å vere ute, men set ein i gang med å jobbe skikkelig held ein vel varmen.
I morgon må eg ein tur på apoteket, og no kan eg gå kvar eg vil utan å tenke på låke føter eller tida eg brukar. Ringde ned og bestilte resept i dag.
For å glede Solveig kan eg opplyse om at eg i dag åt middag, Det var lasagne frå påsketider som eg fann i frysaren. Elles har Rasmus frose ned suppe i høvelege porsjonar som eg skal ha framover. Og får eg lyst på noko anna, går det sikkert bra, det også. Eg lurer berre på om dei potetene eg har liggande kan bli settepoteter, har lyst å lage potetåker, det var så kjekt med den eine poteta som eg sette i fjor, den som var til 30 nye.
Eg ser ram til å begynne med hagearbeidet-likar det best. Det som er litt trasig i dag er at eg ikkje har fått til TV-en i dag heller. Eg var borti og rota med noko i går, brukte to fjernkontrollar for å komme i gang og så har eg truleg stilt apparatet på antenne i staden for på fibernettverket som den eigentleg skal vere kopla til.Forstå det dei som kan. Eg må kanskje sjå TV på datamaskina -det er ok, men eg likar ikkje å sitte her inne på rommet heile dagen og kvelden. 
I går kveld sat eg og prata med ei venninne på mobil -og brått vart det slutt, eg trudde den berre var tom for straum og ladda den opp. Den verkar framleis ikkje. Nils hadde ein samme sorten, men den er slått av og eg kan ikkje koden. Eg tenkte at ein kanskje kan sette mitt SIM-kort inn i hans mobil, men er det enkelt? Eller må er bort på Lefdal for å få det gjort?

PS: Eg sette på TV-en og den funkar perfekt.

onsdag, april 25, 2018

Dagbok 2018: 25.april




Klokka er 19.20, temperaturen ute er + 9 grader C og det er opplett. No kjende eg brått at eg vart litt trøytt. Det vert aldri til at Rasmus og eg legg oss tidleg, eg meiner han må vere lik slekta mi -der er vi alle som eg veit om B-menneske. Då snakkar eg om Strømslekta. I går kveld vart klokka nesten halv 3 før vi var i seng, med vekkerklokka på 8. Eg vakna av meg sjølv kvart på. Rasmus og familien skulle rekke eitt eller anna i Oslo i dag, så dei måtte av garde klokka 10. Den blei 5 min. over. Eg fekk melding då dei var komne til Bismo, sidan har eg ikkje høyrt noko.
Så lenge eg var låk i foten fekk eg ikkje gjort mykje her i heimen, så kom gravferda og det som følgde med, då måtte eg bidra litt.
I dag då eg art her att åleine hadde eg nok å henge fingrane i, og det var godt. Eg har vaska, støvsuga, rydda , vaska klede, dvs. hengt opp osb. Klokka var halv sju før eg kom på at eg måtte ete. Då hadde eg flaks , for eg fann ein stor skalk av ei svinesteik i  kjøleskapet. Elles er der litt av kvart i frysaren; det var Rasmus som porsjonerte ut og fraus matrestar i går kveld. Han er så effektiv at det er som å ha både Pompel og Pilt i ein og samme person. Og så fin han alltid noko å reparere. I går ville han lære meg å file kjeda på motorsaga, men då måtte eg seie at eg hadde diverse eg måtte gjere før eg kunne begynne på det.
Eg trudde det var slutt på blomehelsingane når gravferda var over, men også i dag har eg fått nydelege bukettar pluss ein potteplante. Det siste var litt bra, for eg hadde liksom ikkje fleire vasar. Folk er berre heilt fantastiske, eg sjølv har aldri vore så flink å hugse på alle i slike høve. Der har eg eit "forbedringspotensiale."
I dag vart eg altså åleine heime, det har eg vore lenge, men så har eg vore ute på Heimen mange timar kvar dag, og der har eg ikkje vore åleine.
I dag har det vore fleire gravemaskiner og lastebilar i gata, det er oljeankar som skal gravast opp. Heldigvis har vi ikkje hatt oljefyring her i huset, så vi går klar.
No skal eg snart prøve å roe ned, og så må eg hugse å dusje før klokka 22 i kveld, for då tek dei vatnet.
Svigerdotter Wenche fyller år i dag, håper dei fann på noko kjekt på vegen til Oslo, så dei fekk markert dagen. Om 14 dagar fyller Vebjørn 12 år og 14 dagar deretter blir Eivind 16 år, dagen før dagen.
Det var så kjekt å ha dei her, og trist då dei for, men dei har lova å komme att til sommaren.


tirsdag, april 24, 2018

Dagbok 2018: 24.april



I dag var det gravferdsdagen, ein dag som vi både grudde for og såg fram imot. Det vi tenkte mest på var at det skulle bli ein fin dag for oss alle. Ein dag som vi kunne minnast med ei slags glede. Ein blir ikkje glad når ein misser ein som ein er glad i, men vi har mange gode minne som vi vil ta vare på og dele med andre. Slik blei dagen. Akkurat slik vi ønskte. Det einaste som svikta litt var vêret. Då vi kom fram til gravplassen regna det, så kista vart ikkje senka fordi der var så vått.
Seremonien i kyrkja var fin ,organisten og dei som bidrog med annan song og musikk var akkurat slik vi ønskte. Det vart slik Nils ville ha likt det. Det var mange talar og kranspåleggingar og alle hadde mange gode ord om Nils. Etter at vi hadde vore på grava vart det minnestund i bedehuskjellaren, der slekt, naboar og andre vener var samla. Der vart det også taler både av barnebarn og andre. Eg føler meg veldig rik som har ein slik fin flokk rundt meg.
Og så er eg veldig glad for at så mange frå slekta til Nils, og frå mi slekt kom i dag.
Takk til alle som var med på å gjere denne dagen til eit godt minne.
Alt i morgon er det mange som reiser, blant anna reiser Rasmus og fam. heim, dei kom laurdag. Og ungdommane reiser tilbake til jobb og studiar. Heldigvis har eg mykje å styre med, så eg slepp å sitte og sture.



Rasmus og eg tok ein tur fram på gravplassen i kveldinga, for å ta eit bilde før blomstrane vart visne og stygge. Det regnar framleis litt og temperaturen er + 5 grader C.





Dagbok 2018: 23.april

Klokka er snart midnatt og denne dagen er over. Ute regnar det, og temperaturen er + 7 grader C. Eg håper vi får opplett i morgon på gravferdsdagen. Vil gjerne at det skal vere ein fin dag på alle måtar.
Vi har fått så mange blomsterhelsingar og anna merksemd i form av meldingar, telefonar og besøk at det er overveldande. Kjekt å oppleve at så mange har sett pris på Nils. Tusen takk til alle som har tatt kontakt på den eine eller den andre måten.

Dagen i dag har vore som dagar flest når familien er samla. Rasmus med familie bur her fast desse dagane og det er godt. Margrete og alle barna hennar kom ein tur og Solveig var også innom sidan ho skulle hente Olaug på flyet. Det er ikkje akkurat strøkent, men eg får nok tid å rydde opp att. Rasmus og fam. må reise onsdag morgon, det er plikter som ventar. Blant anna jobb og skule.
Eg har laga ei kake eller to i dag, vaska opp litt og rydda litt innimellom; alt det andre har den yngre garde styrt med. No skal eg ta ut or oppvaskmaskina, og så må vi ha oss litt kveldsmat. Vi er ein gjeng med B-menneske som de sikkert forstår.
Bodil sin bursdag er over no, men eg rakk så vidt å gratulere henne med dagen før det var for seint.


søndag, april 22, 2018

Dagbok 2018: 22.april


Klokka er 22.20, temperaturen ute er + 10 grader C, og det har vore ein fin vårdag sjølv om ikkje sola har vore så mykje framme. No regnar det.
Vi legg oss og vaknar til ulike tider her i huset, så det blir ingen felles frokost. Det er slik det plar vere. I dag laga eg ei kake før middag, elles vart det ikkje gjort så mykje før eg laga til middag seinare på dag. I dag vart det svinesteik pluss kjøttkake r frå frysaren. Elles har vi stort sett prata og slappa av. Rasmus fin diverse som han kan reparere, og bra er det. I dag tok han ned veggklokka som ikkje hsr gått på lenge. Ganske irriterande å ha ei klokka dom viser ca. halv tre heile tida. Han tok med seg gutane ut ein tur også, men sundagar er stort sett stille og fredelege dagar. Eg har ikkje vore ute for ei dør-i alle fall ikkje enno-eg skulle kanskje gått ein tur.
I morgon har vi litt av kvart å gjere; Wenche starta i dag med å presse dressane til dei fire "mennene sine. Det skal bli godt når gravferdsdagen er over, eg har grua meg til den, men no trur eg dt skal bli ein fin dag.

lørdag, april 21, 2018

Dagbok 2018: 21.april





Klokka er 21.40, temperaturen er +5 grader C, og det har vore ein fin vårdag; markene blir grøne og blomster dukkar fram både her og der. Det er berre det at dagane er for korte, dei strekk ikkje til for å få gjort alt ein vil.
Blomster dukkar det opp inne også, blomsterbod har ringt på døra fleire gonger i dag også og stova er snart som ein hage. Det er rørande å sjå kor mange det er som tenker på oss.
Eg er framleis nokså sosete, gløymer både det eine og det andre.Så det er ikkje alt som er i boks. Men eg har hatt ein kjekk dag med mykje besøk, Einar kom litt før klokka 13 og vi sat og prata lenge om mangt og mykje. Han har vore oppe i Alta sidan nyttår, så det er ei stund sidan eg har sett han. Det vart ein tur på butikken, men sidan eg ar så smart at eg hadde tatt med meg feil liste, vart det mykje som ikkje kom med. Hadde eg oppdaga det før, kunne eg ha fått ordna det. No får vi lite på Bunnpris som har sundagsope.
Kva klokka var då Rasmus og familien kom er eg ikkje heilt sikker på. Det var kjekt å sjå dei att; dei var her ein tur i påska, men då var det mykje å ta omsyn til, no kan vi slappe litt meir av.


Eg hadde ikkje fått tid å lage mat før Rasmus kom, men hadde ingrediensane klar til Taco, så middagen vart laga i fellesskap. Og godt vart det. Etterpå har vi berre prata og slappa av. Godt å ha dei her , det hadde vore litt trist å vere her åleine akkurat no, elles er eg no vandt til å vere åleine heime.


fredag, april 20, 2018

Dagbok 2018: 20.april


Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 10 grader C og det er vårleg. Skya, med litt regn av og til.
Eg sov godt sist natt, men tankane mine med det same eg vakna var : Kva dag er det i dag, kva skal skje  osb. Men så kom roa over meg, det var ingen ting å frykte. Eg treng ikkje lenger vere på alerten med to telefonar på nattbordet, klar til å sprette opp. 
Det einaste som stod på programmet i dag var at jentene skulle komme og vi skulle ha samtale med vikarpresten Sindre Løvik. det var han som hadde gravferda til Harald også.
Han kom klokka 12.00 og vi hadde to kjekke timar i lag med han. Eg hadde laga eit resyme over livet til Nils i all hast i går, så det var klart. Elles snakka vi om Nils og prøvde å vise han korleis han var, for som eg sa så må det vere litt rart å snakke om ein mann han aldri har møtt. Eg sa at eg ville ikkje at det skulle vere så altfor trist, at vi heller ville "feire" livet hans og minnast han slik han var den gongen han var frisk, og vere glade for alle dei gode åra han fekk-også etter at han vart sjuk. Det er ikkje slik at vi ikkje sørger, det gjer vi sjølvsagt, men vi føler også ei enorm lette fordi han ikkje lenger har det vondt. Det var veldig kjekt å snakke med presten, han er ein fin person. Neste gong han har Johnny Cash-gudsteneste på Sæbø skal eg jammen møte opp.
Margrete har hatt ansvar for å skaffe song og musikk til gudstenesta, Solveig bestiller mat til minnestunda og blomster til kista. Eg har ikkje gjort så mykje.
Vi hadde oss ein handlerunde; sidan Solveig skulle bestille mat og blomster, reiste Margrete og eg til Volda fordi eg måtte ha meg litt klede. Vi var på Mørekonfeksjon, der eg kjøpte meg ei ny bestebukse, to toppar og eit par skolettar. Toppane kunne eg eigentleg klart meg utan, men sidan eg no kanskje kjem til å vere meir ute blant folk og sidan Erlend skal konfirmerast snart måtte eg ha litt nytt. Eg tok ikkje buksa med meg heim, men fekk dei til å legge den opp på butikken. 
Eg må vel ta meg litt av huset i morgon, for Rasmus & Co kjem i løpet av dagen, dei skulle tjuvstarte i kveld. Alle barn og barnebarn er på plass når dei kjem. Eg er ikkje åleine om sorga og saknet, men vi vil prøve å gjere gravferda til ein fin og minnerik dag.
Planten er frå Hilde og Anne Merete m/fam.

torsdag, april 19, 2018

Dagbok 2018: 19.april

Klokka er19.50, temperaturen er + 16 grader C, det er lettskya og fint. Det vart seint før eg la meg i går kveld, men vakna relativt tidleg i dag likevel. Marit kom over gata og sat her med meg ei god stund, og det var eg takksam for, ho har sjølv mist mannen sin -for mange år sidan.
Vi venta mannen frå gravferdsbyrået klokka 10 og då var Solveig og Margrete på plass. Solveig hadde med seg kaker og wienerbrød -blant anna, rekna vel ikkje med at mora var så aktiv i dag, og det stemmer.
Vi fekk bestemt at gravferda skal vere komande tysdag kl.13.00. Vi ville gjerne ha den så snart som mulig sidan eitt av barnebarna skal til USA og ein annan skal konfirmerast snart. Vi fekk bestemt songar og diverse anna. Solveig ringde rundt og fekk ordna andre ting. Eg var ikkje så veldig aktiv. Det var meininga presten skulle komme også, men han kunne ikkje komme før i morgon. Ingeborg kom også innom og drakk kaffi i lag med oss. I morgon blir det nytt møte. Margrete tok på seg eit par oppgåver også, så eg blir avlasta for mykje.
Det vart brått så tomt då alle for. Rart at eg skulle reagere på det, eg som har budd åleine sidan begynnelsen av desember, men i dag kom eg meg ikkje i gang med noko, sjølv om  her er nok å gjere. Men eg kan no hive meg rundt no når foten er bra.
Har vore ein god del på data, har snakka i telefonen og sendt meldingar. Og så skreiv eg "livssoga" til Nils for ha det klart når presten kjem.
Har fått to nydeleg bukettar i dag, ein frå leigebuaren min, nydelige Silje, som kjem til å bu her eit år til. Så slepp eg styret med å avertere leilegheita igjen.
Buketten over kom frå dei utflytta nabobarna og familiane deira. Det er no så altfor mykje.
Det at det er mykje å ordne framfor gravferda er ein terapi-ein slepp å bli sittande å gruble for mykje.
Men eg skal innrømme at det var litt rart å vere her åleine heile ettermiddagen-eg er ikkje vant til å vere så mykje heime. Men det blir godt å sleppe turane til Ørstaheimen no. Eg har vore meir der enn heime på dagtid. At Nils er borte, må eg forsone meg med, eg har vore budd lenge, og slik det vart på slutten, må eg berre vere glad for at han slapp å ha det vondt lenger.
Til hausten blir det 60 år sidan eg kom til Solund, vi fann kvarandre ganske fort og fekk mange gode år i lag. Eg får vere takksam for det- og det å bu åleine har eg alt vandt meg til. Det går bra.
Håper det kjem mange i gravferda og at alle syng av full hals, då vil det bli slik som Nils ville hatt det.



Dagbok 2018: 18.april

I dag før middag hadde eg ei vond kjensle, fekk brått så tunge tankar. Det er ikkje så rart så sjuk som Nils har vore i det siste. Eg bestemte meg til slutt for å fare ut til han tidlegare enn eg først hadde tenkt.
Eg var nesten klar til å fare då dei ringde frå Ørstaheimen og sa at pusten til Nils hadde endra seg. Eg forstod sjølvsagt at det var eit dårleg teikn, så eg fekk Solveig nabo til å køyre meg ut. Eg sat ved senga eit par timar og høyrde på den surklande pusten. Innimellom sende eg meldingar til dei tre borna våre.
Solveig og Margrete kom utpå ettermiddagen - eg hadde ikkje sagt at det var noko som hasta. Men etter at vi alle tre var samla gjekk det fort. Det var vondt å høyre kor tungt han pusta, og vi stod rundt han til siste andedraget. Det var ei trist, men også ei fin stund. Det var godt å sjå at han fekk fred.
Det har vore mange år med sjukdom, men ikkje så merkbart før dei to siste åra. Han har hatt mange gode år etter at han fekk diagnosen i 2004. Dei to siste åra har det vore ut og inn av sjukehus og sjukeheim, men så fekk han 7 mnd. heime i fjor sommar-haust. Det var bonus.
Kva tid det vert gravferd veit eg ikkje enno.
Vi kjem til å sakne Nils, og minnast han mest slik han var då han var frisk og glad.
Fred over minnet.


tirsdag, april 17, 2018

Dagbok 2018: 17.april

Russeblåstjerne- Scilla sibirica



Klokka er 22.00, temperaturen er + 9 grader og det regnar. Då eg gjekk heimanfrå i dag var det fint vêr og + 19 grader C. Eg har gått begge vegar i dag, utan problem, og var hos Nils frå 14.30 til 21.30. Eg valde å gå i dag, for når ein sit i ro så lenge har ein behov for å lede litt på seg.
Nils var litt meir vaken i dag enn i går og eg fekk litt kontakt med han. Det tyder ikkje at han frisknar til, det håpet er ute for godt. Men det er litt artig når eg spør han om det er noko han vil ha og han seier :"Brus, Julebrus". Han har nemleg fått ein del julebrus i seinare tid.(Restar frå jul.) Neste gong ville han ha saft, og då er det berre å gå ut på kjøkkenet å få det. Kaffi og mat får eg servert så mykje eg vil ha. Eg trur dei set pris på at eg er der så mykje, for då er Nils roleg, og er det noko så seier eg ifrå. Eg sparer dei sikkert for mange turar inn på rommet. Eg trur faktisk at Nils registrerer at eg er der, i dag opna han augene eit par gonger og såg meg. Ja, slik er det blitt. Eg tenkjer mykje når eg sit der ute, på alle åra som har gått; det er dei beste minna som varer lengst.
Eg har lydbok med meg, og i dag starta eg på ei ny; hadde tenkt å ta med spøt i dag, for eg har begynt på eine erma på kofta, men då begynte sjølvsagt høgre armen/skuldra å trøble, så no blir det strikkeforbod. Fekk ikkje gjort noko særleg her heime heller på grunn av skuldra. Vaska litt rundt på kjøkkenet, men då måtte venstrehanda takast i bruk også. Det er nesten ein lettelse at regnet kom, så held eg meg vekke frå hagearbeid.
Eg gjekk ikkje elvavegen nedover i dag, men tok ei anna rute. Så eg vart litt overraska då eg tok den vanlege vegen heim. Då var vegen stengd. Eg kom opp i Olavsgata men ikkje lenger. Nedste delen av Storebakken var rett og slett vekke, der var det berre ei stor hole. Arbeidet med å lage fonnforebygning pågår for fullt no. Mange tun blir vel også grave opp no etter kvart når alle oljetankar skal fjernast. Heldigvis har vi aldri hatt oljefyring.
Eg spurde også i kveld om eg kunne gå heim, og fekk bekrefta at eg kunne det etter den avtalen vi har.
Noko eg set pris på er at vakthavane sjukepleiar set seg inn på rommet og snakkar med meg når eg er der. Dei seier at eg er FLINK som er der så mykje. Eg er der ikkje for å vere FLINK, men fordi eg har behov for å vere der Nils er no.

Bok nr.13 - 2018: Pust for meg


Kan man tilgi seg selv smerten man påfører andre?

Anestesilegen Carla Ruud kjører fra Oslo til hjembygda for å besøke moren sin på pleiehjem. Med seg i bilen har hun den unge kvinnen Synne, som skal samme vei. I en isete sving mister Carla kontroll over bilen, og de havner utfor en skrent. Til tross for all sin erfaring fra et liv som akuttmedisiner, makter ikke Carla å redde Synnes liv. Cecilie Enger skriver fram en kompleks kvinne, en anerkjent lege og mor til voksne barn, som stiller spørsmålet: Kan man tilgi seg selv for den smerten man påfører andre? Pust for meg er en roman om tre generasjoner kvinner, om sårbarheten ved å være avhengig av sine nærmeste og om å miste kontrollen over sitt eget liv. Man kan holde ut smerte så lenge den har et formål, men hva når den ikke har det? Og den dagen man ikke lenger føler at noen trenger en, hvem er man da
?
 

.........................................................................
I to år no har eg følgt Nils ut og inn av sjukehus og pleieheim, eg har vore med han til legekonsultasjonar og snakka med legar og sjukepleiarar heile tida. Eg har spurt dei ut om medisinar og behandling og sikkert masa hol i hovudet deira. Eg må legge til at dette var Nils sitt ønske. "Du må vere med" ,sa han alltid, "for eg greier ikkje å ta til meg det dei seier". I heile den tida han var heime som pasient, styrte eg medisinane hans i samråd med lege etc. Det vart etter kvart slik at eg vart veldig interessert i korleis medisinane virka, kva biverknader dei hadde osb. Når det var noko eg ikkje forsto var det berre å spørje.
Då er det nokså paradoksalt at eg sit ved sjukesenga til Nils og les om akkurat dette; sjukdom, medisinar og død.
Forteljaren i boka er ei kvinne på 60 år som er anestesilege. Anestesi tyder:" utan smerte" og eg kjenner meg takksam for at han som ligg i senga ved sidan av ikkje treng å lide fordi han får smertestillande morfin, så mykje han treng for å ha det relativt bra. Men også så mykje at han ikkje er vaken, men ligg i ein døs. Denne boka handlar om mykje anna også, det kan de lese i det eg har funne på nettet.
Eg likte boka svært godt .

mandag, april 16, 2018

Dagbok 2018: 16.april



Klokka er 22.00, temperaturen er + 7 grader C og det har vore enda ein fin dag, lettskya men ikkje så mykje sol, så i dag fekk orkideane stå i fred i vinduskarmane.
Eg var ikkje heilt sikker på at foten min hadde hatt heilt godt av at eg brukte han såpass myke i går, så eg tok det litt forsiktig i dag. Rydda litt i heimen, strauk litt klede, kokte graut etc. og sette meg med føtene høgt og begynte p første erma på kofta mi.
Då ringde telefonen, og det var frå Ørstaheimen. Sjukepleiaren sa at Nils hadde sagt at han ville eg skulle komme. Eg spurde om han var blitt dårlegare, men det var han ikkje.Eg stussa litt på at han hadde sagt så mykje, men sjølvsagt heiv eg meg rundt, bytte om i ein fart og kom meg av garde. Solveig nabo køyrde meg ut. Det var ikkje noko dramatikk, men Nils hadde vore litt uroleg på føremiddagen, og då hadde dei spurt om han ville at eg skulle komme og vere der, det hadde han sagt JA til. Det ville no vore litt rart om han hadde sagt NEI.
Nils søv for det meste mens eg er der, av og til seier han VATN -og då får han nokre dropar. Han verken et eller drikk noko så det varer nok ikkje så lenge. Han var veldig roleg mens eg var der.
Solfrid kreftkoordinator kom og sat ein times tid og prata, så eg fekk spørje henne om slikt eg lurer på. Ja, vi snakkar om anna enn sjukdom også, kjenner kvarandre godt etter kvart. Ei fantastisk dame.
Eg sende meldingar til Solveig og Margrete og Solveig ringde. Ho vil no komme innover på det minste vink, men det er ikkje stor vits i å besøke Nils, han registrer det knapt. 
Mens sjukepleiarane stelte Nils for kvelden gjekk eg ut av rommet. Då trefte eg ein av norsklærarane frå DH. Han spurde etter dei kjekke døtrene mine, og sa at han aldri hadde hatt både mor og døtrer som elevar anna enn i vårt tilfelle. No ser ein mest ikkje studentane, sa han, no går det i fjernundervisning. Kjedelig, tenker eg, det var jo samtalane og dynamikken i klasserommet som var det kjekkaste med å vere student.
Eg fekk kveldsmat på Heimen i kveld, men det kan no hende eg finn meg litt her også.
Eg ringde naboen då eg skulle heim også, han var visst glad for det, han var redd eg brukte foten for mykje og vart dårleg igjen. I dag fekk eg akkurat det eg trong ute på Heimen: Mange timar med foten høgt. Og så har eg snart lese ut enda ei lydbok.
Eg har lese ein del bøker i det siste, og i nesten alle er det mykje sjukdom, og som regel einkvan som dør av kreft.
Eg spør alltid vakthavande sjukepleiar om eg kan gå heim om kvelden, og dei har fått "ordre" om å ringe meg når som helst på døgnet om det skulle skje noko-dvs. viss dei meiner eg bør vere der.Eg kan komme på kort varsel, men treng å vere heime og sove i mi eiga seng dersom det går an. Dei passar godt på han der ute.

søndag, april 15, 2018

Dagbok 2018: 15.april. Framhald.

No kom eg nettopp heim att frå besøk på Ørstaheimen. Marit køyrde meg ut kl.17, og så GJEKK eg heim kl.21.30. Dermed har eg altså gått heim to gonger i dag-morgon og kveld. Det har gått bra med kneet til denne tid. LITT kjenner eg, men det er ikkje gale. Det er ein stor fridom i det å kunne gå på eigne bein. Eg veit at eg har mange gode hjelparar som gjerne køyrer meg hit og dit, men så er det dette med å vere sjølvhjelpt.
Sist natt overnatta eg på Heimen, men det vart for lite søvn, derfor ville eg heim og sove i senga mi i natt. Eg kan likevel ikkje gjere noko frå eller til om eg er der ute. Det er kanskje ei tilfredsstilling for meg sjølv, men Nils får så godt stell og dei er så snille med han at eg føler meg trygg. Sjukdommen går sin gang, og når han ikkje verken kan ete eller drikke går det fort nedover. Men han får morfin og anna smertelindring så han slepp å lide-det er det som er viktig no.
Eg var heime ei stund midt på dagen i dag, då ordna eg diverse i huset, mest klesvask, og så sov eg litt på solsenga, men er framleis på underskot når det gjeld søvn. Alle seier at eg må ta vare på meg sjølv -og det må eg vel. Var veldig oppesen heilt til kneet svikta på samme tid som Nils vart dårlegare. Men vi får vel stå han av.
Det er fint ute i kveld også, og + 9 grader no eg kom heim.

Bok nr. 12 -2018: De skyldfrie.


Sigrid er nitten år da hun møter Embret. Han har nettopp flyttet til bygda som lærer. Hun lengter ut, bort fra moren og lillesøsteren, Edit. Han ønsker å bli lagt merke til, og få alle rundt seg til å se hvem han egentlig er. I hverandre finner begge det de vil ha, og sammen skal de møte framtiden.

Men livet vil det annerledes. Når katastrofen slår ned, blir Embret og de to søstrene stilt overfor et valg som besegler deres skjebne. Prisen er en løgn som truer med å rive tilværelsen fra hverandre. En løgn som sakte forvandles til en form for sannhet.

«De skyldfrie» er en roman om fremtidshåp og selvbedrag, om nåde og undergang. Det er roman om lengselen etter å være noe mer enn seg selv, og den snikende erkjennelsen av at man allerede er fanget av sine egne valg.
.............................................................................
Denne boka las eg ut sist natt -på Heimen. Eg har ein mistanke om at eg har lese den før, men i så fall hugsar eg lite.
Forfattaren her ei eiga evne til å trollbinde lesaren, eller korleis eg skal uttrykke det. Det kan vere direkte vondt å ta desse menneskeskjebnane inn over seg. I denne boka handlar det mest om korleis ei løgn kan føre til fleire og til slutt øydelegge løgnaren. Eg angrar i alle fall ikkje på at eg las boka, sjølv om det kanskje var for andre gong.

PS: No sjekka eg bloggen min og eg hadde lese den før. Prøvde å sjekke før eg las den, men då ville ikkje maskina samarbeide. Det er ikkje alltid eg er like konsentrert når eg les, så derfor kan slikt skje.Forresten har eg heile mitt liv lese bøker om att-særleg dei eg har likt godt.
Las boka i januar 2017, på den tida var det litt ut og inn av sjukehus etc. Det kan vere ein av grunnane til at eg har lese ukonsentrert.

Dagbok 2018: 14. og 15.april



I dag, 15.april, gratulerer vi Eirik med 21-årsdagen. Før i gamle dagar vart ein ikkje "myndig" før ein var så gammal. Håper du har ein fin dag, Eirik.!


Det vart ikkje skrive blogg i går, for eg var ute på Heimen frå ca. kl.16 i går til kl.9.30 i dag. Med andre ord så overnatta eg. Natta før låg eg vaken og venta på telefon frå Heimen om at eg måtte komme dit, så i går kveld tenkte eg at eg like godt kunne vere der som å ligge heime og bekymre meg.
Eg hadde ikkje med meg overnattingsutstyr, så eg sat fullt påkledd i godstolen, med pute og pledd. Hadde lydbok og TV, så det gjekk bra. Etter kvart vart det slutt på straum på lydboka, så då vart det berre å sitte/ligge der. To sjukepleiarar kom inn ein gong i timen og såg til Nils. Dei steller godt med han. Eg sat mest og såg på at han pusta. Han hadde fått morfin i går kveld så han sov roleg og godt heile natta. Men det er vanskeleg å få kontakt med han. Han høyrer og forstår litt, men greier ikkje å snakke. Det har gått mykje nedover berre på denne siste veka. Eg skulle ønske han slapp å ha det slik lenge, han har slutta å ete og å drikke. Men dei gjer det beste dei kan for han.

Eg sov toppen 10 minutt sist natt, så eg har tenkt å legge meg ut på altanen og sove på solsenga. Men først skal eg lage meg frokost, ville ikkje ha mat der ute i dag. Fekk brått nok av institusjonslivet og GJEKK heim. Trur det gjekk bra.
No er klokka 10.45, det +14  grader ute og nydeleg sol. Kom heim til ulåst dør; det er av og til at eg låser utan at døra går i lås. Men her ikkje vore tjuvar det eg kan sjå.
I går jobba eg litt i hagen før middag, så kom Øystein og Audun og skifta dekk på bilen og køyrde meg ut på heimen. Då stod gradestokken på + 18 grader C.
Skal ut att på heimen når det lid på dag/kveld, men har avtale om at dei skal ringe om det er noko som endrar seg.

Eg har ikkje fått følgje så nøye med i det som skjer i skogen i samband med at det skal byggast fonnvern. I dag då eg GJEKK heim fekk eg sjå litt av det som skjer.( Bilda er tatt med mobil.) Det er eit stort prosjekt. Og dyrt. dei lenger ute i gata må betale i det, vi slepp.

fredag, april 13, 2018

Dagbok 2018: 13.april




Klokka er no 21.30, temperaturen ca. +7 grader og det har vore nydeleg vêr i dag også.Bilda er tatt ca.14.30, og då var temperaturen nærmare + 18 grader C.
Takk og lov så ser det ut til at foten/kneet  ser ut til å kome seg til att litt etter litt, i dag har eg i alle fall greidd å gjere litt ute, raka og rydda litt.
Men det kjekkaste med våren og finevêret er at alle naboane dukkar opp ute, og vi kan få oss ein prat ved postkassene til dømes. Ein liten time på solsenga fekk eg også, før Solveig og Gudmund køyrde meg ut til Heimen. Når eg opp i alt det andre fekk fotproblem, vart det mykje jobb for naboane, sidan eg har insistert på å besøke Nils kvar dag.

Då eg kom ut på Heimen i 16-tida i dag, låg Nils og sov, og det gjorde han heile tida mens eg var der til ca.kl.21.Eg prøvde å vekke han innimellom, og få i han ein slurk vatn. Solveig og Olaug jr. kom i 20 tida, og då var han vaken ei lita stund såpass han såg kven som var der. Han hadde fått morfin i dag; då blir smertene borte men han klarer ikkje å halde seg vaken. Han får heller ikkje i seg mat.Kor lenge han kan leve på denne måten veit verken eg eller andre.

Eg hadde skrive handleliste til Solveig på mobilen, så no har eg mat i huset. Solveig køyrde meg heim før dei for ut att til Hareid. Olaug skal vere heime til sundag, då må ho tilbake til studia sine.
Vekene går som ein røyk, og no er det fredag igjen. Ønsker alle ei fin helg.


torsdag, april 12, 2018

Bok nr. 11- 2018: Biter av lykke

Biter av lykke av Anne Ch. Østby (Lydbok-CD)

Ville du våge å forlate Norge for godt? Bytte ut isskrape og Fjordlandmiddag med asurblått hav og mat kokt i palmeblader?
Kat er blitt enke og eneeier av en kakaoplantasje på Fiji, og inviterer venninnene fra skoletiden til å bo der sammen med henne. Tør de følge drømmen?
«Biter av lykke» er en varm og tankevekkende roman om å begynne på nytt i moden alder. Den gir et vakkert portrett av den fijianske naturen og kulturen, og viser hva livet på en tropeøy kan gjøre med en frossen, nordisk sjel.
...................................................................................................
Eigentleg så kunne eg berre late vere å skrive noko  om denne boka, for dette er regelrett tidtrøyte.
Men eg blir litt opptrekt over at ei slik bok  blir utgitt, og til og meg påkosta til å bli lydbok. Ein forfattar må vel ha ein eller annan bodskap med det han/ho skriv? Bodskapen her er kanskje den at gamle damer kan få eit betre liv på ei Stillehavs-øy enn i kalde nord. Er det nok ?

Dagbok 2018: 12.april

Klokka er 21.15, temperaturen er + 6 grader og det har vore strålande vêr i dag. Då eg for heimanfrå kl.15 var det + 16 grader på trappa.
Men det var kaldt om morgonen, så eg sat inne ei stund og strikka før eg kom meg ut. Eg raka litt nedanfor garasjen, men det er ikkje så mykje eg kan gjere-på grunn av foten. Sjølv om eg synest den blir litt betre etter kvart.
I dag laga eg meg seng på altanen og låg der ein times tid og las lydbok, så vart eg ferdig med ei bok som eg like godt kunne late vore å lese. Men den høvde i grunnen ganske godt til å lese på heimen, når eg sit og ser på at Nils søv. Ja, for det er no slik det har vore i seinare tid. Det har vore lite kommunikasjon, nesten ikkje TV, og lite eg kan hjelpe til med. Den einaste misjonen eg har er at eg ER der, så slepp pleiarane å komme inn så ofte.

Så kom eg heim i kveld også. Eg var litt i tvil om eg skulle forlate Heimen i kveld, men eg har god avtale med dei som jobbar der, at dei skal ringe meg om det blir kritisk, så eg tok sjansen. Nils var veldig slapp og trøtt då eg kom utover i 15-tida,( sat på med Soveig og Gudmund.) Nils hadde fått Oxycodone - tablettar og då blir han heilt slått ut, men det er betre enn å verke. Han var også kvalm, men dei laga til ein anordning, slik at han får kvalmestillande medisin rett i blodet, og det virka. For eg fekk i han litt is før eg gjekk heim. Eg har tipsa dei om at det er betre å gi han dessert enn anna mat når han ikkje har lyst på noko. Ja, han blir nok ikkje betre etter som dagane går, heller dårlegare, men det er vi budde på. Solveig kom i 20 tida og køyrde meg heim før ho skulle hente Olaug på flyplassen 21.15.

Solveig ringde til tante Anne Marie mens vi var på Heimen og gratulerte henne med 83-årsdagen. Ho hadde nettopp fått eit nytt oldebarn, men han var fødd ein time for tidleg til å få samme bursdagen som oldemora. Anne Marie vart bestemor før ho var 40 år, og no har ho mange oldebarn, eg vil ikkje skrive talet i tilfelle eg tek feil. Nils og eg har ingen oldebarn enno, men bror til Nils , som er 5 år yngre, har fleire.

onsdag, april 11, 2018

Dagbok 2018: 11.april

Klokka er no snart 22.00, temperaturen har falle til +3-4 grader. Det var kaldt i dag tidleg, men så kom sola og varma opp. Det vart ikkje mykje gjort på føremiddagen, foten er ikkje god, og så skulle eg vaske håret og "pynte" meg til Margrete kom. Ei stuns strikka eg, og så stod eg ute på altanen og prata med naboen som stod på sin altan.
Margrete kom ca. kl.14 Vi prata litt før vi for nedover. Eg hadde i grunnen berre to nødvendige ærend, det var å kjøpe tablettar og å poste eit brev. Så gjekk vi på kafé i gågata og åt middag, før vi for opp til Nils. Då var klokka ca. 16.00. Han hadde vore vaken ein time, og ete ei skive. Men han verka opplagt og klar i toppen, dvs. at han ikkje var neddopa av medisin. Han prata og var i bra humør. Etter at Margrete hadde fare "sov vi middag" -eg høyrde lydbok..
Men han var ikkje i form etterpå. Han var slapp, ville ikkje ha mat men drakk vatn. Marit ville hente meg før klokka 21. men eg sende melding om at eg kanskje ville vere lenger, men det vart til at eg for heim. Eg snakka med sjukepleiaren før eg gjekk, og eg har ståande avtale med dei om at dei ringer viss det blir noko endring.
Marit henta meg før klokka 21.00 men vi vart sittande i bilen og prate, derfor vart eg litt sein med blogginga.
I morgon er det 12.april, det var fødselsdagen til Johanna, mora til Nils. Ho fekk første barnet på 27.årsdagen sin. Det var Anne Marie - som fyller 83 år i morgon. Eg vil helse til henne frå Nils og meg og gratulere med dagen! Siste gongen vi var til Solund var då ho fylte 80 år.
Eg har også tre gode venner som har fødselsdag i morgon, så 12.april må vere ein populær dag.
I morgon kjem Solveig innover, ho skal hente Olaug jr. som kjem med fly frå Bergen.

tirsdag, april 10, 2018

Dagbok 2018: 10.april



Klokka er no snart 21.30, temperaturen er + 4 grader C, tidlegare i dag var det ganske mykje varmare og nydeleg vêr. Eg gjekk litt rundt huset og sjekka opp diverse som må gjerast-det trengst berre at eg blir bra i foten! Eg er faktisk litt betre, så kanskje tablettane virkar på sikt. Eg tek ikkje så mykje smertestillande som før.
I dag tok eg meg saman og vaska bad og kjøkken, det gjekk relativt bra. Ragnhild skulle køyre meg ut på Heimen i dag, først var det bestemt klokka 16.00, men så ville ho komme ein halvtime før.
Det vart ein litt trasig ettermiddag og kveld;  Nils hadde fått Oxycodone og sov nesten heile tida. Dei heldt på å gi han middag då eg kom, men han berre sovna. Eg sa at dei berre kunne ta maten ut, men la desserten stå att. Og den åt han. Til kvelds åt han ei skive pluss eit glas surmelk, men det var lenge etter vanleg kveldsmattid. Eg går berre ut på kjøkkenet, så lagar dei til på bestilling. Mat kan han få når det passar han, heile døgnet. Og eg trur dei set pris på at eg overtek litt av matinga. Han var vaken innimellom og var ikkje omtåka, men eg merkar at det er travelt for han å snakke, så det blir minimalt med prat. Då Håkon kom, bad han med spørje kvar Audun var. Han tenkjer mykje på barnebarna. Det eg saknar mest no, er humøret som (nesten) alltid har vore på topp- no er han "tung". Og eg forstår det så godt.
Eg var litt handikappa på Heimen i dag. Eg hadde lagt att mobilen heime, det er slikt som skjer når eg bytter bukse, har den alltid i bukselomma. Nils sin mobil var slått av, eg kan ikkje koden for å låse opp, og Nils hugsa den ikkje. Heldigvis kom Håkon og køyrde meg heim.
Eg har ikkje strikka så mykje i dag, men kvelden er enno ung.

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...