søndag, april 15, 2018

Bok nr. 12 -2018: De skyldfrie.


Sigrid er nitten år da hun møter Embret. Han har nettopp flyttet til bygda som lærer. Hun lengter ut, bort fra moren og lillesøsteren, Edit. Han ønsker å bli lagt merke til, og få alle rundt seg til å se hvem han egentlig er. I hverandre finner begge det de vil ha, og sammen skal de møte framtiden.

Men livet vil det annerledes. Når katastrofen slår ned, blir Embret og de to søstrene stilt overfor et valg som besegler deres skjebne. Prisen er en løgn som truer med å rive tilværelsen fra hverandre. En løgn som sakte forvandles til en form for sannhet.

«De skyldfrie» er en roman om fremtidshåp og selvbedrag, om nåde og undergang. Det er roman om lengselen etter å være noe mer enn seg selv, og den snikende erkjennelsen av at man allerede er fanget av sine egne valg.
.............................................................................
Denne boka las eg ut sist natt -på Heimen. Eg har ein mistanke om at eg har lese den før, men i så fall hugsar eg lite.
Forfattaren her ei eiga evne til å trollbinde lesaren, eller korleis eg skal uttrykke det. Det kan vere direkte vondt å ta desse menneskeskjebnane inn over seg. I denne boka handlar det mest om korleis ei løgn kan føre til fleire og til slutt øydelegge løgnaren. Eg angrar i alle fall ikkje på at eg las boka, sjølv om det kanskje var for andre gong.

PS: No sjekka eg bloggen min og eg hadde lese den før. Prøvde å sjekke før eg las den, men då ville ikkje maskina samarbeide. Det er ikkje alltid eg er like konsentrert når eg les, så derfor kan slikt skje.Forresten har eg heile mitt liv lese bøker om att-særleg dei eg har likt godt.
Las boka i januar 2017, på den tida var det litt ut og inn av sjukehus etc. Det kan vere ein av grunnane til at eg har lese ukonsentrert.

1 kommentar:

arieldog sa...

Eg har ikkje lese den før, så då er det kanskje Solveig som har kome med den. Her ein dag var eg på biblioteket og lånte ein stabel, og så sa dama bak skranken: "Dinna he du lånt før!" med høg og streng stemme. Eg spurte om det var greitt at eg lånte den igjen, og det var det visst.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...