fredag, oktober 31, 2014

Dagbok 2014: 31.oktober

Klokka er 19.00, temperaturen er + 7 grader ute, det er mørkt, vått og ganske utrivelig vêr, no når vi har blitt så  vane med finevêr. Eg ønsker meg nokre fine tørre dagar, såpass vi får rydda i hagen før vinteren kjem for alvor. Noko av blomkarsen fraus sist natt, trur eg, Skal sette tulipanløkar i beddet når blomkarsen takkar for seg for godt.
Eg har liksom ikkje kome i siget igjen etter "ferien", så eg kan ikkje skryte av at eg har gjort noko særlig. I dag venta vi besøk av Einar. Sidan vi ikkje var heilt sikre på om han kom eller ev. kva tid han ville dukke opp, laga eg berre ei vaffelrøre. Så i dag vart det kaffi og vaflar til lunsj.
Seinare var vi ein liten tur nedover på biblioteket, der eg fekk plata som mangla på eine boka eg hadde lånt før. Litt garn kjøpte eg og litt mat.
Då vi kom heim laga vi middag, etter at eg hadde rippa eit par bøker.Steikt sei i dag ! Og så slokna eg på sofaen. Kanskje like godt, for eg sov lite sist natt, og fredagskvelden er det mykje å sjå på TV.
I dag er det 55 år sidan vi ringforlova oss, Nils og eg, på Øygarden i Solheimsdalen. Vi hadde eit lite selskap, vertskapet mitt og eit par til. Midt i selskapet fann purka det for godt å "nedkomme" med ein heil bråte med grisungar, og heile selskapet hamna i fjøset. Eg fekk jobb med å tørke av dei nyfødde ungane med ein høydott etter kvart som "jordmora" tok imot dei- det var ikkje noko eg var programmert for, for å seie det slik. Men alle sa at det var eit godt teikn for framtida vår. Merkelig kor fort desse 55 åra har gått.
Så ønsker eg alle ei fin helg, anten ein feirer Halloween eller ikkje. Gutane på Kongsberg hadde no alt klart til dagen.Og graskaret var kome i hus. Ein kan no meine kva ein vil om dagen, men det er no nokså uskyldig moro i dei fleste tilfelle.

torsdag, oktober 30, 2014

Dagbok 2014: 30.oktober

Klokka er ca 18.00, temperaturen ute er + 5 grader C. Det er bekmørkt, så eg ser ikkje kva slags vêr det er, men stort sett har det vore bra før i dag. Trur til og med sola var framme så vidt ei stund før middag.Eg likar ikkje at vi stilte klokka tilbake til normaltid, ville gjerne hatt sommartid enno ei stund.
Nils var vekke då eg vakna i dag, han hadde reist på sjøen for å fiske sei.(Eg er som kjent ingen morgonfugl). Eg hadde også ein jobb å gjere i dag, skulle skrive eit lite innlegg til avisa om pensjonistmøtet komande onsdag. Eg var ferdig med det i 11-tida, eller litt før, og då kom Nils heim.Vi åt litt lunsj ei stund etterpå, og så måtte Nils få kvile seg litt. Eg nytta høvet til å lese i boka mi mens her var stilt og fredelig.
Har ikkje gjort mykje til nytte i dag, berre det heilt nødvendige pluss klesvask og bretting.
Til middag i dag hadde ingen av oss lyst på fisk, så eg laga ei "rydde i kjøleskap/frysaren-suppe". Eg var litt skeptisk ei stund, men då suppa var ferdig, gjekk den ned til siste drope. Kika litt i "Smalhans"-boka til Gunda, men dikta det meste sjølv.
Fann ein pose med ferdigbløytte kikerter som eg har fått av Solveig, ein liten pose med skvåsj, ein løk og eit par båtar med kviløk. Dette kokte eg til alt var møyrt, og så jamna eg det med stavmiksar. Tykte ikkje det smaka noko særlig, men heldt fram med å tilsette rotselleri, kålrabi og gulrot i terningar, smaka til med bulliong-terningar etc. Og frå Gunda si bok tok eg tipset med å ha i ei spiseskei kvitvinseddik og krydre med timian.Til slutt hadde eg i ein rest av kokt sommarskinke, som eg skar i terningar. Det vart skikkelig god spikersuppe, og eg vil påstå at den vesle skvetten med kvitvinseddik gjorde susen. Det beste av alt var likevel at eg fekk kvitta nokre restar.
Eg er så ivrig å lese i "Innsirkling 2" at eg grip alle sjansar. Kan ikkje hugse at eg var så begeistra første gongen eg las den-og hugsar absolutt ingen ting av handlinga.
Orkideen på bildet kjøpte eg på Coop i går for ein rimelig penge. Sidan det snart er advent, kjøpte eg lilla.

onsdag, oktober 29, 2014

Dagbok 2014: 29.oktober


Klokka er ca 17.30, det er ganske mørkt ute og temperaturen er +5 grader. Det har regna nokså mykje i dag.
Det første som skjedde då eg vakna i dag, var at eg såg på vekkerklokka på nattbordet og fekk eit lite sjokk. SÅ lenge brukar eg ikkje å sove. Men så viste det seg at den framleis viste sommartid, så då var det litt meir normalt.
Det andre var at det hadde snødd langt nedetter fjellsidene,  ikkje til å tru at vi gjekk og spaserte på Gol i går i + 19 grader C. Men det er fort gjort å bli aklimatisert. Marit hadde eit større problem-ho kom att frå Spania før helga, der hadde det vore over 30 varmegrader.
Eg hadde ærend på biblioteket, så vi venta litt med å fare nedover;vi trong jo både det eine og det andre, så vi skulle ein tur på Amfi. Der trefte vi fleire kjende, slik at vi fekk fortelle om den dramatiske heimreisa vår, som eigentlig ikkje var så veldig dramatisk....ja,ja, den kunne ha blitt det.
Då vi kom heim kokte Nils lange, og så somna eg på sofaen, det er vel godt sovevêr, og så var her ingen til å halde oss våken. Drøymde og drøymde, blant anna at vi stod og leita etter kaker i ein frysar. Det var vel eit slags frampeik, for då vi skulle drikke kaffi var det smått med kaffimat. Eg tenkte: "Å, hadde eg berre hatt om berre ein liten bit av Sigrid si kransekake!" Men eg fann eit knekkebrød. Kaffimat skal vi ikkje ha her i huset ! (Men det er lett å få ein vane!)
No skal eg rippe dei tre bøkene eg fekk på biblio i dag. Eg driv og les  "Innsirkling 2"- nr. tre får eg når den kjem på biblioteket. Som kjent har eg lese 1 og 2 før, men måtte repetere.
Har ikkje gjort stort anna i dag enn å ta ut or oppvaskmaskina. Kanskje skal eg sette på ein klesvask også ? Pakka ut kofferten gjorde eg i går. Men vi trong vel ein kviledag etter gårsdagen. Det er sjølvsagt travelt for Nils å køyre så langt og lenge, men eg engasjerer meg i køyringa eg også, så eg blir også trøtt. Sola var så vidt framme i dag. Hadde vi fått meir sol hadde energien kome tilbake.Har ein del å rydde i hagen før vinteren kjem.
Mannen har ikkje rasa ut, så no går fjellet under namnet "Seigemannen."



tirsdag, oktober 28, 2014

Dagbok 2014: 28.oktober

Klokka er 20.00, temperaturen ute er +6-7 grader C, der er regn og grått.
Vi reiste frå Kongsberg mellom 9 og 9.30 ein gong, i dag tidleg. Då var der fint, lettskya vêr og +12 grader C. Vi køyrde strake råsa opp til Gol, der vi lufta oss litt. Temperaturen der oppe var +18- 19 grader, og det var opplett.
Etter kvart vart vêret gråare, då vi kom til Hemsedal regna det, og på fjellet fekk vi vind i tillegg. Vi køyrde med vinterhjul, og såg verken snø eller is, men eg trur piggane hadde sin misjon likevel etter kvart som vêret vart meir og meir spesielt.
Har aldri sett så mykje vatn i heile mitt liv; det rann frå alle fjellsider, og elvane som vanligvis er nokså moderate fløymde utover skog og mark både her og der. Det var ei kvild å kome inn i dei mange, lange tunnelane. Jølstravatnet heldt på å renne over, men i Våtedalen var det verst, der låg vegen delvis under vatn, men det var lov å køyre der. Det var mykje folk ute og passa på, gravemaskinar grov ut elvefar så ikkje bruene skulle gå.Det var på hengande håret somme stader.Eg bad Nils køyre fort over dei!
Ja, det var ikkje min ide at vi skulle ta heile heimreisa i ein jafs, eg kunne tenkt meg å tatt ein og annan omveg heim att.
På Anda kom vi akkurat 1 min. for seint til ferja, men det var ikkje lenge å vente på den neste. Og så køyrde vi i "kolonne" til Folkestad og nådde ferja der, så alt i alt gikk turen fint. Men eg trur nok det var litt stressande å vere sjåfør i dag.
No er vi trygt heime i huset vårt, Nils har fyrt i omnen og vi har fått oss mat.Tok ikkje eit einaste bilde i dag, ville ikkje risikere å øydelegge kamera mitt. Men vi får sikkert sjå nok regn og uvêr på TV. Synest synd på dei som blir ramma av flommen. Litt rart å køyre på ein veg med "Flom"-skilt på vegkanten.

mandag, oktober 27, 2014

Dagbok 2014: 27. Oktober


Klokka er 22.30, og vi har tatt tidlig kveld her. Vi tek på heimveg i morgon, så ferien er slutt. I dag har det vore skya, opphaldsver og pluss 15 grader det meste av dagen. Det vart seint før eg somna sist natt, så eg sov tilsvarande lenge på morgonen i dag. Wenche var på jobb, dei to største gutane på skulen, men Rasmus hadde bere kveldsundervisning i dag, så han og Ingar var heime. Eter at vi hadde fått rydda opp litt var vi ein tur inn på Storsenteret. Vi handla ikkje så mykje, og var pass late at vi kjøpte  frosenpizza til middag. Etter all den gode maten i går var det heilt greitt.
Dei to eldste gutane ville begynne på taekwondo i dag, så Wenche køyrde dei dit, mens Rasmus underviste frå datarommet. Og så vart det kaker og kaffi etterpå, før kakerestane hamna i frysaren. Minstemann ville gjerne hatt litt gulrotkake før han la seg, men då var den frosen. Det er no trist å reise ifrå dei, men ingen vits å vere her når alle er opptekne.Vi har hatt nokre fine dagar.

søndag, oktober 26, 2014

Dagbok 2014: 26.oktober

Klokka er snart 23.30, temperaturen ute ca 10 grader C og det har vore bra ver i dag også. Litt sol, litt regn og litt vind. Ingar og eg gikk ein tur i nærområdet før middag og var ute ca ein time. Elles gikk ein del av dagen med til å førebu festen, eller familieselskapet er vel rettare. Gjestane var foreldra til Wenche og Cato med familie, i tillegg til oss.
 Det var Wenche som styrte med maten, og den var god. Vi fekk nydelig viltgryte med ris og masse grønsaker. Så var det kaker og kaffi etterpå, og kakebordet var heilt sunnmørsk. Eivind og Vebjørn har lagt seg og søv sikkert no, men Ingar haddese ein god middagslur før gjestane kom.
Og vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin dag.
Dei vaksne gjestane. Dei som manglar på bildet er vertskapet og fotografen.Nils sit saman med Arne, faren til Wencke. Sigrid, mor til Wenche sit ved bordenden, og Cato og Karin til høgre. Cato err broren til Wenche.
Og her er "gutabordet". Gutane er i alderen 4-19 år. Ingen småjenter i familien.

lørdag, oktober 25, 2014

Dagbok 2914: 25.oktober

Klokka er ca 16.30, temperaturen er pluss 11grader og det er lettskya fint ver med mykje sol. Eg har stort sett halde meg inne trass i det fine veret, men gikk ein liten tur i lag med Ingar. Mannfolka har hatt seg eit par handlerunder og sikra proviant for morgondagen. Elles går det i prat og kaffi for det meste. Til lunsj åt vi resten av gulrotkaka, til middag skal vi ha risgraut og spekemat. Vi har ei kviledag i dag etter all køyringa i går, og laddar opp til morgondagen. I dag fyller bror min 73 år og vi gratulerer!

Dagbok 2014: 24.oktober

Vi reiste frå Volda med 8.30-ferja og nådde ferja på Lote ein time seinare til tross for mykje vegarbeid og nedsette fartsgrenser . Veret var grått og regnfullt, men det kom seg eter kvart. Vi hadde ein stopp på Gol, men køyrde stort sett i eitt, så vi kom heilt fram før det mørkna. Vi hadde ein fin tur, og vegane blir betre for kvar gong vi tek turen austover. Temperaturen låg stort sett på 14 varmegrader, litt kaldare over fjellet, men verken snø eller is på vegen.
Vi vart godt mottekne her i Sandsværveien, kosa oss med god mat og prat.
Eg skriv på nettbrettet, så det blir korte innlegg.

torsdag, oktober 23, 2014

Dagbok 2014: 23.oktober

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 11 grader og det har vore overskya i heile dag. Litt regn av og til.
Før middag kom feiaren, og Nils skifta til vinterhjul på bilen. Eg støvsuga og begynte så smått å pakke. Så fann eg ut at det faktisk var på tide å kjøpe ein ny koffert, og dessutan var det mykje anna vi trong, så det vart handlerunde i Volda og Ørsta.
Då vi kom heim laga vi middag; kokt lange og blomkålsuppe. Den noko undelige samansettinga kom av at vi hadde eit blomkålhovud som var ute på dato.
Etter ei pause, fekk eg pakka den nye kofferten, og neimen om den var for stor ! Hadde den vore større kunne eg hatt med meir.Ikkje berre skal ein ha med klede, men i tillegg all slags duppedittar med ladingsutstyr. Mykje å passe på. Nils tek ansvaret for å få med fisk etc. 
Vi kjem til å prøve å kome av gårde så tidleg som mulig i morgon. Godt å sleppe å køyre i ukjent terreng etter at det er mørkt. Elg kan vi treffe på også.
Det er ein lang biltur, særlig for den som skal køyre, men håper på bra vêr og berre vegar. Vi var litt meir vane med å reise før i tida, no når vi reiser så sjeldan, krev det meir tankearbeid.
Vi håper på fine dagar i Kongsberg, og gler oss til å feire.

onsdag, oktober 22, 2014

Dagbok 2014: 22.oktober

Klokka har passert 18.00, temperaturen er + 7 grader C og akkurat no er det opplett. Tidlegare i dag var det regn og grått. Nils var nedover og fekk klipt håret sitt før middag, eg vaska eit par golv etc. Nils tykte vi kunne reise til Fosnavågen i dag og kjøpe fiskesaker før vi legg om til vinterdekk, og eg seier sjeldan nei til ein tur.
Det er fint med ein tur ut til havet, der himmelen er vidare og mindre grå. Mykje fin natur er det også å sjå. Men når det gjeld byane i fylket vårt, kjem ikkje Fosnavåg på topp. Dei driv og lagar betre veg utover, og dei har bygt mange store flotte bygningar i sjøkanten, men gatene er smale, bratte og kronglete på alle måtar, og det er nesten umulig å finne parkeringsplass.
Første stopp var Dyrkorn-butikken, ein velutstyrt fiskevegnbutikk som ligg i det området som eg kallar "Sibir" - på grunn av dei falleferdige og stygge murbygningane rundt omkring. Men Nils fekk det han ville ha, 50 kveiteonglar med forsyn.
Så var det å finne seg ein kafe, og vi enda opp der vi plar ete, på Nina Kafe, eller Pelican Rouge, som den heiter på fint. Der kjøpte vi lunsj-bufet, i dag med berre kalde rettar: Kylling, reker, egg, grønsaker etc.etc. Vi fekk ete så mykje vi ville for 80 kr kvar; med brød til blei det eit skikkelig måltid. Og så kjøpte vi oss kaffi etterpå.
Vi var enige om at vi trong ikkje gå på butikkar, vi har det vi treng, men vi måtte no sjå det nye kulturhuset og Thon-hotellet. Dvs. vi gjekk ikkje inn. Det er innvigd, men dei jobbar framleis i og rundt bygget. Det er mange bilde i Regionavisa i dag.







Alltid når vi reiser utover ser vi skiltet til Torvik der Hurtigruta legg til, og i dag ville vi sjå korleis der såg ut. Vi køyrde til vegs ende utan å sjå kaia, men Nils prata med ei postdame som fortalde kvar Herøy-terminalen låg. Det var ei kjempestor kai, men terrorberedskapen var ikkje noko særleg, for vi kunne køyre heilt ned på kaia utan at nokon brydde seg. I det fjerne såg vi Ulsteinvik.



Om det ikkje er så vakkert midt i byen Fosnavåg, er det mange fine og idylliske stader rundt omkring på øyane i Herøy kommune.Her er eit glimt frå Torvik.

Nina kafe
(bildet under) Lett å kjenne/finne på grunn av  den raude fargen.

På heimvegen stoppa vi på PEKAS i Myrvågane, der har dei alltid noko vi treng. I dag fann Nils seg ein stamp til å ha fisk i og eg fann litt småtteri til huset. Vegg i vegg låg ein stor, fin Kiwibutikk, der eg fekk kjøpt melk, det einaste vi trong i dag. Då vi kom til Ørsta var eg innom biblio og henta eit par bøker.
Vi har vore i full sving sidan vi kom heim. Nils har knytt forsyn på onglane sine, og gjort klart til at feiaren skal kome i morgon. Eg har stort sett site ved datamaskina, blogga og rippa bøker. Innimellom har eg kokt graut, det gjer vi når vi har melk som er ute på dato.



50 onglar-49 forsyn.



tirsdag, oktober 21, 2014

Dagbok 2014: 21.oktober

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 14 grader C. I dag har det vore overskya og opplett, men då eg var ute og gjekk tur mellom klokka 17.30 og 18.30, kjende eg nokre regndropar på slutten av turen.
Denne dagen har vi ikkje vore så aktive. Nils var til Volda før middag, og mens han var vekke fekk eg farga håret mitt, strikka litt og lese lydboka.
Til lunsj vart det krabbe i dag også, for Jørn kom med fire stk. i går kveld, tre av dei var det ganske mykje mat i.
Etter lunsj slappa vi av litt og så drakk vi kaffi, før Nils måtte på møte i VØR der han er vararepresentant. Dei plar alltid få pizza på dei møta, så vi bestemte oss for å droppe middagen.
Eg strikka ferdig eit lestepar og festa trådar, las ferdig lydboka, blogga om den, og så gjekk eg tur.
Det viste seg at dei ikkje hadde fått pizza likevel, og eg var svolten, så då var det berre å lage skikkelig middag med steikt sei, poteter og gulrot. Ein rett som aldri går av moten her i huset. Godt var det med skikkelig mat etter all reste-etinga. No er det tid for kaffi. Døgnrytmen vår er sånn litt ymse! Somme dagar et vi middag klokka 12.00-andre dagar på kveldstid. Det er friheit!

Bok nr. 67 -2014 : Vann til elefantene


Fra Lydbokforlagets side:«Vann til elefantene» er en spennende historie med sirkuslivet som burlesk bakteppe, men mest av alt er det en uforglemmelig fortelling om kjærlighet og vennskap – og om å ha mot til å gjøre det rette.

23 år gammel befinner Jacob Jankowski seg plutselig foreldreløs og pengelens i depresjonstidens USA. Tilfeldighetene kaster ham på et tog som tilhører Benzini-brødrenes beryktede sirkus. Det blir et møte med en helt ny verden for den unge Jacob. En verden full av vanskapninger og klovner. En verden der uante farer truer, og der den festlige fasaden skjuler fattigdom, nød og ulykke. En verden der Jacob endelig får oppleve den store kjærligheten ...

...............................................................
Det har kome få nye lydbøker til biblioteket i det siste. Derfor har eg nytta høvet til å lese om att bøker som eg har likt godt. Krim egnar seg ikkje til å lese om att, då må det i tilfelle vere "nogo attåt".
Denne sirkusboka likte eg godt då eg las den, og den skuffa ikkje no heller. Som eg har skrive så mange gonger før, hugsar eg ikkje godt, så det var nesten som å lese den for første gong. Boka handlar, som det går fram av omtalen, om sirkusliv i USA i mellomkrigstida. Det er vanskeleg å få arbeid, og for somme blir løysinga å reise rundt med sirkus. Direktørane er ikkje alltid så humane, og både menneske og dyr lid mykje vondt. Forfattaren har plukka blant sirkushistorier frå røyndommen og integrert dei i teksten. Han har gjort grundig research, så boka har også historisk verdi. Eg anbefaler boka, for dei som er imot dyr på sirkus, og for dei som er for, og for alle som er glade i dyr.Ja, boka handlar ikkje berre om dyr, sjølvsagt, menneska er vel viktigast. Historia om elefanten Rosie er kostelig. "Rosie" er ein elefant som verkeleg har levd, men under eit anna namn.
Boka er filmatisert, eg har ikkje sett filmen og veit ikkje om eg vil sjå den. Likar godt min eigen "film".

mandag, oktober 20, 2014

Dagbok 2014: 20.oktober

Klokka er 17.45. Temperaturen er + 11 grader C, det er heilgrått og regn. Eg har vore inne heile dagen og er ikkje frista til å gå ut no heller.Inne har eg det både varmt og lyst, så her er godt å vere.
Nils ville så gjerne ha sei med seg til Kongsberg, så han reiste på sjøen klokka 8.00 i dag tidlig. Og i dag var han heldig og fekk bra fangst, så no har han noko å gi bort.
Mens han var vekke, bakte eg 6 grovbrød. Før likte eg ikkje å bake, men no går det fint, etter "Solveig -metoden". Eg lagar deigen i miksaren, som før, men så kjem det smarte: Eg har eit bakeunderlag som eg har kjøpt på Clas. Eg tømmer litt olivenolje på underlaget og så deigen. Olivenolje på hendene-og så bakar eg ut brøda, utan eit gram mjøl på hender eller underlag. Hendene er like reine, med unntak av olivenoljen. Eg brukar raude silikonformer frå Jernia, som eg ikkje treng å smørje eller vaske. Det blir veldig lite søl på denne måten, og det er fort gjort å rydde opp. Bakeunderlaget er det berre å tørke av med ein klut. Det eg må passe på er å lage deigen ganske fast frå begynnelsen av.
Til lunsj i dag åt vi krabben som vi fekk med Jørn i går, der var ikkje mykje mat i den, trur her er for mykje krabbe i fjorden.
Etter at vi hadde slappa av litt, laga eg glasur og hadde på gulrotkakene, la i hop ein klesvask etc.etc.
Nils har filetert all seien. Og så planlegg han korleis vi skal få alt med oss. Dei har allereie hatt snø i Kongsberg, og vi må sjølvsagt byte til vinterdekk før vi fer.

søndag, oktober 19, 2014

Dagbok 2014: 19.oktober.

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 11 grader C, det er heilgrått og det regnar.
Slik har det ikkje vore i heile dag; før middag kom sola fram og det var fint ute. Men eg var ikkje i form til å gå tur i dag, eg reagerer på fuktig vêr, så Nils gikk ein tur opp mot Skåla utan meg. Eg skulle lage glasur til eit par gulrotkaker, men mangla melis, så eg laga ei anna kake i staden. Den er no i frysaren.Så får eg kjøpe meir melis i morgon.
Etter at eg hadde rydda og vaska opp, ringde eg til ei veninne, og så var Nils heime att og vi laga middag. Det blei ein "rest" frå frysaren i dag også, men no er der berre ein ferdigmiddag att. Og takk for det.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, eg har lege på sofaen og lese litt, og tatt det veldig med ro. No fristar det lite å gå ut i alle fall. Og så er det noko som heiter "kviledag"- sjølv om eg har inntrykk av at alle andre på min alder bestig det eine fjellet føre og det andre etter.I alle fall på FB.Skulle gjerne ha vore i form til det, men det er eg ikkje.
I dag kom Jørn med krabbar til oss, Nils har kokt dei, og så får vi sjå i morgon om der er noko inni.

lørdag, oktober 18, 2014

Dagbok 2014: 18.oktober

Klokka er 15.45. Temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya og  regn. Surt og kaldt kjennest det etter alt det fine vêret og den varme sola som vi er blitt vane med.I dag hadde eg diverse å styre med før vi for nedover. Og før vi stakk innom Amfi var vi ein tur ut på Rjåneshamna. Matias har teke båten sin på land, så NIls flytta sin båt bort på Matias sin plass. Grunnen? Jau, då kjem vår båt med på Web-cam bilda frå hamna. Mens han heldt på med det gjekk eg ein tur på stigen. Sist eg var der bles det herleg fønvind, i dag gjekk vinden , som ikkje var særleg sterk, til marg og bein.

På desse benkane var der vi sat og drakk kaffi i sommar, då vi måtte ut til sjøen for å kjøle oss ned. Trist at sommaren er så kort, for min del kunne det godt ha vore sommar heile året.

Etter at Nils hadde gjort seg ferdig med flyttinga reiste vi inn på Amfi og trakka rundt litt. Trefte Ruth og Harald, blant andre, og prata litt med dei.Det vesle vi skulle ha, kjøpte vi på Bunnpris. Heime varma vi opp siste resten av brennsnuten frå tysdag. Om det er å seie: brennsnut er best før den har vore i frysaren. Akkurat som anna mat. Denne veka som kjem  blir det vel mest å tømme frysar og kjøleskap for diverse matrestar.
Det blir ikkje noko meir tur med meg i dag. Verkte veldig i beina etter turen i går, men det gav seg utpå kvelden, og i dag er eg bra. Alt som går over er lite å bry seg om.
Fredags- og laurdagskveldane går mykje opp i å sjå TV, og eg må ta opp "Skal vi danse", for eg skal sjå "Stjernekamp". Dei få programma eg ser på TV 2, tek eg opp og ser på hurtigspoling, så slepp eg reklame og tørrprat.

fredag, oktober 17, 2014

Dagbok 2014: 17.oktober

Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa.
I dag var vi ikkje oppe så tidleg, så føremiddagen vart kort. Eg fekk vaska og støvsuga det som stod att frå i går, og så tok vi oss ein tidleg lunsj.
Kvar skulle turen gå i dag? For ut måtte vi, kanskje er det siste solskinnsdagen på lenge. Kven veit ? Vi bestemte oss for Volda, men først var vi ein tur inn på Clas og fekk ein tilgodelapp då vi leverte tilbake den mislykka kasserollen. På Coop i Furene kjøpte vi ein litt mindre og billegare.
Har sett at Ruth og Harald har gått tur på Andaneset, så det ville vi prøve. Vi køyrde inn til bommen, og gjekk på gamlevegen inn til tunnelen.(Den armen av tunnelen som går inn til gardane på neset, ikkje den som endar i Hjartåbygda) Vegen er heilt flat så det var ikkje noko problem på den måten, men føtene mine er ikkje gode. I dag angra eg verkelg på at eg ikkje hadde tatt med kamera, for der var så nydeleg der inne. Trea hadde framleis mykje lauv i vakre haustfargar.
Men jammen er det bra at vi har fått tunnel gjennom Rotsethornet, for fjellsida ovafor gamlevegen ser alt anna enn trygg ut. Og steinar låg der på vegkanten heile strekninga, mange veldig store. Tenkte på at der køyrde vi før, somme gonger. Andre måtte køyre der kvar dag, fram og tilbake.

Utsikt over Voldafjorden, utover.

Denne garden ligg fint til på neset, ikkje langt frå tunnelopninga, så dei har kort veg til Volda.

Her ser vi Folkestad til venstre i bildet.

Nils skulle finne seg ein ile til lina si. Her var bra utval.
No har vi ein kjøpepizza i omnen, det blir middagen i dag. Og så ønsker vi alle ei nydeleg helg.
( Alle bilda er tatt med mobil).

torsdag, oktober 16, 2014

Bok nr.66 - 2014: Arsenikktårnet

Arsenikktårnet er en bredt anlagt roman, en til dels munter, til dels sørgelig og til dels burlesk fortelling om tre generasjoner kvinner, slik livet utspiller seg for hver av dem gjennom et dramatisk århundre.En roman om rå livsforhold, om teaterdrømmer og ukuelig overlevelsesvilje, og om ulykkelig kjærlighet som preger flere enn de to involverte.
Når Thereses mormor, Malie, endelig dør, jubler mange i familien. I etterkant av begravelsen til den for lengst glemte skuespillerinnen avdekkes en dramatisk historie om hvordan en ung kvinnes erotiske frihetsbehov får konsekvenser for senere generasjoner.Den verden Malie kommer fra, er så forskjellig fra Thereses, at ingen sammenligning er mulig. Finnes det noen som helst forbindelse mellom skjenkestuen i den nordsjællandske landsbyen Hvideleje på begynnelsen av 1900-tallet og dagens Norge?Den unge vertshuspiken som blir misbrukt av faren sin og flykter hjemmefra med en teatertrupp, har tilsynelatende ingenting til felles med den moderne kvinnen som mange tiår senere setter seg på flyet til København for å delta i mormorens begravelse.Når begravelsen feires med lettelse og øl og snaps, kunne man tro at historien var over. Men det er der den begynner.
.........................................................................................................................
For kort tid sidan las eg Anne B. Ragdes bok "Jeg har et teppe i tusen farger" der ho fortel om mor si. Mora hadde vanskelig for å vise kjærleiken sin til døtrene og var på mange måtar annleis enn andre mødrer. Mora var eigentlig dansk, men ho besøkte nesten aldri si eiga mor i København.
Ho kalla henne ved fleire høve" Den gamle heksen".Og kanskje var ho det, men kva hadde gjort henne slik. Denne boka handlar mest om henne, altså Annes bestemor.(Det trur eg ikkje eg var klar over første gong eg las boka). Ho hadde på mange måtar eit eventyrlig liv på godt og vondt, kanskje mest det siste.Her er mange mindre fortellingar inne i den "store"-eg synest til dømes at fortellinga om Mogens som gifta seg med bestemora var veldig fin. 
Eg hugsa lite og ingen ting att frå sist eg las boka- det einaste eg hadde klart for meg var at eg hadde likt den. Den blir vel for alltid ståande som forfattaren si beste bok. Eg har gått med boka på øyret no om dagane når eg har vore her åleine, og angrar ikkje at eg las den om att. Som Margrete seier: Det er betre å lese ei god bok om att enn å lese ei dårlig bok.
Eg anbefaler både denne boka og den hittil siste boka til Anne B. Ragde.

Dagbok 2014: 16.oktober

Utsikt over Ørstafjorden.
Klokka er 16.30. Temperaturen på baksida av huset er + 10 grader, men her eg sit med sola inn vinduet er det tropevarme.Det er herleg med slike dagar når ein bur på solsida.
Nils for på sjøen for å fiske sei i dag, men kom att med store makrellar. Trudde vi hadde ete makrell for siste gong i år, men no blir det steikt makrell om ei stund.
Mens Nils var vekke, fekk eg laga to kakebotnar og støvsuga på stova. Resten av fredagsvasken tek eg i morgon, for i dag ville eg UT!
Vi tok bilen bort til Hovdevatnet og gjekk tur på Ytre-Hovdeåsen. Der har vi gått mange goner før, sist vi var der var 18. mai. Før var denne åsen dekt av granskog, men no er mykje av skogen borte, slik at vegen ligg i sola. Fint der i dag. For dei som ikkje er kjende kan eg opplyse om at åsen ligg mellom fjorden og Hovdevatnet.I dag tok eg ikkje med kamera, men tok nokre bilde med mobilen. Det var ingen tung tur-passar meg bra. På heimvegen stoppa vi og handla på Amfi.

Hovdevatnet.
Det er kaldt om nettene, og det er ikkje fritt for at eg fryktar roser og andre blomster skal fryse, men så langt har det gått bra. Denne vesle, sarte potterosa frå i fjor blomstrar villig.
Lurer på korleis vêret blir neste helg. Om alt går etter planen reiser vi til Kongsberg på fredag, og vi byter sjølvsagt til vinterhjul før den tid.




onsdag, oktober 15, 2014

Dagbok 2014: 15.oktober.

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er ca+ 5 grader C, og vi har hatt enda ein nydeleg dag, med sol og finevêr.
Men eg hadde noko som eg berre måtte gjere i dag, og det var å lage fiskekaker.Det må ein gjere når ein har fisk tilgjengelig. 
Ja, no er det ikkje berre eg som er i sving, Nils fiskar og fileterer fisken og mel den ein gong på handkvern, før eg tek over. Eg rører 1,6 kg om gongen, det er dobbel porsjon av Wenche Andersen si oppskrift. Eg laga altså fiskekaker av ca 10 kilo fisk. Etterpå shina eg opp att kjøkkenet, før vi varma suppe frå i går og åt middag. Eg lengta ut i finevêret men måtte slappe av litt først.Og så måtte vi ha kaffi og kake (frå i går) Då eg endelig kom meg ut, varte det ikkje så lenge før sola gjekk ned. Må nok lære meg å vere litt snarare i vendinga. Eg verkte i beina etter å ha trakka rundt på kjøkkenet så lenge, men etter kvart som eg gjekk ute, vart eg betre.
No lurer Nils på om han skal ut og fiske i morgon. Han tenkjer på dei som bur i innlandet og ikkje har tilgang til fisk.


PS: Det blei litt feil farge på bilda i dag, litt for gule -på ein måte. Treet øvst oppe er i røynda mykje finare. Det er mørke-RAUDT.

tirsdag, oktober 14, 2014

Dagbok 2014: 14.oktober


Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er + 6 grader C og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå klår himmel. Det er ønskevêr for alle som er spreke, og fri til å gå på fjellet, til dømes.
Her hadde vi diverse plikter i dag. Nils skulle til Volda for å ta blodprøver, og så hadde han litt av kvart å ordne her i "byen". Men før han for, skrella han poteter og grønsaker. Eg skulle lage brennsnut til Margrete og ungane skulle kome til middag. Det er ein del arbeid med det, men så er serveringa og oppryddinga enkel. Laga så mykje at vi har i morgon også. Til dessert skulle vi ha nøttekake med krem og pærer. Fann ein botn i frysaren.Det er ikkje så ofte vi klarer å samle alle, men i dag var det litt spesielt, sidan Ingeborg skal reise att på torsdag. Men så er det berre 2 mnd. til jul......
Eg brukte mykje av føremiddagen tiil matlaging, men fekk også vaska og hengt opp klede og gjort anna forefallande arbeid. Fekk til og med tid til litt lydbok. Og fotografering.




Nils fekk ein del sei i går, så i dag vart det filetering, og i morgon blir det å lage fiskekaker.Skulle ønske at eg hadde noko anna fisk å blande med, men no blir det reinspikka seikaker.Viss de ser godt på bildet kan de sjå haugen av fisk som skal bearbeidast. Håper eg blir ferdig så tidlig at eg kjem meg ut i sola ei stund.Får aldri nok av sol og finevêr.
Nils hadde enda ein jobb, og den var ikkje liten den heller. Han måtte grave ned jordin til utedelen på varmepumpa. Det var eit pålegg frå kontrolløren.





Alle tre klematisane våre blomstrar enno. Denne lavendelblå er litt bleik i fargen, men sjå dei fine "gullnøsta" som blir att når blomsten visnar. Kvar morgon er eg spent på om blomkarsen har frose, så langt har det gått bra. Har blomkarse nedanfor garasjen kvart år, den sår seg sjølv, stort sett, men eg plar plusse på med ein frøpakke. Så dekker plantane heile beddet, heile sommaren, og vi slepp å luke.


mandag, oktober 13, 2014

Dagbok 2014: 13.oktober

Klokka er16.15, temperaturen er + 12 grader C og vêret vart ikkje så fint som yr.no hadde meldt. Men det ser ut til at det skal lette opp no. Det har vore stort sett opphaldsvêr i dag.
Nils for på sjøen ca 7.30. Eg hadde tenkt å lufte sengetøy og vaske soverommet, så eg var litt skuffa over at det ikkje vart så fint som eg hadde trudd i dag. Bytte no på sengane og vaska golvet likevel, og sidan eg hadde laga til godt grønsåpevatn, vaska eg like godt bad og kjøkken i same slengen.
Nils kom att med ein god del stor sei. No fiskar han for å ha med til Kongsberg. Eg har tenkt å ha med litt fiskekaker også, men har ikkje lyst å lage dei berre av sei. Vi åt ein tidlig lunsj, og mens Nils slappa av litt, las eg ferdig boka mi, og strikka på ein lest.
Så var det tid for ein tur til Vik for å handle, men vi må snart ha ein kjøpestopp, for no er det fullt i alle kjøleskap og frysarar. Det er alltid noko lite vi treng uansett.
No driv Nils og kokar småsei til middag, og i dag har han fått seg ny fiskepanne. Den eine som han brukar til fisk står i frysaren, og den andre var så ujamn i botnen at den er ikkje brukande. Som de ser har vi investert i ein "luksuskasserolle", men den er kjøpt på Clas og kosta ikkje all verda (499,-kr)
Elles kjøpte eg to flanellsengesett i dag. Vi har to frå før, men trong byte. Dei er så lune og gode å ha om vinteren.
No er middagen ferdig, så det er berre å sette seg til bords.
I morgon ventar vi Margrete og ungane til middag og det gler vi oss til. Ingeborg skal reise att på torsdag, men til jul kjem ho att for godt(i alle fall for ei stund).

søndag, oktober 12, 2014

Bok nr.65 - 2014: Verdt å dø for

Jack Reacher er på vei til Virginia, men tar en stopp i Nebraska. Allerede første kveld kommer han i klammeri med den mektige Duncan-familien, som terroriserer bøndene i fylket ved hjelp av frykt og vold. Duncan-klanen smugler «varer» som ikke tåler dagens lys, og frykter at Reacher skal blande seg opp i deres saker. De må bli kvitt den brysomme fremmedkaren for enhver pris – men alle som kjenner Jack Reacher, vet at det er en umulighet.
Hva skjer i fredelige Nebraska, som det kan være verdt å dø for?

........................................................................................
Denne boka blei med heim fordi eg trudde at det var bra krim. Eg begynte på den 3-4 gonger og la den frå meg att. Men så hadde eg brått ingen ting å lese så då vart den tatt til nåde, og lese ferdig. Den er på 10 CD-plater. Eg kunne like gjerne lete vore å lese den, for den gav meg ingen gode opplevingar. Eg skal prøve å seie kvifor eg ikkje likte den, sidan eg såg ein del skryt på nettet.

1. Eg likar ikkje "heltar" som tek lova i eigne hender, og drep folk for fote utan at    dei blir dømde   av ein rett. Eg meiner det er svært forkasteleg og direkte umoralsk. Uansett kva gale folk har gjort. Reacher er ein slik helt.
2. Eg likar ikkje slåsskampar som blir skildra i minste detalj. Og i alle fall ikkje når helten er totalt overlegen, lemlestar og drep folk.
3. Her er også mykje prat om bilar og våpen, tekniske detaljar etc. som går langt over min forstand.
4. Menneska er skildra som anten gode eller vonde, med andre ord lite nyanserte.
5. Her er i det heile tatt altfor mange ord.
 
Viss nokon av dykk får ein assosiasjon til diverse amerikanske voldsfilmar så er det heilt på sin plass.
Heile tida mens eg høyrde boka, tenkte eg at dette måtte vere motsatsen til "Rosabøker". Med andre ord maskulint søppel.
Dersom de luer på kvifor eg fullførte, så er det fordi der var eit lite "mysterium" som eg ville vite løysinga på. Smart gjort av forfattaren.

Dagbok 2014: 12.oktober

Klokka er 17.30, temperaturen er +12 grader C, og vêret er lettskya og fint.Som vanlig har det blitt betre og betre utover dagen.
Før middag reinska eg resten av epla eg fekk, og laga ei stor eplekake til frysaren. Kjekt å ha på lur. 
Etterpå laga eg Taco til ein tidlig middag. Vi hadde planlagt å gå tur på Eika i dag, men måtte slappe av litt først.
Eg utstyrte meg med speilrefleks for å ta fine bilde på øya, der vi knapt har vore før, vi køyrer som regel under. Det gjorde vi i dag også, men parkerte bilen nær brua og begynte å gå oppover. Det var litt brattare somme stader enn det som er sunt for meg, men eg tok sjansen. Vi kom til toppen på øya der vi fekk skrive oss inn i ei bok. Vi kom i prat med nokre andre som også var ute på tur, blant anna eit par frå Fosnavåg.Frå toppen av åsen kunne ein gå ned til sjøen på sørsida av øya, der det er mange som har hytte; men det var bratt ned, så eg rekna med det vart tilsvarande bratt opp att.
Fotograferinga som eg hadde sett fram til, vart ein gedigen nedtur. Batteriet i kamera var flatt - nemlig.(Det er ikkje første gongen det skjer). Eg greip til mobiltelefonen - men bilda eg fekk av den var ekstremt dårlige. Eg må undersøke om eg gjer noko gale-eller om den verkelig er SÅ ille, då trur eg at eg klagar på den.
Men eg legg no inn nokre bilde uansett, slik at de kan få sjå litt av Eika.Vi hadde ein fin og frisk tur, spenninga er korleis eg føler meg i morgon, eg som eigentlig ikkje skal gå i motbakkar.
                                        Det gamle skulehuset.
                                      Midt inne på øya.

lørdag, oktober 11, 2014

Dabbok 2014: 11.oktober

Klokka er 17.15, temperaturen er +14  grader C, det er skya og opphaldsvêr. Tidlegare i dag var det også sol.
Vi gjekk og dronta litt utover føremiddagen, for eg skulle på biblio, og der opnar dei ikkje så tidleg. Dei hadde forresten iikkje noko nytt til meg i dag, men eg tok med meg Arsenikktårnet heim, fordi eg har fått lyst å lese den om att. Anne B. Ragde si desidert beste bok.
Elles handla vi matvarer og medisin, som vanleg, og så for vi heim og la frå oss varene.
Saka er at vi har begge tenkt å kjøpe nye, like mobilar, og ønsket var ein Doro, same som Bodil har. Eg hadde sjølvsagt sjekka på nettet, både typar og pris før vi for bort på Lefdal. Dei hadde ingen av dei eg hadde sett meg ut, men det vart til at eg kjøpte likevel, så får vi sjå kva Nils gjer. Min "gamle" mobil er eigentlig ikkje gammal, trur eg vil like Doroen betre. Då vi var på veg heim, tok vi likegodt ein svipp bort til Askjelhaugen og gjekk ein tur langs elva frametter Dalateigane. Eg tok bilde med den nye mobilen, og fekk etter litt kluss til å legge dei inn på data. Eg har sett betre mobilbilde, men eg har no opp til fleire kamera eg kan bruke når eg skal ta skikkelige bilde.
Til middag i dag vart det kokt lange og risengrynssuppe med rosiner. Då slepp eg å bruke sukker.
Nils er ute i garasjen og styrer med fiskegreiene sine, men eg håper han snart kjem inn så det blir kaffi å få.












De kan sjå at der ligg armeringsjern og material ved elva. Dei har støypt opp ein kant som skal hindre elva i å ta med seg masse frå elvebreidda.

fredag, oktober 10, 2014

Dagbok 2014: 10.oktober


Klokka er 20.00, temperaturen er 10 grader C og det regnar ute. Det var litt lettare på føremiddagen.
Vi var tidleg oppe, for Nils skulle på sjøen og berge lina. Han hadde med seg Kjell Røv, som har større båt og kraftigare motor. Han har båten i hamna her inne i fjorden, så dei tok båten utover i dag. Lina fekk dei berga mesteparten av i første forsøk, og så måtte dei fiske litt.
Eg vaska håret og gjorde meg klar til å fare. Så vart eg sittande ei stund å strikke og høyre bok, før Nils kom heim. Solveig og Olaug kom hit og sette frå seg bilen her, slik at vi køyrde i samme bil til Straumshamn.
Der gjekk vi rett til duk og dekk bord. Nydelig lasagne fekk vi med mykje godt tilbehør, og appetitten var det heller ikkje noko i vegen med. Is og kaffi etterpå.
Seinare vart det kaker og kaffi i store mengder. Må nok ha eit par slankedagar etter dette.
Dei unge heldt seg nede i første etasje og spelte spel, blant anna; vi meir tilårskomne prata og prata. Skulle ikkje tru at det var mindre enn 14 dagar sidan sist vi hadde "samling".
Ein nokså lat kveps svirra rundt, men eg brukar aldri å ta livet av slike små uskyldige dyr, og nekta dei andre å gjere det. Heller ikkje fekk dei lov å jage den ut. Takka for det var at kvepsen stakk meg skikkelig kraftig bak i nakken, etter at eg hadde latt den spasere rundt i ansiktet mitt. Fekk eit papir med eddik på som døyvde smertene, men då ville ikkje Charlie ha noko meir med meg å gjere. Han likte ikkje lukta.
No er vi heime og klar for å benke oss framfor TV-en. Reknar med at hareidsdølene også nærmar seg heimen no.
Ønsker alle blogglesarane ei god helg.
(Veit ikkje om det er så mange som les bloggen lenger, for det er sjeldan nokon skriv kommentarar. Men det er no som overskrifta seier ei Dagbok-mest for meg sjølv. Likevel ville det vere kjekt å høyre frå dei eg sjeldan treffer, anten her eller på FB.)

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...