tirsdag, oktober 28, 2014

Dagbok 2014: 28.oktober

Klokka er 20.00, temperaturen ute er +6-7 grader C, der er regn og grått.
Vi reiste frå Kongsberg mellom 9 og 9.30 ein gong, i dag tidleg. Då var der fint, lettskya vêr og +12 grader C. Vi køyrde strake råsa opp til Gol, der vi lufta oss litt. Temperaturen der oppe var +18- 19 grader, og det var opplett.
Etter kvart vart vêret gråare, då vi kom til Hemsedal regna det, og på fjellet fekk vi vind i tillegg. Vi køyrde med vinterhjul, og såg verken snø eller is, men eg trur piggane hadde sin misjon likevel etter kvart som vêret vart meir og meir spesielt.
Har aldri sett så mykje vatn i heile mitt liv; det rann frå alle fjellsider, og elvane som vanligvis er nokså moderate fløymde utover skog og mark både her og der. Det var ei kvild å kome inn i dei mange, lange tunnelane. Jølstravatnet heldt på å renne over, men i Våtedalen var det verst, der låg vegen delvis under vatn, men det var lov å køyre der. Det var mykje folk ute og passa på, gravemaskinar grov ut elvefar så ikkje bruene skulle gå.Det var på hengande håret somme stader.Eg bad Nils køyre fort over dei!
Ja, det var ikkje min ide at vi skulle ta heile heimreisa i ein jafs, eg kunne tenkt meg å tatt ein og annan omveg heim att.
På Anda kom vi akkurat 1 min. for seint til ferja, men det var ikkje lenge å vente på den neste. Og så køyrde vi i "kolonne" til Folkestad og nådde ferja der, så alt i alt gikk turen fint. Men eg trur nok det var litt stressande å vere sjåfør i dag.
No er vi trygt heime i huset vårt, Nils har fyrt i omnen og vi har fått oss mat.Tok ikkje eit einaste bilde i dag, ville ikkje risikere å øydelegge kamera mitt. Men vi får sikkert sjå nok regn og uvêr på TV. Synest synd på dei som blir ramma av flommen. Litt rart å køyre på ein veg med "Flom"-skilt på vegkanten.

3 kommentarer:

solveig sa...

Godt de kom dykk trygt heim til relativt tørre Sunnmøre.

Hildegard sa...

Godt at de er vel heime igjen, vi har atteleta på dokke.

Besta sa...

Det vart vel verre etter kvart, så vi var i sikkerheit før det vart farlig.Vanskelig å sjå føre seg korleis det skulle bli, når det var så fint der vi var.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...