Viser innlegg med etiketten Eid i gamle dagar.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eid i gamle dagar.. Vis alle innlegg

mandag, desember 04, 2017

Dagbok 2017: 4.desember


Klokka er 19.35, utetemperaturen er + 1grad C og det har kome snø eller rettare sagt slaps igjen.
Dagen i dag blei ikkje slik eg hadde planlagt og det har to hovudgrunnar, den eine er at eg vart liggande vaken mykje av natta og verke i v.hofta og foten, så eg var trøytt i dag. Eg har vore bra så lenge at eg nesten hadde gløymt korleis det var, men med mykje stillesitting og fuktig vêr er eg spesielt utsett.
Det andre som skipla planane mine var vêret. Eg hadde nemleg tenkt å gå til Vik i løpet av dagen og handle litt av kvart som dei ikkje har på Kiwi. Og så vart det både glatt og vått.
Men før eg gjer noko anna om dagane, må eg sørge for at Nils får det han skal ha av mat og medisinar. I dag hadde han også bestemt seg for å dusje og vaske håret, Vi greidde å få det til denne gongen også, men det er ei påkjenning for han no når han er så plaga med hofta. Vi kunne fått hjelp frå HBO men då blir vi meir bundne av tid. No kan vi bestemme sjølve når det passar.
Før Nils står opp brukar eg å vere nokså aktiv, men i dag fekk eg ikkje gjort anna enn å fylle den kakebotnen eg laga i går. Eg deler opp kakebotnen og legg krem mellom laga og frys kaka i forma. Når vi skal ete den, er det berre å ha krem på toppen, og kaka held seg frisk og kald i timesvis. Dette har eg gjort mange gonger før, særleg når det har vore tilstellingar der ein skal ha mange kaker. denne gongen skulle eg nytte ut fløte som var nesten ute på dato.
I heile dag har eg hatt kjensla av at det er sundag-kanskje fordi eg har vore så lat?. Her blir ikkje gjort så mykje husarbeid, eller anna arbeid. Hovudoppgåva mi er å sørge for at Nils kan få vere heime, og då må eg legge til rette for det. Og hittil har det gått bra. Vi ser ganske mykje TV, så no saknar eg veldig å ha strikketøy, så eg må komme meg på butikk og få tak i garn.
Onsdag skal eg på pensjonistmøte, då kjem Solveig innover og held Nils med selskap ei stund. Han greier seg fint åleine nokre timar, men eg føler meg meir avslappa når han ikkje er åleine.
No et han middag for andre gong i dag, det vart restar på menyen i dag. Heldigvis får han i seg mat, det har ikkje alltid vore like enkelt.

PS: No har vi snart budd her i Starevegen i 44 år, vi flytta inn i desember. Men før eg vart bufast her, har eg flytta mange gonger. Eg vart fødd og vaks opp på Eid, menn reiste heimanfrå i 1958. Fire ulike stader budde vi i den tida eg var heime. Dei kjekkaste åra var vel frå 1948-53 då vi budde i ei offisersbrakke frå krigens dagar; området vart kalla Sandplassen då, og det heiter det framleis. No driv dei og bygger på denne plassen. Det er om lag der hotellet ligg. Dette bildet er tatt etter at vi flytta opp til sjukehuset, og eg ser at hestestallane til tyskarane står enno-heilt til høgre i bildet.  Der er det hotellet som står no.Der er tre like brakker, vi budde i den eine. Det store kvite huset til venstre i bildet er ungdomshuset Valhall. Der var det kino to gonger i veka, og ein barnebillett kosta 75 øre. 

tirsdag, november 05, 2013

Eid i gamle dagar 4

Her er vi komne fram til 1963, det året Solveig var fødd. Vi budde på Raudeberg den tida, men eg ser ikkje bort frå at eg var på Eid i mai månad. Det ser ut som om dette er folketoget. Barnetoget starta alltid frå sjukehuset og gikk bort på Plassen, det no så kjende Malakoff.
Folketoget starta ved det gamle kommunehuset og gikk ned Simabrekka, gjennom gata og så er eg ikkje så sikker på kvar det slutta. Kanskje på Plassen, det også?
Det gamle kommunehuset vart også brukt til Fylkesskulen, seinare kalla Folkehøgskulen; det brann ned, men det var etter at eg hadde flytta frå Eid.
Det var berre ei gate på Eid, og den heitte Gata, og dett var dett. Seinare fekk den namnet Eidsgata. Gata var lang, med små og store hus på begge sider. Dei eldste og minste husa vart rivne før Gata vart "freda". Elles har dei vore flinke å bygge nye hus og bygge om gamle hus, slik at dei står i stil med den gamle byggeskikken. Det vart først gjort nokre flauser, men etter kvart har det blitt betre.
Dei fem åra vi budde på Plassen, var Gata skulevegen min.
Til venstre i bildet kan de sjå eit lite skilt med Kafe. Det er Siggen Lefdals kafe der vi kunne sitte i timesvis med ei flaske Solo på deling, og spele plater på den einaste Jukeboxen som fantest på staden.Trur det var 25 øre pr. plate, men sikker er eg ikkje.

Eid i gamle dagar 3

Dette bildet er frå 1961. Lotevegen er enno ikkje bygt, rådhuset er under bygging. Oppe i høgre hjørnet ser vi eksersisplassen der vi budde i fem, fine år. Det er om lag der hotellet ligg no. Vi kan sjå at Langebrakka står enno, og vi kan sjå den eine av dei tre brune offisersbrakkene. Den vi budde i viser ikkje på bildet. Der var ein port i gjerdet, der vi kunne gå rett ned til Valhall der det var kino to gonger i veka. Billettprisen var 75 øre for barn og 1,50 kr for vaksne.
Når eg skulle på meieriet og kjøpe melk gikk eg også gjennom den porten, rett nedover langs gjerdet til Messehagen. Før vi kom ned på hovudvegen stod der ei vasspumpe, der dei kunne hente vatn, dei som ikkje hadde innlagt vatn i husa sine. Vi måtte alltid prøve pumpa når vi gjekk forbi. I 1953 flytta vi opp til sjukehuset, det var ein stor overgang frå det frie livet på Plassen og i Malakoff. 
På bildet ser vi også det nye meieriet og brakker på nedste eksersisplassen.

Eid i gamle dagar 2

Dette bildet er frå 1951.Sjukehuset ligg framleis høgst oppe av alle husa. Det er blitt påbygt to gonger etter at det var nytt, først kom "Tårnet" og seinare vart det forlenga så det vart likt i begge endar. Overlege Wennewold bygde huset sitt nær sjukehuset, vi ser det til høgre for sjukehuset på bildet.
Heilt til venstre i bildet, bak nokre tre, ligg Handelsskulen til Kragset. Der var eg ofte, for der var fleire jenter, litt eldre enn eg, både på handelsskulen og hos Kaptein Myklebust som budde i huset rett nedanfor sjukehuset. Då vi budde i prestegarden var det berre ein liten tur gjennom Alleen og ut dit.(Dette var ein annan alle enn den som no heiter Alleen.)
Nede i fjøra her, brukte vi å leike og bade om somrane. Og her budde han "Simon i Støa", han som Jakob Sande skreiv diktet om. Han heitte eigentlig Pål.
No går vegen til Måløy der som nausta stod før. Det er litt rart med staden der ein har vakse opp. Ein vil helst at alt skal vere slik ein hugsar det.

Eid i gamle dagar: 1

Eg blir ofte oppmoda om å skrive litt om "gamle dagar", og etter tips frå Solveig, skriv eg heller små epistlar her på bloggen enn å sette i gang med memoarar.
I går begynte eg å studere ein kalender frå 2013-utgitt av Lions på Eid, og eg blei fascinert av nokre av bilda der. Dette bildet er frå 1936, og då var eg ikkje fødd. Men det nye sjukehuset er på plass oppe i bakkane. Trur det er det einaste huset som er så høgt oppe. Begge foreldra mine arbeidde på sjukehuset i mange år, og både eg sjølv og dei tre borna mine kom til verda der.
Heilt til høgre i bildet ligg det kvite "Mattishuset" der tanta mi med familie budde nokre år. Til venstre og litt bakanfor det, ligg "Heimen", det som no heiter "Bryggen hotell".Vi kan skimte litt av Grindhuset til høgre for Mattishuset. Der hadde dei brusfabrikk. Grindebrus var greitt nok, men var det feiring, skulle det vere Hansa. 
De kan også sjå eit eldgammalt grått hus med torvtak, eg kan hugse at det budde folk der.Eg trur Ellen Marie veit meir om det. 
Heilt til venstre i bildet ligg Meieriet, der eg var innom dei fleste dagane i veka og kjøpte melk i spann. Vi stod ved disken og venta på tur. Dei som ekspederte målte melka i litermål med lange skaft og fylte opp i spanna. Melka hadde dei i store kar. Skulle vi kjøpe fløte hadde vi med eit Norgesglas e.l. Som de ser er der to dører på det kvite huset, den til venstre er til mottaket. Der bar bøndene inn melka som dei kom med -frakta med hest og vogn. Døra til høgre gikk inn til utsalet.
På bildet kan ein også sjå at det har gått eit snøras. Det kom aldri ras i den tida eg budde på Eid.

Dagbok 2026: 4.august

I dag vakna eg opp til ein finare dag enn det som har vore i det siste, så eg lurte på å la ullgenseren ligge men den kom på! Den er framlei...