I dag vakna eg opp til ein finare dag enn det som har vore i det siste, så eg lurte på å la ullgenseren ligge men den kom på! Den er framleis på, men det er latskap..I dag hadde eg planlagt å fylle bensin på bilen, så det vart først på programmet i dag.
På heimvegen handla eg på KI-WI, så no er eg i den gamle tralten. Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men har klipt litt plen -så lenge batteriet virka. Det blir ikkje så fint alle stader, men det får vere som det blir. Eg klipte oppe ved postkassa og der må eg gjere litt ekstra sidan vi må ha det litt fint opp mot vegen. Det ser ikkje mykje ut det eg gjer, men eg får mykje gras i kassa mi. NO har eg sett batteriet på ladding-det tek 4 timar -så det blir ikkje meir klipp i dag.
Både Solveig og Margrete vil kome hit ein dag i veka. Eg er heime alle dagar denne veka, med unntak av TORSDAG-då skal eg til frisør klokka 10.30-resten av dagen blir eg vel heime.
Bæra i hagen modnar no. Det er ikkje så mykje å skryte av det som blir produsert her, men eg får litt fine solbær. Og ikkje eit einaste ripsbær, sidan eg klipte buska så voldsomt i fjor. Bringebæra er ikkje fine men eg har tru på blåbæra når dei endeleg kjem. EG har ikkje bærbuskene for å få så mykje bær, men det er litt kjekt å gå der og smake.Eg har ikkje jobba i garasjen i dag, der får eg vere når det er stygt ver ute.
Når eg lest som eg jobbar så mykje er det litt overdrive, men eg likar faktisk å "jobbe" litt i mitt eige tempo.
Klokka er no 17.40 og temperaturen ute er +14 graderC. Det er lettskya og opphaldsver.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar