Klokka er no 20.36, temperaturen ute er +10 grader C og det regnar så smått, det har det gjort i heile dag- Eg stod opp og la meg igjen eit par goger i dag morgon, det var ikkje fristande å stå opp- Men så kom eg på at det var mykje eg kunne gjere i dag om ikkje veret var så fint. Eg har ein heil garasje som treng å bli rydda ril dømes, og kvifor ikkje fare ein tur på VØR med søppelsekkane-nok å gjere for den som vil, tenkjer eg og set i gang. Det var ikkje så mange sekkar , men no vart vi i alle fall kvitt dei, og det var kjekt å få seg ein trur på VØR, det er lenge sidan sist.Eg har jo vore utan bil -lenge.
Då eg kom heim att begynte eg å rydde og vaske i garasjen, Der ser ikkje ut! Her har vore snikkar og saga og så har Einar malersakene sine der og det er mykje fiskeutstyr her enno-8 år etter at Nils døde. Eg får ikkje orden i garasjen på EIN dag, men viss eg tek litt kvar dag kan det hende eg kjem rundt ein gong.
Ein gong for lenge sidan tømde eg heile garasjen og spylte overalt, men der var ikkje så mykje inne den gongen i 1997. Etter at vi hadde spylt garasjen reiste vi til Nordkapp.
No stressar eg ikkje for å bli ferdig, for eg skal ingen stad. Det er bra å ha noko som ein MÅ gjere,så får ein gjort litt.
Eg sovna i stolen då eg kom inn men vakna og fekk lage meg god middag; svenske kjøttbullar med poterer ,grønsaker og Bernaisesaus. IKkje altfor ofte eg lagar meg skikkeleg middag. Men det smakte godt i dag.
Barn og barnebarn har vore på ferie, men held på å komme heimover no, så då får eg vel høyre litt frå den store verda. Margrete har sikkert hatt det livat med 4 viltre hundar, ho og Amanda har kvar sine to. No skal eg plassere meg
framfor TV og slappe godt av.
Ryddar i garasjen og ute.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar