mandag, januar 31, 2011

Bok nr.8 - 2011: Sukkerdøden.

Denne boka har Solveig lagt inn på MP3-spelaren min, derfor har eg ikkje cover å scanne, men viser bilde av papirutgåva.
Eg har alltid likt å lese krim, men etter at eg har begynt med lydbøker, har eg i grunnen fått nok av sjangeren, derfor må ei krimbok ha noko eksta viss eg skal like den.Unni Lindell sine bøker har eg lese, men aldri vore spesielt begeistra for, likar dei betre som krimserie på TV.
Eg las ut denne boka til tross for at den ikkje engasjerte meg noko særlig. Å seie at det er ei dårlig bok, blir likevel feil, den er berre så altfor lik andre bøker i samme sjanger. Som avslappande underhaldning er den grei nok.Solveig har vel skrive meir positivt om boka?

Vermelding 31.januar 2011

Klokka er ca 12.45. Temperaturen er + 3 grader, det er heilgrått og regn i dag. Ein dag då det er best å vere inne.
For oss blei det ein Mall-walking-day, enda om vi ikkje skulle kjøpe så mykje. Vi hadde eit ærend i Volda, og tok oss ein tur innom Spinneriet også. Spinneriet var ein gong eit spinneri, no er det kjøpesenter, pluss at utestaden Rokken held til i bygget. Vi stoppa på Møbelringen i Hovdebygda det vi kjøpte ei slags bokhylle som eg skal ha under vinduet på datarommet, så får eg ein stad å sette frå meg alle orkidéane som står på vent -til dei finn det for godt å blomstre. Hylla er flatpakka, så det blir sikkert ein festlig ettermiddag! Sjølvsagt var det litt vi måtte ha på Amfi også.Vi skal lage oss lapskaus til middag i dag. Prøver å bruke diverse restar frå frysaren.Før helga koka vi plommesylte av ferdig vaska og rensa plommer som vi fraus sist haust. Kjekt å ha.
Kos dokke så godt dokke kan i styggeveret!

søndag, januar 30, 2011

Vermelding 30.januar 2011

Klokka er 12.30. Det er ikkje same farten i veret i dag som i går. I dag er det overskya, opplett,stilt og + 3 grader C.
Kva gjer pensjonistane ein slik dag? Jau, Nils har vore ute ein liten tur, og no ser han på sport, noko som eg ABSOLUTT ikkje er interessert i. Eg har stort sett raspa gulrøter og blogga etc. Fekk melding frå journalisten at ho hadde gløymt å ta bilde då ho var her, så no blir det fotografering i dag. Likar svært dårlig å bli tatt bilde av. Blir alltid skuffa over resultatet.

Rivjern eller rasp.


Eg likar å rive gulrøtene "fint" på ei gammaldags rasp eller rivjern når eg lagar gulrotkake eller riv gulrøter til middag. Eg har sjølvsagt ein foodprosessor, men den riv ikkje fint nok.
I går fann eg eit Columbi egg på Coop Byggmix i Volda: Ein plastboks med tre lok og antigli-gummilist under. Det eine loket var ei grov rasp, det andre ei fin rasp og det tredje eit tett plastlok.Det såg veldig praktisk ut. Her kunne ein rive gulrøtene rett i plastboksen utan mellomledd, og så sette den i kjøleskapet. I dag skulle eg prøve vidunderet -men akk o ve! Det funka ikkje særlig bra. Raspa hadde problem med å få has på gulrøtene, og noko av det vesle som vart sundrive låg att oppå loket. Då gikk eg i skuffa og fann fram gamleraspa- og då vart  jobben gjort. Eg filosoferte litt undervegs: Når eg i 2011 raspar gulrøter på om lag same slags rasp som mor mi brukte for 70 år sidan, så må det vere fordi denne har vist seg å halde mål. Kjem nok til å halde fram med å bruke den gode, gamle; plastboksen med lok kan no brukast til så mangt.
Dette er den "finaste" raspa på min foodprosessor-av merket Braun, men ikkje så veldig gammal.

lørdag, januar 29, 2011

Vermelding 29.januar 2011

Klokka er ca halv tre. Det er + 3 grader C ute, og akkurat no skin sola inn i stova til oss.Tidlegare i dag var det snøbyger og vind; ja, vind er det no også, meir nede i sentrum enn her oppe.
Vi har vore på rek i dag og. Eg fann ut at ein liten tur i oppvarma bilsete ville vere bra for ryggen, så det vart ein tur til Volda. Eg hadde ærend på Møre konfeksjon, trengde nye kvardagsklede, og no var det halv pris på genserar etc.Dessutan er det nesten berre der ein får noko så gammaldags som ein vanlig genser, og dei har godt utval. Eg kjøpte ein sid blå genser, og ei raud, mønstra, jakke med glidelås.Begge til halv pris. Vi var også på Coop Bygg og kika på snøfresarar, og eg fann sjølvsagt noko smådill til kjøkkenet. På Amfi vart det berre ein liten tur inn på apoteket, hadde gløymt å kjøpe Omega 3 i går. Var også ein tur innom Gjenbruk, hadde håp om å finne ei hylle til datarommet, men det var der ikkje. Men du store all verda kva der ER. Fleire rom med bøker, filmar etc. Blomsterpotter til 1000 og kjørel av alle slag. Klede er der også, men litt langt mellom godbitane der. For folk som kjem hit for å bu på hybel kan dette vere ein plass å få seg billig utstyr, men sant å seie er der mykje som med fordel kunne vore kasta. No varmar vi opp eine porsjonen med blandaball som vart til overs sist sundag, kjekt å ha ferdig mat på lur på slike lapredagar.

fredag, januar 28, 2011

Vermelding 28.januar 2011

Klpkka nærmar seg halv to, det er overskya, litt regn og temperaturen er + 3 grader.På bildet kan de sjå at gata vår framleis er islagd; ein annan ting de kan legge merke til er alle dei grøne boss-dunkane.Fredag er det renovasjonsdag i gata vår. 
I dag gjorde eg ein innsats i huset, vaska og styra til helga, før vi for nedover på biblioteket og på Amfi. På biblio fann eg både ei lydbok og ein film som frista, så no ser eg helga lyst i møte. Men då vi dreiv og handla på Coop kjende eg at ryggen hadde fått nok, så det vart ikkje noko meir spennande utflukter i dag. Ryggen kjem seg nok, når eg får meg ein time eller to på daybeden -med varmeteppe.
Ønsker alle ei god helg.

torsdag, januar 27, 2011

Vermelding 27.januar 2011

Klokka er no snart halv sju, temperaturen så vidt over 0 og det er opplett.
I dag har vi vore ein tur til Eid og besøkt Bodil og Svein. Etterpå hadde vi ein liten runde og såg oss om på gamle trakter. Har ikkje budd fast på Eid sidan eg var 18 år, så det er mindre og mindre att av det som er kjent. Heldigvis har dei berga mykje av den gamle Gata som no heiter Eidsgata.Vi møtte Margrete og ungane på Folkestad, men blei ikkje med dei heim, for Nils skulle i eit møte klokka 19.00
Det var glatt på vegane og gatene på Eid også, men lite snø samanlikna med det vi har her på Vallabøen.Måtte ein tur inn på blomsterbutikken til Hildenes.Det er den finaste blomsterbutikken i regionen , trur eg. Og dei hadde eit rikt utval av sukkulentar, som var det eg var på jakt etter i dag. I min barndom og ungdom dyrka dei både blomster og grønsaker her, midt i sentrum.Herlige frilandstomatar når det leid på sommaren, og blomster som vi kunne vere med å plukke -og velje ut det vi ville ha.
I gamle dagar var det tre bakarbutikkar på Eid, og kvar bakar hadde sine spesialitetar. Nye ferske brød kom inn i butikken heile dagen. Trur aldri eg har smakt så gode brød sidan.Ein "hobbybakar" har teke over eitt av dei gamle bakeria, men ikkje butikken, så ein må bak i smauet for å finne han.Der har han, noko malplassert, eit blinkande lysskilt med OPEN. Eg skulle kjøpe eit godt grovbrød, men dei var utselde, så det vart berre ei kveitekake i dag. Han lagar også lefser og flatbrød.Men her må ein ha kontante pengar.
Eg har budd fleire stader på Eid.Dei 5 siste åra eg var heime, budde vi i dette huset, som høyrer til sjukehuset. Vi hadde halve 2.etasje. Ein hadde ikkje samme krava til ei leilegheit då som no.Då vi budde der var det ikkje heile , men oppruta vindu.Mamma budde der heilt til ho vart pensjonist i 1974. Ei jul, då vi besøkte henne og hadde katten vår med, kasta Margrete dyret utfor altanen og ned på trappa. Katten var like heil.
I dei første 6 åra av livet mitt budde vi i prestegarden.  Presten dreiv garden sjølv, med leigehjelp, og forpaktarhuset vart ledig. Seinare har dei bygt eit tilsvarande hus ved sidan av, men eg trur det nedste av dei to husa på bildet er det opprinnelige. Sjølvsagt er det heilrenovert.Eg kan hugse at tyskerane hadde ein bunker eit lite stykke frå huset, og at dei marsjerte forbi huset kvar dag og song mens dei gikk.Eg kan også hugse at der var piggtråd mellom huset "vårt" og prestehuset. Ein gong grov tyskerane ei skyttargrav ovafor huset, og eg sat ute på trappa. Då spruta det av mold og stein, og ein liten jordklump trefte handa mi. Det var sikkert ikkje særlig vondt, men eg hylskreik.Eg trudde tyskerane ville skyte meg.Eit par soldatar kom springande og lurte på kva som skjedde.Tenkjer av og til på denne hendinga når eg ser barn  på TV som lever midt i krigssonene.Dei har verkelig grunn til å vere redde.
Siste krigsvinteren måtte vi flytte ut og overlate huset til tyskerane mens vi var i Innvik hos foreldra til mor mi.
Ja, det blir som regel litt mimring når eg har vore "heim" til Eid.
Takk for ei koselig stund, Bodil og Svein.
"Prestehuset" er det kvite huset nedst på bildet. Nedanfor prestegarden ligg det nye Operahuset, eller rettare sagt: Operahuset ligg på prestegarden (-jorda). Det var ikkje heilt trygt å GÅ på vegane, så eg fekk ikkje tatt så mange spennande bilde.

onsdag, januar 26, 2011

Bok nr. 7 2011: En nåde.


Denne vesle perla av ei bok har eg lese ein gong før. Eg følte då at eg ikkje heilt hadde "fått den med meg" og bestemte meg for å lese den om att. Det har eg no gjort, men heilt enkelt var det ikkje denne gongen heller. Det er fleire forteljarstemmer og skiftingar i tid og rom, noko som kan vere ei utfordring i lydbøker. Det har blitt ein del spoling fram og tilbake, for denne gongen ville eg ha med meg alt.
Mitt beste råd er:LES denne boka, men helst på papir.
Somme må tru at eg les døgnet rundt når eg alt har lese 7 bøker i januar, men det har vore ekstremt korte bøker. Denne var på 4 CD-ar

Vermelding 26.januar 2011

Klokka er 12.15, temperaturen er minus 2,5 grader C,og det er lettskya, fint ver. I dag fekk vi sjå sola berre ei bitte lita stund, då kom skyene. Akkurat no er ho bak Melshornet i alle fall.
Nils står i garasjen og fileterer sei. Eg har bruna kjøt og lagar hjortegryte som skal i frysaren til eit seinare høve. Så skal eg lage ein liten porsjon fiskekaker, som vi skal ha til middag i dag. Skal bruke Bodil si oppskrift, som eg har oppdaga er den same som Wenche i God morgen Norge har i boka si. Kjøpte boka på tilbud for litt sidan.
Fekk endelig strikka ferdig skjerfet til Margrete i går kveld, men eg veit ikkje om det var derfor eg verkte slik i natt. Har vore så bra i vinter, no ser det nesten ut til at det er slutt på dei gode dagane. Men eg har ei råd, og det er Smerteklinikken i Volda.
I morgon har vi tenkt oss ein tur til Eid, no er det lenge sidan vi har vore der. Ja, det er no vår eiga skuld, det har ikkje skorta på invitasjonar.Gler oss til den turen.

tirsdag, januar 25, 2011

Vermelding 25.januar 2011


Klokka er no ca 11.00. Temperaturen er minus 2,5 grader. Vi venta sola i dag, akkurat då ho skulle komme, skya det til litt.Men vi fekk sjå den litt seinare ei lita stund.Nils for ut og skulle fiske i fineveret.
Kl.12.30: No har eg hatt besøk av ein journalist frå Møre-Nytt som har intervjua meg om kva bøker er likar å lese. Håper ho får noko fornuftig ut av det.
Kl.15.30: No har vi ete oss stappmette på sei frå forrige fisketur.
I dag vart det storfangst på sei. Hassan var med, og han er ein flink fiskar, men skal ikkje ha noko av fansten sjølv, så "da blir det mer på oss". Nils påstår at det er den største fangsten han nokon gong har hatt med seg heim i Starevegen. Han sløyer på sjøen for det meste, men så skal han filetere. Då reknar eg med at han har program for morgondagen. Han likar å henge opp fisken over natta.Sei kan godt ligge kaldt anten ute eller i kjøleskaper i fleire dagar viss ein skal steike den.Den vi hadde i dag var fiska sist fredag, og den var nydelig. Sei er ein fantastisk fisk som kan varierast i det uendelige.

mandag, januar 24, 2011

Vermelding 24.januar 2011

Klokka er snart 14, temperaturen er + 2 grader ute og regnet held på å gå over til sludd.Det er skodde og nokså utrivelig ute. Det er framleis is over alt. Eg har brukt føremiddagen til å skrelle poteter, støvsuge, tørke støv, rydde etc.etc. Nils har vore til frisør og klipt seg.
I dag ventar vi Margrete og ungane til middag. Det blir enkel mat i dag; pølser og heimelaga potetstappe.Eg får legge til at pølsene også omfattar såkalla julepølser eller dampamòr. Vi må bruke av maten vi har i frysaren. Til dessert blir det is (innkjøpt til jul) og krumkaker.- Her i huset har julematen ein tendens til å vare til påske eller enda lenger.

søndag, januar 23, 2011

Bok nr. 6 - 2011: Jordmor på jorda.

Denne boka har eg lese i dag. Greidde rett og slett ikkje å legge den frå meg. Heldigvis er den berre på 4 CD-ar. Boka handlar om jordmora Marta Kristine, ei av formødrene til forfattaren. Ho vart fødd på slutten av 1700-talet, og "bakteppet"  i boka er m.a. dei politiske hendingane først på 1800-talet, med Napoleonskrigane, grunnlova som kom til i 1814, men som ikkje førte til fridom av Norge .Om krigar og fattigdom blant delar av folket, og rikdom hos andre .Det meste av boka handlar om jordmødrene sitt arbeid, og kampen for å få ei formell og god utdanning.Eg treng ikkje å skrive meir om innhaldet, det kan de lese sjølve.
Boka er sjølvsagt skriven på nynorsk. Og for eit språk! Det er så vakkert at det er reint poetisk. Og det blir ikkje dårlegare av at forfattaren sjølv les.
Eg trur at alle vaksne kvinner, anten dei har født barn eller ikkje, vil elske denne boka. Eg vil i alle fall anbefale den på det varmaste.
PS: På Ariel sin blogg vil de finne ein betre presentasjon av boka.

Vermelding 23.januar 2011


Klokka er snart 13.00, temperaturen er + 2,5 grader C, det regnar og smeltar og renn etter vegane. Livsfarlig glatt mange stader. Ein har det tryggast inne.
Hadde tenkt å døype om vermeldingsinnlegga mine til "Dagbok" eller noko liknande etter nyttår, men det vart til at eg heldt fram som før. Reknar med at alle som les bloggen veit at vermeldingane mine handlar om meir enn ver.På bildet ser de Nils som passar nabohunden, Rambo, mens eigarane er på sundagstur.
Nils driv og fileterer fisk i dag også, og eg vart inspirert til å lage litt mat, både til i dag og seinare dagar. Blandaball er ein rett som eg trur er typisk for Møre og Romsdal fylke, særlig i Kristiansund. Eg skal innrømme mange ting:
1. Eg har ikkje laga denne retten særlig ofte.
2. Eg har aldri smakt blandaball som andre har laga.
3. Ikkje alle er begeistra for denne delikatessen, men vi likar den

Oppskrifta har eg frå eit ferjeblad, slikt vi fekk om bord i Rjånesferja før i tida.
Eg halverer oppskrifta, og lagar røra i Foodprosessor i to omgangar. Nils mol fisken ein gong på handkvern, då får han bort beina. Hadde litt problem med første røra, men andre gongen køyrde eg løk og poteter først, det gikk betre. Produktet er ein mellomting mellom fiskebollar og ball (klubb) og smakar godt med steikt flesk/bacon, poteter og kålrabi (og gulrøter) til. Ein halv porsjon er meir enn rikelig til oss to.
                               
                               Oppskrift.
Bruk lyr, hyse, sei eller torsk.

1 kilo fisk
1 liter oppskorne poteter
2 små ss salt
2 store løk
3 ss potetmjøl
1 ss kveitemjøl
1 dl melk

Koketid ca 45 minutt.
Har du litt fiskekraft eller fleskesvor i vatnet, er det godt, elles treng du 1/2 ts salt pr. liter vatn.
Mal fisken ein gong saman med poteter og løk. Spe med litt melk om gongen,  ha i mjølet og arbeid deigen godt.Form deigen til bollar og ha ein fleskebit i kvar bolle.
Bon appetit!

lørdag, januar 22, 2011

Bok nr. 5 2011: Bunnfall

Eg har lese bøker av denne krimforfattaren før, og likt dei rimelig godt. Etter kvart som eg høyrde denne boka som lydbok tenkte eg: Slik skal ei lydbok vere: få personar, enkel og oversiktlig handling, ingen parallellhandlingar eller flytting i tid og rom. Rett og slett ein veldig ryddig og fokusert tekst.Det er godt språk utan for mange dumme metaforar. Det eg synest er særlig interessant er alt faktastoffet forfattaren tek med i fortellinga, og ikkje minst spørsmåla han stiller. Her er det særlig spørsmålet om fengselstraff han set søkelyset på. Blir folk betre menneske av å sitte i fengsel, eller er det kanskje tvert imot ?
Etter kvart blir boka meir og meir kronglete, eller kanskje det er eg som misser tråden? I alle fall blir eg skuffa over slutten.Oppklaringa er verken særlig spennande eller uventa, viss det er eit poeng.
Sidan forfattaren er son til ein politimann, har han nok god greie på korleis politiet jobbar, så vi slepp "superheltane".Les gjerne boka om du likar krim. Eg for min del er snart metta av denne typen bøker, og eg mistenker mange forfatterar for å bruke  sjangeren for å skrive om noko som ligg dei på hjertet.Det er mange som les krim!

Vermelding 22.januar 2011

Klokka er snart halv tre. Temperaturen er + 2 grader, det regnar, og skodda ligg heilt ned. I tillegg ligg det is på vegar og fortau over alt, så det er med livet som innsats ein gir seg til å gå ute. Hovudvegane er sjølvsagt berre. Eg er på grensa til å bli litt versjuk.
Vi var ein tur på Amfi, men der er det så fullt om laurdagane, og mest frammande folk, så vi vart ikkje verande så lenge. Måtte ned fordi vi hadde ærend på apoteket. KIarte å stolpre med opp i gågata også, men der skjedde det absolutt ingen ting. Ikkje at eg venta det heller.
Då vi kom heim, var Ruth og Harald innom ei lita stund, dei skulle vidare.Men det var no kjekt å få prate litt med dei. No skal eg lage ein enkel middagsrett av ein boks kjøttbollar og ein pakke suppegrønsaker.Den oppskrifta har eg prøvd ut før.

fredag, januar 21, 2011

Vermelding 21. januar 2011



Klokka er no 12.15. Temperaturen er + 2 grader og det silregnar. Og i dette ufyselige veret for Nils ut i gryotta for å fiske, mens eg sov vidare.Han fekk bra fangst, mest sei trur eg, og sløgde fisken før han kom heim. No ser eg på bildet og gler meg til å koke fersk småsei/ pale og lever til middag. Det er ein av livrettane mine.
Eg har brukt føremiddagen til vasking og rydding, som vanlig. Har mykje anna som også skulle ha vore gjort, men ventar på lysare og lettare dagar.
Hua som fiskaren har på seg har eg strikka i Finullgarn og tova. Det er yndlingsfiskehua hans.Og dei grøne tovavottane i Vamsegarn har han snart slite ut, dessutan er dei blitt mindre og mindre- og luktar strerkt av fisk! Har no strikka han eit par til då. 
Ønsker alle ei god helg.På denne tida i fjor var det fine skihelgar for dei som likar det. Vi får håpe på klårver og sol framover.

torsdag, januar 20, 2011

Vermelding 20.januar 2011

No er klokka 18.40. Temperaturen ute er + 1- 2 grader C. Det har vore relativt bra ver i dag, men overskya. Ventar på sol og energi-kick ! I går var eg ikkje stort tess, men i dag har eg vore bra. Hadde ein tur på biblioteket , men fann ikkje noko nytt og spennande på lydbokfronten. Var innom Coop og handla litt mat, og på Jernia og kjøpte noko småtteri. Må berre ha ein liten tur ut for å sjå folk.
Til middag kjøpte vi oss ein grilla kylling + potetsalat og loff. Ikkje direkte sunt altså. For ein gongs skuld fann eg ein potetsalat som eg likte. Den passa i alle fall til kylling, den var smaksrik til den smaklause fuglen.(Men eg lurer litt på kor lenge dei potetene kan kallast nykokte?)
Elles har eg lagt på daybeden og lese i krimboka eg held på med og samla energi. Kan seie det slik at eg har lagt på ladding ! Internett har vore ute i heile dag, så eg har ikkje site framfor skjermen i alle fall.

onsdag, januar 19, 2011

Vermelding 19.januar 2011

Klokka er no 12.00. Ute er det overskya, og det snør -  eller er det sludd? Våt og tung snø er det i alle fall.Temperaturen er så vidt over 0 grader.
Bilen har stått ute i natt, for Nils skulle rydde og gjere reint i garasjen. Han har no kosta av den ein gong i dag. Eg har ikkje gjort så mykje enno i dag, berre rydda og styra litt. Det vart mykje kaffi og prat på samlinga i går kveld, og tilsvarande lite søvn i natt. men det er ikkje så farlig når ein er pensjonist og slepp å møte "frisk og opplagt" på jobben.
I dag kan vi gratulere Øyvind på Eid med 18-årsdagen.

Bok nr. 4 2011: Hold tett.

Eg har lese bøker av denne forfattaren før og likt dei. Harlan Coben skriv mykje om relasjonar, i denne boka mest om tilhøvet mellom foreldre og barn, men også om det mellom  mann og kone, lærar og elev og mellom venner. Ja, det blir nesten i meste laget. Eitt av hovudspørsmåla er: Kor mykje skal foreldra prøve å kontrollere barna sine når dei begynner å bli "vaksne"? Her er også andre interessante problemstillingar som engasjerer.
Her er mange parallellhandlingar; så mange pesonar og scener at ein stakkar, som høyrer det på lydbok, kan ha sitt fulle hyre med å halde greie på alt. Dette er ei bok som ein absolutt skulle hatt ei rolleliste til. Alle trådar blir for såvidt nøsta opp til slutt, men etter mi meining er ikkje romanen strengt nok komponert.Slutten blir til overmål dramatisk. 
Det eg blir veldig lei av, er at forfattaren heile tida kjem i mellom teksten og lesaren og kommenterer og forklarer. Eg meiner at viss teksten er god nok, skulle ikkje det vere naudsynt. Konklusjonen min er: Innhaldet er godt, men forma og språket held ikkje mål. Likevel vil eg ikkje fraråde folk å lese boka.

tirsdag, januar 18, 2011

Hey Jude


Synest denne var så sjarmerande at eg måtte ha den på bloggen. Jenta er 4 år! Eg vart spesielt imponert over mikrofonbruken, og over "hm hm" imellom songstrofene. Tipper ho har høyrt songen nokre gonger på plate, ja.

Vermelding 18.januar 2011

Klokka er snart 12, temperaturen er + 2 grader C. Akkurat no er det opplett, men for ei lita stund sidan sludda det.I dag skulle vi eigentlig ha sett sola inne i stova her klokka 9.50, men akkurat då var det ei diger svart sky framfor sola. Klokka 12 skal sola vere midt på Melshornet, men det blir det vel ei stund før vi får sjå.
Nils har tatt fram linene sine og begynt å egne. Han puttar dei ferdg egna linene i frysaren, så er dei klar til bruk når veret slår til. Eg er veldig glad i sei, men skal eg ha skikkelig kokefisk, er lettsalta lange favoritten. Han brukar å få lange på linene. Eg driv som vanlig og ryddar, støvsuger, vaskar etc. I dag skal vi ha diverse restar til middag. Vi har som plan å "ete ut or frysarane"-det trur eg er eit langsiktig mål, for som dei fleste andre kjøper vi stadig litt attåt.
I kveld skal eg på pensjonisttreff på Velle skule, det plar alltid vere kjekt å treffe gamle kollegaer, og no er eg ikkje lenger blant dei aller yngste pensjonistane.Litt synd i grunnen.

Gratulerer med dagen, Håkon!

I dag kan vi gratulere den yngste av Hareidsgutane med 17-årsdagen.
Kaka på bildet er eit avslutta kapittel, reknar eg med, men litt godt finst det vel i huset? Er vel noko att av Kong Haakon-konfekten frå tanta i alle fall.

På sundag vart det ikkje så mange pakkar å opne, men så var det ikkje sjølve DAGEN heller.Håkon er ein fornuftig kar som finn noko lurt å bruke presangpengane til.
Ha ein fin dag, Håkon !

mandag, januar 17, 2011

Vermelding 17.januar 2011

Klokka er nesten halv tre. Ute regnar det, og temperaturen er + 3 grader C. Fint ver å vere inne i, for å seie det slik, og lite håp om å få sjå sola i morgon. I dag var Nils til rutinekontroll på legesenteret, etterpå var vi nedover på Amfi, og så var vi ein liten tur på El-kjøp. På heimvegen stakk vi innom REMA 1000 og kjøpte litt mat. Vi måtte kjøre heilt opp til inngangsdøra, for i heile tatt sette bein under oss; den store parkeringsplassen var som eit einaste isøde. Kunne ikkje sjå eitt sandkorn. Då eg kom ut døra tok eg dette bildet. Vi kom oss i alle fall heile heim, og no har vi hatt oss eit betre måltid med steikt sei, gulrot og potet.

søndag, januar 16, 2011

Vermelding 16.januar 2011

Klokka er snart kvart på 11, temperaturen er + 5 grader og det er overskya. Vindstyrke er det ikkje ofte eg tek med, for her hos oss er det nesten aldri vind og blest, men kanskje stormane som er varsla kjem hit også, denne gongen. I dag er det blankis med vatn oppå ute på tunet, så det er sikkert ikkje lett å fote seg. Derfor har Nils funne litt singel attmed husveggene som han har strødd med. Vi skal til Hareid i dag, som sagt; dit kjem også Margrete og ungane, så då blir vi ein bra flokk, men heilt fulltallige blir vi sjeldan og aldri sidan Rasmus & co er så langt borte.Har vent meg til tunnelen no, og det er godt å sleppe og ta omsyn til ferjetider.Vi får sikkert ein trivelig dag.

Vi har 11 barnebarn, men berre tre av dei er jenter. Her er dei tre. To av dei er systrer, kanskje er det ikkje så lett å sjå kven det er? Dette bildet tok Solveig på Hareid i dag. Den eldste av jentene hadde sett seg bruk i heklasjalet som ho hadde fått av si mor, som hadde fått det av si mor, som hadde fått det av si mor,som hekla det.
                               

Håkon fyller 17 år - tysdag den 18.januar.

Håkon kom til verda i OL- året 1994, og i det året var namnet sælig populært. No skal eg ikkje rippe opp i alt som har skjedd  i alle åra etterpå, det er ikkje sikkert bursdagsbarnet ville like det. Men sidan Solveig har lagt ut bildet av serviettane ho skal dekke med i morgon, vil eg komme med historia bak.
Då Håkon var liten var han særdeles lærenem, og konsentrerte seg om å tileigne seg kunnskap. Det gikk i rykk og napp, og det var ein ting om gongen. Her på Sunnmøre kallar vi det "feme"- andre stader "dille" etc. Før guten var 2 år hadde han t.d. lært seg "namna" på ca 150 flagg, utan å vite kva eit land eller for såvidt eit flagg var.Rasmus og eg plar kalle slik kunnskap "Marius-kunnskap" (Flere byer i Belgien).
Den neste store fema var fuglar, og den varte i mange år og vart meir enn ei feme. Ein gong, og då var han ikkje stor, sat han og såg på at eg drakk kaffi av koppen på bildet. "Ser du pip-pipen, Håkon?" spurde eg. "Eke pip-pip, de e ei båmeis", var det korrigerande svaret. Fugleinteressa har vart til denne tid, men har vel etter kvart kome litt i bakgrunnen. Men då eg såg blåmeis-serviettane på ein butikk i Fosnavågen før jul, tenkte eg:"Dei skal eg kjøpe til Solveig, og så kan ho bruke dei når Håkon har fødselsdag. " Og kva var det første Solveig sa då ho fekk dei?
Vi skal feire Håkon i dag, men kan vente med gratulasjonen til sjølve dagen.
PS: Koppen har tapt seg noko i fargen, men er framleis like heil.Den er av dyrt og fint beinporselen av merket Dunoon.Her handlar dei ikkje på dette merket lenger, men eg såg det i Kongsberg.No er krusa komne opp i nesten 300 kr pr.stk.,så eg kjøpte ikkje.

lørdag, januar 15, 2011

Vermelding 15.januar 2011

Klokka nærmar seg 14.00. Ute er det overskya og + 5 grader. Bilda har eg tatt frå altanen vår opp mot garasjen og bort mot  naboen. Det skal nokre varmegrader over tid til å smelte alt dette. Trøsta er at det var bortimot dobbelt så mykje snø i fjor.Mange er sikkert glade for mildveret- eg er det ikkje. Eg er fri all verk, nesten, når det er tørt ver, sjølv om det er kaldt, men når lågtrykka kjem, protesterer kroppen! Eg trøster meg med at for andre er det stikk imot.
Eg orka ikkje å fare til Vik i dag, så Nils for åleine. Eg har brukt føremiddagen til å bake brød og rundstykke, stort sett.( Og vore på data innimellom) No skal eg lage fiskesuppe til middag. Etterpå flatar vi vel ut?


fredag, januar 14, 2011

Vermelding 14.januar 2011

Klokka er no 14.15. Temperaturen er minus 6 grader, eit par grader varmare her enn i Vik.
Det er lettskya og fint ver, men som de kan sjå på bildet er mørkare skyer på veg inn frå sørvest.
Vi starta dagen med å lage fiskekaker av 3,2 kilo sei. Denne gongen brukte eg Bodil si oppskrift, så får vi sjå om vi blir fornøgde med dei. Vi skal ha til middag i dag. Eg smakar sjelden og aldri på kakene mens eg steiker, DÅ har eg ikkje lyst på.
Vi har vore ein tur til Vik. Hadde ikkje så mange ærend, men sidan det var ei veke sidan sist, måtte eg berre ha ein tur.Ein treffer alltid ein kvan ein kjenner og får seg ein hyggelig prat.
 Klokka 15.00 har Nils stemnemøte med naboen - på Felleskjøpet, dei skal sjå på snøfresar og kanskje kjøpe. Ja, då blir det vel slutt på snøen. Etter min ringe forstand hadde det vore lurt å kjøpe FØR snøen kom. Men kva veit eg? Det blir ikkje middag før Nils kjem heim att. Håper alle får ei fin og hyggelig helg!
Og i dag kan vi gratulere Roar Jarle med 43-årsdagen.

torsdag, januar 13, 2011

Vermelding 13.januar 2011

Klokka slo nettopp 4 (16), ute er det nydelig ,klårt ver og minus 8 grader her oppe i bakkane, nærmare 10 minusgrader i sentrum.Det er er framleis lyst ute, men som de ser på bildet, er månen komen fram.
Vi kom nettopp heim etter å ha vore borte heile dagen. Vi har vore i gravferd til ei nær venninne og nabo som døde etter lang tids sjukdom. Vi var i kyrkja klokka 11.00, og etter sjølve gravferda  var det minnestund på Røde- korshuset. Det var ei fin gravferd frå ende til annan. Skal ikkje gå for mykje i detaljar, men det som eg tykte var særlig fint i kyrkja var at ein flink songar song to nydelige songar til pianoakkompagnement. Heilt til å begynne med song han Tir na noir, og seinare You raise me up. Elles var det mange vakre kransar og andre blomster.På minnestunda fekk vi nydelig gulasjsuppe + kaffi og gode kaker. Vi har mist ein god nabo og venn, som vi vil sakne sårt, men minnast med glede.

onsdag, januar 12, 2011

Vermelding 12.januar 2011

Klokka er ca halv eitt. Ute er det nesten klårt og nydelig ver, temperaturen er minus 5 grader C. Sola kjem litt lenger nedetter fjellsida for kvar dag, og den 18. skal ho skine inn i stova her - om det er klårver,då.
Nils for ut for å fiske i dag, i lag med Kjell. Han ringde i går, og sa at det var siste sjanse på lenge. Nils er ikkje direkte tungbedt. Dermed går eg her åleine og tutlar i dag også, men det går bra. I dag går det i brødbakst. Har ikkje kunna baka på ei stund, for det har vore så lite plass i fryserane, men i dag blir det i alle fall seks Ingers brød, og kanskje nok anna i tillegg. Nils et ikkje Ingers, nemlig.
Lagar ikkje i stand noko til middag, det blir berre dumt viss han kjem heim med fersk fisk.Og det håper eg no dei gjer!
Klokka 14.30: Nils kom heim med ein stor stamp med små og halvstor sei.Til saman fekk Kjell og Nils  ca 100 kilo på halvannen time. No har vi ete oss stappmette på den retten som i Bergen går under nemnet "Levende pale". Eigentlig høyrer det også fiskesuppe med til retten, men vi tek ein ting om gongen.Skulle hatt lyst å lage blandaball ein dag, men det er litt meir styr med det.

Bok nr. 3 2011: Little Bee

Det går fort unna med lesing for tida. Det kjem delvis av at bøkene eg les er korte og lettlesne. Denne er på 8 CD-ar, noko som eg meiner er akkurat passelig langt. Dette er vel også ei bok som kjem på bestseljarlistene, men denne likte eg godt. Den var både tankevekkande og gripande.
Det er to forteljarstemmer i boka; den engelske journalisten Sara, og den nigerianske ungjenta som kallar seg Little Bee. Vi får høyre om møtet mellom desse to på ei strand i Nigeria, der Sara er på ferie i lag med mannen sin. Little Bee flyktar frå landet for å berge livet sitt, og hamnar i ein integreringsleir i England der ho blir verande i to år. Når ho lykkast i å komme ut frå leiren, finn ho fram til dei einaste menneska ho kjenner i England, Sara og mannen hennar. Mykje skjer etter dette møtet, men for meg var ikkje hendingane det viktige, men samtalane og tankane omkring etiske og moralske spørsmål som dei heile tida må ta stilling til.Sentralt står også "Batman", sonen til Sara, som jagar "skurkar".( Han minner sterkt om ein eg kjenner).Boka er velskriven, og dei to damene som  les gjer det på ein flott måte.
Boka vert i mange kritikkar samanlikna med Drageløperen, ser eg. Eit lite minus til slutten, der kan vere ein liten tendens til sentimentalitet, og det er ikkje etter min smak. Les boka, trur ikkje du vil angre på det.

tirsdag, januar 11, 2011

Vermelding 11.januar 2011

Klokka er no nærmare halv to, temperaturen ute er minus 2,5 grader C. Det er overskya og opplett.
Nils held på og gjere seg klar til å gå på pensjonistkaffi på fabrikken, og eg er nettopp komen heim frå frisøren. Der gikk den føremiddagen, men eg føler meg som eit nytt menneske. Det blir sein middag på oss i dag, men vi har rikelig med restar frå i går, så då har vi noko å sjå fram til.
Trur eg skal gjere litt husarbeid mens Nils er vekke. Støvsuging etc. gjer godt når ein i utgangspunktet er litt frostige, slik eg alltid blir når eg har vore til frisør.

mandag, januar 10, 2011

Vermelding 10.januar 2011

Klokka er snart halv åtte, og det er for seint å ta bilde ute. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils seier at det er opplett. Sist natt var det visst eit fæla ver, men om natta søv eg vanligvis og har inga aning om kva som skjer. Det har vore + grader før i dag, men no ligg temperaturen på 0 grader.
I dag har vi hatt besøk av Margrete og ungane + Voldastudenten. Vi hadde svineribbe, medisterkaker og medisterpølser til middag. Kaker og dessert + kaffi etterpå. Så det vart nesten julestemning kva maten angår. Første gongen vi har hatt besøk i 2011.

søndag, januar 09, 2011

Vermelding 9.januar 2011

Klokka har så vidt passert 13.00, temperaturen er + 4,5 grader C, og det er opplett ute. Som de kanskje ser på bildet heldt dei på å moke taket på nabohuset. Trur vårt tak er nok letta no, men Hassan og Nils er i Grepalia og mokar i dag også. Stilte opp klokka halv elleve, midt i kyrkjetida. Eg skjente litt for det, men det var det lite hjelp i. Sidan Hassan er muslim, bryr det ikkje han i alle fall. Eg har no gått her og tutla. "En husmor har aldri fri", som bestemor Hilda alltid sa.Det er alltid noko å styre med. I dag skal vi ha fisk til middag, sidan det blir kjøtt i morgon.
I dag vil eg gratulere fetteren min på Sørumsand med dagen. Eg kan hugse at tante sparte juletreet til denne dagen. Ein gong fekk vi "hauste" treet på slutten av selskapet. Då hadde tante putta litt godteri i juletrekorgene på førehand. Slike ting frå barndommen hugsar ein.Ha ein fin dag, John Per!

lørdag, januar 08, 2011

Vermelding 8.januar 2011

Klokka er 13.30,temperaturen er minus 1 grad. Det er overskya og opphaldsver.
I går var Nils på taket og moka vekk noko snø på den enden av huset der det er færrast berevegger. I dag er han og Hassan i Grepalia og tek taket på huset som Nils passar. Vi var litt i tvil om det var naudsynt, men når naboane rundt omkring begynner å moke, er det best å vere på den trygge sida. Hus i Ørsta som er bygde i 1979 eller seinare er dimensjonerte for større snøtyngder enn eldre hus. Vårt hus er bygt i 1973, men huset i Grepalia vart bygt i 1978 og så flytta dei inn i -79. Derfor er vi ikkje heilt sikre på korleis det er dimensjonert. Vi har mykje snø, men ikkje halvparten så mykje som i fjor. Enno.
Eg har brukt f.m. til mellom anna å ta ned julegardinene på kjøkkenet og styke og henge opp dei vanlige gardinene. Dei skarpsynte ser det kanskje på bildet. Den einaste julepynten som er att no, er juletreet på veggen, men leidninga ligg under snøen, så det er ikkje berre enkelt. Eg har laga pannekakerøre og steikt flest, så snøryddaren skal få noko å styrke seg på når han kjem heim.God helg ønsker vi alle blogglesarane.

Bok nr. 2 2011: Saras nøkkel

" Du skal ha et hjerte av stein  om du ikke blir berørt av Tatiana de Rosnays roman Saras nøkkel", står det i ei bokmelding. Eit hjerte av stein har eg vel ikkje, og berørt av historia blir eg også. Men......
For meg ser det ut som om fleire forfatterar, mange av dei journalistar, har fått samme idé på samme tid. Dei finn fram til ei relativt ukjend historisk hending, og så plasserer dei fiktive personar inn i denne konteksten. Eg kan nemne bøker som Øya, Hjemkomsten, Hotellet på hjørnet av bitter og søt,Havets katedral og mange fleire. Felles for desse bøkene er at dei er blitt bestseljarar, og mange likar desse bøkene godt. For min del synest eg dei er berre sånn passe bra, reint litterært sett. Dei historiske hendingane er interessante å lese om, nettopp fordi dei er lite kjende frå før. Men så maktar ikkje forfatterane å begrense seg, det blir sentimentalt, romantisk og "klissete" a la ukeblad. Språket blir platt og uinteressant.
I denne boka får vi høyre om ei grotesk handling som skjedde i Paris i august 1942. Fransk politi samla franske jøder i ein leir, og sende dei vidare til dødsleirane i Polen. Ei hending som har vore lite omtala også i fransk historie. To småjenter prøver å rømme frå leiren utanfor Paris, og denne delen av historia er spennande.
I 2002 begynner journalisten Julia å nøste opp denne historia, og så får vi heile privatlivet hennar med på kjøpet. Så er det akkurat som i Øya, ho veit liksom ikkje kva tid ho skal slutte.Og det er i denne sekvensen eg får nok.
Solveig blei anbefalt å kjøpe denne boka til ei ung jente, og eg trur kan hende at det var eit godt tips. Vil understreke enda ein gong at dette er mi høgst personlige meining. Vil de lese andre meiningar om boka, så prøv Internett. Eller les boka sjølve. Den er lettlesen og ikkje så tjukk.
(Eg må be om orsaking for den dårlige kvaliteten på bilda av bokomslaga siste tida. Saka er at eg scannar omslaga på den stasjonære maskina, men får ikkje lagt dei inn der, sidan det er noko kluss med bloggen. Så må eg sende bilda til laptoppen, og på vegen frå det eine rommet til det andre, blir kvaliteten forringa. Mystisk.)

fredag, januar 07, 2011

Vermelding 7.januar 2011

Klokka er vel halv to, og akkurat no slutta det å snø. Temperaturen er minus 2 grader C. Snødjupna nærmar seg 1 meter.Vi har vore og sett til huset Nils passar, men der er ingen overhengande fare. Likevel kan det hende taket må lettast litt. Nils har i alle fall tenkt seg opp på vårt tak for å ta bort noko snø. Ja, snøen skaper arbeid for mange; både plogar og gravemaskiner er i full virksomheit rundt omkring i bygda.
Vi kom nettopp att, har vore ein tur på biblio og på eit par butikkar. No skal vi ha oss ein kaffikopp og litt mat; middag blir det seinare når "arbeidsdagen" er over.
Dagens bokfangst på biblioteket.

torsdag, januar 06, 2011

Vermelding 6.januar 2011

Klokka er 14.30, temperaturen + 1-2 grader C. Det er skya, men opphaldsver.
I dag har eg rydda ut heile jula, det var meir arbeid enn ein skulle tru. Vart litt stusslig, saknar fargar. Men eg veit ei råd, for butikkane er fulle av primula i alle verdens nyansar. Og klarer eg å halde liv i dei til våren, kan eg plante dei ut, så blomstrar dei i årevis.No har vi ete middag og skal ha ein liten pause.

onsdag, januar 05, 2011

Rjåneshamna i dag

I dag vart eg med Nils ut i hamna og såg etter båten.Han måtte ause litt, elles var alt i orden.Det var berre eit tynt islag på sjøen, og der eg mykje mindre snø der ute enn her. Sjølv om veret er ganske fint, er det litt hustre å legge utpå.Fjellet de ser midt i bildet heiter Liadalsnipa, og då ungane var små, var dei redde for at den skulle dette ned.Det har vore sagt at det er ein viss fare for det.
På andre sida av fjorden ligg fjellet Veten, eller Lidaveten.Den undersjøiske tunnelen går gjennom dette fjellet. Ein gong for mange år sidan, var Nils og eg oppå toppen der. Det var ikkje langt, men derimot bratt.Ser de godt etter, kan de sjå ein mann i blå varmedress som auser båt.
Mens Nils ausa båt, gikk eg ein liten tur langs hamna.På dette bildet ser vi mot vest og øyane der.I framkant ser de staden der Nils dreg opp båten når den skal på land. Det er så godt tillaga at han greier det åleine.Ser de opp i bakkane til høgre i bildet, ser de at der er nesten bert.Fekk ei lita kjensle av vår.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...