søndag, januar 23, 2011

Vermelding 23.januar 2011


Klokka er snart 13.00, temperaturen er + 2,5 grader C, det regnar og smeltar og renn etter vegane. Livsfarlig glatt mange stader. Ein har det tryggast inne.
Hadde tenkt å døype om vermeldingsinnlegga mine til "Dagbok" eller noko liknande etter nyttår, men det vart til at eg heldt fram som før. Reknar med at alle som les bloggen veit at vermeldingane mine handlar om meir enn ver.På bildet ser de Nils som passar nabohunden, Rambo, mens eigarane er på sundagstur.
Nils driv og fileterer fisk i dag også, og eg vart inspirert til å lage litt mat, både til i dag og seinare dagar. Blandaball er ein rett som eg trur er typisk for Møre og Romsdal fylke, særlig i Kristiansund. Eg skal innrømme mange ting:
1. Eg har ikkje laga denne retten særlig ofte.
2. Eg har aldri smakt blandaball som andre har laga.
3. Ikkje alle er begeistra for denne delikatessen, men vi likar den

Oppskrifta har eg frå eit ferjeblad, slikt vi fekk om bord i Rjånesferja før i tida.
Eg halverer oppskrifta, og lagar røra i Foodprosessor i to omgangar. Nils mol fisken ein gong på handkvern, då får han bort beina. Hadde litt problem med første røra, men andre gongen køyrde eg løk og poteter først, det gikk betre. Produktet er ein mellomting mellom fiskebollar og ball (klubb) og smakar godt med steikt flesk/bacon, poteter og kålrabi (og gulrøter) til. Ein halv porsjon er meir enn rikelig til oss to.
                               
                               Oppskrift.
Bruk lyr, hyse, sei eller torsk.

1 kilo fisk
1 liter oppskorne poteter
2 små ss salt
2 store løk
3 ss potetmjøl
1 ss kveitemjøl
1 dl melk

Koketid ca 45 minutt.
Har du litt fiskekraft eller fleskesvor i vatnet, er det godt, elles treng du 1/2 ts salt pr. liter vatn.
Mal fisken ein gong saman med poteter og løk. Spe med litt melk om gongen,  ha i mjølet og arbeid deigen godt.Form deigen til bollar og ha ein fleskebit i kvar bolle.
Bon appetit!

2 kommentarer:

solveig sa...

Blandaball er godt! Eg meiner konsistensen skal vere ganske finmalen som til fiskebollar. Vi laga det i Bergen.

Besta sa...

Den andre porsjonen vart best, den første litt for fast. Det einaste dumme med oppskrifta er potetmengda-viss du lagar er det lurt å notere ned VEKTA på potetene til ein annan gong. Eg skar i små bitar og det gikk greitt. NO har vi i alle fall ete oss stappmette, og har 2 middagar til!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...