onsdag, juni 30, 2010

Vermelding 30.juni 2010

Klokka er 13.00, temperaturen er +15 grader C. Ute er det skodde,skyer og litt regn, men det ser ut til at veret besnar etter kvart.
Vi har vore nedover og shoppa litt i dag.Mellom anna kjøpte vi sklifri plastduk til salongbordet og to nye sofaputer. Vi handla hos Målar-Olav og gikk ned til Amfi etterpå. På vegen mot Amfi går vi forbi denne gamle båtstøa som truleg høyrde til den store Svendsengarden (Også kalla Mellegarden) midt i Vik. Hovudhuset er det store, okergule huset  i gågata der det no er kafé.
Sjøen er ikkje direkte speglblank i dag.
Då vi kom heim fekk Nils eit koselig brev frå Sogn og Fjordane politidistrikt. Han har viss brote fartsgrensa då vi køyrde til Kongsberg sist.1600 kr å betale. Eg er ganske sur. Heilt bortkasta pengar. Eg plar halde eit auge med speedometeret når vi er på tur, noko som ikkje alltid er like populært.Men denne gongen gikk det altså gale, Nils meiner vi såg eit blink då vi køyrde gjennom ein av tunnelane.

tirsdag, juni 29, 2010

Vermelding 30.juni 2010

Klokka er 13.00. temperaturen er ca +24 grader C, og det kjennest varmt ut for oss som har gått rundt i kulden så lenge. Veret kan ikkje heilt bestemme seg; best som sola skin og varmar,ser det ut som om det kan komme ei byge.
Nils driv og slår plenar, mens eg har støvsuga inne.No har eg vore ut ein tur og tatt bilde av noko av det som blomstrar.På bildet øvst ser de ein kultivert variant av Storkenebb; eg har fått den av Sissel. Har fleire ein annan stad i hagen, men dei blomstrar ikkje enno.
 
Nede i hagen har vi iris, ein blomst som eg også er veldig glad i, men må visst flytte nokre av dei til ein stad vi ser dei betre. Dei orange valmuane skriv seg frå bestemor sin hage på Hildegard.
Og endelig blomstrar den lyslilla gyvelen som står ved naboens garasje, ja, han har til og med lurt seg over grensa og lagt seg på garasjetrappa, og der blomstrar han mest. Gyvelen er mykje finare i verkligheita enn på bildet.
Eg er glad i alle blomster, men har ei spesiell forkjærligheit for dei blå! Derfor gler eg meg alltid til den himmelblå valmuesøstra sprett ut, for ikkje å snakke om riddersporane av samme farge. Det er ikkje så lenge til. Lavendelen som eg fekk sist fredag, står enno i ei potte på trappa, mens eg  prøver å finne den ultimate staden å plate den.

mandag, juni 28, 2010

Vermelding 29.juni 2010

Klokka er snart 12. Ute er det overskya opphaldsver og + 20 grader C. Det er med andre ord litt sommarleg. Nils stod opp før klokka 4 etter eit par timar under dyna og for ut for å fiske. Han kom heim med ein del småsei + tre store akkarar. Dei sistnemnde er helst eit problem i første omgang-i alle fall for han som driv og reinskar dei. Dei hamnar vel i frysaren til vi får lese oss litt frampå om korleis dei skal serverast.Eg har ete akkar på restaurant, men då var dei jo ferdig tillaga.
Sjølv har eg bruna ein stor porsjon hjortekjøt som skal frysast til eit seinare høve. Godt alt som er unnagjort.

søndag, juni 27, 2010

Vermelding 27.juni 2010

Klokka er13.30, temperaturen er + 20 graderC, det er lettskya og sol av og til.
I dag var det såpass fint ver at det frista med ein tur til Aasentunet og Dei Nynorske festspela.
Sidan det var utandørs gudsteneste med dertil høyrande kyrkjekaffi, valde vi det. For sikkerheits skuld kledde eg meg godt-litt FOR godt skulle det vise seg.
Det var ei fin gudsteneste med aktørar som vi kjende frå før, stort sett.Preika var ved presten Margit Lovise Holte, som kjem frå Folkestad. No er ho prest i Lommedalen og underviser i tillegg på Menighetsfakultetet.Ho heldt ei veldig god preike utan kliséar.
Liturg var sokneprest Kjell Roger Isene som døypte Ingeborg på 15-årsdagen hennar.Organist var Morten Bollerud som spelte i Kilsfjord kyrkje både då Ingeborg vart døypt og konfirmert-for anledninga i dag i mørk dress. Preludium og postludium var spela av han+ Roger Jensen på kontrabass.
Skriftlesar var Rønnaug Kleiva, festspeldiktaren, tidlegare kollega og venninne. Teksten var frå Rom.2,1-4. Eg fekk helst på henne etter preika-det er nokre år sidan vi har møttest, men skriv til kvarandre kvar jul.
Etter preika kjøpte vi oss kaffi og kaker og sat ute og prata med Bjørg og Hans K., og det mangla ikkje på samtaleemne. Elles synest eg at inngangspartiet er det aller finaste ved dette flotte bygget som vart teikna av Sverre Fehn i si tid. Det vart ikkje utlyst nokon konkurranse, han fekk oppdraget!
Kjekt at det vart fint ver på tampen av festspela, men eg trur der har vore bra med folk på dei fleste arrangementa. Vi trefte mange vi kjende, dei fleste var gamle. Som vi.
Nokre av dei gamle husa står att i tunet, men det er bygd eit nytt lite hus av stein, der gamle gjenstandar vart oppbevarte. No er det meste flytta inn i senteret.

For dei som ikkje har vore på senteret, kan eg anbefale ein tur dit.For folk som ikkje er handikappa er det eit lite stykke å gå frå parkeringsplassen og opp. Dei som ikkje greier å gå, kan bli kjørt til døra.Her er diverse arrangement heile året,ope kvar dag, og kafé der ein får kjøpe både middag og kaffi.


lørdag, juni 26, 2010

Klokka er 15.45.Temperaturen har stige frå iskaldt til + 19 grader C og sola held på å kome fram.I dag vart det ei lita shoppingrunde til med oss, måtte ned i Vik ein tur sidan det er festspel. Kjøpte litt garn hos Ronille til halv pris, må begynne å tenkje på julelageret mitt. Diverse andre småting vart det også her og der. Har siste dagane hatt eit akutt genserbehov-dvs. varme genserar i sommarlige fargar. Beste (og einaste) genserutvalet her i distriktet er det Møre Konfeksjon som har. Og sidan det var halv pris på mange av dei, kjøpte eg like godt to. Og det hjelpte, for det vart varmare med ein gong ute.
På heimvegen kjøpte vi oss eit nytt Victoriaplommetre sidan det gamle ser ut til å takke for seg i år. Ha ei god helg alle saman.

fredag, juni 25, 2010

Det var ikkje så mykje Nils og eg shoppa i dag, vi var mest opptekne av å gaide dei to Nordfjordjentene. Men vi var innom glasmagasinet på Amfi, sidan vi visste at der var halv pris på alt.
Der kjøpte vi dette knivsett, som vi eigentlig treng, til 500 kr., og sparte såleis 500. Relativt enkelt reknestykke. Og kva skal vi bruke dei pengane til?
Det er vanskelig å ta bilde med blitz av blankt stål, oppdaga eg, det kjem for eksempel ikkje så godt fram at knivane har svarte skaft. Knivsettet heiter forresten
Nagasaki.

Vermelding 25.juni 2010



Klokka er 20.40. Temperaturen er + 13 grader C og det regnar. Det har det stort sett gjort i heile dag.
Likevel har vi hatt ein fin dag. Hilde og Elin kom f.m. , og etter ein lett lunsj,reiste vi på tur. Vi kjørte gjennom tunnelen og ut til Flø og såg på havet, før vi landa i Ulsteinvik på shopping. Vi hadde avtale med Solveig, så vi møttest på Amfi. Etter at alle hadde ulysta seg på shopping, for vi til Hareid og drakk kaffi hos Solveig og Øystein. Mannfolka såg fotball mens vi damene hadde andre interesser. Vi hadde i alle fall tema nok på programmet og kunne sikkert halde det gåande lenger.
Det vart ein liten rundtur på Hareid før vi tok på heimvegen.

torsdag, juni 24, 2010

Bok nr.34 2010: Skjellsankerne.

Så har eg lese ut enda ei bok, men eg les ikkje så mykje som det kan sjå ut som. Denne boka var på 3 CD-ar og skulle ta vel tre timar å høyre på lydbok; det tok ganske mykje lenger tid å komme igjennom, og hadde der vore ei plate til, hadde eg lagt den vekk. Det er ikkje det at boka er så forferdelig dårlig eller kjedelig, det er mest det at den er så passé. Det KAN hende at eg hadde tykt den var fin og romantisk om eg hadde lese de for 50-60 år sidan, men no synest eg altså ikkje det.
Det kan forstørre omslaget og lese kva den handlar om viss de vil.
Eg har eit uttrykk "nummeret før ukeblad"- men dette må vere nummeret etter. Eg er rettnok ingen romantikar, men dette grensar virkelig til det banale.
No ligg Knausgård klar, så får vi sjå korleis det går med meg og han, om vi finn tonen.

Vermelding 24.juni 2010

Klokka er 13.45, temperaturen + 17 grader C, og det er skiftande ver. Akkurat no held sola på å bryte gjennom, men for ei lita stund sidan regna det. Men temperaturen er bra, og det blæs ikkje, så det er fint å vere ute og jobbe. Føremiddagsjobben i dag var å rydde bort veden som var under altanen, Nils kjørte den i trillebår opp i garasjen. Eg reinska litt ugras, raka og spyla kjellarmuren m.m. Vi har ikkje så store ambisjonar når det gjeld hagen, men vi prøver å halde litt orden om ikkje anna.
Syrinen til naboen blomstrar endelig, ca ein mnd. etter skjema.Nils skal på møte klokka 16, men før det skal vi nedover på biblio og hente Knausgård+ handle litt på nærbutikken (Kiwi).
Har sjekka boka mi om gamle merkedagar og der står det om St. Hans: "Været for denne dagen ga varsel for resten av sommeren; regn tydet på en våt høst"-----Nokså tvetydig spør du meg.

onsdag, juni 23, 2010

Gratulerer med dagen, Einar !

Då Einar vart fødd den 24.juni 1987, var han det første barnebarnet vårt, og det første oldebarnet i slekta mi. Her er det påska året etter og det er oldemor Amanda som held han på fanget.
Her er vi komne til sommaren 1988. Eg hadde vore nede i Vik og der hadde eg kjøpt lodd på gata.Då vann eg 1.premie og kunne velje mellom alle bamsar og andre dyr som var.Eg kom heim med den blå kanina Ninni som var større enn Einar. Trur han var litt redd den første tida. Det er ein av dei få gongane i livet mitt eg har vunne noko som helst. Når eg tek med så mykje bakgrunn er det for at de skal få "gjenoppleve" stova slik den var den gongen.
Her står Solveig med Einar på armen ute under bjørka vår. Dette treet er borte for lenge sidan, men Solveig er ganske lik seg slik ho var då.
Her er eit av yndlingsbilda mine. Det er frå den tida Margrete studerte i Kristiansand og hadde relativt lange feriar. Men ikkje før var ho komen heim, før ho reiste ut på Hareid for å passe Einar.

Åra gikk, og her er vi komne fram til sommaren 1995. Det året hadde Nils og eg vore i Sverige, og hadde med feriegåver heim til barnebarna. Til Einar og Audun hadde vi kjøpt ein oppblåsbar plastbåt. Då dei kom inn til oss på "ferie" tok vi dei med fram på Vallasetra og dei fekk ro på Brillevatnet. Og så spidda vi pølser på bål.

Når nokon fyller år, blar eg i gamle fotoalbum og minnast tida som var.Der er så mange bilde og så mange minne, mest gode heldigvis. Det er nesten vanskelig å finne bilde av Einar åleine etter at Audun vart fødd, på dei fleste bilda er dei to i lag.
Bilda er nokså tilfeldig valde denne gongen også.

Gratulerer med dagen,Einar! Hugsar at då du var liten var det ikkje BERRE kjekt å ha selskap dagen etter jonsokafta, for dei fleste hadde ulysta seg på godteri dagen før.

Vermelding 23.juni 2010

Klokka er15.15. Temperaturen er +19 grader; det er lettskya og nydelig ver no.Var ikkje så fint før i dag.
Vi har vore ein tur nedover og handla mat etc. på Amfi. Tok dette bildet av den fine, nyoppussa gågata i det vi køyrde forbi.Dessverre er det lite folk der, men det kan komme seg om vi får fine sommardagar.No har vi feira jonsok med pølser i brød til middag, og så skal vi sole oss på altanen før sola vert borte igjen. Ha ei fin jonsokaftan alle saman!

tirsdag, juni 22, 2010

Vermelding 22.juni 2010



Klokka er 12.15.Temperaturen er +15 grader C , og det er iskald skoddevind, så det er ikkje kjekt å vere ute for dei som ikkje jobbar. I går var det eit snev av sommar, så vi begynte å bli litt optimistiske, i dag er det ikkje håp.............
Nils har vore nedover til frisør, og så har han plenen og fisken å styre med, så han held heten.Eg må visst halde meg inne.Nils har godt selskap av måsar, kråker, kattar etc. når han styrer med fisk. Ikkje alle er like begeistra for at han matar fuglar og dyr.
I dag gratulerer vi Øystein som fyller 48 år. Bildet er frå 2004 på Kongsberg. Det er nevøen Eivind som held han med selskap i sandkassa - eller var det omvendt?
Ha ein fin dag Øystein ! Håper på eit stort familietreff anten her eller der når alle har fått ferie.

mandag, juni 21, 2010

Bok nr.33 2010: Tvillingen.

Dette er Merete Junkers andre bok om NRK-journalisten Mette Minde. Den første har eg ikkje lese.Handlinga i boka er lagt til Grenlanddistriktet,for det meste til Porsgrunn. Dette er litt spesielt, og eg får vite litt om denne byen og området rundt som er ukjent for meg. Det gjer sjølvsagt at eg får lyst å reise dit.(Har vore der berre på gjennomreise).Boka minte meg mykje om bøkene til Camilla Læckberg, men med mindre te og bollar.Likevel meiner eg her er litt for mykje "prat"-  boka kunne med fordel vore strengare i komposisjonen.Likevel held den fokus på saka heile tida og slik meiner eg det bør vere.
Både sjølve "kriminalgåta" og løysinga er ganske rotete med mange trådar som skal knytast i hop til slutt. Det blir for såvidt gjort, men det heile er noko usannsynlig etter mi meining. Noko av løysinga gjetta eg nokså tidleg. Men OK-krim er krim.
Eit stort minus til opplesaren for mumlete og utydelig tale. Eg har måtta høyre mykje om att fordi eg ikkje har fått med meg kva ho seier. Dette har eg aldri opplevd før.
Tross alt eg har å innvende, kjem eg nok til å lese fleire bøker om Mette Minde viss det kjem nokon. Norges svar på Camilla Læckberg!

Vermelding 21.juni 2010

Klokka er12.40. Temperaturen er + 18 grader, det er overskya,men opplett. Ganske deilig ver eigentlig.
I dag skulle Nils ut og fiske, og hadde avtalt med sin irakiske venn om å møtast å Shell klokka sju. Eg ymta frampå om at kanskje Hassan ikkje var heilt presis, og det stemte. Klokka 7.30 ringde han og skremte meg opp i ein viss fart.Han ville vite om Nils var HER, men eg kunne berre seie som sant var.Kanskje han er presis ein annan gong?

Nills kom nettopp heim att, sveitt og sliten.(Sjå bildet !) Han hadde sett lina fast i botnen og fekk den ikkje opp att. Berre ein liten stump var med heim, og tilsvarande lite fisk. Men vi har småsei til i dag+ ei fin brosme. Ein må vel rekne med litt svinn?
Mens han var vekke, fekk eg rydda, støvsuga og vaska litt, som vanlig. Skulle gjerne vore ute og jobba i hagen, men det er litt vått enno. Og så er det den ryggen,då......

søndag, juni 20, 2010

Vermelding 20.juni 2010


Klokka err 18.45. Temperaturen er + 14 grader C og sola er delvis framme.
Det har vore ein litt sløv dag, men då det leid på ettermiddagen kom Margrete, Lars og alle ungane. Dei hadde vore ein tur på Helgehornet, ved Hovdevatnet og grilla pølse, og så kom dei hit til "kaffi". Det var slik vi feira bursdagen til Margrete i år. I morgon reiser Margrete til Bergen på sensur, og kjem att onsdags kvelden.Ingeborg skal passe søskena sine på Bjørnaset.Og det greier ho sikkert fint. Og SÅ blir det ferie.
PS: Helgehornet er fjellet midt på bildet. Det er ei TV-mast på toppen.

lørdag, juni 19, 2010

Gratulerer med dagen, Margrete !


I dag fyller Magrete år. Går ut frå at alderen er 20-10, som vanlig. I år høver det jo ekstra bra. Sidan bursdagsbarnet titt og ofte er å sjå på bloggen, har eg valt å blade i gamle album for å mimre litt.
Denne gongen blir det litt om Margrete og Nadja.
I 1983 vart Margrete konfirmert, og for pengane ho fekk i gåve, kjøpte ho det ho ønska seg mest av alt: Ein hund. Og det var ikkje småtteri, for å seie det slik; det var ein Old English Sheepdog som etter kvart vart ganske diger.
Margrete og Nils bila heilt til Lista, til ein plass som heiter Vanse, for å hente kvalpen, og kom heim med ein utrulig søt "leikehund" som fekk namnet Nadja, etter ein hund som Vibeke Seter hadde med seg i barne-TV.
Men hunden lydde også namnet Labbetuss, som var ein annan barne-TV hund, men denne var av garn, og Geir Børresen var inni "pelsen". 
Etter kvart som Margrete vart vaksen og reiste heimanfrå for å studere, vart Naja verande her med oss for det meste,men då vi reiste til Kristiansand på besøk, vart Nadja med. Sjølv om Margrete etter kvart fekk eigen familie med både ungar, kattar, hundar, hestar, kaninar  m.m. trur eg nok Nadja har ein eigen plass i hjertet hennar.
Alle bilda er frå året 1983.
Når eg bladar i gamle album blir eg litt trist fordi tida går så fort, og fordi ein ikkje kan skrue klokka litt tilbake, eller i det minste få den til å gå litt seinare. Men slik er det.
No er ikkje Margrete så gammal at DET er noko å bli deppa av.

Så får vi berre gratulere deg så masse med dagen, Margrete, håper veret er så bra at du kan ta den fjellturen du har tenkt deg i dag!

Vermelding 19.juni 2010

Klokka er snart 13.00.Ute held sola på og banar seg veg mellom skodde og regn, det spørs korleis det går. Temperaturen er + 10 grader.Men ser ein litt optimistisk på det, så får både gras, tre og andre vekstar rikelig med væte, så viss sola kjem og det blir varmt,blir det eit grøderikt år.Om de ser godt etter, kan de sjå eit lite "melisdryss" på Melshornet.Må berre beklage alle dei kjedelige bilda på bloggen, men når eg kjem meg litt lenger enn ut på altanen, skal det bli betre.
Eg har brukt føremiddagen til å lage eit par kaker. Kva Nils har styrt med, veit eg ikkje, men han har i alle fall fått vondt av det. Eg måtte vaske kjøkkenet etter bakinga, og no skal vi lage middag, så alt skal vere klart til bryllaupsfeiring.Trur ikkje eg gidd å pynte meg, kan ikkje konkurrere med dei kongelige likevel.
I juni er det veldig mange fødselsdagar i storfamilien.I dag kan vi gratulere Lappetausa med halvrund dag.Ha det fint, Elin.Håper du får besøk av barnebarnet.

fredag, juni 18, 2010

Klokka er13.30. Temperaturen er + 11 grader C, det er overskya,litt regn av og til, og iskald vind.
Det var litt hustre å sjå nysnøen på dei høgste fjelltoppane då vi stod opp i dag.Det er i alle fall ikkje fristande å vere ute, verken i hagen eller andre stader, så vi tok ein tur på Amfi.
No kan vi køyre på den nye brua ved småbåthamna. Det er populært,også for folk andre stader frå, å ligge i Ørstahamna med båtane sine.Det er eit hus som høyrer med til hamneområdet, der ein til dømes kan halde selskap som konfirmasjonar etc. Vi har vore der ein gong. Det er eit raudt hus inst i hamna.Elles kjenner vel dei fleste att Melshornet, som har vore presentert på bloggen nokre gonger før.
I morgon blir eg vel sittande å sjå på kronprinsessebryllaup. Vi var i Sverige den dagen ho vart fødd, men reiste heim før ho var komen til verda, for å gratulere mamma på hennar bursdag same dagen.Den 14.juli.
I dag handla vi mat som vanlig, eg var ein tur på apoteket og ein tur på-nille der eg kjøpte diverse "nilledill".Og så gjekk eg til det store steget å kjøpe nye croxar, lilla med rosa reim over denne gongen.Frå før har eg lysegrøne "hagecrox" og svarte "utecrox"- det gjeld å ha croxar til alle formål og ikkje bruke dei feil.......
Nils har inntatt sin vanlige plass på ein krakk framfor omnen der han fyrer med ved.Vi har ingen prinsipp når det gjeld fyring; vi fyrer når det er kaldt anten det er vinter eller sommar. Og eg skal lage Taco til middag-med HOT saus, så vi får vel varmen i oss etter kvart
Ha ei god helg alle saman!

torsdag, juni 17, 2010

Vermelding 17.juni 2010

Klokka er 15.00. Temperaturen er +13 grader C.Ute er det skodde og regn.
Nitrist ver.Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge både her vi bur og nede i kjellaren.Nils trossa veret og flytta nokre plantar frå eit bed til eit anna.
Hugsar eg sa det sist vinter, då vi hadde DET nydelige veret: Lurer på kva slags sommar vi får etter dette? Eg hadde bange anelsar. Pessimistar får som regel rett- viss ikkje, blir dei gledelig overraska. Vi fyrer framleis med ved !

Bok nr.32 - 2010: I kjølvannet

Det kan sjå ut som om eg les veldig mykje for tida, men begge dei to siste bøkene eg har lese, er korte, berre 4 CD-plater kvar.
Eg har lese mange bøker av Per Petterson, og alle har dei noko visst trist eller melankolsk over seg. Den førre boka eg las av denne forfattaren var Jeg forbanner tidens elv. Der skriv han mellom anna om forholdet mellom ein mann og den gamle mora hans. I denne boka er det far/ son forholdet han skriv om, og mest om tankane Arvid har om far sin etter at han er død i ei ulykke. Det er ikkje vanskelig å forstå at det dreiar seg om Scandinavian Star-ulykka, der foreldra til forfattaren omkom i verkligheita. Som dei andre bøkene til denne forfattaren gir også denne romanen rom for personlige tolkingar og refleksjonar. Så teke it or leave it. Eg likar stilen.
Finn Schau les fabelaktig bra.

onsdag, juni 16, 2010

Vermelding 16.juni 2010

Klokka er15.00. Temperaturen er + 14 grader C, det er overskya, men opphaldsver.
Før middag i dag fekk vi endelig rydda og vaska litt i den såkalla matboda i kjellaren, og Nils hadde fullt bagasjerommet med rusk og rask som han kjørte bort på VØR med, mens eg var på biblio.Vi var også innom Amfi og handla litt mat. Kjøpte ein ferdig grilla kylling, som blei middagsmaten i dag.
I går e.m. jobba vi litt ute, blant anna fekk Nils sett opp not over jordbæråkeren. Eg var så ufin at eg bemarka  at overbygninga var litt overdimensjonert i forhold til plantane.Men så kan eg gå nesten oppreist under nota-viss der blir bær å plukke.

tirsdag, juni 15, 2010

Vermelding 15.juni 2010

Klokka er no 13.30. Det er lettskya, sol og fint ver.Men framleis er ikkje temperaturen så mykje å skryte av, +16 grader og vind.
Føremiddagen har eg brukt til diverse husarbeid, og så var eg ein tur ut gjennom gata til ein hageglad nabo for å tigge meg ei hosta-rot. Driv og plantar hosta i krukker på baksida av huset. Ikkje så mykje som trivst der. Nils kokar middag, salta lange med poteter og gulrot. Enkelt og godt.

I dag fyller eine niesa mi på Eid år, og vi gratulerer så mykje med dagen!

mandag, juni 14, 2010

Vermelding 14.juni 2010

Klokka er 12.45.Temperaturen er + 11 grader C. Det er skya, men sola er framme av og til.
Nils begynte å klippe plen, men då begynte det å regne litt. Eg synest det er surt og kaldt.
Vakna i dag med verk i heile kroppen,det er vel ei slags gikt, og hadde problem med å komme i gang med noko fornuftig.Men sidan eg var så elendig at eg knapt kunne bli verre, tok eg og vaska ned badet.Trur nesten det hjelpte litt.No blir det ikkje same grundige vaskinga som eg bedreiv i gamle dagar, men så er her ikkje så skite heller.
Nils for ut for å fiske klokka 5, eg fann ein lapp på bordet då eg stod opp. Han fekk nokre makrellar etc.som naboen fekk, og ein stor, fin sei som vi skal ha sjølve.I dag skal vi ha fiskekaker frå frysaren.
PS: Dompapane våre er her og forsyner seg av solsikkefrøa kvar dag. Elles har vi masse gråsporv i hagen, den har vore heilt borte frå dette området i mange år.Berre i ein hekk nede ved skulen såg eg gråsporv.
PPS: Eg trudde det var den 13.i dag, no ser eg at vi er komne til den 14.juni.Og då vil eg sjølvsagt gratulere Karen-Marie med 69 årsdagen i DAG !

søndag, juni 13, 2010

Bok nr.31 - 2010: Veien

Denne boka er ikkje så lang, berre 6-CDar, men eg har brukt lang tid på den, har lese mange avsnitt fleire gonger.Boka har fått kjempekritikk og prisar, blitt filma etc. Eg ser at den er godt skriven, og at den har kvalitetar, men sorry- MEG trefte den ikkje heime.Eg greidde ikkje å leve meg inn i denne framtidsromanen.Og det som skulle vere rørande, vart for meg berre sentimentalitet.For "amerikansk" for meg.
Derfor er det betre de les om den på nettet, eller les boka! Vi har ikkje alle samme smak-heller ikkje når det gjeld det vi les.
Les om boka her

Vermelding 13.juni 2010

Klokka er 13.45. Temperaturen er + 11 grader. Det er overskya, skodde og litt regn, men det ser ut til at det skal bli betre på sikt. Eg har i alle fall gikt og smerter både her og der, noko som plagar meg mest i fuktig ver.
No har vi vore på rek i tre dagar, så det er litt rart å vere heime ein heil dag. TV-en står på fotball, så det slepp eg i alle fall å sjå på.

Når eg ser ut, ønsker eg meg ei kraftig motorsag. Så skulle eg gå amok og sage ned alle høge tre i heile nabolaget og enda lenger. Likar å ha "utsikt"- og tre har vi nok av i skogen. Forstår ikkje at folk vil ha dei digre trea på tomtene sine+ alt lauv og nåler på tak og i takrenner, og på tomta. Alle som har tre som skygger for sola til naboen, bør i alle fall gripe til saga.Snakk med naboen, og høyr kva han meiner. Vi treng all den sol vi kan få! VÅRE naboar er greie slik.
Det samme problemet er det langs dei fleste vegar, ein ser verken vatn eller sjø for berre tre. No har dei rydda ei strekning ved Voldavegen, og det er så fint å få sjå ned på fjorden. Langs Nordfjorden er det også veldig fint, for der går vegen nær sjøen.Det er sikkert mange som ville rydde litt mot å få veden. Norge gror igjen av krattskog, truleg fordi her er lite beitedyr att. Så grip saga og Carpe diem.

lørdag, juni 12, 2010

Vermelding 12.juni 2010

Klokka er 11.30. Temperaturen er + 10 grader, og det er regn og skodde som i går.
I dag skal Nils og eg ein tur til Hareid, det er ballettframsyning i Hareidshallen klokka 15.00.
Nils reiste ein tur til Volda for å besøke Harald, før vi fer utover, det kan hende det blir ein liten sving nedom Ulsteinvik også, viss vi får tid. Etter balletten er det middag hos Solveig.
Eirik og Amanda er på korpsstemne på Lillehammer i lag med faren; det skjer noko på alle frontar denne tida.
Veret er ikkje omsnakkande. Vanskelig å vite om vi får eit godt frukt -og bærår, men eg er overtydd om at det er eit godt lauvår - i alle fall er det meste av utsikta vår borte. Ha ei god helg anten de trossar vergudane og tek ein tur ut, eller vel å sitte inne og fyre.

fredag, juni 11, 2010

Vermelding 11.juni 2010

Klokka er15.00. Temperaturen er +14 grader C, og skodda er nesten fotsid.Vinden er kald, og det er lite som minner om sommaren vi såg snurten av i går.Nils var ute og fiska makrell i går kveld, og vi kokte den i dag tidlig.Potetene kokar, og snart er det duka for kald makrell med rømme og agurksalat- eit festmåltid for oss som likar det.
Føremiddagen har gått opp i surr i dag også, sidan eg var hos frisør frå klokka 11-13. Etterpå handla vi mat på Coop og var for ørtande gong og såg på gardiner. I dag fann eg nokre eg likte, men dei var berre i "korte" lengder. Så det blei ikkje handel i dag heller.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg!

torsdag, juni 10, 2010

Vermelding 10.juni 2010





Klokka er snart 12.00. Temperaturen nærmar seg + 20 grader og det er sol og nydelig ver ute. Vi var tidlig oppe i dag sidan vi skulle til Volda. Eg hadde time på røntgen klokka 10.10, men skulle møte opp eit kvarter før. Eg var som vanlig ute i god tid, og fekk knapt sett meg ned på venterommet. Klokka 9.55 var eg komen ut att frå sjukehuset. Der vart eg gåande å vente på Nils som besøkte Harald. Det var så fint der borte at eg vart gåande å fotografere. Til sist sette eg meg på ein benk og fekk selskap av ein hyggelig utlending - truleg frå Balkan (det var ein røykebenk-men den stod så fint i sola).Vi hadde ein hyggelig prat. Etterpå var vi innom det store kjøpesenteret, der eg kjøpte gave til Margrete på sportsbutikken, mens Nils kika på fiskeutstyr. Den sportsbutikken har alt mulig når det gjeld klede, og jammen hadde dei kart også.
På vegen heim stakk vi innom Tilseth planteutsal, men der var det ingen ting som frista.
Klokka 17 skal Nils ut og fiske, han har invitert ein irakar som han kjenner til å vere med.

onsdag, juni 09, 2010

Vermelding 9.juni 2010

Klokka er12.30. Temperaturen + 19 grader og skodda ligg framleis i fjella. Trur sola kjem til å bryte gjennom utpå dagen, men det tek si tid.Naboen trur i alle fall på sol, for han driv og monterer nye markiser.
Eg har halde meg inne, har vaska og støvsuga til helga, sidan eg skal på rek både i morgon og fredag. I morgon skal eg til Volda og røntgenfotografere hofta mi, og fredag er det frisør.Begge delar trengst.Nils skal på eit kommunalt møte no klokka 13, så middagen er utsett på ubestemt tid
Denne vesle karen forvilla seg då han skulle flyge inn i buret sitt bak altandøra, og landa blant orkidéane i vinduskarmen. Ikkje rart han var forvirra. Han "beit" ganske godt ifrå seg, men roa seg etter kvart.Så det er ikkje berre Lars som reddar fuglar i dag.Viss nokon skulle vere i tvil, så er det ei blåmeis.

tirsdag, juni 08, 2010

Bok nr.30 - 2010: Ritualer.

I dag må eg innrømme at eg let alt arbeid vente, mens eg las ut denne boka. Det er den tredje boka eg har lese av denne forfattaren.
Den første eg las, Kuren, var ganske ekkel, for å seie det forsiktig. Etter den andre,Fuglemannen, lova eg meg sjølv aldri meir å kløyve ei bok av Mo Hayder. Då eg lånte denne på biblioteket, fortalde dei at det var ein mann som hadde levert den tilbake, for DETTE ville han ikkje ha.
Så det var med bange anelsar eg begynte på boka. Og så går det ikkje lenge før eg er fanga, på ein heilt annan måte enn ved dei to førre bøkene. Berrre starten, der ein blir tekne med til Bushman´s hole i Sør-Afrika , gjer at eg må lese vidare.Her er afrikansk folketru/overtru/ Woodoo etc. til tross for at det meste av handlinga er lagd til England.Dette er det mest interessante å lese om, etter mi meining.
Og så oppdagar eg etter kort tid at forfattaren faktisk er ein eminent skribent.Og ja, her er fryktelige, groteske og uappetittlige ting, på grensa av det som er til å sette på trykk,men midt i det heile ein slags poesi, eller kva ein skal kalle det.Det er noko eventyrlig over det heile, og det er eg svak for.Og språket er perfekt.(Her må vel omsetjaren få sin del av æra).
Oppbygginga av romanen er slik som krimromanar skal vere, fokusert utan for mykje fyllstoff. Og alle trådar blir samla til slutt.
Så forrykande spennande er det ikkje, før kanskje på slutten, men det betyr mindre for meg.
Så, Solveig, du som er fan, har noko å glede deg til. Eller kanskje ikkje?
Kan anbefale boka - men ikkje til sarte sjeler, for dette er ikkje PENT.
NB: Eg har ikkje googla boka, så kanskje eg tek heilt feil. I så fall vil eg ikkje vite det.
I

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...