fredag, juni 18, 2010

Klokka er13.30. Temperaturen er + 11 grader C, det er overskya,litt regn av og til, og iskald vind.
Det var litt hustre å sjå nysnøen på dei høgste fjelltoppane då vi stod opp i dag.Det er i alle fall ikkje fristande å vere ute, verken i hagen eller andre stader, så vi tok ein tur på Amfi.
No kan vi køyre på den nye brua ved småbåthamna. Det er populært,også for folk andre stader frå, å ligge i Ørstahamna med båtane sine.Det er eit hus som høyrer med til hamneområdet, der ein til dømes kan halde selskap som konfirmasjonar etc. Vi har vore der ein gong. Det er eit raudt hus inst i hamna.Elles kjenner vel dei fleste att Melshornet, som har vore presentert på bloggen nokre gonger før.
I morgon blir eg vel sittande å sjå på kronprinsessebryllaup. Vi var i Sverige den dagen ho vart fødd, men reiste heim før ho var komen til verda, for å gratulere mamma på hennar bursdag same dagen.Den 14.juli.
I dag handla vi mat som vanlig, eg var ein tur på apoteket og ein tur på-nille der eg kjøpte diverse "nilledill".Og så gjekk eg til det store steget å kjøpe nye croxar, lilla med rosa reim over denne gongen.Frå før har eg lysegrøne "hagecrox" og svarte "utecrox"- det gjeld å ha croxar til alle formål og ikkje bruke dei feil.......
Nils har inntatt sin vanlige plass på ein krakk framfor omnen der han fyrer med ved.Vi har ingen prinsipp når det gjeld fyring; vi fyrer når det er kaldt anten det er vinter eller sommar. Og eg skal lage Taco til middag-med HOT saus, så vi får vel varmen i oss etter kvart
Ha ei god helg alle saman!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eit fint bilde frå båthamna i Ørsta! Høyrest ut som de kosar dykk, ha ei fin helg!!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...