lørdag, juni 19, 2010

Vermelding 19.juni 2010

Klokka er snart 13.00.Ute held sola på og banar seg veg mellom skodde og regn, det spørs korleis det går. Temperaturen er + 10 grader.Men ser ein litt optimistisk på det, så får både gras, tre og andre vekstar rikelig med væte, så viss sola kjem og det blir varmt,blir det eit grøderikt år.Om de ser godt etter, kan de sjå eit lite "melisdryss" på Melshornet.Må berre beklage alle dei kjedelige bilda på bloggen, men når eg kjem meg litt lenger enn ut på altanen, skal det bli betre.
Eg har brukt føremiddagen til å lage eit par kaker. Kva Nils har styrt med, veit eg ikkje, men han har i alle fall fått vondt av det. Eg måtte vaske kjøkkenet etter bakinga, og no skal vi lage middag, så alt skal vere klart til bryllaupsfeiring.Trur ikkje eg gidd å pynte meg, kan ikkje konkurrere med dei kongelige likevel.
I juni er det veldig mange fødselsdagar i storfamilien.I dag kan vi gratulere Lappetausa med halvrund dag.Ha det fint, Elin.Håper du får besøk av barnebarnet.

1 kommentar:

Elin sa...

Å ja, Aron var sjølvskriven. Hadde ein veldig god dag med masse merksemd, trass i bryllaupet i Sverige. Audhild kom heim og laga både pizzasnurrar og herleg salat, så det hjalp veldig bra. Ja og så kom Bodil med Andersen-kaka, den er berre så herleg, særleg dagen derpå...

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...