lørdag, juni 19, 2010

Gratulerer med dagen, Margrete !


I dag fyller Magrete år. Går ut frå at alderen er 20-10, som vanlig. I år høver det jo ekstra bra. Sidan bursdagsbarnet titt og ofte er å sjå på bloggen, har eg valt å blade i gamle album for å mimre litt.
Denne gongen blir det litt om Margrete og Nadja.
I 1983 vart Margrete konfirmert, og for pengane ho fekk i gåve, kjøpte ho det ho ønska seg mest av alt: Ein hund. Og det var ikkje småtteri, for å seie det slik; det var ein Old English Sheepdog som etter kvart vart ganske diger.
Margrete og Nils bila heilt til Lista, til ein plass som heiter Vanse, for å hente kvalpen, og kom heim med ein utrulig søt "leikehund" som fekk namnet Nadja, etter ein hund som Vibeke Seter hadde med seg i barne-TV.
Men hunden lydde også namnet Labbetuss, som var ein annan barne-TV hund, men denne var av garn, og Geir Børresen var inni "pelsen". 
Etter kvart som Margrete vart vaksen og reiste heimanfrå for å studere, vart Naja verande her med oss for det meste,men då vi reiste til Kristiansand på besøk, vart Nadja med. Sjølv om Margrete etter kvart fekk eigen familie med både ungar, kattar, hundar, hestar, kaninar  m.m. trur eg nok Nadja har ein eigen plass i hjertet hennar.
Alle bilda er frå året 1983.
Når eg bladar i gamle album blir eg litt trist fordi tida går så fort, og fordi ein ikkje kan skrue klokka litt tilbake, eller i det minste få den til å gå litt seinare. Men slik er det.
No er ikkje Margrete så gammal at DET er noko å bli deppa av.

Så får vi berre gratulere deg så masse med dagen, Margrete, håper veret er så bra at du kan ta den fjellturen du har tenkt deg i dag!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...