fredag, oktober 31, 2008

Alltid noko å feire !


I dag er det 49 år sidan Nils og eg sette på oss gullringane. Det skjedde på Øygarden i Sunnfjord -no Førde kommune.Vi hadde selskap den kvelden, og så skjedde det noko stort i fjøsen, så vi hamna der i lag med alle dei andre. Grisepurka fekk nemleg ungar, eit stort kull med sprellande "marsipangrisar", som alle levde opp. Det vart teke som eit godt teikn for framtida vår. Og det var det kanskje.
Sidan vi for ein gongs skuld reagerte på datoen, fann vi ut at dette måtte feirast. Blant anna med litt shopping av eit lillastripete orkidé, sidan det snart er advent, og eit skjerf til meg.
Ringane har vi for lengst teke av oss begge to. Fingrane vart for tjukke-eller ringane for små.

onsdag, oktober 29, 2008

Bilde ved soloppgang


I dag var eg ute på altanen og tok desse bilda med det same sola kom. Vi har eit nydelig vinterver, sjølv om det er litt for tidleg.




mandag, oktober 27, 2008

Den første snøen.




I kveld har det snøa heilt ned for første gong denne hausten. Reknar ikkje med at denne snøen vert liggande, men det er no ei påminning om kva som ventar oss. Sjølv har eg ikkje så mykje imot snø, no når eg slepp å ta ut på all slags føre i grålysninga.Det var annleis før. Vi var samde om det på treninga i dag at snø var greitt i desember og januar og kanskje februar.

Eg får vere litt poetisk å seie om snøen slik som det står i eit dikt (om noko heilt anna):"Dette vil ergre de store, men enkelte små vil det more."

søndag, oktober 26, 2008

Rasmus 44 år i dag!




Vi gratu-lerer Rasmus med dagen i dag. Så mange år har gått sidan han kom til verda ein klår og kald haustmorgon i 1964 på sjukehuset på Nordfjordeid.No bur han med familien sin på Kongsberg, litt for langt unna til at vi kan komme på besøk i dag.Men vi feira litt på førehand då vi var der nede for ca ein mnd. sidan.
Eg har alltid problem med å finne bilde av dei vaksne i storfamilien-barna har eg rikelig bilde av. I eit album fann eg eit bilde frå Trovågen frå 1999-det er visst det einaste bildet vi har av oss og "ungane" av relativt ny dato.Så ønsker vi bursdagsbarnet og familien hans ein fin dag!

lørdag, oktober 25, 2008

Gratulerer med dagen!




I dag er det bror min, Svein, som fyller år.


Han vart fødd i 1941-den iskalde krigsvinteren.Eg var berre halvtanna år då eg fekk ein bror, så det hugar eg ikkje noko av, men eg hugsar at eg sat på trappa ovafor huset men Svein låg i vogna og sov. Mykje vatn har rent i havet sidan den tid, og no er vi begge "gamle"- tida har gått så alt for fort!
I dag skal vi feire pensjonisten i lag med barn, svigerbarn og barnebarn. Det er blitt ein bra flokk!
Dessverre har eg ikkje mange bilde av bror min frå seinare år, så eg tek med ein flik av brudebildet og eit frå 60-årsdags-feiringa på Hotel Alexandra.

tirsdag, oktober 21, 2008

Litt etter skjema.

I siste Beat for beat høyrde eg ein song som eg vart heilt forliebt i.
Ikkje berre var melodien var fin, men teksten også, særleg første verset.
I dag gjekk eg inn på You tube og fann songen, som viste seg å vere ein irsk folkesong frå 1700 og den tid. Sjølvsagt! hadde eg nesten sagt. At irsk musikk kling godt i norske øyre, er ikkje noko nytt, heller ikkje at eg oppdagar dei fine songane lenge etter alle andre. Men betre seint enn aldri!

søndag, oktober 19, 2008

Farvel til Blue Rock.




Viss de trur at over-skrifta er ein boktittel e.l., så er det feil.Blue Rock var eit plommetre, men som det står i Bibelen: "Eit tre som ikkje ber god frukt, skal hoggast ned og kastast på elden !" No var det ikkje så mykje å seie på frukta, anna enn at det var lite av den.Og så hindra treet utsikta frå altanen mot rosebeddet.

De ser nok at det ligg mykje lauv på plenen; vi har nemlig ikkje raka. Når resten av lauvet har falle av trea, køyrer vi over med bioklipparen, som maskar det sundt før det går i komposten.Effektivt!

torsdag, oktober 16, 2008

Duftranken blomstrar igjen...og igjen.

Dette er ein fantastisk plante. Han tek seg på tak og kjem med nye blomster gong etter gong.
No har vi bunde den opp med fiske-sen, og håper at han med tid og stunder vil dekke heile vinduet og PARABOLANTENNA.

onsdag, oktober 15, 2008

Varg Veum best på lydbok !

I går kveld skulle vi prøve å sjå denne filmen; vi har sett tre i samme serien før. Verken Nils eller eg forstod kva dei sa, eller rettare sagt mumla, og den svenske tekstinga som eg sette på, omsette ikkje meir enn ca 10.kvar replikk.
Eg har lese boka som lydbok, og sjølv om VV ikkje er min helt, er det tross alt noko anna å høyre Lassse Linthner lese -han behersker alle bergensdialektar frå finbergensk til stril. Det eg likar med bøkene er det "bergenske"--historie og miljø. Sjølve krimhistoriene er heller dårlege.Det bergenske blir heilt bort når VV blir gjort til ein innflytta austlending i Trond Espen Seim sin skikkelse. Som skodespelar burde han greidd å tileigna seg bergensdialekten!!
Dette er mi objektive meining, som eg plar seie. Så kan de meine akkurat kva de vil.
PS: No har eg sett den siste filmen også, den var mykje betre reint teknisk,og vi fekk sjå mykje av Bergen. Med engelsk teksting forstod eg det meste av innhaldet også. Innhaldet i sjølve krimhistoria (Kvinnen i kjøleskapet) skal eg ikkje kommentere. Eg har lese boka.

mandag, oktober 13, 2008

Julelageret veks.


Til all lykke vart eg fort bra att i skuldra og fekk begynne å strikke igjen. Det går framleis i strømper-store strømper til vaksne karar. Dei mindre ventar eg med til slutt. Eg har brukt Regia og Frost-garn. Frost er det tynnaste. Men eg skulle ønske eg fekk tak i Opal, som er det beste lestegarnet eg har vore borte i til denne tid. Kanskje eg kan få tak i det på Eid når vi skal dit den 25.okt. ?
Elles kan eg ikkje strikke så mykje eg VIL, for eg må ta litt omsyn til skuldra -og ikkje minst "sitteknuten".
NB: Eg strikka to par strømper til sambuaren og eitt par til meg sjølv først-før eg begynte på julelageret!

tirsdag, oktober 07, 2008

Ny bok.

No har eg lese ferdig dei islandske krim-bøkene og skal begynne på ei ny bok. Har aldri høyrt om verken boka eller forfattaren, så dette kan bli spennande.
Den er heldigvis på berre 7 CD-ar, så den er over kommelig om eg ikkje skulle like den så godt.
Det er mange kjende norske forfatterar som kjem med nye bøker denne hausten, men dei var ikkje komne på biblioteket enno.

PS: Eg hadde ikkje gått glipp av så mykje om eg ikkje hadde lese denne boka.Etter min smak er den altfor romantisk. Med det meiner er at her er alt for mange eventyrlege tilfeldigheiter, for mange hendingar som går godt når det er heilt håplaust...med andre ord heilt"ukeblad".Men historia fenger, særleg på slutten. Men så sit eg heilt til slutt att som eit spørsmålsteikn.Kva skjedde.....eigentleg.


mandag, oktober 06, 2008

Dress-mann.


I dag har vi vore og shoppa igjen. Nils bestemte seg endelig for å kjøpe seg ny dress på Dressmann; der var det minus 40% på alle varer.Dressen vart eit rimelig kjøp, men så lite som han brukar dress er den sikkert grei nok.
Eg var på Cubus og kjøpte meg ullundertøy med lange ermar og bein i farge ROSA. Skal ha det når eg trenar m.a.(under andre klede!) Det hjelper med ull på kroppen når gikta set inn.
De unnskyldar vel at eg ikkje legg inn bilde ? Miss Piggy- say no more......

Heading.

No har eg endelig funne ut korleis eg skal lage meg høvelig stort bilde til overskrifta. Det er enkelt ! Rekn med at bilda kjem til å skifte ofte. Dette bildet er frå i dag. Eg gikk ut på trappa og sikta mot fjella. Desse fjelltoppane heiter Nivane og som de ser er dei dekte med eit tynt lag med snø. Slik er veret her i dag.
PS: Eg sende sundagsskulebildet frå 1946 til Fjordabladet og tilbaud meg å hjelpe med namn. I dag ringde dei før eg var oppe. Dei hadde prøvd å sende mail, men fått den i retur.Eg forstod det slik at bildet skulle komme i avisa i morgon.Så følg med!

søndag, oktober 05, 2008

Frost og snø.

Fredag var eg i Volda, og sidan eg hadde strikka opp nesten alt Regia-garnet mitt, gikk eg inn på favorittbutikken til Strikkemor(o) for å sjå på utvalet av strømpegarn. Dei hadde valt å satse på EIN sort, nemleg det nye,tynne garnet til Gjestal: FROST. Eg kjøpte tre ulike fargekombinasjonar og såg fram til å strikke sokkar til liten og stor.Garnet var tynnare enn Regia, men eg la opp same masketal som vanleg- ein kvan passar det alltid til-og begynte å strikke. Men kva var det? Jo, det var skuldra igjen!!!No var ho berre vond og nekta å samarbeide. På med gele-salve, ulltrøye og genser! Det er sikkert gikt-relatert,og snøen ligg langt ned i fjella. Det vart ein brå slutt både på sommar og strikking! Ganske irriterande no når eg var så godt i gang med julelageret.

lørdag, oktober 04, 2008

Favorittar.

I dag las eg ut denne boka, mens eg strikka på ein av dei tallause lestene mine.Eg har skrive om denne forfattaren før, og etter denne boka vil eg anbefale han enda varmare . Her er det ikkje fart og spenning som er i fokus, men dei menneskelige tragediane som fører til brotsverk, og som igjen fører til nye tragediar.Det er ikkje berre eg som er hekta på islandsk krim for tida, det får eg høyre når eg er på biblioteket.
Berre fem av bøkene til A I er omsette til norsk, og hadde eg hatt høve til det, ville eg lese dei i "rette" rekkefølgja, som er:
1. Myren
2. Gravstille
3. Røsten
4. Vannet
5. Vinterbyen

torsdag, oktober 02, 2008

Storfangst.

Nils har hatt ute teinene eit par gonger; i går fekk vi ulyste oss på krabbe her heime, i dag hadde vi også litt å gi bort. Dessutan fekk han ein hummar som han skal ha sjølv-eg har hummerallergi, eller intoleranse er vel rettare å seie. Men i eine teina var det også ei kjempemessig sjøstjerne, den største HAN har sett, seier han, og han har sett mange.

onsdag, oktober 01, 2008

Grindagutar.

Då eg gjekk ut av bilen for å late opp-og att grinda ved Kubbe-støylen, fekk eg eit "flash-back" tilbake til barndommen. Då hende det at vi køyrde den uendelig lange vegen frå Eid til Innvik, der besteforeldra mine budde. Det var sjølvsagt kronglete,smale grusvegar over alt og det var ikkje fritt for at vi vart bilsjuke.
På vegen var det også mange grindar som skulle opnast og latast att.Då måtte Svein eller eg ut å gjere den jobben. Viss der ikkje var "grindagutar", då. Det hende at smågutane i lokalmiljøet stilte seg opp ved grindane og venta på at bilane skulle komme. Viss dei opna grinda for oss, var det skikk og bruk å kaste ein 5-øring til dei.Skal tru kor mykje dei kunne tene pr. dag? Det var ikkje akkurat tett mellom bilane i åra rett etter krigen!

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...