onsdag, oktober 15, 2008

Varg Veum best på lydbok !

I går kveld skulle vi prøve å sjå denne filmen; vi har sett tre i samme serien før. Verken Nils eller eg forstod kva dei sa, eller rettare sagt mumla, og den svenske tekstinga som eg sette på, omsette ikkje meir enn ca 10.kvar replikk.
Eg har lese boka som lydbok, og sjølv om VV ikkje er min helt, er det tross alt noko anna å høyre Lassse Linthner lese -han behersker alle bergensdialektar frå finbergensk til stril. Det eg likar med bøkene er det "bergenske"--historie og miljø. Sjølve krimhistoriene er heller dårlege.Det bergenske blir heilt bort når VV blir gjort til ein innflytta austlending i Trond Espen Seim sin skikkelse. Som skodespelar burde han greidd å tileigna seg bergensdialekten!!
Dette er mi objektive meining, som eg plar seie. Så kan de meine akkurat kva de vil.
PS: No har eg sett den siste filmen også, den var mykje betre reint teknisk,og vi fekk sjå mykje av Bergen. Med engelsk teksting forstod eg det meste av innhaldet også. Innhaldet i sjølve krimhistoria (Kvinnen i kjøleskapet) skal eg ikkje kommentere. Eg har lese boka.

4 kommentarer:

solveig sa...

Spesielt i den siste filmen, vert interiøret heilt feil. Det var ikkje slik ein såg det for seg. Filmane er i notid. Men det er tydeleg at filmane fengjer ungdomane, sidan dei kjøper filmane etter kvart som dei kjem ut!
Eg har lese om VV i papirbøker også, men dette les bergenserane best. Frank Krogh meiner eg og les mesterleg!

solveig sa...

Kvifor set du ikkje på norsk tekst. Det gjer eg. Alle snakkar kvar si dialekt, og mange mumlar eller snakkar utydeleg.

Besta sa...

I går kom den engelske teksten "automatisk"-elles var eg ikkje sikker på om eg fekk norsk tekst.....er ikkje så vant til DVD-ar.Skal sette meg betre inn i det til ein annan gong. Men kvifor kan ikkje norske skodespelarar snakke forståelig?

solveig sa...

Eg fekk meg eit lynkurs med Audun i si tid. På vår trykker ein på subtitle-knappen til ønska språk kjem opp.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...