Klokka er 22.20. Temperaturen er + 16 grader. I dag har det vore sid skodde, men stort sett opplett.
Føremiddagen gjekk fort og klokka 14.00 var nesten heile storfamilien samla på Hareid, hos Solveig og Øystein. Dei som mngla kom etter kvart som dei var ferdige på jobb.
Menyen var nydelig kjøtt suppe + diverse dessertar. Alt gjekk ned på høgkant.
Dagen gjekk med til kaffidrikking , prat og fotografering. Det er ikkje ofte det skjer at alle barn, svigerbarn og barnebarn er samla, så det var ein stor dag for oss. Kor mange fødselsdagar som vart feira er usikkert, men vi avgrensa det til alle som hadde fylt år etter påske.No er det pause i bursdagar til november.
I morgon tek Rasmus & Co på heimveg; Nils og eg reiser til Åse.
Viser innlegg med etiketten Gratulasjonar og feiringar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gratulasjonar og feiringar. Vis alle innlegg
onsdag, juli 13, 2016
lørdag, mars 26, 2016
Dagbok 2016: 26.mars
Klokka er 19.05, temperaturen er + 7 grader C. Det er overskya, med regn av og til.
I dag har vi hatt besøk av heile storfamilien, dvs dei som bur her omkring. Eg hadde dekka til 12-men vi vart 13. Trivelig det.
Eg hadde invitert til smørbrød og kaker klokka 15.00, sidan somme har fleire jern i elden. Eg har ikkje bursdag i dag, men vi feira litt på førehand. Gåver fekk eg også. Solveig hadde laga solide gryteklutar, som ho visste eg ønska meg.Eg ønska meg også ei kakeform og den fekk eg-med kake i.
Med Margrete fekk eg blomster til å ha inne og ute. Dei store gutane hadde kjøpt lys, kaffi og serviettar. Ja, det er kjekt å få gåver sjølv om ein har alt ein treng.
Vi vaksne fekk ha storebordet for oss sjølve, mens dei unge fekk plass rundt salongbordet. Erlend som skal begynne på ungdomsskulen til hausten, er den yngste, men må vel reknast blant ungdommane. "Mat og prat" stod på menyen, som vanleg,og det heldt. Alltid mange tema som skal diskuterast.
No har vi rydda opp, fått på oppvaskmaskina, og det som ikkje fekk plass der, vaska eg opp for hand.
Så skal eg slappe av med lydbok og TV resten av kvelden.
torsdag, september 24, 2015
Dagbok 2015: 24.september.
Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er + 12 grader C og det regnar. Tidlegare i dag var det sommartemperatur, ca 19 grader, og opplett.
Etter litt surring her heime, eg rydda litt og strauk litt klede blant anna, tok vi ein tur til Volda.
Nils hadde plukka nokre plommer som Margrete skulle få, og så skulle vi kjøpe noko inne på Janus-utsalet, blant anna. Ja, og så måtte eg ha litt lestegarn. Så mykje fine ullklede til små barn som dei har no for tida. Synd vi ikkje har oldebarn å kjøpe til!Nils kjøpte seg to par sko inne hos Sko-Olsen. Det eine paret var av Ecco sin første modell.
Då vi kom heim åt vi spekemat og potetsalat, og tok ein liten pust i bakken før vi drakk kaffi.
Leigebuaren kom og ringde på; vaskemaskina virka ikkje. Nils var ned-han sjekka pumpa og der låg ein liten metalldings. Ja, ein har gjort diverse erfaringar i årenes løp. Så var sluken tett og han måtte ned og kjøpe noko å ha nedi-ikkje Plumbo, men noko anna. Så no får vi håpe det held ei stund.
Det blei litt stress, men han vart no ferdig før eg skulle i selskap. Eg dusja og vaska håret mens han reparerte.
På "Fru Svendsen" var alle borda dekka, og eg trur vi var 50 gjestar, minst. Det minte meg litt om Wenche Foss som inviterte 100 av sine nærmaste venner. Det var ei kjekk stund med mykje god mat og prat. Eg sat i lag med andre frå Velle så eg hadde no godt selskap. Det var mange taler, så eg sa berre nokre få ord då eg overrekte blomsterbuketten.
Der er ein voldsom akustikk der nede, store rom, og lite tekstilar, så tinnitusen blei litt plagsam. Det er ein bagatell.

søndag, mai 03, 2015
Dagbok 2015: 3.mai
Klokka er snart halv åtte, og eg kom nettopp inn frå altanen, der eg har lege og lese lydbok på solsenga. Det er no knappe 11 plussgrader ute. Det har vore ein strålande dag med sol frå klar himmel, men iskald vind. På altanen vår var det imidlertid varmt og godt.
Søndag for ei veke sidan, vart Amanda døypt, og det var stort selskap på Straumshamn. I dag, på sjølve konfirmasjonsdagen, vart det eit enklare arrangement for vår del. Nils og eg møtte opp i kyrkja i lag med dei andre besteforeldra. Presten som skulle ha vore der, var sjuk, så dei hadde fått tak i ein såkalla "come-back- prest" frå Ørsta, nemleg Rolf Dyrhol. Han klarte oppgåva godt. Det vart ei kort preike ettersom der var berre 8 konfimantar (?).
Vi i familien skulle ete middag i lag på ein ungarsk restaurant i Volda, og vi hadde så god tid at vi køyrde rundt fjorden. Nils og eg fann ut at vi kunne køyre opp i Høydalen, for vi har ofte snakka om at vi aldri har vore der, når vi har køyrt forbi. Heilt typisk for meg er at eg gløymde kamera heime, i dag av alle dagar. Tok eit par bilde med Nils sin mobil.
Etter kvart var vi alle samla i Volda og fekk rykande varm gulasj med brød til, kaffi og bløtkake til dessert. Vi hadde ei koseleg og avslappande stund, noko som eg trur konfirmanten også sette pris på. Margrete har lagt ut bilde både på blogg og FB.
Både Nils og Harald var litt snufsete i dag, og eg har også antydning til kløe i halsen. Har ikkje så lyst å bli forkjøla akkurat no.
No har eg ikkje så mykje på programmet framover, trur eg, med unntak av 90-årsfeiring komande tysdag, og pensjonistmøte den 12.mai. Og så blir det vel eit styremøte før den tid.
Bilde frå Høydalen. Vi tok av frå hovudvegen og køyrde oppover der det stod eit skilt til Høydal skule. Vi køyrde så langt vegen gjekk. Det er eit kraftverk fremst i dalen. Det går også ein veg på andre sida av dalen. Legg merke til gardane som ligg nokså høgt oppe.
søndag, april 26, 2015
Dagbok 2015: 26.april
Klokka er 20.45, temperaturen ute er + 3 grader C. I dag har det vore bygevêr med vekselsvis regn og sludd. Litt trist at det ikkje vart finare vêr på Amanda sin store dag.
Amanda vart i dag døypt i Kilsfjord kyrkje, og alle fire besteforeldra var fadderar. Det var ei roleg gudsteneste, ikkje så livat som då Eirik vart døypt for tre år sidan, men då var det palmesøndag, og meir folk i kyrkja. Morten Bollerud er eit unikum å ha som organist, i løpet avgudstenesta trakterte han både orgel, trekkspel og piano.
Selskapet vart halde på grendahuset, med veldig mykje nydelig mat. Først koldtbord med alle slags gode rettar, og seinare eit gedigent kakebord. Og slike dagar ønsker ein berre at ein hadde betre plass i magen, men det vart sikkert konsumert nok kaloriar.
Dessverre var det ikkje alle som kunne kome av dei som var invitert. Men gjstane talde minst fire generasjonar, den yngste var berre nokre veker gammal.
Etter selskapet køyrde vi rundt fjorden, så Anne Marie fekk sjå padda - blant anna. Vi ville at Tone og Knut skaulle ta turen også, mens Margrete og Lars inviterte naboar etc. til restefest, men det ville dei ikkje. Vi var så vidt komne heim, då kom dei hit, så dei hadde ombestemt seg. Veldig kjekt at dei kom hit til oss, det er mange og tjue år sidan sist dei var her.
Eg hadde ikkje med meg fotoapparat i dag, så de får sjå på Solveig og Margrete sine bloggar etter bilde, og på FB. Eg synest ikkje det er så kjekt når folk fer og knipsar heile tida mens ein er i selskap, så eg avstod frå å vere fotograf i dag.Elles så vart det både song og musikk av den musikalske familien.Det er berre å sjekke FB.
Takk for ein fin dag, Amanda m/fam !
søndag, april 12, 2015
Dagbok 2015: 10.-12.april
Utsikt frå hotellet fredag kveld.
Jubilanten og brørne hennar.
Jubilanten og tantejentene
Yngste oldebarnet og mora.
Nokre av gjestane ved gåvebordet.
Klokka er 18.15; temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya, regnbyger og ganske surt. Vi er nyss heimkomne frå tur, har fått opp varmen i stova og ete eit måltid mat.
Eg hadde med nettbrettet til Solund, men det vart ikkje til at eg skreiv blogg mens eg var der.
I dag reiste vi frå Hardbakke klokka 10.30, etter at vi hadde ete frokost, pakka og rydda romma våre. Vi hadde god tid til ferja som gjekk frå Krakhella 11.30. Leon, Kari og Robert var med samme ferja, men dei køyrde av i Rutledalen, sidan dei skulle til Bergen.Vi måtte vere med til Rysjedalsvika.
Vi køyrde så beine vegen til Lote, nesten utan stopp. Og Loteferja var klar 5 minutt etterpå, og så rakk vi Folkestadferja ein time seinare. Radigare kan det ikkje gå. Eg stemmer for at denne vegen blir E 39.Ingen problem med ferjer -berre dei går. Elektriske ferjer er fint, særleg på korte strekningar. Eg har no lært at dei store ferjene mellom Lavik og Oppedal brukar for 150 kr i straum over fjorden. Men det er ei anna sak.
Litt meir om turen:
Fredag klokka 14.00 reiste vi frå Volda. Vi var framme i Rysjedalsvika i 18-tida, så vi hadde god tid å ete nistemat før ferja kom- den gjekk klokka 19. Det tok ein time over til Krakhella sidan vi var innom både Rutledalen og Losna. Så var det 2-3 mil å køyre til Hardbakke, der vi hadde bestilt rom på hotellet som tidlegare var pensjonat for framhaldskuleelevar. Hotellet var fint oppussa sidan sist vi var der, romma var fine, med gode senger og fine møblar. Sidan dette hotellet blir drive etter "rorbuprinsippet"-serverer dei ikkje frokost. Men vi hadde kjøkkenkrok med kokeplater, mikrobølgeomn, kjøleskap og vask. Og mat hadde vi med oss. Det vart til at vi åt på Nils og mitt rom, så slapp jentene å rote til sitt .
Laurdag før middag, var Nils av stad og fann kjentfolk å prate med. Sjølve den spreke 80-åringen som vi var komne for å feire, kom oppom hotellet så vi fekk treffe henne før "festen".
Selskapet begynte klokka 14.00. Vi fekk god middag med kaffi og kaker ei stund etterpå. Det var veldig kjekt å treffe att slekta, det var ganske lenge sidan vi har sett dei fleste av dei. Anne Marie hadde invitert brørne sine med koner, alle tre barna med ektemakar; nesten alle barnebarna kom og dessutan sju av dei åtte oldebarna. Den yngste gjesten var berre 3 veker gammal og heilt nydelig.Solveig og Margrete var dei einaste av tantebarna som var der, dei andre bur stort sett nærmare.
Etter at selskapet formelt var slutt var nokre av oss opp til Tone, der vi fekk enda eit måltid i form av gryterett med brød og salat, så vi gjekk ikkje svoltne til sengs.
No vil eg takke alle for ei triveleg feiring.
Og så vil vi gratulere Anne Marie med 80- årsdagen, som eigentleg er i dag. Ho vart fødd på samme dato som mor si, så dei har feira mange dagar i lag.
Desse bilda tok eg frå området rundt hotellet ved avreise i dag. Då var vêret fint, men det varte ikkje lenge:
NB: Vil berre presisere at Nils ikkje er frå Hardbakke, men frå ei øy lenger ute. Skal vi ut dit må vi ta enda ei ferje. Det vart ikkje denne gongen.
lørdag, november 15, 2014
Dagbok 2014: 15.november.
Nils og døtrene, Solveig og Margrete.
Nils og Erlend. Erlend fyller også år i november, så vi feira han også i dag.Han blir 11 år.
Audun, Eirik, Erlend og Nils.
Olaug, Nils og Amanda.
Klokka er snart 19.30, temperaturen er + 6 grader C og det har vore ganske fint vêr i dag også.
Eg brukte det meste av føremiddagen til å lage i stand til selskapet. Gjestane kom i 13-tida, og då var vi klar til å ete middag. Vi må begynne litt tidlig om vi skal få tid til både middag og kaffi.
Menyen er den samme kvart år når vi feirer Nils: pinnekjøt, pølser etc. I dag hadde vi ikkje dessert, men kakebord ei stund etter middagen. Og som vanlig laga eg til rikelig. Vi vart ikkje så mange som eg trudde, eg hadde gløymt at Øystein var i Oslo, og Einar kom først seinare, derfor er han ikkje med på bilda.
No har vi rydda og vaska opp, så blir det vel å benke seg framfor TV-apparatet.
søndag, oktober 26, 2014
Dagbok 2014: 26.oktober
Klokka er snart 23.30, temperaturen ute ca 10 grader C og det har vore bra ver i dag også. Litt sol, litt regn og litt vind. Ingar og eg gikk ein tur i nærområdet før middag og var ute ca ein time. Elles gikk ein del av dagen med til å førebu festen, eller familieselskapet er vel rettare. Gjestane var foreldra til Wenche og Cato med familie, i tillegg til oss.
Det var Wenche som styrte med maten, og den var god. Vi fekk nydelig viltgryte med ris og masse grønsaker. Så var det kaker og kaffi etterpå, og kakebordet var heilt sunnmørsk. Eivind og Vebjørn har lagt seg og søv sikkert no, men Ingar haddese ein god middagslur før gjestane kom.
Og vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin dag.
Dei vaksne gjestane. Dei som manglar på bildet er vertskapet og fotografen.Nils sit saman med Arne, faren til Wencke. Sigrid, mor til Wenche sit ved bordenden, og Cato og Karin til høgre. Cato err broren til Wenche.
Og her er "gutabordet". Gutane er i alderen 4-19 år. Ingen småjenter i familien.

fredag, mars 28, 2014
Dagbok 2014: 28.mars
Klokka er snart 18.00. Sola skin og det er nydelig vêr ute, men det var litt treigt før det klårna opp i dag.
Temperaturen ute er no +11 grader C.
I dag har vi feira 74 -årsdagen min. Eg er i grunnen ikkje så glad i å feire meg sjølv, men når gjestane kjem på eige initiativ, synest eg det er veldig kjekt.
Bodil og Svein kom til lunsj , som avtalt, Solveig og Olaug kom overraskande, og Margrete og Svein kom innom på veg til Kristiansund, der dei skal vere publikum på UKM -sidan Eirik og "Lommerosk" skal delta.
Det blei eit relativt rotete "festbord", men det er slik eg likar det: Ta det som vi har det !
Mange fine gåver har eg fått, nokre er alt tekne i bruk. Bodil kom med tre rosebukettar som eg miksa litt, Solveig med potteplantar, dette i tillegg til andre gåver. Det er liksom ikkje måte på ! Elles fekk eg telefon frå Ingeborg i Kristiansand og frå Ellen Marie og Anne Marie. For ikkje å snakke om alle helsingar på mobil og FB, skulle tru eg var 80. Minst. Men slik er det i vår digitale verd- ein har fleire venner enn ein veit om.
No er eg sterkt frista til å ta meg ein tur ut for å nyte dei siste solstrålane i dag.

søndag, januar 19, 2014
Dagbok 2014: 19.januar
Klokka er snart halv ni og det er ei stund sidan vi kom att frå Hareid, der vi har vore det meste av dagen. Ute er det + 3 grader og opphaldsvêr. Det er vel ikke så mange stader i landet dei har det så bra som vi, akkurat no.
Håkon fylte 20 år i går, og i dag var vi samla på Hareid til mykje god mat og god prat.Sjølv om ikkje heile storfamilien var til stades, så var vi mange rundt ei stor gryte det nydelig suppe med kjøt, kjøttbollar og grønnsaker.
Etter suppa var det dessert og kaffi, og etter eit par timars "faste" vart det brød , pålegg og ei nydelig marsipankake som lisjesysta Olaug hadde pynta. Eg trudde først det var Solveig som var meisteren for kunstverket, men akkurat kakepynting er ikkje hennar bord, akkurat der er ho lik mor si.
Erlend underheldt oss med litt pianospel,elles er ungane etter kvart meir og mindre vaksne og styrer seg sjølve.
Det er tradisjon å knuse peparkakehus på Håkon sin fødselsdag, og Olaug henta fram hammaren og knuste minst eitt av dei flotte husa ho laga før jul. Hadde det vore opp til meg hadde det blitt pakka vekk til neste jul. Eg har laga eitt einaste peparkakehus i mitt liv, og det var eitt mareritt.
Det som har hendt i Lærdal i helga er tragisk, men heldigvis miste ingen livet. I 2006 var vi ein tur til Kongsberg i mai, og på heimvegen stoppa vi i Lærdal, der eg gikk rundt og fotograferte dei gamle husa. Det var midt i syrinblomstringa, hugsar eg. Fekk lyst å leite opp bilda no.
Dersom eg ikkje tek heilt feil, fyller Øyvind på Eid 21år i dag. Vi gratulerer!
19.januar 1902 vart onkelen min, Matias, fødd. Han døde i desember 1986.
lørdag, november 16, 2013
Dagbok 2013: 16.november.
Klokka er 20.00, temperaturen ute ca + 8 grader C og akkurat no er det stilt. Elles har det regna og blæse i heile dag. Minte litt om jula for snart to år sidan.
I dag var det to som skulle feirast, nemlig Nils og barnebarnet Erlend som blir 10 år den 24. i denne månaden. Det vanka gåver til begge to. Erlend hadde ønska seg eit skjerf, og det hadde Solveig kjøpt. Skjerfet fall i smak, og han har allereie funne eit par måtar å knyte det på.
Nils ønsker ser ingen ting, men fekk mellom anna ei maskin til å male kaffi på, kaffien bli så mykje betre då-i følge Solveig.
Elles så varta vi opp med full julemiddag med pinnekjøt, julepølser rabbestappe etc. Pluss eit par dessertar.
Vi vart såpass mette at det ikkje vart så stas med kaker som det ville ha vore om vi var svoltnare. Den eine kaka bar eg rett i frysaren.
Det var så fælt vêr at eg tykte det var ekkelt at Solveig skulle køyre utover, men ho er vel heime for lengst. Det var berre ho og dei to yngste som kunne komme i dag. Eirik skulle delta på "Battle of the bands" på Kaihuset her i Ørsta, så Margrete og dei andre to vart med han dit. Eg har fått rydda opp i huset, så no skal eg sløve framfor TV-en resten av kvelden.
Olaug og Håkon.
Amanda og Eirik.
Solveig.
Kransekake med vitsar er eit must. I dag likna kaka mest av alt på det skeive tårnet i Pisa. Men den smakte godt. Kjøpt på Coop i Ørsta.
De har kanskje lagt merke til at her ikkje er bilde av Margrete og meg. Det er heilt tilfeldig.
fredag, november 15, 2013
Dagbok 2013: 15.november
Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 9 grader C, og eg treng vel knapt å fortelle at det regnar. Det fossar ned.Vi er heldige som bur oppe i høgda og har tett tak.
I dag føremiddag gjorde eg klart det eg skal servere i morgon. Så var eg ein tur på kafe i lag med kollegaveninner. Den yngste i flokken fyller 60 år i dag og er framleis i arbeid. Dei to eldste er over 80 år. Aldersskilnaden har ingen ting å seie, vi har alltid så mykje å prate om. Vi hadde bestilt bord på Fugl Føniks, der er ofte veldig fullt.
Etter veninnetreffet var vi så vidt innom Amfi, før vi reiste heim att. Då var det nesten mørkt ute, men det har vel mykje med vêret å gjere. I fjor på denne tid hadde vi sol og fint vêr heile tida.
Nils kokte lange til middag, og så slappa vi av litt før det vart kaffi. No blir det vel TV resten av kvelden. Eg plar aldri sjå TV på dagtid, men har fått med meg at Magnus Karlsen har vunne i dag. Eg har no spela sjakk ein gong i tida, men hugsar knapt nok reglane, så eg bryr meg ikkje om å sjå det på TV. Kvar sine interesser.
Så håper eg at alle får ei god helg og at det ikkje skjer ulykker i styggevêret.

søndag, juli 14, 2013
Dagbok 2013: 14.juli
Klokka er snart 21.00, og Nils og eg er attkomne frå Hareid. Rasmus med fam.blei litt lenger. Vêret er ikkje noko å skryte av, det har regna det meste av dagen. Temperaturen ute er no + 10 grader C. Men kva gjer det om vêret er dårlig når ein er mange samla inne, og alle barn og barnebarn på samme stad, for ein gongs skuld.
Vi feira først og fremst Solveig sin 50-årsdag, men også alle dei andre som har hatt fødselsdag i det siste. Dessutan er 14.juli Wenche og Rasmus sin bryllaupsdag, dei gifta seg på Mauritius i året 2000. Mamma sin bursdag er det også, eg gløymer ikkje det, sjølv om det er mange år sidan ho døde.Og til alt overmål: Margrete vart døypt på mamma sin fødselsdag i 1968. Då var mamma 64 år.
Solveig og familie hadde laga til mykje god mat, og Solveig hadde spandert av dei rosa peonane sine til pynt. Til middag fekk vi nydelig kjøttsuppe + stort dessertbord med heimelaga karamellpudding, bær i krydderlake og hermetisk frukt. Pluss is, sjølvsagt. Trur alle fann noko dei likte.
Seinare var det kakebord med mange kaker, men også ost og kjeks. Ingen trong reise svoltne heim.
For at det ikkje skulle bli for mykje knipsing la eg att kamera heime, og let dei andre ta bilde, så eg blir nok nøydd til å låne med døtrene.
I morgon kjem Margrete og ungane hit ein tur, og tysdag reiser Rasmus &Co tilbake til Hunderfossen, der dei har sett frå seg campingvogna.
Vi takkar Solveig og familien for ein fin sundag!

Her er alle barnebarna samla. Alderen spenner frå 3 år til 26.
torsdag, mars 28, 2013
Dagbok 2013: 28.mars.
Klokka er 23.30. Temperaturen ute er minus 2,5 grader C. Og så vidt eg kan sjå er det delvis skya, såg i alle fall månen bak ei sky. Korleis veêret har vore her i Ørsta i dag, kan eg ikkje uttale meg om, for vi har vore på Hareid det meste av dagen. Då vi kom heim att i halv ni-tida såg det ut som det hadde kome litt snø mens vi var vekke. På Hareid var vêret delvis skya, med litt sol inni mellom.
Det var Solveig sin ide at vi skulle kombinere påsketreff og bursdag. Ho stilte med herlig lammelår til middag pluss diverse dessertar. Mitt bidrag var tre kaker. Som alle forstår er det skikkelige etegilde når familien vår samlast. Det er greitt for alle-med unntak av meg. Vi prøvde alle å ta bilde med mitt kamera, men ikkje så mange av bilda vart vellykka. Det vart også tatt bilde av bursdagsbarnet, mykje mot min vilje. Eg vil gjerne halde på illusjonen om at eg framleis ser ung ut-der er grenser for kor mange eg klarer å lure utanom meg sjølv.
I alle fall var det kjekt å treffe alle ungdommane i huset, det er ikkje så ofte vi ser dei. Audun reiser tilbake til Oslo i morgon. Han er snart ferdig med 4 av5 studieår. Einar var berre så vidt innom, han var på jobb i dag.
Då vi kom heim vart det ikkkje så mykje tid med dataen før eg måtte sjå andre og siste episode av krimmen frå i går. Likte betre andre episode enn den første.
Takk til alle som var med på å gjere bursdagen min til ein god og hyggelig dag. Får veldig mange helsingar på FB, og det er kjekt. Andre har ringt eller sendt sms. Dei som ev.har ringt og ikkje fått svar, får ta det att ein annan dag.Vi har ingen spesifikke planar, men vi kjem no til å komme oss ut litt om vêret er bra.

Fortsatt GOD PÅSKE
torsdag, oktober 25, 2012
Vêrmelding 25.oktober - 2012
Klokka er no ca 19.45. Ute snøar det og temperaturen er 0 grader C. Riktig eit ønskevêr ?
På bildet over kan de sjå synet som møtte oss i dag tidlig då vi stod opp. Fint er det saktens med rein, kvit snø, men ikkje fullt så tidlig på hausten! Ikkje for det, eg kan hugse at det mange gonger har kome snø den 25.oktober-som er fødselsdagen til bror min. Og eg kan hugse eit par gonger då snøen har kome på den dagen og lagt like til våren.Vil berre muntre lesarane opp litt.
Ut på ettermiddagen skein det opp og sola kom fram, men det var berre lureri, for straks etter fauk snøen kring novene.
Eg brukte føremiddagen til diverse husarbeid, og laga tidlig middag. Eg likar å finne på "nye" rettar av ting som eg finn i skuffer og skap. I dag ønska Nils seg "Pasta Carbonara "- ein rett som eg lagar av posesaus og skinkeboks, såkalla nødproviant. Men så hadde eg ikkje Carbonarasaus, og ikkje fløte og ikkje bacon. Løysinga vart ein pose med Bali kyllingsaus, ein boks skinke og ein liten boks ananas. Og godt vart det. Eg brukar sjølvsagt berre GROV spaghetti. Litt sunt må det vere.
Margrete køyrde Amanda på ballettskulen i dag, og kom oppom mens jenta dansa. Då fekk eg brukt det nye vaffeljernet mitt.
Amanda skulle spele på elevkonserten i Volda-kyrkja i dag, så dei for rett dit. Vi kom etter litt seinare. Alle var på plass med unntak av dei to eldste søskena, både foreldra og fire besteforeldre var der for å høyre Amanda spele "Blott en dag" solo på kornett. Det gjorde ho heilt perfekt-som alltid.
Minstebroren vart lei ganske snart, så han forkynte: "Eg trur eg søve meg gjennom det!" Dermed bikka han over og sov. Han har måtta vere med på eit utal konsertar og ballettframsyningar opp gjennom åra, så det er fare for at han sjølv verken kjem til å spele eller danse. Eg synest alltid det er kjekt å vere på desse konsertane, men det hadde vel ikkje blitt til at vi hadde gått om ikkje vi hadde nokon som verna oss til.
I dag fyller den einaste broren min 71 år og vi gratulerer så mykje ! Det var stor feiring i fjor, så det har vel vore enklare i år når det ikkje er jubileum.Håper det har vore ein fin dag likevel.Gratulerer, Svein!

fredag, juli 27, 2012
Vêrmelding 27.juli - 2011
Klokka er 22.15. Ute er det skodde og regn og +13 grader C.
På føremiddagen var det tilløp til sol og finever.
Vi reiste utover til Hareid i 12-tida og etter kvart kom også Margrete og Ingeborg.
På Hareid var heile familien heime i dag, heilt til Olaug reiste med nattbussen til Oslo og Norway Cup.
Solveig insisterte på å lage til Gullbryllaupsfest heime hos seg, og slik vart det. Menyen var rømmegraut og spekemat til første måltidet, kaker og kaffi seinare. Kakene hadde eg med frå Ørsta.
Vi hadde også eit ostefat, noko som eg synest er VEL så godt som kaker. Dei som vil vite meir om selskapet, kan frekventere bloggen til Solveig.
Margrete måtte forlate selskapet før oss, så vi tok med Ingeborg til Volda, der vi fekk treffe Ruth og Harald også.
No fyrer Nils i omnen i staden for å sette på varmepumpa, og kvelden er enno ung.
I morgon begynner naturfestivalen her i Ø. og varer ei veke. Då blir det vel Saudehornet rett opp neste helg. Og i all den snøen som ligg der enno!

søndag, juni 24, 2012
Vêrmelding 24.juni - 2012
Klokka har passert 21.30, men det er lyse dagen ute. Sola skin ikkje akkurat her vi bur, men mange andre stader. Det er lettskya og + 19 grader C.
Mesteparten av dagen har vi vore på Hareid, fór herifrå i 12-tida og er nyss heimkomne.
Kor mange fødselsdagar vi feira i dag er eg litt usikker på, men på sjølve dagen i dag fyller Einar 25 år. Han måtte imidlertid på jobb i Ålesund. Når ein jobbar som sportsjournalist for det meste er det smått med helgefri. Øystein har no feira 50-årsdagen sin i fleire dagar, og det var vel han som var hovudpersonen i dag også. Eit artig samantreff er at Einar er 25, Øystein 50 og Nils 75 år -i alle fall ei stund.
Vi fekk sjølvsagt mykje god mat, og ingen hadde problem med appetitten det eg kunne sjå. Vi damene og dei minste barna heldt oss heime, mens mannfolka var på fotballkamp i Ulsteinvik eit par timar.
Bilda eg tok er nokså tilfeldige, men reknar med at dei andre bloggerane har vore litt meir målretta.
Vi takkar vertskapet for ein koselig dag.Søskenbarna Eirik og Håkon.
Amanda hadde på seg den nye sommarhatten sin.
lørdag, juni 02, 2012
Vêrmelding 2.junu - 2012
Klokka er 23.00. Det er overskya, og litt regn av og til. Temperaturen er + 7 grader C.
I dag har vi vore til Stryn og feira to fødselsdagar under eitt. Vi tok 12.45-ferja frå Volda og stakk innom Margrete på turen.Var framme i Hokelstegen ca 14.30. Der vart det etter kvart ein stor flokk med slekt, somme hadde eg ikkje sett på 10 år, andre var det enda lenger sidan eg hadde møtt. Deilig koldtbord først, og kaffi og kaker seinare. Alle 8 barnebarna var der, det var no ekstra stas. Ein får ikkje snakka så mykje med kvar når ein er så mange, men kjekt var det i alle fall. Takk for ein fin dag til Lise og Kjell.
Alle tre bilda over er tatt frå same posisjon i det vi skal fare.
Vi hadde tenkt å ta ferja klokka 22 frå Folkestad, men då vi var komne vel inn i bilen fann vi ut at ferja gikk klokka 21.20 og klokka 22.20. Den første hadde vi ikkje sjanse til å nå, og alt for god tid til den neste. Vi hadde ei gammal ferjerute i bilen og fann ut at der gikk ferje frå Leknes til Sæbø klokka 22.15. Dermed bar det opp Hornindalen og ned att Nordangsdalen.Ein fin tur for så vidt. Fem på ti var vi på Leknes-og der kom ferja med ein gong! Eg hadde sett feil i ruta enda ein gong, men denne gongen var det til vår fordel.
Vegen som svingar seg bortover til venstre går inn i holet i fjellet og kjem ut att på Kalvatn. I dag såg er fordelen med Kvivsvegen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 26.oktober
På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...