Klokka er 22.15. Ute er det skodde og regn og +13 grader C.
På føremiddagen var det tilløp til sol og finever.
Vi reiste utover til Hareid i 12-tida og etter kvart kom også Margrete og Ingeborg.
På Hareid var heile familien heime i dag, heilt til Olaug reiste med nattbussen til Oslo og Norway Cup.
Solveig insisterte på å lage til Gullbryllaupsfest heime hos seg, og slik vart det. Menyen var rømmegraut og spekemat til første måltidet, kaker og kaffi seinare. Kakene hadde eg med frå Ørsta.
Vi hadde også eit ostefat, noko som eg synest er VEL så godt som kaker. Dei som vil vite meir om selskapet, kan frekventere bloggen til Solveig.
Margrete måtte forlate selskapet før oss, så vi tok med Ingeborg til Volda, der vi fekk treffe Ruth og Harald også.
No fyrer Nils i omnen i staden for å sette på varmepumpa, og kvelden er enno ung.
I morgon begynner naturfestivalen her i Ø. og varer ei veke. Då blir det vel Saudehornet rett opp neste helg. Og i all den snøen som ligg der enno!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 9.november
Klokka erno19.37, temperaturen ute er + 6 grader og eg trur det regnar. I dag har det vore ein litt annleis dag, og det er no kjekt med for...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar