tirsdag, juni 30, 2026
Dagbok 2026: 30.juni
mandag, juni 29, 2026
Dagbok 2026:29. juni
Klokka er no 17.40. Temperaturen ute på trappa er +14 grader og det har nettopp vore ei regnbyge.
Eg sat inne i stova med varmepumpa på og fraus. Ja, eg har ullgenser på meg no, det hadde eg ikkje før i dag.
Eg håpte å få gjort noko ute i hagen i dag, og litt fekk eg no gjort men ikkje det eg hadde tenkt. Eg starta fint opp med kantklipparen ,og det var ei fryd i ca 3 minutt, då vart det stopp. Kva som hende veit eg ikkje, men der var ikkje sen etter nokre få minutt. Eg prøvde sjølv å sette inn batteriet på plenklipparen og det står fint og stødig men det skjer ikkje nok om eg trykker på knappane. Eg trudde eg skulle finne nokon som kunne hjelpe meg i dag-men alle er visst borte vekk.
Eg fekk ikkje gjort det eg skulle, men litt vart det no gjort i dag også-
Eg såg at ei av naboane sat ute, og sidan eg ikkje har snakka med henne på veldig lenge , gjekk eg opp til henne. Ho var ute og stelte i hagen, og er det nokon som har fin hage så er det dei. Før i tida hadde vi mykje omgang med naboane, vi brukte i alle fall å samlast på vegen og prate, men vi gjekk no til kvarandre også. Eg trur ho sette pris på å få prate litt, eg gjorde i alle fall det.
Etter å ha vore inne og varma meg opp att jobba eg nede i hagen, og det gjekk bra , men så begynte det å regne, og no sit eg her på datarommet med el-omnen på fullt. Det regnar ikkje lenger, men eg kjem ikkje til å gå ut meir i dag.
Eg får bilde og historier frå dei som er på tur, dei har det fint og kjekt, men eg misunner dei ikkje------ anna enn veret kanskje. No skal eg lage meg ein kaffikopp med noko attåt. Telefonen ligg på ladding, så det kan bli eit bilde seinare.
søndag, juni 28, 2026
Dagbok 2026: 28.juni
Klokka er no 17.27 , temperaturen ute er + 21 grader C, det er ein del skyer, men også sol innimellom..Det var ikje så fint tidlegare i dag, men då det skein opp på ettermiddagen, tok eg ein tur på Vernet, det er ei stund sidan eg var der sist.
Eg fann ikkje på noko som var kjekt her heime, kan ikkje rote så mykje i hagen på søndagar synest eg. Men eg er litt hjelpelaus for tida, for han som brukar å hjelpe meg med t-d- plenklipparen, han har reist på ferie.Og alle "mine" er også ute og reiser. Og det må dei no få lov til.
Eg var så trøtt på føremiddagen at eg sovna i stolen erc. Så det gjorde seg med ein tur på Vernet i dag. Det kom litt regn ei stund, men det slutta no også. Eg gav meg god tid på Vernet og sat på alle benkane.
På den siste benken har eg utsikt over heile Ørsta, eg hkan sjå løda vår på Melle og eg kan sjå EIK.senteret til dømes og heile mosmarka som er bebygt i vår tid her.
lørdag, juni 27, 2026
Dagbok 2026:27.juni
Temperaturen på tappa er +18 graderC no.Eg har vore oppe hos Marit ei stund , sett litt TV, drukke kaffi og prata. Ho var også ålene heime i kveld.
Eg er ikkje så fornøgd med det eg har gjort i dag. Det begynte bra, etter å ha rydda litt rundtomkring kom naboen ut og begynte å klippe plen. Då henta eg min klippar og han hjelpte meg litt med å komme i gang. Eg klipte heile plenen nedanfor huset, men så var der ikkje meir kraft igjen i klipparen, så det var berre å ta ut batteriet og sette det på ladding. Det tok tid, lang tid, og då eg endeleg fekk sett det på plass igjen, fekk eg ikkje start på motoren. Det er heilt sikkert mi eiga skuld, det er vel noko eg ikkje kan. Så det vart ikkje meir klipping i dag. Denne nye klipparen er heilt annleis enn dei eg har hatt før, så eg er litt hjelpelaus. Men med tid og stunder lærer eg vel dette også. Det er alltid ein kven som kan hjelpe.
Elles har eg vore inne og sett TV etc. Og no i kveld har eg vore oppe hos Marit, ho var også åleine heime i kveld. I går kveld såg eg forballkampen mellom Norge og Frankrike, men den var skuffande, og Frankrike vann 4-1 trur eg det var. Eg hadde no trua på at Norge skulle ta seieren,Eg veit ikkje om der er fotballkamp på TV i kveld, så då får eg sjå noko anna. No skal eg først av alt lage meg litt god mat.
Eg ønsker alle god helg, både dei av familien som er langt borte g dei som er nær. Her slepp vi i alle fall å bli overoppheta.
fredag, juni 26, 2026
Dagbok 2026: 26-juni
Klokka er no 22. 15 . Ute er det overskya og skodde og temperaturen er +14 graderC, ikkje mykje sol her nei. Eg har vore inne det meste av dagen, og gjort minimalt. Men ein ting har eg gjort, eg har klipt garasjeplenen med den nye klipparen. Og det gjekk heilt fint, og det gjekk fort- for klipparen bestemte farten. Eg vil ikkje klippe meir før det blir litt tørrare i graset.
Eg fekk eit lite besøk også , det var Amanda og Martin som kom og skulle hente Erlend, og så hadde dei med seg den nyaste hunden, som heiter Bjarne. Eg likar så godt desse hundane til Margrete og Amanda, dei kjem eigentleg frå Eid.
Då dei reiste gjekk eg opp til Marit for no vart ho åleine ei stund. No har eg tenkt å ete litt og så skal eg sjå fotballkampen på TV i kveld. Ja, eg garanterer ikkje at eg ser heile,men eg sov litt på dagtid så eg greier vel å halde meg våken.
Eg har fått bilde og tekst frå Margrete , ho og Svein er på Madeira. Rasmus er visst ikkje langt unna, men eg er ikkje heilt oppdatert. No må eg skunde meg å ete, så eg blir i form til å sjå fotball.
torsdag, juni 25, 2026
Dagbok 2026: 25. juni
Klokka er no19.25, temperaturen ute er Det har vore overskya i heile dag og så har det vel regna innimellom. Ikkje veit eg så mykje om det, eg har vore inne nesten heile dagen. Eg har ikkje gjort så mykje heller , har ikkje så mykje energi nå veret er slik. Eg har no prøvd å gjere litt husarbeid, men det vart ikkje så mykje. Ein ting gjorde eg, eg laga blomkålsuppe til middag enda eg er her åleine. Suppa var god og så spanderte eg nokre svenske kjøttbollar til så vart det heilt herskapeleg. Eg eg ikkje så flink til å lage middag når det berre er til meg sjølv. Så måtte eg no også kvile etterpå. Men då vart veret så pass at eg fekk lyst ut og jobbe i hagen.
No var kantklipparen klar, så eg gjekk laus og klipte ytste delen av skråninga. Det var litt av ein jobb for der var mykje gras og så er der diverse vekster å ta vare på, små bærbusker til dømes. Eg fekk no gjort litt i alle fall, og då eg var ferdig å klippe var det slutt på sena, det må vel finnast meir ein stad. Eg får høyre med Erlend. Eg trudde han hadde flytta over fjorden, med no trur eg han er her.
Eg fekk no vist fram den nye klipparen til ein av naboane, men det vart ikkje prøvekøyring for han var på veg ein annan stad.
Mange reiser på ferie no, men eg synest det er like bra for meg å vere heime, men eg kunne tenkt meg litt betre ver.Men vi slepp i alle fall å bli steikt av sola.
onsdag, juni 24, 2026
Dagbok 2026: 24.juni
På bildet over ser de inn i garasjen min der den nye klipparen står. Eg har enno ikkje tatt den i bruk, trur eg må ha litt hjelp til å begynne med. Ved sidan av står kantklipparen som eg har hatt nokre år. Øystein sette sen i den i går, så den er klar til bruk. Så får eg berre håpe at det blir høveleg ver til å jobbe litt ute.
I dag har eg ikkje jobba ute, men eg har gjort aldri så lite inne. Eg har tatt det som eg kallar fredagsvask uansett dag. Men det var så vidt eg kom i mål for ryggen min er aldeles plagsom for tida.
Det er ikkje så mykje eg har fått gjort siste dagane, men eg håper på at eg kan bli meir arbeidsfør etter kvart.
Rasmus med familie er på ferie i sydlege strøk. Margrete og Svein var på Brummunddal sist eg høyrde frå dei, og Erlend reiste vel inn for å passe hundar i lag med Amanda.Men han kjem att før neste helg, for då skal han på spelejobb. Solveig og Øystein reiser på ferie i morgon.
Eg har ikkje vore lenger enn opp til Marit i dag, men der fekk vi no prata ein god del i alle fall.
No skal eg snart lage meg litt god mat, og så blir det vel TV- I går kveld sat eg og venta på fotball, men då dei først kom på bana var klokka neste 1, så eg gad ikkje å sjå så lenge.
I dag fyller Einar 39 år. Han er den eldste av barnebarna mine. Han jobbar i Oslo for tida, men han kjem heim att til Sunnmørsposten i Ålesund når det lid på. To andre av barnebarna mine bur i Oslo - Audun og Ingeborg. Håper å sjå dei her i løpet av sommaren.
Eg er ikkje lei for at eg ikkje kan reise på ferie, eg trivst best heime no-i min alder. Men eg minnest med glede alle kjekke sommarferiar , først med heile familien, seinare berre Nils og eg. Vi reiste heile landet frå Lindesnes til Nordkapp. Og så var vi på telt-turar til Danmark, Tyskland og Sverige den tida vi hadde barna med. Mykje kjekt å tenkje tilbake på.Mange gode minne.
tirsdag, juni 23, 2026
Dagbok 2026: 23-april
No er klokka 17.42 og eg har sete i timesvis framfor TV fordi eg skulle sjå ein fotballkamp. Norge hadde vunne ein kamp i går og no skulle dei vel gjere det like bra i dag- Eg er ikkje særleg interessert i fotball ., men eg tenkte det kunne vere kjekt om Norge kunne bli verdensmester, så det ville eg sjå. Eg venta og venta, men enno er ikkje kampen begynt, og eg har kasta vekk mykje tid på å vente--vente på at Norge skal bli verdensmester-kanskje?
No har eg endeleg forstått at det ikkje begynner så tidleg-
Apropos tidleg så var eg relativt tidleg oppe i dag, for Solveig og Øystein skulle komme ein tur, og då skulle dei mellom anna kjøpe ny plenklippar til meg, sidan den gamle sprakk. Vi diskuterte litt kva slags klipper vi skulle kjøpe , men vi hamna på "Best i test" Rasmus tipsa oss om den-Eg var ikkje med på EIK-senteret så det var dei som ordna opp. Klipparen er ikkje slik som den eg hadde før, så eg er litt spent på om eg får til å bruke den. Det kan hende eg må snakke med naboane mine og høyre kva dei seier. Dei brukar å vere veldig hjelpsomme. Øystein fekk også ordna med sen til kantklipparen, og den er eg ikkje redd for å bruke. No ønsker eg meg berre fint ver slik at det går and å vere ute og jobbe i hagen, eg har mykje å ta att.
Rasmus og familien var på veg til Portugal i går, i dag har eg ikkje høyrt frå dei. Men eg ser på TV og ser at det er fryktelig varmt der nede, så då gjeld det berre å vere nær havet.
Solveig og Øystein skulle også reise på tur no. Eg skal ikkje reise nokon stad, eg vil helst vere heime, og om eg berre får att bilen min i god stand skal eg vere fornøgd----- ja, eg ønsker meg no litt sol og fint ver då. Og kanskje ein tur til Sæbø eller andre stader som ikkje er for langt borte. Solveig handla inn matvarer til meg i dag, så svelte skal eg i alle fall ikkje gjere. Eg ser fram til å få rydde meir i hagen, det er slikt arbeid eg likar.
Eg skreiv noko om telefonen min.-det var feil, så eg fjerna det. Telefonen min er i orden,
mandag, juni 22, 2026
Dagbok 2026: 22.juni
Klokka er no 18.53, og temperaturen ute er +18 grader. Det har ikkje vore så fint i dag, regna litt har det også gjort. Eg prøvde å jobbe litt ute på føremiddagen, men det vart ikkje så mykje av det, for alt var så tungvint.
Etter ei stund vart eg lei og gjekk inn og varma opp resten av middagen som eg hadde i går.
Men så begynte det å skje ting, Solveig sende melding om at ho og Øystein skulle komme i morgon og kjøpe ny klippar til meg På EIK-senteret. Rasmus hadde sendt bilde av klipparen dei skulle kjøpe osb. Det var ein som Rasmus hadde foreslått- Så no kom alt på gang, og eg begynte å sjå fram til det som skulle skje; eg hadde vore i tvil om kva eg skulle gjere, men no slepp eg å tenkje på det. Og så kom Erlend heim rett etterpå, han skal få kjøpe sen til kantklipparen-Solveig eller Øystein kan køyre ned. Sånn kan det gå når ein heil familie arbeider på lag.
No ser eg fram til morgondagen og det som skal skje. Og eg skal få jobbe i hagen min igjen. Rasmus og fam. skulle ta fly i dag, dei skulle til Lisboa. Erlend skulle også ut og reise, dei har mange speleoppdrag om sommaren. Eg blir vel gåande her, og det er heilt greit. Så lenge Nils var frisk var vi på mange og lange bilturar, og det er kjekt å tenkje tilbake på.
Øystein hadde forresten fødselsdag i dag. Han er 64 år. Han og Solveig er pensjonistar no. Solveig blir 63 neste månad.
søndag, juni 21, 2026
Dagbok 2026: 21.juni
Naboen klipte plenen min før helga
Klokka er no 18.08,det er opphaldsver, men eg har ikkje vore ute i dag, eg har sete inne heile dagen utan å gjere så mykje, for eg har ikkje vore heilt i form. Eg har hatt ei kjekk tid lenge no;eg har halde på mykje i hagen og det er noko eg likar. Men så skjedde det noko, det sa berre pang! og så var grasklipparen gåen. Eg må vel ha ein ny, men det må eg ha litt hjelp med å kjøpe. Eg har litt låkt i ein fot også, men det har eg no av og til. Eg er framleis utan bil, og eg veit ikkje om dei greier å få i stand den bilen eg hadde og som Rasmus har nede hos seg. Eg nå no seie til meg sjølv at eg er gammal og då kan eg ikkje forvente å vere så sprek, men eg satsar no på å komme i arbeid igjen-her heime altså.
Margrete og Svein reiser på ferie no etter kvart og det gjer vel andre også, men det har ikkje eg planar om. Eg er fornøgd med å feriere her heime, berre eg få styre på i hagen min. Og så reknar eg med at familien kjem på besøk. Det eg er spent på det er om føtene mine fungerer så eg kan gå tur.
I dag har eg laga meg god middag og etterpå vart eg sittande i godstolen framfor TV -og kor lenge eg sat der, veit eg ikkje, men eg trur det var ei god stund , for klokka var blitt 18.
Solveig kjem no ein tur innover i løpet av veka , trur eg, no skal no både ho og Øystein bli pensjonistar, og det blir kjekt for dei, trur eg. Dei har no to barnebarn, og det kan lett bli fleire.
No skal eg lage meg ein kaffikopp og ta fram litt is-og kose meg. Marit er ikkje heilt i form så eg har ikkje henne å drikke kaffi i lag med akkurat no. Men ho blir vel snart bra igjen. Håper eg.
lørdag, juni 20, 2026
Dagbok 2026: 20.juni
Margrete fyller 58 år i dag.
Klokka er no 21.08. Temperaturen ute er +12 graderC.og det er visst opplett. Eg har ikkje følgt så godt med veret i dag, ikkje andre ting heller. Eg har berre gått her åleine og surra heile føremiddagen.
Men så skulle vi feire bursdagen til Margrete på indisk kafè. vi feirer av og til bursdagar der.. Og i dag kunne vi også feire at Margrete hadde fått sommarferie. Vi var ikkje heilt fulltallige, det var Svein som kom og henta meg i bilen sin, Amanda kom åleine i sin bil, det vil seie , ho hadde den nye hunden sin med, han er av samme slekta som den hunden ho har før og med Margrete sine to. Alle er frå Eid frå samme slekt.Denne nye hunden heiter Bjarne, de synest eg var eit artig hundenamn. Gjestane frå Starevegen var Erlend og eg.
Vi fekk god mat på restauranten, som vanleg, etterpå køyrde vi opp til KIVI på Vallabøen, der eg fekk handle litt til helga. Heime hos meg drakk vi kaffi og åt is, slik som vi brukar å gjere nå vi har vore på restaurant. og så var feiringa slutt for i dag. Margrete og Svein skal på ferietur, men eg veit ikkje kva dag dei skulle reise-
Eg har følt på at det var søndag i heile dag, men heldigvis har vi søndagen til gode-
fredag, juni 19, 2026
Dagbok 2026: 19.juni
Klokka er 19.06, temperaturen på trappa er + 20 grader C og det regnar litte grann, men det er sommar-regn .
I dag morgon då eg vakna fekk eg sjokk! Klokka var 10-det har aldri hendt før at eg har sove så lenge. Eg brukar no helst å vakne altfor tidleg. Men OK det får gå for denne gongen.
Tankane mine har siste dagane vore mykje på grasklipparen min, den som eg kjøpte heilt åleine for nokre år sidan. No er eg klar over at den ikkje vil meir, den har ikkje fått så god behandling som den skulle, og det er mi eiga skuld. Så no må den kasserast og eg må få ein annan/ny klippar. Eg diskuterer med naboane mine, og dei er hjelpsomme. Ikkje berre i ord, men også i gjerning-til dømes klipper dei plenane mine her og der. Men eg har no tenkt at eg skal få meg ein ny klippar som eg kan bruke sjølv.
Eg har tenkt så mykje på klipparen at eg var nære på å gløyme at Margrete har fødselsdag i morgon, eg trudde ikkje vi var komne så langt. Litt artig for henne som lærar å ha fødselsdag akkurat nå skulen sluttar til sommaren.Det blir på ein måte dobbel feiring.
Apropos skule så har eg fryda meg i mitt stille sinn over at statsministeren no vil ha skulen tilbake eit steg til tida utan for mykje data etc. Eg sa det den gongen dei innførte datamaskiner for fullt i skulen at det var heilt gale -og det viste seg at eg dessverre hadde rett. Dei kunne ha høyrt på gamle lærarar den gongen, no må dei ta eit steg tilbake.
Ja, eg er no berre glad for at eg har ferie heile året; men eg likar å ha noko å jobbe med. Det er trasig å ikkje kunne strikke til dømes, men det kan no hende eg kan begynne så smått igjen snart, for eg er ikkje så veldig låk i handa lenger.Då gjeld det å ikkje overdrive.
Det var nydelig ute no, ikkje sol men varmt likevel.Tenk at vi snart har brukt opp ein sommarmånad-tida går så altfor fort.
torsdag, juni 18, 2026
Dagbok 2026 18. juni
På føremiddagen var eg oppe hos Marit ei god stund, men eg fekk likevel sjokk då eg såg klokka. Eg har altså vore ute av tida i heile dag, men no håper eg på at eg kjem inn att på RETT TID.
Eg har ikkje gjort særleg mykje fornuftig i dag,men det vart i alle fall ein tur på Vernet då det leid på. Det er ei stund sidan sist eg var der, men i dag vart det litt artig, for eg hadde på førehand tenkt mykje på ei som brukar å gå der, ho er på min alder, men eg har ikkje sett henne på lenge. Eg trudde at ho kanskje ikkje var så sprek lenger, men det er ho og det såg eg då vi møttest. Det var kjekt å sjå henne att like sprek som før.
Det vart litt mat no når eg kom heim att også, men no skal eg ta kveld, sette meg ned og sjå TV, strikke kan eg dessverre ikkje gjere enno, men eg håper på å kunne starte opp att med det om ikkje altfor lenge.
onsdag, juni 17, 2026
Dagbok 2026:17.juni
Elles har eg ikkje gjort anna enn å ete og sjå TV. Det er no fantastisk kva dei har gjort med kronprinsessa, håper berre det går bra. Så såg eg litt fotball, det er eg ikkje så interessert i, men må no følgje litt med.
Eg kunne no ha gått tur på Vernet, men eg er ikkje heilt sikker på venstrefoten min -den har eg hatt nok bry med før, og det vil eg ikke ha om att. Ergo blir eg sittande å sjå TV- i kveld i alle fall. No blir det snart skuleferie, så då reknar eg med å få meir besøk. Og så blir det no nokre fødselsdagar før det blir heilt slutt for denne gong.
tirsdag, juni 16, 2026
Dagbok 2026: 16.juni
Denne dagen har det ikkje hendt så mykje her hos meg, og det kan vere like godt. Eg hadde ingen planar for dagen heller, men etter kvart vart det no litt som hende likevel. Først-etter frokost etc., fann eg ut at eg kunne vaske og rydde her på datarommet mitt.og det var no heilt greit.
Elles har eg jobba aldri så lite i hagen, vatna med slangen t.d. Men mest har eg sete oppe på Platten med Marit i sola . Til sist kom Marit den andre også, så då vart det endå kjekkare, Men då klokka vart 19, måtte vi heim og inn for å få med oss nyheitene.
Når eg snakkar om nyheiter, meiner eg ikkje fotball, men krig og fred etc. Eg synest det er så trist at det skal vere så mykje krig og drap, eg håper kvar dag at det skal bli fred i verda, og i dag trudde eg at Putin hadde lagt ned stridsøksa-men har han det?
Det er nydeleg ute i kveld -med klår himmel - og snart er det jonsok, men det skal vere ein lang sommar etter det, håper eg.Vi får nyte sommaren så godt vi kan.
mandag, juni 15, 2026
Dagbok 2026: 15.juni
Denne dagen har eigentleg vore litt "rotete" for eg hadde ingen spesielle planar, så det vart litt her og litt der, rydda litt i tilbygget, og litt her og der i hagen. Det siste eg gjorde ute var å spyle plenklipperen, men den ville ikkje gå likevel.Elles har eg vaska klede ---ja, eg har no gått her og surra med litt av kvart.
Eg har ikkje snakka med eit einaste menneske i heile dag, men eg "pratar" no her på FB. i
I dag fyller Hilde, dottera til bror min på Eid, 60 år. Og eg gratulerer. Det var så artig med dei 6 barna våre. Dei blei født i løpet av kort tid alle 6, så dei vart veldig jamgamle og mamma vart bestemor til 6 i løpet av nokre få år.
Eg er skuffa over veret i dag , det er kaldt og vi har eigentleg hatt det mykje varmt og godt leng.Det er ikkje så kjekt å jobbe i hagen når det er så kaldt. Eg får håpe at sommaren kjem att om ikkje altfor lenge.
.
søndag, juni 14, 2026
Dagbok 2026: 14.juni
Det har kanskje vore ein litt kjedeleg dag, men det kan no ikkje hende så mykje heile tida. Det er fint å sitte ute og sjå på alle dei fine blomstrane, særleg er det Rhododendron i mange fine fargar som nesten alle har i hagane sine. Eg er veldig glad i hagar og likar å jobbe der, men eg får ikkje gjort alt så fint som eg ville.Det er eg for gammal til.Trur eg.
lørdag, juni 13, 2026
Dagbok 2026:13.juni
Klokka er no 18.26, det er+15 grader C ute, og det regnar bitte lite grann, men det blir vel meir etter kvart, Eg har ikkje vore mykje ute i dag. Fordi eg trudde det var fredag, tok eg fredagsvasken, det var fort gjort,så eg sette meg i godstolen-og sovna. Og plutseleg var Margrete der. Eg visste ho skule komme og køyre meg på butikken, sidan ho først var i Ørsta, på Ivar Aasentunet. Ho kunne opplyse meg om at det var laurdag og ikkje fredag som eg trudde. Eg har litt vanskeleg for å halde styr på dagane no når eg ikkje har timeplan.
Etter at vi hadde prata litt køyrde vi ned på ALTI fordi eg skulle på apoteket. Men først måtte vi ha kaffi og Wienerbrød i kafeen under trappa. Det er voldsomt kor dei bygger på der nede no, men dei klarer å ha opne butikkar og kafear til tross for uroa.
Eg skulle kjøpe inn mat til meg sjølv, såpass mykje at det held ei stund. Og det fekk vi gjort på den butikken som eg er best kjent på, KIWI på Vallabøen. No kan alle vere sikre på at eg har mat nok i 14 dagar i alle fall.
Eg har ikkje fått stelt så mykje i hagen dei siste dagane, så eg får noko å ta igjen når eg begynner på igjen.
fredag, juni 12, 2026
Dagbok 2026: 12. juni
Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle gjere i dag, og då har det lett for å bli rot. Og det blei det. Etter at eg hadde ete frokost gjekk eg og la meg igjen for eg trong ikkje vaske i dag.Men eg kom meg no fort opp att og begynte å styre. Eg rydda littt i kjøleskapet for å sjå kva eg må kjøpe i morgon når Margrete og eg skal på shopping. Eg fann litt av kvart anna så eg sette i gang å koke ei suppe av diverse eg oppdaga. Mens suppa kokte var eg ned og rydda under altanen, mellom anna saga eg opp nokre greiner som har lagt der lenge.Det vart litt ryddigare etter kvart.
Det var for tidleg å ete middag, så eg tok ein tur opp til Marit og var der ei stund, og då eg kom heim laga eg ferdig suppa og åt. Eg hadde hugsa å ta inn avisa og i dag var der 2 heile sider om legen "min", som no skal bli pensjonist. Eg tok no avskjed med henne sist eg var der. Då snakka eg med henne om det å få ein ny lege, og no har eg fått det, dei som har hatt Trude Tonning får ein ny lege, så spørs det om vi blir like fordnøgde med henne.Ein må rekne med nokre legebesøk når ein kjem opp i åra og då er det godt å ha ein lege som forstår seg på "gamle folk".
I morgon skal Margrete hente meg utpå dagen og køyre på butikken så eg få handle. Eg har no att mat frå Solveig handla til meg for 14 dagar sidan- men eg må no ha påfyll
Dette er første rosa i beddet mitt i år. Eg hugsar ikkje kva den heiter.
torsdag, juni 11, 2026
Dagbok 2026: 11.juni
Klokka er no 22.05, temperaturen ute er +10 grader og no regnar det litt igjen. Det ser ut til at det regnar om natta -og sola skin meir og mindre om dagen.
Eg fekk ikkje klipt plen i dag heller for klipperen er heilt død, trur eg. Men eg jobba no ganske mykje ute likevel,klipte gras med saks både her og der. Hadde eg no endå hatt sen i kantklipparen, men han som brukar å fikse den har forsvunne og blir vekke i fleire dagar. Men det er no mykje eg kan gjere i hagen uansett. For rett som det er kjem ugraset fram etc. etc. eg må no berre vere ute å styre uansett.I morgon er det fredag igjen og då er det vaskedag-trur eg. Det blir no ikkje så veldig mykje vasking kvar veke.
Laurdag kjem Margrete og tek meg med på handletur. Det kjem vel med for det minkar på maten.
Sidan eg ikkje kan strikke, blir det til at eg SER på TV-en. Og der er i grunnen mykje interssant, men heretter blir det vel berre fotball.
Eg tenkjer ofte på mamma kor hekta ho vart på fotball på TV etter at ho hadde fylt 80. (Ho hadde aldri sett ein fotballkamp live)Og mandags morgon var det tidleg opp, for då måtte ho ned i kiosken for å få aviser og lese om søndags- kampen.Trur det var på grunn av eit barnebarnet som spela fotball ho blei interessert. Eg har aldri blitt interessert i fotball. men mens Nils levde vart det no til at eg såg ein kamp av og til.
onsdag, juni 10, 2026
Dagbok 2026:10.juni
Klokka er no 20,07, temperaturen ute er +11grader C, og det regnar . Vi hadde ein nydeleg vinter og ei flott vår-men så kjem sommaren med dette. Ja, det kan no fort gå over, men eg har ei stor tomt som skulle ha vore klipt. IKkje berre er det veret som hindrar meg, men klipparen er i uorden, og kantklipparen er tom for"tråd". Så i dag gjorde eg ingen ting på føremiddagen, sat berre og var sur. Heldigvis var eg heime åleine. Etter kvart fann eg no på ting eg kunne gjere inne, men det vart no ikkje så mykje gjort.
No har eg sete og sett på TV, der dei spring ute i sola, med minimalt av klede på seg- ja, eg kan no ikkje påstå at eg misunner dei akkurat det, for dei må springe fort. No ser eg litt sol over Melshornet, så der er eit håp.
I dag har eg lagt fram eit ark og skriv kva eg må kjøpe etter kvart eg kjem på det.Eg trur det er litt lurt, for eg gløymer ofte kva eg treng mest. Det vart lenge utan bil, men berre den kjem att ein dag, skal eg vere glad.
Kva eg skal gjere i morgon veit eg ikkje. Håper det blir litt meir enn det vart i dag.
tirsdag, juni 09, 2026
Dagbok 2026: 9.juni
Klokka er no 18.22.Ute er det stort sett overskya , men opplett. Temperaturen er +13grader C.
Denne dagen vart ikkje slik eg hadde tenkt, og det er eg litt skuffa over. Eg hadde tenkt å klippe alle plenane , men så ville ikkje klipparen starte same kor mykje eg prøvde. Hadde eg endå hatt sen på kantklipparen, kunne eg ha fått gjort mykje med den. Men så vel var det ikkje..
Men eg hadde ein god del hagearbeid som eg fekk gjort utan maskiner.Mellom anna rydda eg litt opp på tilbygget der muren er dekt med eføy. Eg fekk rydda bra opp der, men eg veit at der er minst like mykje som må vekk inne i tilbygget, då må eg helst ha nokon med meg, for der må ein klatre. Solveig har hjelpt meg før-eg er litt for gammal til å klatre i stigar etc.(Men eg gjer det litt likevel) Eg fekk no ein god del rusk ned i kassa mi, den er snart like full som før vi tømte den,men eg håper at at den skal søkke i hop litt. Håpet er at vi skal få samle gras etc. så vi slepp å fare så ofte på VØR. I år har eg ikkje vore der så ofte, fordi eg ikkje har hatt bil.
Eg var oppe hos Marit ei stund, men så har eg sete her heime og sett TV, ei god stund. I heile dag har eg følt på at det er søndag, men det veit eg no godt at det ikkje er. No ser eg fram til at det vert skuleferie, for då vert nesten heile familien vår fri, dei fleste er anten elevar eller lærarar, og då håper eg på mykje besøk,-dei er no flinke å besøke meg no også, det er ikkje det. Solveig og Øystein kjem vel til å bli pensjonistar-og det kan bli kjekt for alle.
Eg har ikkje laga meg middag i dag, etter tre dagar med kjøtt -kan det vere ein pause.- Eg er forresten litt redd for at kaffitraktaren er gåen-vi får sjå kva som skjer.
mandag, juni 08, 2026
Dagbok 2026: 8.juni
Klokka er no17.50, og eg tenkte eg kunne skrive blogg mens potetene kokte.
Temperaturen ute er +20grader C, og deter nokså mykje skyer på himmelen, men ikkje regn.
Eg hadde ingen planar for dagen i dag, men så syntest eg det var så altfor lenge sidan eg hadde vore på Vernet, så då blei det ein tur. Eg gjekk sakte og sat på alle benkane, så turen tok si tid. Eg møtte også ei dame som eg kjenner godt. Og det er no alltid kjekt å møte kjentfolk.
Eg visste ikkje heilt kva eg skulle jobbe med i dag, men etter at eg hadde fått litt mat følte eg meg klar for plenklipping. Eg sette i gang å klippe plenen nedanfor huset, og det gjekk bra heilt til eg hadde berre ei"stripe " igjen. Då var det ikkje liv i klipparen, sjølv om der var bensin på tanken. Eg måtte gi opp og gå inn og sette batteriet på ladding i fall det var der feilen låg.
Etter ei stund bestemte eg meg for å luke ugras i bedda, eg sat på ein stol nedfor trapp, då det plutseleg stansa ein bil framfor augene på meg. Det tok ein augneblink før eg såg at det var Margrete. Ho hadde vore sensor på ein skule i Ålesund, og var på veg heim. Etter ei stund kom også Amanda og Martin. Og under over alle under; Amanda greidde å fikse telefonen min på null komma null. Ho er litt spesielt flink med telefonar for ho har jobba på butikken der eg kjøpte den.
No lurer eg berre på kven som kan fikse plenklipperen, og så må eg også kjøpe bensin på den. Eg saknar bilen min kvar dag, og håper at Rasmus får reparert den og kjem køyrande inn på tunet.No er sikkert potetene ferdige så eg kan ete resten av middagen frå i går
Det var lenge sidan sist eg var på Vernet, så no var det mykje som hadde grodd fram, til dømes lupinar. Om nokre dagar er der sikkert store "åkrar" med blomster i fleire fargar. Eg trur det er ulovleg å plante lupinar i hagane, men på Vernet og der omkring får dei blomstre fritt.
søndag, juni 07, 2026
Dagbok 2026: 7.juni
Klokka er no20,45. Temperaturen ute er +16 grader og det er nokså overskya, men opplett. Vi har sett sola før i dag.
I dag har eg vore her åleine heime for det meste, men eg var ei stund hos Marit på ettermiddagen- då sat vi ei stund ute i sola.
Solveig skulle komme ein liten tur på ettermiddagen. Ho skulle sjå litt på telefonen min, sidan den no nektar å vippse. Solveig fekk den heller ikkje til og no seier ho at viss ingen andre får den til, så må eg kjøpe ny telefon. Det har eg ikkje så lyst til, for som alle veit kostar telefonane pengar og ikkje så reint lite heller. Eg håper at einkvan i familien greier å spare meg for dei utgiftene.
Etter at Solveig hadde reist tok eg fram middagen frå i går og varma opp-eg hadde meir lyst på den i dag enn i går. Så spørs det korleis det går i morgon , for eg har nok til endå ein dag.
lørdag, juni 06, 2026
Dagbok 2026: 6.juni
fredag, juni 05, 2026
Dagbok 2026:5.juni
Klokka er no21.35, temperaturen ute er+13 graderC, og i dag har vi hatt både sol og regn, trur eg, eg har ikkje vore mykje ute i dag. I dag tok eg fredagsvasken, og så tok eg fri resten av dagen. Det begynyte å regne litt også, så det var ikkje fristande å gå ut. Eg tok heilt fri frå hagearbeidet i dag, men no angrar eg litt, for eg har mykje som skulle ha vore gjort. Men der kjem dagar etter desse-håper eg i alle fall.
I dag var det bilde på Facebook sida vår av Eivind, den eldste av gutane til Rasmus. Han har studert realfag i Tromsø i fem år, og no er han ferdig . Rasmus skal køyre opp og hente han og alt han eig der oppe- Eivind var flink i matematikk heilt frå han var liten- så no håper eg han får elevar som også er interesserte - ja han må no i alle fall få ein høveleg jobb i første omgang. Han er24år no og er lektor.
Eg veit ikkje kva eg skal finne på i helga, men det dukkar vel opp eit kvart, eg kan no klippe plen i alle fall.Margrete og Svein har kjøpt seg båt, så no åper eg på å få fisk. Det er noko som eg saknar i kosthaldet mitt.
Lektor Eivind Trovågtorsdag, juni 04, 2026
Dagbok 2026:¤.juni
Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har hatt fin sol lenge i dag, temperaturen ute no er + 15 graderC. For ei stund sidan sat eg oppe på Platten med Marit , då var det skikkeleg heitt..
På føremiddagen i dag jobba eg mykje i hagen, så no har eg fore over alle bed , tatt vekk ugras og fylt på med ny mold. Så då har eg brukt opp all molda som eg kjøpte i fjor haust og det er bra.Det var minst 4-5 sekkar. Det må vel etter kvart bli litt ryddig rundt omkring.
Erlend hadde ordna kantklipparen, så eg fekk bruke den ei stund, men så var det ikkje meir sen, men Erlend kjem til å ordne opp i det også. Kjekt å ha han her, han hjelper meg med mykje. No for ei stund sidan var det ein og henta han med bil. Eg trur dei får mange "musikkoppdrag" no når det er sommar.
Eg lurte på å ta ein tur på Vernet i kveld, men kom til at eg hadde hatt nok trim i dag.
onsdag, juni 03, 2026
Dagbok 2026:3.juni
Klokka er no 21.30, temperaturen ute er +20 grader, men det har ikkje vore så mykje sol i dag.
Eg har som vanleg jobba i hagen , eg har klipt litt plen , men mest har eg rydda i bed etc. PÅ bildet ser vi beddet ved Urke-garasjen, der hadde eg litt av ein jobb i dag, eg kan ikkje beskrive det, men det tok si tid, Til slutt hadde eg ein heil sekk med mold oppå, då ser det straks betre ut.Eg likar å halde på ute, og i dag var det bra arbeidsver; opplett og delvis sol, men ikkje for varmt- Eg var oppe hos Marit ei lita stund, elles har eg knapt snakka med nokon.
No i kveld sit eg inne og ser på TV-innimellom, så eg har ikkje så mykje å fortelje om. Eg har ikkje sett snurten av Erlend, så eg reknar med at an kanskje er hos Margrete no når de har fått seg båt.Det er mykje som står att av hagearbeid, så eg blir ikkje arbeidslaus med det første- og det er bra. Eg angrar litt på at eg ikkje gjekk ein tur på Vernet i dag, men det kjem ein dag i morgon også-håper eg.
tirsdag, juni 02, 2026
Dagbok 2026: 2.juni
Klokka er no19.39, temperaturen ute er + 14 grader C, og det er skya, inga sol å sjå no, men ho har no vel vore framme av og til-ikkje hugsar eg,. For å oppsummere dagen kan eg seie det kort at då vi sliutta av, gjekk kleda mine i vaskemaskina og eg gjekk i dusjen. Eg har hatt ein arbeidsdag ute i hagen,har vore der nesten heile tida, men eg slappar no av innimellom ute også.Eg likar å jobbe i hagen, og eg gjer akkurat som eg vil, og tek pausar når eg har lyst til det. Så lenge eg jobbar kjenner ikkje ikkje noko vondt i handa , men no når eg skriv på tastaturet begynner handa å trøble.Det siste eg gjorde før eg gjekk inn var å klippe plenen nedanfor huset. Det skjer ikkje så mykje når eg går her åleine, men når eg set på TV-en er det nok som skjer i verda. No skal eg finne meg litt god mat, Solveig kjøpte inn mat til meg til helga, og eg har mykje att. Eg brukar ikkje briller for tida,anna enn viss eg skal lese. Så viss her er skrivefeil så veit dokke korfor-.Grunnen til at eg ikkje har brillene på meg er at der er eit lite sår bak øyret
mandag, juni 01, 2026
Dagbok 2026: 1.juni
Klokka er no19.17, temperaturen ute er +12 grader C, det har vore skodde i fjella i heile dag, men no ser det ut som det skal lette litt. Eg har vore her åleine nesten heile dagen; Erlend var her ei lita stund. Eg var så utruleg trøtt i dag at eg berre måtte ta meg ein blund i stolen etter å ha fyrt godt i omnen. Ikkje akkurat sommars-temperatur ute.
Eg hadde så mykje god mat i dag, Solveig hadde handla til meg , og i tillegg fekk eg heimebakt brød som var veldig godt. Erlend har vore på Sørlandet og spelt i helga, mellom anna i Kristiansand, der var det litt meir sommarleg enn her. Eg måtte snakke med han om klipping av gras med kantklippar, for det er han som må kjøpe sen til klipparen, men eg betaler sjølvsagt. Eg har så lyst å komme i gang med klippinga, for då vert det så mykje finare i hagen. Men eg har ikkje tru på at hagen blir så fin i år-det kjem an på veret, det ser ikkje lovande ut.
Det ser ut til at skodda kan lette på seg, og då kan det bli litt lettare å leve- i dag begynner vi på sommaren for alvor- og håper på mange fine dagar.
På kalenderen er det Tobias og tante Margrete.
Dagbok 2026: 12.juli
Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +20 grader C, men det er ikkje så varmt fordi det blæs litt. Eg har sete på altanen og lese i ei bo...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

































