Klokka er no21.35, temperaturen ute er+13 graderC, og i dag har vi hatt både sol og regn, trur eg, eg har ikkje vore mykje ute i dag. I dag tok eg fredagsvasken, og så tok eg fri resten av dagen. Det begynyte å regne litt også, så det var ikkje fristande å gå ut. Eg tok heilt fri frå hagearbeidet i dag, men no angrar eg litt, for eg har mykje som skulle ha vore gjort. Men der kjem dagar etter desse-håper eg i alle fall.
I dag var det bilde på Facebook sida vår av Eivind, den eldste av gutane til Rasmus. Han har studert realfag i Tromsø i fem år, og no er han ferdig . Rasmus skal køyre opp og hente han og alt han eig der oppe- Eivind var flink i matematikk heilt frå han var liten- så no håper eg han får elevar som også er interesserte - ja han må no i alle fall få ein høveleg jobb i første omgang. Han er24år no og er lektor.
Eg veit ikkje kva eg skal finne på i helga, men det dukkar vel opp eit kvart, eg kan no klippe plen i alle fall.Margrete og Svein har kjøpt seg båt, så no åper eg på å få fisk. Det er noko som eg saknar i kosthaldet mitt.
Lektor Eivind Trovåg

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar