lørdag, juni 06, 2026

Dagbok 2026: 6.juni


 


Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 14 grader C, det er opphaldsver og  lange stunder med sol.
Då eg vakna i dag var eg sikker på at det var søndag, så eg rekna ikkje med å få gjere noko ute i hagen i dag. Det vart til at eg sette meg til å sjå TV i staden, heilt til eg langt ut på føremiddagen oppdaga at eg hadde tatt feil av dagane. Då fekk eg litt fart på meg, det vart ikkje til at eg gjorde hagearbeid, men eg laga ein skikkeleg middag i alle fall, og etter at eg hadde ete gjekk eg opp på Platten til Marit og sat der og prata i sola.
Hadde eg visst frå morgonen av at det var laurdag hadde eg gjort litt hagearbeid-men det er vel råd å ta det att.
Eg var også uvitande om at Olaug i Bergen hadde fødselsdag i dag. Men det såg eg på FB. Ho fyller 29 år i dag.Eg kunne ha gått ein tur på Vernet, men no kan eg spare turen til sundag.
Det er så mange fine Rhododendron som blomstrar no, men på det vesle bildet mitt i dag, kjem dei ikkje så godt fram.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 6.juni

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 14 grader C, det er opphaldsver og  lange stunder med sol. Då eg vakna i dag var eg sikker på at...