søndag, juni 30, 2013

Dagbok 2013: 30 juni.

Klokka er 18.30, temperaturen er + 20  grader C, det er overskya og opplett. Sola har så vidt vore framme nokre gonger, men mesteparten av dagen har vore som no. Det er deilig vêr å vere ute i. Eg sov middag på altanen, hadde dyne på meg, men det vart nesten for varmt. No for Nils av garde for å fiske i lag med Hassan, det er lenge sidan dei har vore i lag på sjøen.Hassan hadde høyrt rykte om at makrellen er komen. Eg skal bruke åleinetida til å lese i boka mi, blant anna.
I dag bestemte eg meg for å vere heime, har problem med å sitte for tida, så biltur er ikkje det som fristar mest. Sidan vêret var så lageleg, fall eg for freistinga og bytte på sengene, vaska sengetøyet etc. Det er no stilt og fredelig arbeid som ikkje forstyrrar nokon. Ein av naboane klipte plen, det er uvanlig at nokon gjer det på søndag her i nabolaget. Her er stilt og fredelig til vanlig.Nesten for stilt!
Til middag steikte eg sei, og laga rabarbrasuppe til "dessert". Det smakte sjølvsagt godt.
Elles har eg site ute og prata med leigebuaren vår og eit par av veninnene. Den eine fekk med seg ei valmuesøster heim til Hareid.
Som sagt ein søndag utan dei heilt store opplevingane, men det var etter eige val. Nils var på besøk til ein som ville vise han bilde frå Solund, så han var ein tur på føremiddagen.

lørdag, juni 29, 2013

Dagbok 2013: 29.juni


Klokka er 14.30, temperaturen ute er + 16 grader C, det er regnbyger og nokså grått. Det er tid for Nynorsk festspel og for Bondens marked, så det er ein del folk og aktivitet i bygda av den grunn, og så er det også folk som berre er "heime" på ferie.
Vi skulle ikkje handle noko særlig i dag, men tok ein tur nedover for å treffe folk, og det gjorde vi. Vi var også ein tur på "Adam" der vi kom i lag med den unge familien rett over gata. Trivelig det.
Det er nesten litt trist å ha alt ein treng, for så er det ikkje noko ein har lyst å kjøpe. Det er vel i høgste grad eit luksusproblem. I tillegg til husflid av ymse slag og diverse matvarer inneheldt Bondens marked også utstilling av traktorar og bilar - ikkje museumsgjenstandar, men flunkande nye.
Vi trefte mykje folk å prate med, blant anna snakka vi med Tor, som til vanlig held til på Eid. Han håpte at Rasmus snart kom ein tur, så dei kunne treffast.(Rasmus og fam. kom heim til Kongsberg sist natt). På Kapp Ahl snakka vi med veninna til Ingeborg. Vi har ei stor kontaktflate -med folk i alle aldrar, noko vi set veldig pris på.Eg hadde ikkje med storekameraet i dag, berre det vesle i lomma, så bilda er deretter.

 

Starevegen klokka 20.30.

fredag, juni 28, 2013

Dagbok 2013: 28.juni

Klokka er 19.30, temperaturen er + 16 grader C, og det har nettopp vore ei regnbyge. Før middag var det ca +22 grader C og overskya. Det virka veldig varmt då.
Vi var begge oppe i 6-tida i dag, men eg gikk og la meg att, mens Nils for ut for å fiske. Han var ikkje vekke meir enn vel 3 timar og kom heim med fin fangst av halvstore seiar. Det blei kokt sei til middag i dag. Nokre av naboane hadde også sei på menyen.
Mens han fileterte fisk, fekk eg støvsuga til helga, og så var vi ein tur på butikken. Det var ikkje så mykje vi skulle ha.
Så fekk han slappe av litt mens eg gikk ein liten tur, kan ikkje gå for langt, for hofta er ikkje heilt god.Men ein kort tur er betre enn ingen tur.
Etter middag hadde vi kvilestund, før vi gikk ut og reiv opp ein død tuja med rot. Ja, eg skal innrømme at det var Nils som tok det tyngste taket. Eg reinska litt ugras, men så begynte det å regne.
I kveld har vi TV, det er ikkje alltid eg ser så mykje på det, men saknar det når vi ikkje har tilgang. No håper eg det er slutt på alt tullet som har vore i det siste.
I dag fekk eg forresten problem med å legge bilde inn på datamaskina, så eitt eller anna er det heile tida.
Dermed vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, juni 27, 2013

Bok nr.32 - 2013: De fem fyrstikkene.

De fem fyrstikkene; tre mordfortellinger
Beskrivelse:
Førstebetjent Kolbjørn K2 Kristiansen har, med god hjelp av sin funksjonshemmede unge rådgiver Patricia Borchmann, løst en stor mordsak i 1968, 1969 og 1970. Denne fjerde boken om Patricia og K2 omhandler tre mordsaker den umake duoen løste i 1971. Samtidig gjenopptas da historien om deres ambivalente forhold, etter at avslutningen på tredje mordsak utløste et brudd.K2s fjerde mordetterforskning er tema i langnovellen Pistolen på plenen. 23. mai blir en rik gammel malerinne skutt inne i sitt storslagne hjem i Holmenkollen. De to mulige morderne er avdødes nevøer - og mordvåpenet ligger ganske uforklarlig igjen midt på plenen. K2 forsøker å løse saken uten Patricia, men en telefonsamtale med henne viser seg nødvendig og avgjørende.Kortromanen De fire vinglassene er K2s femte mordsak. Lille julaften forgiftes en berømt forfatter under en festmiddag. Gjestene er forfatterens kone og hans to elskerinner, som alle har både sterke livshistorier og mulige mordmotiver. Spørsmålene om hvordan og hvorfor det kom dødelig dose gift i forfatterens vinglass og mindre doser i to av de andre, blir sentralt. Patricia sier seg villig til å hjelpe til med å løse mysteriet, når K2 forteller at han feirer julen alene. Men avsløringen av at K2s kjæreste Miriam kommer tilbake til nyttårsfeiringen, utløser et nytt brudd med Patricia. K2s sjette mordetteforskning fortelles i den korte romanen De fem fyrstikkene. 29. desember reagerer en lektor og tidligere motstandsmann voldsomt, da han mottok en konvolutt som bare inneholdt fem fyrstikker. Neste morgen ble han funnet skutt ute i Nordmarka. Spenningsnivået stiger raskt når K2 blir kjent med flere personligheter fra motstandsgruppen - og med et angiverimysterium som våren 1945 kostet gruppens leder livet. Med både Patricia og Miriam i Oslo går det mot en høydramatisk avslutning på året 1971, i etterforskningen så vel som i K2s privatliv.

Eg har lese alle Lahlum sine krimbøker, og kosar meg med desse "gammaldagse" krimgåtene, mykje i same stil som Agatha Christie sine fortellingar. Her er ikkje DNA, mobilar, datamaskinar etc. som i meir moderne krim. Her er ikkje banning eller anna ufint språk. Bøkene til Lahlum minner om krim som eg las i min barndom og ungdom.
Men ein ting er innhaldet, det eg likar best er språket. Det er så stilsikkert og godt, som vel mulig. Også språket er tilbakestilt til 1970 eller der omkring.

Dagbok 2013: 27.juni

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 20 grader C, og vi har hatt ein fin dag. No har det kome nokre lette skyer, men vi har hatt mykje sol tidlegare. Så veldig varmt har det ikkje vore, men meir enn varmt nok til å ligge på altanen og sole seg, med lydbok på øyret.
Men først måtte vi gjere noko nyttig. Nils var nedover og kjøpte gjødsel m.a. og eg vaska bad og kjøkken til "helga". Så skulle vi ned i Vik å handle litt, men fann ut at det var fint lite vi trong, så vi tok ein tur til Volda og åt middag på Landscape i staden. I dag vart det innbakt kylling med ris og sursøt saus. Heilt greitt. Så kunne vi legge oss strak ut på solsenga då vi kom heim.
No har Nils gjødsla og eg har prata med naboar og fotografert i hagen. Vi må ta vare på dei fine dagane, arbeidet spring ikkje frå oss (Dessverre).
Solveig, Øystein og Olaug er framleis i Italia, dei første fire dagane i Ostia, så fire dagar i Roma. Dei har det sjølvsagt fint.
Vi er utan TV i kveld, det same gjeld vel alle som har Tussa abonnement og get-boks. Dei som har TV analogt kan sikkert glede seg over gode og spennande program.Men no oppdaga vi at vi kan sjå det som ligg lagra i boksen.

Satsar på blått og rosa i år.

onsdag, juni 26, 2013

Dagbok 2013: 26.juni

(Bildet: Melshornet klokka 23.20)
Klokka er blitt 22.00, og eg lurer på kvar denne dagen har blitt av. Ute er det lettskya, og nesten sol-sjølv om den har "gått ned" i alle fall.Temperaturen ute er + 16 grader C, men eg har ikkje makta å kome meg ut.
Var ute ei stund før middag, luka litt ugras og løda opp noko ved i tilbygget. Men mesteparten av tida gikk med til å prate med folk som gikk forbi. Kjekt det.Dessutan var eg alt for låk i ryggen til å gjere noko særlig. 
Vi åt litt lunsj og slappa av ei stund, og så hadde Nils jobben med å klippe plen, mens eg laga middag. I dag vart det spaghetti og kjøttsaus, og eg åt meg altfor mett. Det skal ikkje skje igjen, for eg kom meg ikkje ut å gå tur.
I staden er eg litt opphengt i boka som eg les no, og går rundt med pluggar i øyra. Men no er TV-en komen på, så då blir det vel ikkje lese meir på ei stund.

tirsdag, juni 25, 2013

Dagbok 2013: 25.juni

Klokka slo nettopp sju(19), temperaturen ute er + 12 grader, og det er skodde og regn. Vi får håpe at vêret kjem seg etter kvart. Eg har nettopp shina opp kjøkkenet, noko som blir gjort ein gong i veka, minst. Elles har eg gjort veldig lite i dag.
Hadde time hos frisøren klokka 11.30 så det var liksom ikkje vits å begynne med noko før den tid. Då frisøren spurde korleis eg ville ha håret, sa er berre KORT, og det vart det. Kjennest litt for kort med det same, men det går seg til.
Nils henta meg, og vi var ein tur på Amfi og handla, mosjonerte to runder, ei oppe og ei nede, men kjøpte berre litt mat. Då vi kom heim, kokte Nils påstråla lange, poteter og gulrot. Det smakte godt, som vanlig. Så vart det kvilestund på sofaen med lydbok.
Var innom biblioteket i dag, og fekk med meg tre bøker heim, så no har eg begynt på bok nr.4 i sjangeren "norsk krim". Då håper eg at eg slepp unna fleire mord på ei stund-når eg har lese den. No håpte eg på at det skulle klårne opp litt, så eg kunne ta meg ei lita mosjonsrunde før det blir for seint.
Nils står i garasjen og kløyver på store kubbar, men har snart ikkje fleire att.Og eg har ingen ting å kløyve når vi får henta heim kløyvaren.

mandag, juni 24, 2013

Dagbok 2013: 24.juni

Klokka nærmar seg 19.00, temperaturen ute er +18 grader, og vêret er vekslande. Best som sola skin, så regnar det. Men berre eg slepp kulde og skodde er det greitt. Eg har forresten ikkje vore ute i dag, men har planar om ein tur no snart.
Før middag tok eg ein razzia på badet, rydda og vaska skuffer og skap. Ikkje fritt for at eg fekk kasta ymse ting som var ute på dato!
Til middag steikte eg pannekaker, av og til kjem slike lyster over meg, og då er det greitt. Egg og melk har eg som regel i hus. Rett etter middag kom Margrete på besøk, men ho ville ikkje ha anna enn kaffi, for ho hadde vore på kafe. Men eg fekk overrekt presangane som eg hadde kjøpt til henne.
Så las eg ut lydboka eg heldt på med osb.
I dag fyller det eldste barnebarnet vårt 26 år og vi gratulerer. Eg var 47 år då han vart fødd, og følte meg nesten litt for ung for bestemorrolla. Då yngste barnebarnet kom til verda var eg 70 år og følte meg nesten litt for gammal.
Når eg har valt å legge inn dette bildet av bursdagsbarnet og broren, er det på grunn av genserane, som eg strikka i si tid. Eg synest Einar sin genser er så fin, og kunne godt tenkt meg å strikke same sorten igjen, men hugsar ikkje kvar eg fann mønsteret eller kva det heiter. Kanskje andre veit det?
Genseren i blått og grønt var ein slags "Drillo"- mønster. Garnet hadde same namnet som hunden til Drillo, meiner den også var strikka til Einar.
Vi ønsker Einar til lykke med dagen! Og så blir det vel feiring i samband med Solveig sin dag.

Bok nr.31 - 2013: Isbaderen.

Isbaderen
"Vannet på den dødes ansikt frøs til is mens de så på. Et glasert fjes tilhørende en ung mann med kort, lyst hår."
En tidlig førjulsmorgen heves liket av Sveinung Adeler opp fra havnebassenget ved Oslo Rådhus. Det ser ut som en julebordsulykke, men politietterforsker Lena Stigersand avdekker snart at det dreier seg om drap. Lena får et tips om at den drepte kvelden før hadde en middag med en fremtredende stortingskvinne, men hun nekter hardnakket for at det er tilfelle. Noen lyver, og Lena aner at hun blir forfulgt av en mann under etterforskningen. Hvem kan hun stole på? Og har den narkomane jenta som politiførstebetjent Gunnarstranda etterforsker drapet på, sett hvem som dyttet Adeler i vannet?
Dette er den tredje norske krim-romanen eg har lese i rask rekkefølge. Det som forundrar meg er at forfatterar som Unni Lundell og Jo Nesbø får så stor merksemd , når til dømes Kjell Ola Dahl skriv mykje betre bøker enn dei to, og kven snakkar om han?
No skal eg innrømme at "intrigen" i denne boka var litt innfløkt, og eg måtte lese om att litt på slutten for å få med meg heile løysinga. Likevel likte eg boka godt, ikkje minst fordi den er velskriven og ikkje inneheld så mykje makaber vold som mange andre bøker i sjangeren. Solveig skreiv om boka på bloggen sin i 2012.
No har eg ikkje anna bok å begynne på enn "Ut av verden" av Karl Ove Knausgård. Problemet er at eg ikkje får lagt den inn på MP3, så då kan eg ikkje dra den med over alt.

søndag, juni 23, 2013

Dagbok 2013: 23.juni, jonsokafta

KLokka er snart 19.00. Ute er det delvis sol og +20 grader C. Men slik har det ikkje vore lenge. Vi åt tidlig middag, og skulle slappe av på altanen etterpå, men då skya det over og brått hølja det ned. Så vart det ei stund på sofaen med lydboka i staden.
Eg var såpass dårlig i rygg og hofte i går, at eg ville ta det heilt med ro i dag, til tross for at eg alt var mykje betre. Nils tok seg ein tur på terminalen og skulle sjå om makrellen var komen, det var han ikkje. Eg gikk her og stulla litt i huset. Kort sagt har eg vore ekstremt lat i dag.
Her er det ikkje tradisjon for organisert jonsokfeiring. Før hadde vi noko som heitte "Vallabøen vel" -og då samla vi oss og brende bål inne i Fonna, men det er lenge sidan. Her er det mykje slik at det er mange små lokale bål og samkomer.
Hugsar kor svært det var i feire jonsok på Eid i min barndom og ungdom, då var det nesten like "stort" som 17.mai. Men det har vel dabba av der også. Håper det har gått bra med "Elskhug og eksersis"-at dei har hatt betre vêr der enn her.
Iris og Rosa Moyesi
 Valmuesøster. DEN blåfargen!
Rosa Moyesi.
Skulle vel eigentlig vore ute og plukka markblomster i dag?

lørdag, juni 22, 2013

Dagbok 2013: 22.juni

Klokka er snart 19.00. Ute er det fotsid skodde og regn, det har det vore i heile dag. Men temperaturen er + 15 grader, så det er ikkje direkte kaldt.
Vi hadde tenkt å halde oss heime i dag, men etter at eg hadde støvsuga og rydda opp litt, og Nils hadde besøkt ein gammal kamerat på sjukeheimen, fann vi ut at vi likevel måtte ha ein tur nedover. Hadde eit lite ærend på apoteket, og så er det no alltid kjekt å treffe folk. I dag møtte vi mange vi kjenner. Tok ein tur i gågata også, der eg kjøpte meg ein ny orkide. Eg må alltid ha minst ein orkide som blomstrar, og den eg hadde frå før var begynt å bli noko avblomstra. Merkelig med desse plantane, ein finn alltid ein sort ein ikkje har hatt før.
På denne tida kvart år, plar vi ha ein tur til Nilsbuda på Sæbø, der dei sel lokalt handarbeid. I dag tok vi den turen, og passa på same tid på å få med oss to store, runde Hjørundfjordbrød.
På vegen bortover plukka vi opp to unge haikarar frå Polen, ei jente og ein gut. Dei skulle til Urke og gå i fjellet.Jenta snakka bra norsk, ho hadde studert språket i Polen.
Då vi kom heim vart det middag; eg hadde nemlig kokt risengrynsgraut før vi for heimanfrå og sett den i steikomnen. Spekepølse og potetsalat hadde vi kjøpt på butikken, så det var berre å dekke bordet.
Etterpå slokna eg på sofaen. Er dårlig i rygg og hofte i dag, kjende det i går også. Det er bøy og tøy eg ikkje toler, og det har det blitt litt for mykje av når eg har reinska ugras.
Nils driv og kløyver ved, det likar eg ikkje, for det er min jobb, som eg vil ha i fred. Men då må eg vente til vi har kløyvaren heime att.
Det er vel litt seint, men vil ønske alle ei god helg. Ei spesiell helsing til Øystein som fyller 51 år i dag:
Gratulerer med dagen!
Øystein. (Ser fotballkamp på TV.)
 

fredag, juni 21, 2013

Dagbok 2013: 21.juni

Klokka er 20.00. Temperaturen ute er +15 grader C, det er opplett og skodde, men har regna det meste av dagen. I går var det så fint turvêr at vi angra på at vi ikkje hadde tatt ein tur vi har tenkt på lenge. Ei av naboane våre disponerer nemlig barndomsheimen sin i Eidsdalen og har ofte sagt at vi må besøke dei når dei er der. Dei er der nokså ofte, men det har ikkje blitt til at vi har tatt turen. Ei av veninnene mine er gift med ein mann som også er derifrå, og eg reknar med at dei fleste som heiter Løvoll kjem frå ein/fleire av gardane i dalen. EG har faktisk reist gjennom dalen ein gong før, på veg til Geiranger, men Nils har ikkje vore der før.
Vi vart litt skuffa då vi såg vêret i dag, men i Eidsdalen var det meldt opplett. Her er ruta for dei som ikkje er kjende: Festøya, Sjøholt, Stordalen, Linge og ferje over fjorden til Eidsdalen. Vi trudde det skulle vere lett å finne fram, det var vel berre å sjå etter ein grå Audi. Men dalen var lang og husa mange, så då vi var komne nesten opp på "fjellet", måtte vi berre snu. Då var vi komne opp til eit vakkert vatn med mange store gardar rundt. Nils gjekk bort tileitt av husa og snakka med ein mann og fekk vite at vi hadde køyrt ei mil for langt, og han foklarte oss koleis vi skulle finne fram. Han kjende Else, ho var tremenningen hans. Så var det berre å snu (bildet over).
Etter vel ei mil var vi tilbake på ferjeleiet, utan å ha funne fram. Nils gikk inn på ein verkstad, og snakka med ein mann som laga teikning(kart), han visste kvar det var, for Else var tanta hans. DÅ fann vi fram. Men der stod ein stor bil som skjulte Audien. Sonen var nemlig på besøk hos pensjonistforeldra, og hadde i tillegg med dei tre sønene sine. Vi blei mange rundt kaffibordet og hadde ei veldig koselig stund.
Else viste meg rundt i huset, der lite er forandra sidan 1950-70-åra. Det var veldig sjarmerande å sjå att ting som eg hugsar så godt.
På heimvegen hadde vi tenkt oss innom den kjende rosekyrkja i Stordalen, men då hadde dei tatt ned skiltet om at kyrkja var open, så vi køyrde berre vidare.Nils tok ein litt annan veg heim att frå Sjøholt (om Magerholm) og på eit forunderlig vis såg vi ikkje Moa ein gong!
Synd at veret var så grått og regnfullt i dag. Fekk ikkje tatt så mange fine bilde.
 
 
 
Vi reiser frå Eidsdalen.
 
PÅ Festøyferja opna eg to mobilmeldingar. Rasmus med fam. er vel framme i Grenå, Danmark. Frisørdama mi skal snart på ferie, skreiv ho, og lurte på om eg ville ha ein time komande tysdag. Snakk om sørvis! Men ho har kanskje sett meg -treng både klipp og farge. Virkelig!

torsdag, juni 20, 2013

Dagbok 2013: 20.juni

Melle, hausten 1968.
Klokka er 21.30, temperaturen er + 14 grader C. Sola skin på andre sida av fjorden, men her hos oss er det kveld. Dagen starta ganske skya, men det vart finare etter kvart. Og i morgon snur sola.
Fiskaren sov godt og lenge sist natt/morgon, så det var ei stund før vi kom i siget. Nils mol fisk på handkverna, of eg laga fiskekaker. Etterpå shina eg opp kjøkkenet og vaska golv.
Vi var ein liten tur nedover og handla før vi åt middag, fiskekaker sjølvsagt.
Kvilte middag på altanen, og så vart det ei økt i hagen når det nærma seg kveld.
No har TV-en fått eit anfall igjen- han er heilt død; det same hende ein gong før, så eg ser ikkje bort frå at vi må til å kjøpe ny flatskjerm.
Elles er det Margrete sin fødselsdag i dag. Ho reiste til Bergen i går, for å vere sensor, men eg reknar med at ho er komen tilbake.Litt skummelt når minstebarnet er 45!
Vi har så mange fødselsdagar i familien denne tida at vi må samle opp til fellesfeiring.
Gratulerer med dagen, Margrete!

onsdag, juni 19, 2013

Bok nr. 30 - 2013: Djevelkysset.


Forlagets omtale:
Vivian Glenne, en trettini år gammel trebarnsmor som bor i en falleferdig tomannsbolig på Lambertseter, blir funnet halvt nedgravd i et skogholt like ved. Hennes femten år gamle sønn Dan og vennen Jonas setter i gang sin egen etterforskning. Cato Isaksen og Marian Dahle blir satt på saken.
Vivian Glennes samboer, Roy Hansen, søker trøst hos naboene Birgit og Frank Willmann, men Marian kjenner raskt at ikke alt er som det skal med dette ekteparet. Så viser det seg at dagen før Vivian ble drept, ble hun forfulgt av en mørk BMW kjørt av en gråhåret mann. Dan gjenkjenner mannen når han kommer med BMW-en til verkstedet der han jobber for Frank Willmann etter skoletid.
Etter hvert kommer det fram at Vivian hadde et forhold til en mye eldre mann. Men hvem er han, og hvorfor ble hun drept? Som vanlig er ikke ting som de ser ut til. Når det skrapes i overflaten, kommer dystre familiehemmeligheter fram i lyset. Flere av de involverte har ting å skjule og er villige til å bruke alle midler for å dekke over sannheten.


I kveld tok eg meg på tak og las ut denne boka. I utgangspunktet var eg skeptisk, og med god grunn. Eg er ikkje overbegeistra for forfattaren, og grunnen er enkel: Ho rotar for mykje! Eg likar at kriminalromanar er strengt komponerte og ikkje inneheld så mykje "småprat". Boka er til dels spennande, det er berre at den ikkje fenger meg. Hadde det ikkje vore for at Nils Ole Oftebro las den, så hadde eg kanskje lagt den frå meg. Men grei underhaldning på solsenga, kanskje. Og etterordet kunne ho spart seg. ER det nødvendig å presisere at kriminalromanen er oppdikta?

Dagbok 2013: 19.juni

Klokka er 16.15. Ute er det lettskya og fint, temperaturen er+ 23 grader C.
Nils var vekk då eg vakna klokka 5 i dag tidlig, men eg visste at han var ute og drog liner. Han kom heim att i halv ni-tida med ein god del fisk. Kveite hadde han ikkje fått, men sei, lange, hyse og kolkjeft.Vi åt tidlig middag og i dag vart det småsei.
Eg fekk ikkje gjort så mykje før middag, men gikk no her og pusla, luka litt ugras, laga rabarbragrøt m.m.
Etter at vi hadde kvilt middag, skulle han klippe resten av plenen og eg gikk meg ein tur i skogen. Lenge sidan eg har gått ein skikkelig tur no.
Gikk opp i svingen og så ut den vegen som vi kallar "Raudhyttevegen", der er det nesten flatt. Dagmar har lagt ned det meste av skogen på begge sider av vegen, der ser stygt ut.
Men så er det fin sti resten, ut til kvilebenken. Ein kvilebenk treng ikkje vere så forseggjort, det er nok at ein kan henge seg nedpå litt, og kome seg opp att.
 
Eg var i tvil om eg skulle prøve å forsere diverse tre og greiner som stenger stien mot Åsmundmarka, men eg tok sjansen, og det gikk bra. Eg er heilt uvand med å gå i terreng etter alle åra med dårlig form, men eg må vel prøve å trene meg opp att. Det å gå med progressive briller i terreng er heller ikkje heilt trygt.

 


I dag gratulerer vi Elin på Rygg med dagen.

tirsdag, juni 18, 2013

Dagbok 2013: 18.juni

Klokka er ca 20.30. Ute er det lettskya, fint vêr, og temperaturen er + 17 grader C. Litt grått i dag tidlig, men så vart det sol og sommar etter kvart.
I dag har vi stort sett halde oss heime og pusla, så eg har ikkje så mykje å fortelle om. Har gjort ein del hagearbeid, slikt som tek tid men ikkje viser så mykje att. Men det er kjekt så lenge ein kan vere ute og styre med noko.
Nils egna linene sine, og sette dei ut i kveld, så no håper vi på god fangst. Nils drøymer om steikt kveite med heimelaga remuladesaus.
I dag hadde vi sein middag, og då var det sommarkotelettar med godt tilbehør. Vi har ikkje handla i dag heller, og då blir det å finne noko i frysaren. Det skulle vi ha gjort oftare.
Elles låg eg på altanen etter lunsj og las i boka mi, måtte stelle litt pent med ryggen min i dag.Nils begynte å slå plen, og då stod eg opp att.
No har vi nettopp sett "Grønn glede" på TV, og der var buska mi! "Perlebusk" heiter den - tenk at eg kunne gløyme det. Kjekt å sjå hageprogram, men eg synest dei plantar for mykje og for tett. "Less is more" meiner eg. EG vil i alle fall ikkje plante så mykje, for eg er ikkje SÅ glad i å rense ugras.
Vi har hatt mange fine dagar hittil i sommar, får håpe resten av sommaren blir like fin.
Sidan eg skreiv om Bjørke for eit par dagar sidan, kan eg presentere eit nytt tilbod som kjem der inne. Det er "Bakketunet" som skal vere ope kvar sundag frå 22.juni -29.september.
De kan lese meir på www.bakketunet.com
Elles er kafeen på bedehuset open om sundagane, og så er der noko som heiter "Antikkløa" eller noko liknande.(Nils og eg er ikkje interesserte i antikvitetar, føler oss likk som slike sjølve.Så der har vi ikkje vore)
Bildet: Hjørundfjorden frå kaia på Bjørke.

mandag, juni 17, 2013

Dagbok 2013: 17.juni.


Klokka er snart halv fem. Temperaturen ute er +12 grader C og det regnar. Det var for så vidt det yr.no melde i går kveld også, så vi hadde slått frå oss å fare til Straumshamn i dag.
Men så, då vi sjekka yr.no i dag, var der ikkje ein drope å sjå, så vi tok 9.30-ferja over og kom i gang med arbeidet så snart vi var framme. I dag skulle Nils rydde opp litt i skogen, og sage opp dei tjukkaste greinene. Eg sette i gang med å kløyve kubbane som stod att, og etter kvart kløyde eg også greinkubbane. Vi løda opp ein del ved og hadde noko i sekker og prøvde å rydde opp litt. Heilt ferdige vart vi ikkje, men det som står att greier dei sjølve. Vi hadde kaffipause på altanen i dag også, der sit vi under tak.
No blir det pause her ei stund, før Nils skal på eit møte i kveld. Eg får vel sette på ei vaskemaskin eller to og vaske arbeidskleda våre.
Det har blitt nokre ferjeturar i det siste. Ser at dei har sett inn mindre ferjer no, men eg håper dei klarer å ta unna. I dag var det mange store bilar og bussar på tilbaketuren.

søndag, juni 16, 2013

Dagbok 2013: 16.juni

Klokka er 19.15, temperaturen ute + 17 grader C, og det er delvis skya.
Då vi stod opp i dag var det nydelig vêr , men ikkje særlig varmt. Vi hadde ingen spesielle planar for dagen, men etter kvart fann vi ut at vi ville ta ein tur til Bjørke. Vi har ikkje vore der på eit par år. Der er det open kafe og sal av handarbeid kvar søndag om sommaren.
Vi fann ut at vi ville ta vegen over Alldalen; det er enda lenger sidan vi var der, det forstod vi fort. Vegen var utbetra og det låg store mengder med tømmer langs vegen. Vi stoppa i ein sving, så eg fekk tatt bilde nedover Vatnedalen, mot Vatnevatnet.Til høgre i bildet kan de sjå at dei driv og monterer "monstermaster" (Over).
Oppe på fjellet trefte vi ein bil av eit nokså sjelden merke; viss eg ikkje såg heilt feil var det ein Cadillac! Vegen over "fjellet" er såpass skummel at vi bestemte der og då at på heimvegen skulle vi ta ei anna rute.
 
Langs vegen frå Kvivsvegen og inn til Bjørke er det veldig fint, nydelig natur med blomstrande vegkantar. Fint er det også på Bjørke der vi rusla rundt litt og såg på dei gamle nausta før kafeen opna klokka 13.00. Og kven møtte vi der? Jo, ei av dei gode, gamle veninnene mine og mannen hennar. Dei hadde også køyrt over Alldalen, men ville ta ein annan veg heim. 
Vi gikk inn og såg på handarbeida, og der var mykje fint, mellom anna ei mengd med store, tjukke tova huer og selbuvottar. Ikkje det som frista mest i dag. Men nydelige kaker og kaffi frista i alle fall.
Vi har vore på Bjørke mange gonger før, men då har vi helde oss i kaiområdet. Denne gongen vart vi obs. på alle dei flotte gamle nausta. Ein mann fortalde at dei var bygde på 1600-talet, og veggene var bygde opp av heile tømmerstokkar.Der var også eit stort båthus med store gamle båtar og fiskeutstyr, nesten som eit museum.

Då vi kom heim att, steikte vi lyr til middag og tok middagskvila på altanen.Eg hadde utedyna innan rekkevidde, og det kom vel med. Eg prøver å lese Unni Lindell si bok "Djevelkysset", men enno fenger ikkje boka.Ser at Jo Nesbøs "Politi" blir skamrost på FB. Så det er vel berre eg som er trøtt av krim?

lørdag, juni 15, 2013

Dagbok 2013: 15.juni.

Klokka har passert 20.30, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Det har vore mykje sol i dag, men også ganske mykje skyer først på dagen.
Før middag var vi ein tur til Vik, vi skulle ha eit lysrør til badet og litt mat. I dag fann vi på at vi skulle bryte prinsippet og handle på Bunnpris. Det eg likte veldig godt med den butikken var at der er sværtryddig og lett å finne fram, men det mest positive var at alle kjølevarene var samla i eit kjølerom med skyvedører der vi gikk inn og fann melk etc. Dermed kan dei ha behagelig temperatur i resten av butikken.
På heimvegen stakk vi innom "Gjenbruk"-det var noko Nils skulle sjå etter. Der var det kome inn veldig mykje varer sidan sist, så no var der overfylt igjen. Det er meir populært å gi enn å kjøpe, ser det ut til. Kanskje det var det som gjorde at eg tok med meg 9 kvardagsasjettar heim, eg betalte 10 kr stk. Så no må eg kanskje parkere dei eldste asjettane ein stad. Eg har litt vanskelig for å kaste ting som er heile.Det er vel noko som heng att hos oss eldre.
Vi tok oss ei arbeidsøkt i hagen og flytta eit par stauder ned på muren mot naboen, og Nils sådde i der dei stod før. Har enno ikkje fått heilt i orden ved garasjen.
Middagen i dag vart veldig enkel: pølser og brød! Er det sommar, så får vi ta det lettvint.
Etter middag la vi oss på altanen og sola oss, sov og las. Nils gikk inn att til fotballkampen, mens eg vart liggande. Når eg føler meg skikkelig lat, tenkjer eg berre på dei som er i syden fleire veker i året, så får eg godt samvit.
I dag kan vi gratulere Hilde på Eid med dagen!

fredag, juni 14, 2013

Dagbok 2013: 14.juni

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 12  grader C og det har regna det meste av dagen.Det var ikkje slik eg hadde tenkt det, trudde det skulle bli bra vêr i dag, men det er visst utsett til i morgon.Har lyst å komme meg ein tur ut om døra.
Før middag gjorde eg lite og ingen ting. Ringde ei veninne som har bursdag, og så var vi ein tur nedover. På biblioteket fann eg to bøker eg ikkje har lese, begge norske krimbøker.Eg er overfora på krim. Denne gongen vart det Unni Lindell og Kjell Ola Dahl som vart med heim. Har så vidt begynt på Lindell, lyspunktet er at Nils Ole Oftebro les.
Gikk ein liten tur før middag, sidan vi berre skulle varme opp restar. Nils har drive og kløyvt nokre store vedkubbar med hand, og eg hjelpte til å køyre veden ned i tilbygget og løde den opp. Det var ingen stor jobb.
Nils har fått not over jordbæra i dag, etter at han oppdaga at fuglane var begynt å plukke karta. Det er takka for at vi fôrar dei heile året!
No blir det vel å sjå TV utover kvelden.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...