søndag, juni 16, 2013

Dagbok 2013: 16.juni

Klokka er 19.15, temperaturen ute + 17 grader C, og det er delvis skya.
Då vi stod opp i dag var det nydelig vêr , men ikkje særlig varmt. Vi hadde ingen spesielle planar for dagen, men etter kvart fann vi ut at vi ville ta ein tur til Bjørke. Vi har ikkje vore der på eit par år. Der er det open kafe og sal av handarbeid kvar søndag om sommaren.
Vi fann ut at vi ville ta vegen over Alldalen; det er enda lenger sidan vi var der, det forstod vi fort. Vegen var utbetra og det låg store mengder med tømmer langs vegen. Vi stoppa i ein sving, så eg fekk tatt bilde nedover Vatnedalen, mot Vatnevatnet.Til høgre i bildet kan de sjå at dei driv og monterer "monstermaster" (Over).
Oppe på fjellet trefte vi ein bil av eit nokså sjelden merke; viss eg ikkje såg heilt feil var det ein Cadillac! Vegen over "fjellet" er såpass skummel at vi bestemte der og då at på heimvegen skulle vi ta ei anna rute.
 
Langs vegen frå Kvivsvegen og inn til Bjørke er det veldig fint, nydelig natur med blomstrande vegkantar. Fint er det også på Bjørke der vi rusla rundt litt og såg på dei gamle nausta før kafeen opna klokka 13.00. Og kven møtte vi der? Jo, ei av dei gode, gamle veninnene mine og mannen hennar. Dei hadde også køyrt over Alldalen, men ville ta ein annan veg heim. 
Vi gikk inn og såg på handarbeida, og der var mykje fint, mellom anna ei mengd med store, tjukke tova huer og selbuvottar. Ikkje det som frista mest i dag. Men nydelige kaker og kaffi frista i alle fall.
Vi har vore på Bjørke mange gonger før, men då har vi helde oss i kaiområdet. Denne gongen vart vi obs. på alle dei flotte gamle nausta. Ein mann fortalde at dei var bygde på 1600-talet, og veggene var bygde opp av heile tømmerstokkar.Der var også eit stort båthus med store gamle båtar og fiskeutstyr, nesten som eit museum.

Då vi kom heim att, steikte vi lyr til middag og tok middagskvila på altanen.Eg hadde utedyna innan rekkevidde, og det kom vel med. Eg prøver å lese Unni Lindell si bok "Djevelkysset", men enno fenger ikkje boka.Ser at Jo Nesbøs "Politi" blir skamrost på FB. Så det er vel berre eg som er trøtt av krim?

2 kommentarer:

Elin sa...

Interessant om Bjørke, det er vel i Hjørundfjorden? Har aldri vore der. Vi er ikkje gode på søndagsturar, men i dag blei det Loen.

Besta sa...

Bjørke er indst i Hj.fjorden, hører til Ørsta kommune. Du kan køyre gjennom Kviven, og ta til høgre straks etter. Frå og med neste helg kjem der i gang eit stort kulturtilbod på ein gammal gard. Det las vi om ETTER turen.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...