Klokka er snart halv fem. Temperaturen ute er +12 grader C og det regnar. Det var for så vidt det yr.no melde i går kveld også, så vi hadde slått frå oss å fare til Straumshamn i dag.
Men så, då vi sjekka yr.no i dag, var der ikkje ein drope å sjå, så vi tok 9.30-ferja over og kom i gang med arbeidet så snart vi var framme. I dag skulle Nils rydde opp litt i skogen, og sage opp dei tjukkaste greinene. Eg sette i gang med å kløyve kubbane som stod att, og etter kvart kløyde eg også greinkubbane. Vi løda opp ein del ved og hadde noko i sekker og prøvde å rydde opp litt. Heilt ferdige vart vi ikkje, men det som står att greier dei sjølve. Vi hadde kaffipause på altanen i dag også, der sit vi under tak.
No blir det pause her ei stund, før Nils skal på eit møte i kveld. Eg får vel sette på ei vaskemaskin eller to og vaske arbeidskleda våre.
Det har blitt nokre ferjeturar i det siste. Ser at dei har sett inn mindre ferjer no, men eg håper dei klarer å ta unna. I dag var det mange store bilar og bussar på tilbaketuren.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar