lørdag, oktober 31, 2015

Dagbok 2015: 31 oktober.

Klokka er 17.10, og eg trur det er langt på kveld. Temperaturen på trappa var + 18 C grader før middag, no er den 16,6 grader. Det er vind og regnbyger, men det er greitt så lenge vi slepp frost. Nils har nettopp vore og sett ut krabbeteinene i von om å få krabbemiddag i morgon.
I dag var det innviingsfest av den nye bilbutikken ved flyplassen. Ja, den har no vore open ei god stund, men markeringa var i dag. Dei sel Ford og Nissan. Vi har vore gode kundar, har kjøpt i alt 4 Nissan-bilar og ein Crystler med dei. Der var utstilling av dei nye bilmodellane inne, og ute kom det etter kvart veteran--hornmusikkorkester frå Volda, som spelte ute, men under tak. Det var ein fabelaktig akustikk der, så no håper eg at både kor og orkester kan få bruke denne arenaen, men helst om sommaren.
Eg trefte ein "gammal" elev der, eg kjende han ikkje att før han presenterte seg, gutar forandrar seg mykje på 13 år! Men eg burde ha kjent att mora. Det gjorde eg vel også, men ikkje alltid like lett å plassere folk-i farten. Det var kjekt å prate med eleven.






 Hadde det ikkje begynt å blåse og regne før vi for derifrå, hadde vi kanskje hamna på fotballkamp på Folkestad, men det var lite freistande når vi såg kor det bar av. Håper kampen gjekk bra-og at ikkje fotballen vart tatt av vinden.
Vi tok ein liten tur innom Amfi, det var svært lite vi skulle ha, derfor stakk vi innom Bunnpris - og kom ut att med eit stort nett.
Til middag åt vi spekemat med poteter, flatbrød og potetsalat, så no blir vi gåande her og lepje.
Eg har sløkt utelyset som teikn på at vi ikkkje ønsker besøk av Halloweenspøkelse. Ikkje fordi eg er prinsipielt imot, men vi har ikkje snop i hus.
Har prøvd meg på den ungdomsboka eg fekk låne av Margrete, men kjem liksom ikkje i gang, så eg trur eg vil velje noko anna.
I dag er det 56 år sidan Nils og eg ringforlova oss. På den tida var eg "lærar" på Karstad skule i Solheimsdalen, i nærleiken av Førde. Den tida var der ikkje vegsamband verken med Førde eller Askvoll, no går vegen rett fobi huset der eg budde. Vi hadde heller ikkje elektrisk lys. Ikkje der eg budde og ikkje i skulehuset.
Den kvelden vi forlova oss hadde vi eit lite selskap, og heile selskapet hamna etter kvart i fjøsen der purka fødde ei drøs med små "marsipangrisar". Gjestane meinte dette var eit godt teikn for framtida vår.Ja, no har vi ikkje meir enn tre barn, men med 11 barnebarn er vi ein bra flokk.Det merkelege er at 56 år har gått så fort. 

fredag, oktober 30, 2015

Dagbok 2015: 30.oktober

Klokka er 18.10, temperaturen ute er + 11 grader C, og no regnar det. Før middag var det opplett.
Vi for her og surra litt på føremiddagen, Nils rydda ute og eg inne, og så prata vi med naboane som var ute. Eg hadde kjensle av at det var laurdag. Men eg fekk i alle fall planta blomsterløkane eg fekk med Margrete, nokre i ei krukke, resten i beddet.
Vi hadde ikkje planlagt noko til middag, så vi fann ut at vi kunne ete lunsj i Volda; det er ei stund sidan sist. Då vi kom bort på kafeen vår, hadde dei stengt. Så vi snudde heim att. På Amfi hadde dei kjøttkaker, det freista ikkje, så vi kjøpte med oss det vi trong og laga Taco då vi kom heim.
I mellomtida hadde vi vore både på Bakk-Ola og Kulturhuset og leita etter "Bankfana" vår. Sidan Sparebank 1 sponsar pensjonistlaget skal vi eigentleg ha fana deira på veggen på alle møte, men særleg på novembermøtet når dei kjem og deler ut premiar til dei som har delteke på "Den gylne spaserstokk".
Det vart til at Nils gjekk inn i banken og spurde om vi kunne få ei ny.
Det smakte veldig godt med Taco etter å ha levd på fisk heile veka, men vi måtte slappe av etterpå. Eg somna på sofaen med lydboka mi. No les eg ei ungdomsbok etter eit par medmedrivande bøker- om eg kjem til å lese den ferdig er ei anna sak.
Det er fredagskveld igjen, og vi har ikkje anna på programmet enn TV-sjåing. Eg held meg stort sett til NRK 1, og eg finn mykje interessant å sjå der. Ser nok TV-berre synd eg ikkje kan strikke langsmed.
Ønsker alle ei fin helg-reknar med at mange ser fram til Halloween?
Komande onsdag er det møte i pensjonistlaget, så då har vi litt arbeid i samband med det.

torsdag, oktober 29, 2015

Bok nr. 78 - 2015: Hvordan elske en far og overleve.

En sterk selvbiografisk fortelling!
Vetle Lid Larssen elsket sin far, Lars Andreas Larssen. Men for å overleve måtte han bekjempe ham.
Det ble en kamp som skulle bringe far og sønn milevis fra hverandre, men også faretruende nær.
Det var den evige kampen mellom far og sønn; om dominans, selvhevdelse – og kjærlighet. Inntil døden.
Og enda lenger.
Hvordan elske en far – og overleve er en tragisk og humoristisk fortelling om den klassiske konflikten mellom fedre og sønner. Om hva som skjer når faren din rammes av alzheimer og sakte viskes ut. Om to menn som aldri greier å snakke sammen før det er for sent.
Nesten.
..........................................................
Ein seier ofte at boka var vanskeleg å legge frå seg. Denne greidde eg berre ikkje å legge frå meg før den var slutt. Den er morsom, sarkastisk, ærleg og gripande. Og den angår oss alle på ein eller annan måte. Den fortener terningkast seks, som den også har fått.

Dagbok 2015: 29.oktober



Klokka er 16.15. Det har delvis skya over og sola er vekk. Kvelden kjem tidlegare for kvar dag.
Det har vore fint vêr i dag også, men vi vakna til rim på taka, no er temperaturen +6 grader.
Dagen starta med det årlege besøket av gartnaren, som brukar å klippe det yngste plommetreet. Neste år håper eg det kjem plommer på det.
Nils begynte å tømme kompostkassa, mens eg støvsuga inne.
Vi skulle vere på biblioteket klokka 12.00, og eg måtte dusje og vaske håret først. 
På Kulturhuset var det eit møte med lærarar og politikarar; lærarane hadde fått beskjed om å ta med seg matpakke, politikarane fekk mat på staden. Det var ein tidlegare kollega som fortalde det. Han berre flira av det.
Eg var innom biblio og lånte "De usynlige" som eg rippa inn på maskina, så har eg begge bøkene klar når eg skal lese dei om att.
I går begynte eg på Vetle Lid Larsen si bok om faren. Eg held no på med CD tre av fire.
Etter møtet handla vi litt på Kiwi og reiste heim og åt kald makrell. Etterpå vart det pause+ kaffi. No er Nils komen ut til kompostkassa si igjen. Han skal flytte den-litt.

onsdag, oktober 28, 2015

Dagbok 2015: 28.oktober


Klokka er 17.00, sola har gått ned og det skymest. Temperaturen er + 8 grader. Det har vore ein fin dag med mykje sol.
Eg har vore mest inne, men Nils og Matias kom seg på sjøen klokka 8.30, dei fekk berre nokre få små- seiar, i tillegg fekk dei makrell. No har vi nettopp ete kokt småsei, og så har vi kokt makrell som vi skal ha kald i morgon.
Mens Nils var vekke vaska eg grundig på badet og kjøkkenet, og så var eg ute ei lita stund og rydda i hagen. No først blomstrar den mørkeblå clematisen for fullt. Som regel er den så seint ute at den får snø på blomsterprakta. Eg er glad så lenge snøen held seg borte.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag. Etter lunsj las eg ut lydboka mi. Har lese mange korte bøker i det siste.
Innlegget til avisa skreiv eg i går kveld, så det var berre å lese over og sende i dag.
Same om ein ikkje gjer så mykje, så går dagane fort, særleg no når dei er så korte.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget.
(Bilda er tatt frå altanen)

Bok nr.77 - 2015: Hvitt hav


Hvitt hav av Roy Jacobsen (Lydbok-CD)



 


Et ramsalt drama uten litterært sidestykke!

Her er oppfølgeren til suksessromanen De usynlige -- en dramatisk kjærlighetshistorie fra Barrøy i året 1944-45. Ingrid tror hun er alene på øya, men får oppleve en uvanlig forelskelse i noen intense vinteruker. Denne gang spenner Roy Jacobsen opp et enda større lerret, og leverer en sterk og handlingsmettet roman om et skjebneår i norsk historie.
.....................................................................
Den første boka i serien, "De usynlige", gjorde eit sterkt inntrykk på men, men den var kort, og eg ville gjerne vite korleis det gjekk vidare. Så kom heldigvis ei ny bok om familien på øya. Eg bestemte meg for at eg skulle lese om att den første for å friske på hukommelsen. DET SKULLE EG HA GJORT, men freistinga til å lese den nye boka vart for stor. No vart det mykje folk å halde orden på, for eg hugsa mindre enn eg trudde.
Likevel må eg berre seie at boka innfridde. Roy Jacobsen skriv godt, nesten Hamsunsk, og Nils Johnson er ein framifrå formidlar av det nordnorske språket. Eg har berre ein ting å gjere: Lese begge bøkene om att i rett rekkefølge. Dei er ikkje lange, så det skulle gå bra.

Kan legge til at også denne boka har fått terningkast 6.
  

tirsdag, oktober 27, 2015

Dagbok 2015: 27.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore ein fin dag; sol før middag, lettskya på ettermiddagen. No er det mørkt.
I dag hadde vi diverse ærend. Først leverte eg bøker på biblio her, og så tok vi ein tur til Volda, der eg leverte bøker, kjøpte genser og blomster. Vi bestemte oss for å ikkje handle på Amfi, men stikke innom Kiwi på Vallabøen, og det gjorde vi. Men først var eg fram på Øvre Mo og gratulerte ei veninne som hadde bursdag i går.
Då vi kom heim var eg forundra over at klokka ikkje var meir enn vel 13. Så eg tok ei lita runde i nabolaget og knipsa nokre bilde.
Middagen i dag var enkel, Pizza Grandiosa. Vi hadde fisk i går.
La meg på sofaen etter middag, var ikkje trøtt men somna likevel. Slik er det berre når ein les lydbok.
Førre veka passa eg på å ikkje sitte mykje, og då vart eg så bra.Så vart det sitting i Fosnavågen, og i går strikka eg ferdig ein lest, så i dag har eg ikkje vore bra.
No har Nils plukka inn dei siste epla frå treet vårt, og vi har pressa dei til jus. Det skal mykje eple til for å få 1 liter jus, men i staden for å kaste epla, kan vi drikke dei.
I morgon skal Nils og Matias ut og fiske, og eg må skrive eit lite avisinnlegg, så dagen er planlagt.
I dag er det ein kar på Eid som fyller år, og vi gratulerer !


mandag, oktober 26, 2015

Dagbok 2015: 26.oktober

Gratulerer med dagen!
Frå 15 (knapt) til 51. Tida går fortare enn ein ønsker når ein ikkje er heilt unge lenger. I dag fyller Rasmus 51 år. Bildet fann eg i ei skuffe ein dag eg rydda litt. Når ein har såpass mange barn og barnebarn kan ein ikkje ha alle bilda framme heile tida. Hugsar den brune cordfløyelsdressen, som Margrete sleit ut nokre år seinare, etter at eg hadde sydd inn slengen på buksa. Motar og trender skiftar. I fjor var vi på Kongsberg og feira 50-årsdagen, då var det mildt og fint. Den dagen i 1964 då Rasmus vart fødd var det klårt og kaldt. Både eg sjølv og alle tre barna er fødde på sjukehuset på Eid.
MÅ berre mimre litt kvar gong nokon har bursdag.
Klokka nærmar seg 20.00, og Nils stakk nettopp ut døra, han skulle på møte i SV. Temperaturen er + 8 grader C og eg synest det har vore mørkt i heile dag, men i morgon skal det visst lysne opp litt.
Eg brukte føremiddagen til å bake 6 brød, så litt flink har eg vore. No skal eg straks tømme både oppvaskmaskin og tørketrommel. Elles driv eg og rippar to bøker som Margrete kom med i dag. Ho kjem alltid innom annankvar mandag mens Amanda er på ballett. Og i dag kom Solveig også. Ho er nesten åleine heime for tida, for Øystein er i England, og så er det berre Olaug som bur heime med foreldra. Der ute driv dei og pussar opp i huset, men det leiger dei til. Uansett så blir det litt utriveleg mens det står på. Eg hadde tatt opp ei prinsessekake frå frysaren, og så drakk vi kaffi og feira bursdagen til Rasmus.

søndag, oktober 25, 2015

Dagbok 2015: 25.oktober

Klokka er 18.10 og det er mørkt ute, noko som har litt med tilbakestilling av klokka å gjere. Mange med meg ville gjerne hatt sommartid heile året-men det er visst ikkje mulig.
I dag har det vore regn og grått heile dagen, og snø langt nedetter fjellsidene, det er det eg kallar giktvêr. Hadde nokre veldig bra dagar i veka som gjekk, men i går vart det for mykje sitting i bil og på konsert, noko som eg har merka i dag.
Har i alle fall vore ekstemt lat i dag, mesteparten av tida har eg hatt lydbok på øyret og lese ferdig boka til Trude Teige.
Og så har eg laga middag-det var fort gjort- og elles har eg ikkje gjort noko særleg.
Vi var invitert til Eid i dag, sidan Svein hadde bursdag, men det vart til at vi utsette turen-og det var mi skuld.
I kveld er det mange program vi skal sjå på TV-og så har vi enno ikkje sett opptaket av "Skal vi danse" . Men vi veit kven som gjekk ut. Når vi ser programmet på opptak tek det berre halve tida.
I dag fyller altså bror min 74 år; han er berre 1 år og 7 mnd. yngre enn eg. Nils hadde også ein bror, Leon Severin, som var fødd den 25.oktober. Han kom bort på sjøen då han var 17 år; han hadde vore 76 år om han hadde levd i dag.
Og i morgon fyller Rasmus 51 år. I fjor var vi på Kongsberg og feira, og då var det fint og mildt på Austlandet. På Gol var det
+ 19 grader på heimturen vår. Men i Sogn og Fjordane var det flaum. Det var så vidt vi kom oss til Anda før vegen vart stengt. Ja, vêret kan vere så ymist- men eg håper det er ei stund før vinteren kjem.

Bok nr. 76 - 2015: Mormor danset i regnet.


Tre generasjoner kvinner og én mørk hemmelighet.

Juni har arvet huset til besteforeldrene og drar tilbake til øya der hun vokste opp. Mens hun rydder i huset, kommer hun over et bilde av mormoren sammen med en tysk soldat og et brev hun skrev i 1946. Brevet har tysk poststempel. Det er helt ukjent for Juni at mormoren var i Tyskland like etter krigen, og hun bestemmer seg for å nøste opp hennes historie.

Jakten på sannheten fører Juni til Berlin og en liten by i det som ble den russiske sonen da Tyskland kapitulerte. Der blir hun konfrontert med en brutal og ukjent krigshistorie. Etter hvert forstår Juni at mormorens hemmelighet er noe mer enn at hun var tyskerjente, og oppdagelsen får betydning for hennes eget liv.

Mormor danset i regnet handler om en kvinnes fortielse og dens følger for datteren og barnebarnet. Men aller mest er dette en fortelling om kjærlighetens helbredende kraft. Romanen er basert på sanne historier og faktiske hendelser.
..........................................................................................
Boka har to fortelle-stemmer, og to opplesarar. Rammefortellinga har ein "jeg"- fortellar og er lagt til vår tid. Den fortellinga er den minst interessante.
Den mest interessante er fortellinga om Juni si mormor som i slutten av krigen gifter seg med ein tysk soldat. Når krigen er slutt reiser dei til heimstaden hans i Aust-Tyskland. Men ingen ting blir slik dei trur. Denne historia frå krigen og etterkrigstida har til denne tid vore nokså ukjend for dei fleste av oss. Trude Teige har samarbeida med Ragnar Ulstein for å få fram historia frå Tyskland etter krigen.
Første gongen eg var i Hamburg var i 1958. Då vart eg litt sjokka over at så mykje minte om krigen. Her heime var det ikkje så mange spor etter krigstida, men i Hamburg var der mange halvbomba hus, og på gata gjekk krigsinvalidar og tigga.
Tyskland og det tyske folk leid også under krigen og etter krigen. På grunn av krigshistoria er boka verd å lese.
(Den er på 6 CD-plater)


lørdag, oktober 24, 2015

Dagbok 2015: 24.oktober.


Klokka er ca 22.00, temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Før middag var det opplett, mildt og fint. 
Vi er nyss attkomne frå Fosnavåg, der vi har vore på konsert med "Nordic Tenors". Konserten varte ca 1,5 timar og var veldig variert, det var opera-ariar, poplåtar, musikal og ikkje minst JODLING. Alle melodiane var slike vi har høyrt før, kjent stoff altså, og det er jo det vi helst vil høyre, vi som har levd ei stund. 
Dessutan hadde dei med seg ein veldig flink pianist. Fin konsert! Turen utover-og heim i minibuss gjekk heilt fint.
Før konserten sat vi ein times tid i resepsjonen på hotellet og drakk kaffi og åt kake.(Nydelig eplekake).
Vi for frå Ørsta klokka 17. Før den tid hadde eg vaska eit par maskiner med klede, stroke litt og laga middag. Elles brukte vi tida til å lade opp til kvelden.
Det er kjekt å fare på konsert i lag med mange andre, men eg synest det er litt trist at ingen av dei gamle vennane mine er med. Med gamle venner meiner eg dei eg kjende før eg begynte i pensjonistlaget, ingen av dei er med i "laget".

fredag, oktober 23, 2015

Dagbok 2015: 23.oktober

Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 12 grader C og i dag har det stort sett vore opphaldsvêr.
Vi har vore litt sløve i dag, ladar opp til den store konsertdagen i morgon. Ja, og så er det ein del å sjå på TV i dag.
I dag var Nils nedover og klipte seg tidleg på føremiddagen, så han var heime då Einar kom oppom i 11-tida. Han var her såpass lenge at vi åt lunsj i lag. Sende med han minnepenn med bøker til Solveig.
Eg lurte på om det var den nye ansiktskremen som var årsaka til det voldsomme allergiutbrotet i går, og for å teste smurde eg krem på halve ansiktet i dag. Men ingen ting skjedde, så det må ha vore eitt eller anna hos frisøren eg ikkje har tolt. Eg brukar ofte å få kløe av kremar eg ikkje toler, men aldri slik reaksjon som i går. Då eg var yngre hadde eg ikkje slike plager.
Etter at Einar hadde reist tok vi ein tur ut på Rjåneset for å ause båten. Eg gjekk tur på stigen som vanleg, tok ikkje med meg kamera, men då eg såg kor fint dei hadde laga til på og langs vegen, tok eg eit bilde med mobilen.
Så var vi ein tur innom Amfi før vi reiste heim, Nils skulle ha noko på Clas og eg gjekk inn på Miss B for å sjå om der var noko eg kunne bruke. Der er veldig mykje fint, men eg veit liksonm ikkje kva eg skal sjå etter. Det er to år sidan eg kjøpte juleklede, så i år må eg ha noko nytt til "julebordet".
Vi kokte oss kaffi og åt litt då vi kom heim og etterpå har eg lege på sofaen med lydbok. Nils har funne ein fotballkamp.Same procedure as every day, med andre ord.
Dette vart berre litt smalltalk på fredagskvelden; no vil eg ønske alle ei triveleg og avslappande helg. I morgon kveld/natt blir det å stille klokka. Det fell saman med fødselsdagen til Svein, og så blir det sommartid når eg fyller år. 

torsdag, oktober 22, 2015

Bok nr.75 -2015: Bienes historie

Kritikerrost, episk roman om bienes død. Allerede en internasjonal buzz!
«Bienes historie» skildrer menneskenes første spede forsøk på å holde bier, via dagens industrielle landbruk og til en fremtid hvor biene er døde. I bunnen ligger tre sterke historier om relasjoner mellom foreldre og barn, og om menneskenes sårbarhet.
William er en en melankolsk biolog og frøhandler i England i 1852. Han setter seg fore å bygge en helt ny type bikube som skal gi både ham selv og hans barn ære og berømmelse. George er birøkter i USA i 2007 og kjemper i motbakke, men han håper sønnen kan bli gårdens redning. Tao arbeider med håndpollinering i et fremtidig Kina hvor biene er forsvunnet. Hun ønsker mer enn noe annet at sønnen skal få en utdannelse og et bedre liv enn henne selv.
Maja Lundes bakgrunn i film viser seg i en handlingsdrevet og visuell fortellerstil, og hun skriver med stor språklig presisjon, variasjon og driv. «Bienes historie» er en roman som vekker assosiasjoner til så uike forfattere som Dickens, Murakami, Atwood og Irving.
.....................................................................................
Vi har høyrt mykje om kor viktig det er at insekt får leve -dør insekta, kan ikkje menneska leve på jorda, her blir mangel på mat. Sjølv passar eg på å aldri drepe t.d. humler, utan at det gjer så mykje frå eller til. Det er vel plantevernmidla som er den store syndaren.
"Bienes historie" høyrest rimeleg kjedelig ut, men forfattaren har levandegjort historia slik at det blir både underhaldande og interessant. Det er eigentleg tre historier, ei frå 1852, ei frå 2007 og ei science fiction -historie om framtida. Ho vekslar mellom desse tre historiene heile tida, eit kapittel frå kvar.
Eg likte boka godt. Den var lettlesen og enkel.

Dagbok 2015: 22.oktober.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 10 grader og det har vore regn og grått heile dagen.
Har ikkje vore så arbeidsam i dag. Har gjort husarbeid heile veka, så i dag var det berre golvvask som stod att. Mens eg vaska egnde Nils ei line, og sette den i frysaren klr til bruk. Til middag hadde vi kokt lange, det er ei stund sidan sist.
Eg skulle vere hos frisøren klokka 15.30, men først var vi innom biblio og henta fire bøker.
Då vi kom heim sette eg meg til å rippe, og det har eg halde på med heilt til no. Har lagt alle bøkene inn på minnepinne til Solveig, men eg hadde litt problem med somme plater, eg fekk ikkje rippa siste sporet. Må sjå litt nærmare på det i morgon. Eg har lytta til lydbok og strikka langsmed rippinga.
Fekk eit problem i dag. Begynte å svi i augene mens eg var hos frisøren. Eg skulda på kremen som eg hadde smurt i ansiktet, men det kan også vere eitt eller anna hos frisøren. Eg tok ein allergitablett og tårene har slutta å renne, men augene svir. Dette er eit lite problem som sikkert er over i morgon.

onsdag, oktober 21, 2015

Dagbok 2015: 21.oktober


Klokka er 16.00. Temperaturen ute er ca +12 grader C, det regnar og blæs, men lauvet på plommetrea heng fast og er like grønt. Eg veit ikkje om det er vêret si skuld, men eg er ikkje i så god form i dag som eg var i går.
Nils tok altså sin tredje tur til Volda i dag, og no har han fått sprøyta; det er eigentleg ein ampull med medisin som ligg under huda og gir i frå seg litt etter litt.
Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva,  så steikte eg kotelettar og sette i steikomnen. Det vart ein tidleg og god middag i dag, og så fekk eg legge meg på sofaen med pledd over den låke "foten".
No driv vi og kokar grønerterstuing av 5 pakkar erter, då har vi ei god stund. Vi har kjøpt oss plastbeger på Clas som vi kan ta rett frå frysaren og varme i mikroen. Særleg Nils er veldig glad i grøne erter og serverer dei til det meste.Når vi er ferdig med rotet skal eg vaske "rundt" på bord og benker.
Elles har det ikkje skjedd så mykje sidan i går, anna at eg har fått melding frå biblio om tre nye bøker som dei har lagt av til meg. No driv eg og les  "Bienes historie"- ei bok som er svært aktuell for tida. Men det blir ikkje lese så mykje kvar dag. Ein av grunnane er at eg har lagt vekk strikketøyet for ei stund, blir låk i ryggen når eg strikkar for mykje, og så er det vondt å sitte. Ja, det dukkar opp diverse plager med alderen. Er spent på korleis det går på konserten laurdag-mykje sitting når ein skal sitte i bil fram og tilbake i tillegg. Ja, det finst no "dop".
Det er ikkje ofte det blæs her, og eg har lyst ut i vinden. "Eg likar blæs", som ho sa Ingeborg, då ho var lita.

tirsdag, oktober 20, 2015

Dagbok 2015: 20.oktober

Klokka er ca 17.45, temperaturen + 9,4 grader C. Det er overskya med litt regn av og til. Men eg har vore inne i heile dag, og her går eg  nokonlunde tørrskodd. Vi har nettopp ete middag, i dag vart det steikt sei -det er ei stund sidan sist vi hadde det.
I dag stod vi rimeleg tidleg opp, begge to, og for ein gongs skuld synest eg at eg har fått gjort mykje. Når eg er bra  i form og ikkje verker har eg mykje oppspart energi.
Nils skulle til Volda å få den sprøyta han ikkje fekk i går. Han måtte vente lenge både her og der, men då han endeleg slapp til gjekk det gale, sprøytespissen knakk i dag også. Det må no vere noko gale med dei sprøytene frå fabrikken si side. Så no lyt han bort att i morgon også.
Mens han var vekke baka eg brød, vaska dusjkabinettet (Nils måtte ta nedste delen då han kom heim, for eg kan ikje bøye meg så mykje) vaska og rydda kjøleskapet m.m. Eg er i skikkelig ryddemodus for tida, så etter at vi hadde ete lunsj og kvilt litt rydda eg kontorplassen min. Eg kasta papir og diverse datagreier blant anna. I går tok eg eit par skuffer på kveldstid, det kjem eg ikkje til å gjere i dag. No skal eg berre legge i hop ein klesvask, så skal eg slappe av. Vil ikkje risikere å bli liggande i morgon.
Torsdag skal eg til frisøren og klippe meg, og laurdag er det konsert i Fosnavåg.
Det var nesten eit sjokk då det gjekk opp for meg at vi er komne til 20 oktober- det er snart eit år sidan vi var i Kongsberg. For eksempel.

mandag, oktober 19, 2015

Bok nr. 74 - 2015: Ensomheten i Lydia Ernemans liv.

Lydia Erneman har vokst opp som eneste barn på et småbruk nord i Jämtland. Hun utdanner seg til veterinær og flytter etter noen år i Skåne til et lite tettsted i Norge. Vi følger Lydia i hennes virke som dyrlege, i gjøremålene som følger de skiftende årstidene og landlivets rutiner. Kontakten med foreldrene er sporadisk, for selv om Lydia lett vinner respekt og tillit for sin iherdighet, er det likevel som om hun er prisgitt ensomheten som den altomfattende betingelsen for sitt liv, en betingelse som kan slå et menneske til marken, men som like fullt er et utspring for lykke.

Ensomheten i Lydia Ernemans liv er en bemerkelsesverdig, nostalgisk og fortrøstningsfull roman, skrevet i et konsist, bevegende og usedvanlig rikt språk.

........................................................
Denne boka er på 4 CD-plater. Det skjer ikkje all verda i denne romanen, men den har ei stemning , ein nerve som er vanskeleg å forklare. Eg har nokre bøker som er kallar "små perler"-kanskje er dette ei av dei?

Dagbok 2015: 19.oktober.

Klokka er no ca 16.00, temperaturen er + 11  grader C. Det har skya over no, men på føremiddagen var det nydelig. Men sola er låg og skuggane lange, så det er ikkje godt å få gode bilde for ein ukyndig amatør. Bildet over syner utsikta frå sjukehuset mot Folkestad.
I dag skulle Nils tidleg opp for å møte opp på legesenteret for blodprøver og legebesøk. Eg hadde sove dårleg om natta og "somna attpå" og vakna ikkje før Nils var vel heime. Etterpå skulle han til Volda for å ta ei sprøyte. Han har ei dame der borte som KAN sette den sprøyta, ho har brote handa, men ho skulle hjelpe ein lege så han fekk sette den. Det gjekk heilt skeis og sprøyta brotna så no må han bort att i morgon. Sprøyta må bestillast på apoteket, derfor fekk han ikkje gjort det i dag. 
Eg vart med bort til sjukehuset og ville fotografere i sjukehusparken mens han var inne. Etterpå skulle eg gå nedover same vegen som vi hadde køyrt opp, men ikkje lenger enn ned til rundkøyringa ved DH. Det skulle vere greitt? Men nei, vi klarer å rote det til. Eg fotograferte og gjekk ned mot rundkøyringa. Der var det ikkje sol, så eg luffa opp att mot sjukehuset, og var komen nesten opp att då Nils ringde på mobilen, då stod han i rundkøyringa og venta.Han hadde køyrt ein annan veg ned att. Det vart ein liten "diskusjon" om kven som hadde skulda for rotet.
Eg var innom Møre konf. og kika litt,  fann ikkje det eg ville ha,men der var veldig mykje fint.
Så var apoteket i Ørsta neste stopp. Vi måtte fylle på medisinlageret vårt begge to. Eg kom ut for ei ny, ung dame som kom med allslags åtvaringar. Mellom anna fekk eg vite at når eg tok Centyl, burde eg bruke ansiktskrem med faktor 15 for å unngå brune flekker i ansiktet. Eg lurte på om det var solkem ho meinte, men så er det faktorar på andre kremar også. Eg sa at dette visste eg ikkje, og då forkynte ho at dei fleste fekk vite det 10 år for seint.(Og takk for det!) Eg enda med å gå frå apoteket med fleire produkt enn eg hadde rekna med.
Heldigvis hadde vi att fiskegrateng frå i går, så det gjekk fort å lage middag. No har Nils somna i stolen sin, men eg skal prøve å halde meg vaken, så eg får sove til natta.







Denne vegen gjekk eg fleire gonger for dag dei tre vekene pappa låg på sjukehuset i Volda før han døde.Det var våren 1961. Vegen går rett ovafor lærarskulen, og den vesle butikken som eg ofte stakk innom er der enno, dvs. no er det SPAR--butikk.

søndag, oktober 18, 2015

Dagbok 2015: 18.oktober

Clematis -bildet er tatt frå altanen.


Klokka er snart 17.00. Temperaturen er + 11grader C. Det har vore overskya i heile dag, men no held sola på å komme fram og då er det fint!
Sidan eg har litt sitteproblem for tida, har eg prøvd å halde meg på beina det meste av dagen. Biltur er heller ikkje aktuelt.
Av og til blir vi så "huslige" om sundagane. I dag var det ein slik dag. Vi hadde både fisk og kjøtt tilgjengelig, men bestemte oss for fiskegrateng. Nils gjorde klar fisken, resten gjorde eg.No kan eg dette.
Vi har eitt einaste epletre og epla er ikkje så mykje å skryte av. For nokre år sidan kjøpte vi jus-presse, og i dag har vi køyrt ganske mykje eple gjennon den. Etterpå silte vi safta gjennom ein saftpose, for et blir ein del skum etc. Jusen frys vi på flasker til seinare bruk. Ja, dette er no slikt ein kan styre med når ein er pensjonist. Fiskegratengen vart god, som vanlig. Noko oppvask vart det, men eg likar å ha noko å sysle med. Fekk rydda eit par skuffer i same slengen, fordi eg leita etter noko. Eg er inne i ein skikkelig "rydde- og - kaste" -periode. Gjev den må vare.
Har hatt meg ei stund i horisontalen på sofaen med lydbok. Hadde det ikkje vore så seint på dag, kunne eg ha lagt meg ut på solsenga. Neste helg er det omstilling av klokka, anten vi likar det eller ikkje.



lørdag, oktober 17, 2015

Dagbok 2015: 17.oktober

Klokka er 18.15, temperaturen er + 11 grader, og i dag har det vore overskya og litt regn.
Vi var relativt tidleg oppe i dag, så eg fekk gjort ein liten jobb før vi tok ein tur til Vik. I dag tok eg fatt på eit par skap på kjøkkenet, rydda og vaska. Eg synest skaprydding er ganske kjekt når eg får ta litt om gongen i staden for å ta alt i ein jafs slik eg gjorde før i tida.Så vaska eg over golvet til slutt. 
Måtte vaske håret og shine opp meg sjølv før vi tok den nesten obligatoriske turen på Amfi. Der fann vi eit par vi kjenner, så vi  sette oss i kafeen og drakk kaffi og prata.
Det var ikkje så mykje vi trong i dag, men ei runde på Bunnpris gjorde at litt av kvart hamna i korga.
Til middag i dag vart det Grandis (tilbod) men vi har fisk som vi kan ete akkurat når vi vil.
Etter middag la eg meg å sofaen med lydbok, mens Nils for ein tur på terminalen for å fiske. Han er litt meir hyper enn eg.
No har eg spraya steikomnen og skal vaske den før eg tek kvelden framfor TV-en.

fredag, oktober 16, 2015

Dagbok 2015: 16.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen er +11,5 grader C og vêret er nydelig.
Sist natt sov eg lite, låg og verkte meir enn godt var, men er bra no. 
Mens eg låg og vrei meg i senga, las eg ut boka mi, men eg må lese alt om att, for ikkje alt er like klårt i minnet. Derfor passa det godt at eg fekk meg ei god stund på solsenga i dag.
Bildet over tok eg frå altanen, rett mot sola. Rett bak den høge bjørka ligg Melle der vi budde i fem år. Gløymer ikkje haustane der borte, når sola forsvann meir for kvar dag.Her vi bur no står sola inn stoveglasa heile dagen, og her blir veldig varmt inne.
Nils fann ut at han skulle fiske litt før middag, så eg vart gåande her og surre. Men eg tok meg på tak og rydda opp i både det eine og andre, og fekk kasta diverse som vi ikkje treng. Bra med det, det er alltid noko som skal ryddast.Blir ikkje så lett arbeidslaus.
For ei stund sidan rydda eg i kjøkkenskapet, og då fann eg ein pose med "kyllinggryte". Det er svært sjeldan vi brukar posemat, men denne såg litt fristande ut. No et ikkje Nils kylling, så vi brukar svinekjøtt i staden i slike rettar. Eg kjøpte nakkekotelettar i går som eg hadde tenkt å bruke. Men så sa Nils at han hadde frosne kotelettar som vi kunne bruke opp først, så dei henta han opp. 
Eg tykte dei var litt gråaktige på farge, så eg lurte på om dei kunne vere salta, men det var dei heilt sikkert ikkje. Så laga eg sausen, som eg tykte var i saltaste laget, og steikte kjøttet i terningar og hadde oppi. Det vart IKKJE godt !  Og då vi skulle ete retten var kjøtet verkeleg salt. Sidan Nils la seg "flat" fekk eg ikkje kjefta ein gong. Vi åt risen og kjøtet, men mykje av sausen hamna i bossbytta.
Det skal bli ei drikking utover kvelden. Vi startar med kaffi om ei lita stund.
Så ønsker eg alle ei riktig fin helg, men fine turar for dei som kan.

Bok nr. 73 - 2015: Til jord skal du bli.


Med intensitet og nerve følger vi politietterforsker Malin Fors' kamp mot klokka.
En tidlig maimorgen blir en ung mann funnet død i et dike inntil Göta kanal. Han er naken, og kroppen bærer ikke preg av spor etter vold. Når Malin Fors og hennes kollegaer ankommer stedet råder en merkelig stillhet. Det er som om alle stemmer har blitt dempet.
Mannen identifiseres snart som Peder Åkelund, en tidligere sverigedemokrat som har blitt kastet ut av partiet for sine rasistiske uttalelser. Det viser seg at han er blitt drept. Samme kveld blir seksten år gamle Nadja Lundin meldt savnet, trolig bortført. Tegn tyder på at de to sakene har med hverandre å gjøre.

Men hva har ofrene til felles? Hvorfor er de blitt valgt ut? Etter en stund begynner Malin Fors å innse at de har å gjøre med noen som leker med politiet, som snakker via mord og som ikke har tenkt til å la seg stoppe. Men hva er det han eller hun vil si? Det haster med å finne et svar. Jenta kan fortsatt være i live.
..............................................................................
Denne boka las eg ut sist natt fordi eg ikkje fekk sove på grunn av verk. Det er ikkje den beste bakgrunn for lesing, for å seie det forsiktig. Las om att dei tre platene i dag, for eg hadde sjølvsagt ikkje fått med meg alt. No har eg lese så mange krim-romanar at det er vanskeleg å imponere meg. Det skal godt gjerast å vere original innafor den sjangeren. Derfor vil eg ikkje uttale meg om innhaldet.
Språket er uventa "litterært" og nesten poetisk til tider, noko som er uvanleg i ein roman av denne typen. Sjangerbrot er alltid interessant- og eg likte måten boka var skriven på.

torsdag, oktober 15, 2015

Dagbok 2015: 15.oktober

Klokka er 21.30, temperaturen er +9 grader C, og i dag har det vore overskya opphaldsvêr.
Dagen har vore litt annleis enn dei fleste andre dagar. Vi hadde besøk av Einar eit par timar på føremiddagen, så i dag vart det vaflar til lunsj.
Etter at Einar hadde reist, gjorde vi oss klar for by-runde. Vi skulle hente den nye ventilatoren på El-kjøp, og så måtte eg ha nytt batteri i klokka mi, blant anna.
Mens Nils var inne på lageret og henta ventilatoren, tok eg to bilde med mobilen. Eitt for å vise at det enno ligg ein del snø i Saudehornet frå i fjor vinter. Dette er uvanleg. Så såg eg ned på flyplassen og tenkte over det paradoksale i at det ikkje er særleg populært at flyplassen har hatt nedgang i passasjertal siste året, mens vi gjerne vil ha ein grøn politikk.

Då vi kom heim sette vi i gang og skulle montere ventilatoren, men det var ikkje så enkelt som vi trudde. Vi hadde sjølvsagt tatt mål, men så var der nokre skinner som skulle festast på sidene, og då vart holet for trangt. Etter litt klabb og babb, pakke vi i hop heile greia og køyrde bort att på butikken.Der blei det registrert at vi hadde eit "ventilatorproblem" og ein "ekspert" blei tilkalla. Han forklarte at vi trong ikkje bruke skinnene, men skrue rett opp i skapveggane. Etter litt strev var ventilatoren på plass og vi kunne steike fiskekaker og ete middag. Då var klokka 19.00.
Etter middag har vi drukke kaffi, sett TV og slappa av. Og så var den dagen i boks.


onsdag, oktober 14, 2015

Dagbok 2015: 14.oktober.

Klokka er 17.00, og sola skin inn glaset så det er kokheitt inne. Ikkje så kaldt ute heller, +11-12 grader C. 
Eg gjekk nettopp ein bitte liten tur for å få litt frisk luft, men då kom det skyer. Ikkje før var eg komen inn att, så skein det opp igjen. 
Denne dagen har vi gått litt på vent. Nils ringde fleire gonger til sjukepleiaren i Volda som plar sette halvårssprøytene hans, utan å få svar. Då har ringde resepsjonen fekk han vite at ho er fri denne veka.Så no må han vente til mandag - eller få andre til å sette den. Men det er ho som KAN det. 
Så venta vi på han som skulle ringe om ventilatoren, men den kom sjølvsagt ikkje i dag. Dette kjenner vi til frå før, "dei lovar og lyg". 
Nils brukte føremiddagen til å frakte vedsekker frå tilbygget og opp i garasjen, mens eg støvsuga alle teppegolva. Ryggen streika i dag, ikkje så mykje på grunn av støvsuginga, men på grunn av fotballen. Mens Nils såg landskamp i går sat eg nemlig å strikka heile tida, og det vart i meste laget. Elles har det vore klesvask og bretting m.m.
Det var tidleg middag i dag, og endelig fekk vi ete den salta langa som vi eigentleg skulle hatt på søndag - då vi åt krabbe i staden.
No skal Nils ta seg ei lita trimrunde, han klarer meir, han, enn eg.
På bildet øvst på sida ser de vårt hus og naboens georginer.

Stein og plantar er så fint i lag, men det er vanskeleg å få det til å sjå naturleg ut. Denne dama har klart det. Bildet under tok eg med på grunn av fargane.


tirsdag, oktober 13, 2015

Dagbok 2015: 13.oktober


Klokka er 19.30 og temperaturen + 10 grader C. I dag har det vore overskya, heilt utan streif av sol. Men det har heller ikkje regna.
Eg starta dagen med å byte på sengane, og vaske alle vaskbare golv. (Vi har heldigvis mange teppegolv). Klesvask vart det sjølvsagt også.Og kleda vart hengt på snor ute.
Etter å ha kvilt ryggen litt og ete lunsj, vart det ein tur til Vik.
Nils hadde alt vore ein tur. Han skulle kjøpe den ventilatoren som vi såg på laurdag, men den var berre til utstilling, og fleire hadde dei ikkje. Så vi må vente til i morgon (minst) før vi kan få ein. Nils har i alle fall demontert den gamle.
Eg hadde ærend på biblio i dag, tre nye bøker hadde dei lagt av til meg, Nils hadde ærend i banken, og eg skulle ha noko styr på Europris. Litt mat stod også på lista, så vi måtte innom Amfi.
Då vi kom heim rippa eg ei av bøkene mens eg strikka litt. No har eg hatt meg ein pause på sofaen med bok på øyret, men trur eg må lese om att det meste.

Bok nr. 72 - 2015: Det frosten tok.


Kari Nygaard
Det frosten tok
I et muntlig, adjektivrikt språk skildrer forfatteren hverdagsliv og drama når fjellbønder og samer barker sammen i kampen for overlevelse.
Romanen er bygget på historiske hendelser, og uårene under Napoleonskrigene danner bakteppe når striden topper seg på Gauldalsvidda.
Bønder fra distriktet stjeler og slakter ned 392 rein, fordi dyrene skader de skrinne beitene bøndenes husdyr er avhengige av. De frykter også samenes mystiske makt, deres påståtte evne til å gande sykdom og død på fiendene.

Bok
År med hungersnød rammer alle parter hardt, og to kvinner finner sammen på tross av gamle fiendebilder.

Samekvinnen Marjja og bondekonen Lea har også fordommer og angst, men finner et urgammelt kvinnefellesskap. Begge har mistet sin mann etter striden, begge frykter for eget og barnas liv, men vakler mellom frihetslengsel og håpløshet. Deres vennskap bygges også på en utveksling av kunnskap, særlig innen folkemedisin.
Man har sluttet å brenne hekser, men uvanlige kunnskaper om pleie av skadde og syke kan føre til trusler og straff fra så vel prest som lensmann. Særlig er Marjja utsatt, for hun lever et hemmelig og forbudt liv i pakt med sin samiske kultur, under et tynt ferniss av kristendom.
Hun er romanens sterkeste karakter, ofte i sentrum av de fineste miljøskildringene, enten handlingen foregår i ei mørk lita stue eller i storslagen natur.
...........................................................................
Denne boka har eg lese på papir, sånn langsmed. I går tok eg meg på tak og las resten. Det går mykje snarare å lese på papir enn å høyre lydbøker. Boka er på ca 370 sider.
Det er den andre boka eg les av Kari Nygård, og eg trur knapt ho har skrive fleire. Den første var Bella Coola. Margrete meiner at "Det frosten tok" er den beste av dei to, og det er eg einig i.
Det er avslappande og kjekt å lese ei "gammaldags", kronologisk fortelling, der ein ikkje heile tida må flytte seg i tid og rom. Eg las i ein kritikk at Kari Nygård blir samanlikna med Anne Karin Eldstad. Ho set fiktive menneske inn i ein historisk kontekst. Men det er det jo veldig mange som gjer. Det mest interessante for min del var å få vite litt meir om samane og korleis dei vart sett på av andre nordmenn.
Det paradoksale er at når eg først las ei papirbok, så var det ei bok som hadde fungert veldig bra som lydbok.

mandag, oktober 12, 2015

Dagbok 2015: 12.oktober

Klokka er ca 19.30. Temperatuuren ute er + 9 grader; det har vore ein nydeleg dag med mykje sol, men eg har halde meg inne. Når Nils er heime er det han som luftar Charlie, men no er det slutt på den moroa.
Føremiddagen i dag gjekk stort sett med til å rydde litt i huset og til å lage ein stor porsjon brennsnut pluss ein porsjon foccacia- brød.
Eg fekk også tid til å lese litt innimellom.
Margrete skulle studere litt etter skuletid så ho kom ikkje før klokka var halv fem. Charlie blei sjølvsagt veldig glad for å sjå henne, men trur han har likt seg bra her hos oss. Margrete blei ikkje så lenge, sidan ho skulle hente Amanda klokka 17.30. Men vi fekk no høyre litt frå hovudstaden; lenge sidan eg har vore der.
Etter at eg vart her åleine igjen, shina eg opp kjøkkenet, har ikkje gjort så mykje husarbeid mens vi har hatt hund.
Nils fekk ei nabodame til å køyre han bort og hente bilen vår, så no er vi ikkje billause lenger. Nils skal på møte i SV no i kveld. Eg skal sjå "Symesterskapet" på TV- det er det mest spennande og nervepirrande program eg veit, mykje verre enn den verste krim for meg som har symaskinskrekk. Og så er det Broen seinare i kveld. Ja, dagane går og går....

søndag, oktober 11, 2015

Dagbok -2015 : 11. oktober


Klokka er 17.30, temperaturen er + 12 grader C og det har vore ein nydelig , lettskya dag. Kan ikkje ønske det betre midt i oktober.
Nils sette ut teiner i går kveld og drog dei i dag, det vart bra fangst, og desse krabbane var det meir mat i enn dei vi hadde sist.Charlie var skeptisk, men Nils kokte dei og sette dei til avkjøling.
Før vi åt middag tok vi bilen og køyrde bort på Morkaåsen der det er ei fin kunstgrasbane; meininga var å leike med Charlie der, såpass HAN fekk mosjon i alle fall. Der var det også ein svart, glatthåra hund, eg er ikkje sikker på rasen, som ville leike, så då vart det liv. Den andre hunden og folka hans skulle gå tur-truleg bort til Åsentunet, men vi gjekk berre eit lite stykke. Så gjekk vi tilbake og leika "hent kjeppen", men Charlie har ikkje heilt forstått at han skal levere kjeppen tilbake. Elles er han veldig flink og kjekk.


Her kan de sjå bana. Lysmasta står midt på Saudehornet.



Hundane var litt voldsomme i leiken, men ingen vart skada. Ikkje alle store hundar er like snille som Lasso. Charlie er flink å hoppe inni bilen og plassere seg i buret.
I dag gjorde vi noko vi aldri har gjort før. Vi handla på søndag; ein loff på Bunnpris. Så åt vi krabbe med loff og majones i staden for fisk i dag. Og eg vart ikkje kvalm slik eg vart sist eg åt krabbe. Ergo er eg ikkje allergisk.
Margrete er komen heim att frå Oslo, og i morgon kjem ho hit, for då skal Amanda på ballett igjen. Ferien er slutt.Og Charlie skal få kome heim att til familien sin. Nils skal levere bilen i kveld, og Jørn er med og køyrer han heim att. Håper vi får att bilen i løpet av morgondagen.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...