fredag, oktober 16, 2015

Dagbok 2015: 16.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen er +11,5 grader C og vêret er nydelig.
Sist natt sov eg lite, låg og verkte meir enn godt var, men er bra no. 
Mens eg låg og vrei meg i senga, las eg ut boka mi, men eg må lese alt om att, for ikkje alt er like klårt i minnet. Derfor passa det godt at eg fekk meg ei god stund på solsenga i dag.
Bildet over tok eg frå altanen, rett mot sola. Rett bak den høge bjørka ligg Melle der vi budde i fem år. Gløymer ikkje haustane der borte, når sola forsvann meir for kvar dag.Her vi bur no står sola inn stoveglasa heile dagen, og her blir veldig varmt inne.
Nils fann ut at han skulle fiske litt før middag, så eg vart gåande her og surre. Men eg tok meg på tak og rydda opp i både det eine og andre, og fekk kasta diverse som vi ikkje treng. Bra med det, det er alltid noko som skal ryddast.Blir ikkje så lett arbeidslaus.
For ei stund sidan rydda eg i kjøkkenskapet, og då fann eg ein pose med "kyllinggryte". Det er svært sjeldan vi brukar posemat, men denne såg litt fristande ut. No et ikkje Nils kylling, så vi brukar svinekjøtt i staden i slike rettar. Eg kjøpte nakkekotelettar i går som eg hadde tenkt å bruke. Men så sa Nils at han hadde frosne kotelettar som vi kunne bruke opp først, så dei henta han opp. 
Eg tykte dei var litt gråaktige på farge, så eg lurte på om dei kunne vere salta, men det var dei heilt sikkert ikkje. Så laga eg sausen, som eg tykte var i saltaste laget, og steikte kjøttet i terningar og hadde oppi. Det vart IKKJE godt !  Og då vi skulle ete retten var kjøtet verkeleg salt. Sidan Nils la seg "flat" fekk eg ikkje kjefta ein gong. Vi åt risen og kjøtet, men mykje av sausen hamna i bossbytta.
Det skal bli ei drikking utover kvelden. Vi startar med kaffi om ei lita stund.
Så ønsker eg alle ei riktig fin helg, men fine turar for dei som kan.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...