Klokka er 18.10, temperaturen ute er + 11 grader C, og no regnar det. Før middag var det opplett.
Vi for her og surra litt på føremiddagen, Nils rydda ute og eg inne, og så prata vi med naboane som var ute. Eg hadde kjensle av at det var laurdag. Men eg fekk i alle fall planta blomsterløkane eg fekk med Margrete, nokre i ei krukke, resten i beddet.
Vi hadde ikkje planlagt noko til middag, så vi fann ut at vi kunne ete lunsj i Volda; det er ei stund sidan sist. Då vi kom bort på kafeen vår, hadde dei stengt. Så vi snudde heim att. På Amfi hadde dei kjøttkaker, det freista ikkje, så vi kjøpte med oss det vi trong og laga Taco då vi kom heim.
I mellomtida hadde vi vore både på Bakk-Ola og Kulturhuset og leita etter "Bankfana" vår. Sidan Sparebank 1 sponsar pensjonistlaget skal vi eigentleg ha fana deira på veggen på alle møte, men særleg på novembermøtet når dei kjem og deler ut premiar til dei som har delteke på "Den gylne spaserstokk".
Det vart til at Nils gjekk inn i banken og spurde om vi kunne få ei ny.
Det smakte veldig godt med Taco etter å ha levd på fisk heile veka, men vi måtte slappe av etterpå. Eg somna på sofaen med lydboka mi. No les eg ei ungdomsbok etter eit par medmedrivande bøker- om eg kjem til å lese den ferdig er ei anna sak.
Det er fredagskveld igjen, og vi har ikkje anna på programmet enn TV-sjåing. Eg held meg stort sett til NRK 1, og eg finn mykje interessant å sjå der. Ser nok TV-berre synd eg ikkje kan strikke langsmed.
Ønsker alle ei fin helg-reknar med at mange ser fram til Halloween?
Komande onsdag er det møte i pensjonistlaget, så då har vi litt arbeid i samband med det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar