lørdag, oktober 31, 2015

Dagbok 2015: 31 oktober.

Klokka er 17.10, og eg trur det er langt på kveld. Temperaturen på trappa var + 18 C grader før middag, no er den 16,6 grader. Det er vind og regnbyger, men det er greitt så lenge vi slepp frost. Nils har nettopp vore og sett ut krabbeteinene i von om å få krabbemiddag i morgon.
I dag var det innviingsfest av den nye bilbutikken ved flyplassen. Ja, den har no vore open ei god stund, men markeringa var i dag. Dei sel Ford og Nissan. Vi har vore gode kundar, har kjøpt i alt 4 Nissan-bilar og ein Crystler med dei. Der var utstilling av dei nye bilmodellane inne, og ute kom det etter kvart veteran--hornmusikkorkester frå Volda, som spelte ute, men under tak. Det var ein fabelaktig akustikk der, så no håper eg at både kor og orkester kan få bruke denne arenaen, men helst om sommaren.
Eg trefte ein "gammal" elev der, eg kjende han ikkje att før han presenterte seg, gutar forandrar seg mykje på 13 år! Men eg burde ha kjent att mora. Det gjorde eg vel også, men ikkje alltid like lett å plassere folk-i farten. Det var kjekt å prate med eleven.






 Hadde det ikkje begynt å blåse og regne før vi for derifrå, hadde vi kanskje hamna på fotballkamp på Folkestad, men det var lite freistande når vi såg kor det bar av. Håper kampen gjekk bra-og at ikkje fotballen vart tatt av vinden.
Vi tok ein liten tur innom Amfi, det var svært lite vi skulle ha, derfor stakk vi innom Bunnpris - og kom ut att med eit stort nett.
Til middag åt vi spekemat med poteter, flatbrød og potetsalat, så no blir vi gåande her og lepje.
Eg har sløkt utelyset som teikn på at vi ikkkje ønsker besøk av Halloweenspøkelse. Ikkje fordi eg er prinsipielt imot, men vi har ikkje snop i hus.
Har prøvd meg på den ungdomsboka eg fekk låne av Margrete, men kjem liksom ikkje i gang, så eg trur eg vil velje noko anna.
I dag er det 56 år sidan Nils og eg ringforlova oss. På den tida var eg "lærar" på Karstad skule i Solheimsdalen, i nærleiken av Førde. Den tida var der ikkje vegsamband verken med Førde eller Askvoll, no går vegen rett fobi huset der eg budde. Vi hadde heller ikkje elektrisk lys. Ikkje der eg budde og ikkje i skulehuset.
Den kvelden vi forlova oss hadde vi eit lite selskap, og heile selskapet hamna etter kvart i fjøsen der purka fødde ei drøs med små "marsipangrisar". Gjestane meinte dette var eit godt teikn for framtida vår.Ja, no har vi ikkje meir enn tre barn, men med 11 barnebarn er vi ein bra flokk.Det merkelege er at 56 år har gått så fort. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...