fredag, oktober 23, 2015

Dagbok 2015: 23.oktober

Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 12 grader C og i dag har det stort sett vore opphaldsvêr.
Vi har vore litt sløve i dag, ladar opp til den store konsertdagen i morgon. Ja, og så er det ein del å sjå på TV i dag.
I dag var Nils nedover og klipte seg tidleg på føremiddagen, så han var heime då Einar kom oppom i 11-tida. Han var her såpass lenge at vi åt lunsj i lag. Sende med han minnepenn med bøker til Solveig.
Eg lurte på om det var den nye ansiktskremen som var årsaka til det voldsomme allergiutbrotet i går, og for å teste smurde eg krem på halve ansiktet i dag. Men ingen ting skjedde, så det må ha vore eitt eller anna hos frisøren eg ikkje har tolt. Eg brukar ofte å få kløe av kremar eg ikkje toler, men aldri slik reaksjon som i går. Då eg var yngre hadde eg ikkje slike plager.
Etter at Einar hadde reist tok vi ein tur ut på Rjåneset for å ause båten. Eg gjekk tur på stigen som vanleg, tok ikkje med meg kamera, men då eg såg kor fint dei hadde laga til på og langs vegen, tok eg eit bilde med mobilen.
Så var vi ein tur innom Amfi før vi reiste heim, Nils skulle ha noko på Clas og eg gjekk inn på Miss B for å sjå om der var noko eg kunne bruke. Der er veldig mykje fint, men eg veit liksonm ikkje kva eg skal sjå etter. Det er to år sidan eg kjøpte juleklede, så i år må eg ha noko nytt til "julebordet".
Vi kokte oss kaffi og åt litt då vi kom heim og etterpå har eg lege på sofaen med lydbok. Nils har funne ein fotballkamp.Same procedure as every day, med andre ord.
Dette vart berre litt smalltalk på fredagskvelden; no vil eg ønske alle ei triveleg og avslappande helg. I morgon kveld/natt blir det å stille klokka. Det fell saman med fødselsdagen til Svein, og så blir det sommartid når eg fyller år. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...