Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har eg alt muleg som eg kan få bruk for, til dømes pennar,blyantar.viskeler, tannpirker, metermål, osb-
I dag har eg sete der lenge, Vi får avisa vår, MØRENYTT i postkassa to gongar i veka, men det er ikkje alltid eg hugsar å hente den der, så i dag fann eg 2 store innhaldsrike aviser. Eg har gått gjennom tysdags-avisa, og så vidt begynt på dagens. Der er mange og lange innlegg, så det er ikkje så fort å komme igjennom.
Men der er mykje som er interessant, og fordi Margrete er med i kommunestyret i Volda får vi relativt ofte eit sitat frå henne.Det fekk vi i dag.
På føremiddagen sat eg ei stund og strikka før eg var ein tur opp til Marit og prata litt med henne.
Elles har det hendt lite og ingenting i dag-men i avisene skjer det mykje. det er ikkje like fredeleg alle stader som her i Starevegen. Eg har gjort meg ferdig med tysdagsavisa ,men har laurdagsavisa igjen og så har eg strikketøy og TV så eg kjeder meg ikkje. Og kanskje får eg besøk av Solveig i morgon-

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar