onsdag, september 16, 2026

Dagbok 2026:16.september

Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer  som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør. Det eg har gjort i dag det er å ta det eg kallar "fredagsvask" , og etterpå har eg strikka litt. Då måtte eg sette meg inn på datarommet for det var ikkje varmt nok i stova. Varmepumpa står på sjølvsagt, men eg kan ikkje fyre i omnen for der er noko gale med "døra".Det går sikkert and å fikse det, men eg er ikkje så flink til slikt.

Elles er det ikkje så mykje som har hendt i dag i alle fall ikkje her hos meg. Eg er enno ikkje ferdig med å lese avisene. I dag les eg laurdagsavisa. Og der fann eg noko rart; eit bilde av meg og nokre av elevane mine, bildet må vere frå 1980  eller før, for eg meiner Gamleskulen brann i 1980. 17-18 mai Eg stod der og såg det.

Eg har ikkje hatt på TV-en i dag så no lurer eg litt på kva som har hendt i verda-eg får vel vite det snart-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:16.september

Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer  som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...