torsdag, september 17, 2026

Dagbok 2026: 17.september 2026


Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- 

Det blir nok enda finare når blomstrane sprett meir ut

Klokka er no 19.12, temperaturen ute er +10 grader C, og det er overskya , men stiort sett opplett.

I dag var avtalen at Solveig skulle komme på besøk til meg. Det er ymse ting ho må hjelpe meg med no når eg er blitt så gammal. Mellom anna skulle ho hjelpe meg å ta ut nye briller, Men så var det så lang tid sidan eg testa synet at det må testast på nytt, det skal skje neste torsdag. Eg var budd på at det vart slik.

Men vi kunne no gå på "Fru Svendsen " og kjøpe pærekake og kaffi, og etterpå var vi på Aahndal og såg på klede utan å kjøpe noko, men det kan hende eg stikk innom ein annan dag-når eg har fått tenkt meg om. Der var "billegsal" på mykje fine klede. 

Vi var også på KIWI og handla mat til meg, så er det gjort.

Solveig kom ikkje tomhendt på besøk, det gjer ho aldri ,og i dag hadde ho strikka ei god varm kofte til meg. Den blir sikkert populær når hausten kjem for fullt.

Etter at ho reiste ut att har eg sete framfor TV-en nesten heile tida-og strikka. Eg har gått over til å strikke berre lestar til heile slekta , og det er eg veldig fornøgd med.

             Denne lyngplanten kjøpte vi også. den skal vi ha på grava til NIls.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 17.september 2026

Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min-  Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...