søndag, november 22, 2026

Dagbok 2026:22.november

Klokka er no17.56 .Temperaturen ute er minus3grader og det er klarver, står det på PC-en min. Eg har berre så vidt vore ute ein tur, for å hente meir ved i garasjen, eg har ikkje moka det minste grann, for eg går i dei nye "støvlane" mine-og det går heilt bra. Eg fyrte opp i omnen på føremiddagen, og no la eg innpå litt igjen. Eg har no all den ruskeveden  som skal brennast uansett.

Komande tysdag har Erlend fødselsdag; då bestefedrane levde , hadde dei begge fødselsdag i november, så då feira vi både Erlend og dei.No har ERlend dagen åleine.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, eg kom endeleg i hamn med lesteparet eg har strikka på i mange dagar, dvs. eg har att å fesrte trådane. Eg forstår ikkje korleis det kunne bli så mykje styr , eg rekte opp att meir og mindre  hundrede gongar. At det kunne bli så vanskeleg for meg-eg som stort sett strikkar ein lest for dag.No står det att å feste trådar før eg begynner på eit nytt lestepar.

Det vart litt sein middag på meg i dag, men det blei i alle fall MAT. Eg har bra mykje mat i huset, mykje takka vere Solveig som lokkar meg til å kjøpe mykje godt og sunt.Eg har ikje gjort så mykje anna enn å strikke og ete i dag, pluss aldri så lite TV,

Eg ser ikkje så veldig mykje tv, eg likar ofte betre å sitte her med pc-en og høyre musikk etc. Eg har høyrt mykje på ELVIS i det siste-og ikkje berre song og musikk. Eg har høyrt på fortellingar om han også -på engelsk. Det synest eg er kjekt å høyre, så får eg testa engelsk-kunnskpane mine også. Ja, eg har veldig mykje glede av PC-en. Kan ikkje tenke meg å vere utan. Det er også her eg har kontakt med familien og venner. Eg er ikkje så flink med telefonen, der treng eg litt opplæring.Eg ser no alt som Solveig t.d. finn på telefonen sin.

No skal eg inn og sjå kva dei serverer på TV-en. Det er vel berre krig og elendigheit, eg er nesten redd å sette den på.


                                     Eg har trakka veg til garasjen


. ,  

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:22.november

Klokka er no17.56 .Temperaturen ute er minus3grader og det er klarver, står det på PC-en min. Eg har berre så vidt vore ute ein tur, for å h...