PÅ vermeldinga på skermen står det 9 grader Regn. Vi får ta det vi får.
I dag har eg ikkje funne på så mykje lurt, eg har for det meste sete og strikka, men hatt TV-en på. Eg har strikka og rekt opp att fleire gonger før eg hugsa kolleis eg skulle gjere det. No er det slik at døtrene mine har tatt over strikking av genserar og kofter etc. Men eg held fram med strikking av lestar til heile storfamilien, med tanke på at dei ikkje skal fryse på føtene , og det må vere eit lager for det er ikje sikkert kva tid eg sluttar å strikke.-
Tidlegare i dag fekk eg ikkje liv PC-en min, men heldigvis var den i orden no.. Denne dagen har gått veldig fort, så fort at eg ikkje har fått tid til anna enn strikking, Det var no fint først på dagen, så eg var no ute og fekk ete litt svartsurbær.Eg trur eg må plante fleire busker så eg får meir bær- det skal no vere så sunt.
I morgon er det ei veke sidan eg var på tur med Margrete, men vi kan no ikkje ha tur kvar helg. Eg køyrer ikkje på tur åleine så eg er avhengig av andre.Og eg synest eg får mykje hjelp og besøk-det set eg pris på -men eg trivst også med å vere åleine.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar