lørdag, september 19, 2026

Dagbok 2026: laurdag19.september

 





No når eg ikkje går på skule eller noko anna, har eg litt problem med å vite kva for vekedag og dato det er-heile tida ,Eg trudde eg hadde funne på noko lurt då eg i går kveld laga ein lapp det stod "Idag er det laurdag19.september", så skulle eg vere orientert. Det virka bra ei stund, men så var eg komen til søndag....Då hadde eg faktisk jobba litt her heime (sjølv om det var " søndag)".,  Men så var eg opp til Marit ein tur, og der var det laurdag. Det er ikkje så lett dette med dagar når ein ikkje har noko å henge dei på., I dag vart eg elles såpass våken at eg fekk hente inn laurdagsavisa. Det skjer ikke ofte.

Eg stod opp grytidleg i dag, som vanleg, men gjekk og la meg igjen og sov til klokka var halv 10-slikt har ikkje hendt før.

Eg går no her heime og puslar, eg hadde tenkt meg på butikk i dag, men fann ut at det var ikkje behov, eg kunne ha fare på grava med den fine lyngen, men det er ikkje så kjekt å halde på med planting etc. når det regnar såpass som i dag. 

Så etter at eg hadde vore hos Marit ei stund , gjekk eg heim og laga meg middag, og etterpå gjorde eg ferdig  lesten eg heldt på med. No har eg berre ein lest att å strikke av det kvite garnet eg fekk av Solveig, så har eg strikka tre par av det. Det er kanskje rart å strikke varme ull -lestar i kvitt, men det har ei årsak.NO må eg visst sette på TV-en og høyre om det er noko nytt i verda

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: laurdag19.september

  No når eg ikkje går på skule eller noko anna, har eg litt problem med å vite kva for vekedag og dato det er-heile tida ,Eg trudde eg hadde...