søndag, september 20, 2026

Dagbok 2026; 20.september

Eg stod på altanen og såg ned på svartsurbær buska mi, der er ikkje mykje bær att, og eg har ete ganske mykje av bæra i år. No er det ikkje ver til å vere ute i, så om der er bær så blir det fuglane som får dei.

Klokka er no18.30 og temperaturen ute er + 10 grader og det regnar. Det er ikkje slik eg likar å ha det, men eg kan ikkje gjere noko med det. 

I heie dag har eg sete og strikka på tjukke kvite lesta, som ei i familien skal få. Solveig kjøper garn og eg strikkar. No er eg ferdig med den jobben så då må eg finne på noko anna snart. Det blir helst til at jentene strikkar genserar etc, mens eg strikkar lestar.

Det er ikkje så mykje som skjer nå ein sit inne åleine heile dagen, men eg har no både laga meg middag og dessert etc. Og så ser eg TV- og i morgon må eg kanskje komme meg ut?
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026; 20.september

Eg stod på altanen og såg ned på svartsurbær buska mi, der er ikkje mykje bær att, og eg har ete ganske mykje av bæra i år. No er det ikkje ...