mandag, september 21, 2026

Dagbok 2016: 21.september


Viss ein går ut i enden av altanen og ser langt bortover, kan ein få sjå litt av Ørstafjorden

Klokka er no17.50 , temperaturen ute er +10 graderC. No er det rimeleg fint ute og sola er framme, slik har det ikkje vore i heile dag, men veret her er alltid finast når kvelden kjem.

Denne dagen har alt gått meir og mindre på tverke for meg. Det begynte med at eg var veldig trøtt og hadde lite lyst å stå opp. Men det gjorde eg no-til slutt- 

Eg kunne tenkje meg ein tur på butikken, men så var det flatt batteri igjen , og eg kan ingen ting med slikt, så det var naboen som sette det på ladding , som så mange gonger før. Eg veit ikkje om bilen er køyrbar no, men det er ikkje så nøye, eg kan fare på butikken i morgon..

Så la eg opp eit nytt strikketøy, men eg hadde ikkje strikka mykje før eg måtte ta opp att alt-minst to gonger. No veit eg ikkje om eg prøver fleire gongar? -- Jau, det gjer er nok!

Det var liksom alt gjekk på skeive-men ikkje alt, nei. Eg har no vore så låk i føtene lenge,spesielt etter at eg datt med klipparen og fekk hjernerystelse. Eg var redd eg skulle bli ute av stand til å gå, men i dag gjekk eg nesten heilt fint på vegen. Så det var no ei ,lette. Det er no helst om morgonen at føtene ikkje er heilt gode- Men eg er gammal, sjølv om eg ikkje forstår det så godt sjølv-enno.

Denne veka kjem Solveig innover på torsdag, då skal eg til kontroll og få nye briller, såpass er ser litt betre. Det er kjekt å ha med nokon når ein skal ta ut innfatning.

Det er ikkje så mykje å gjere ute i hagen no, så eg får finne på noko inne i staden. Her er nok å ta av.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22. september

                               Utsikt frå trappa-mot vest Klokka er no 18.15,temperaturen ute er + 13 graderC og det er overskya,men vi har ...