torsdag, oktober 22, 2015

Dagbok 2015: 22.oktober.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 10 grader og det har vore regn og grått heile dagen.
Har ikkje vore så arbeidsam i dag. Har gjort husarbeid heile veka, så i dag var det berre golvvask som stod att. Mens eg vaska egnde Nils ei line, og sette den i frysaren klr til bruk. Til middag hadde vi kokt lange, det er ei stund sidan sist.
Eg skulle vere hos frisøren klokka 15.30, men først var vi innom biblio og henta fire bøker.
Då vi kom heim sette eg meg til å rippe, og det har eg halde på med heilt til no. Har lagt alle bøkene inn på minnepinne til Solveig, men eg hadde litt problem med somme plater, eg fekk ikkje rippa siste sporet. Må sjå litt nærmare på det i morgon. Eg har lytta til lydbok og strikka langsmed rippinga.
Fekk eit problem i dag. Begynte å svi i augene mens eg var hos frisøren. Eg skulda på kremen som eg hadde smurt i ansiktet, men det kan også vere eitt eller anna hos frisøren. Eg tok ein allergitablett og tårene har slutta å renne, men augene svir. Dette er eit lite problem som sikkert er over i morgon.

2 kommentarer:

solveig sa...

Alle dei bøkene er av interesse!!!

Besta sa...

Har lagt dei inn på minnepenn allereie. Dei er ikkje så "tjukke".

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...