søndag, oktober 11, 2015

Dagbok -2015 : 11. oktober


Klokka er 17.30, temperaturen er + 12 grader C og det har vore ein nydelig , lettskya dag. Kan ikkje ønske det betre midt i oktober.
Nils sette ut teiner i går kveld og drog dei i dag, det vart bra fangst, og desse krabbane var det meir mat i enn dei vi hadde sist.Charlie var skeptisk, men Nils kokte dei og sette dei til avkjøling.
Før vi åt middag tok vi bilen og køyrde bort på Morkaåsen der det er ei fin kunstgrasbane; meininga var å leike med Charlie der, såpass HAN fekk mosjon i alle fall. Der var det også ein svart, glatthåra hund, eg er ikkje sikker på rasen, som ville leike, så då vart det liv. Den andre hunden og folka hans skulle gå tur-truleg bort til Åsentunet, men vi gjekk berre eit lite stykke. Så gjekk vi tilbake og leika "hent kjeppen", men Charlie har ikkje heilt forstått at han skal levere kjeppen tilbake. Elles er han veldig flink og kjekk.


Her kan de sjå bana. Lysmasta står midt på Saudehornet.



Hundane var litt voldsomme i leiken, men ingen vart skada. Ikkje alle store hundar er like snille som Lasso. Charlie er flink å hoppe inni bilen og plassere seg i buret.
I dag gjorde vi noko vi aldri har gjort før. Vi handla på søndag; ein loff på Bunnpris. Så åt vi krabbe med loff og majones i staden for fisk i dag. Og eg vart ikkje kvalm slik eg vart sist eg åt krabbe. Ergo er eg ikkje allergisk.
Margrete er komen heim att frå Oslo, og i morgon kjem ho hit, for då skal Amanda på ballett igjen. Ferien er slutt.Og Charlie skal få kome heim att til familien sin. Nils skal levere bilen i kveld, og Jørn er med og køyrer han heim att. Håper vi får att bilen i løpet av morgondagen.


2 kommentarer:

solveig sa...

Godt du toler krabbe!
Olaug kom att frå Harøya i dag. Ho var på tur med ei venninne. Dei to eldste har vore på konsert i hovudstaden - igjen. Vi har rigga oss klare til snikkaren skal kome. No ser vi fram i ein månad med unntakstilstand i heimen.

Besta sa...

Det er eit styr med det, men kjekt når det er ferdig.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...