onsdag, oktober 28, 2015

Dagbok 2015: 28.oktober


Klokka er 17.00, sola har gått ned og det skymest. Temperaturen er + 8 grader. Det har vore ein fin dag med mykje sol.
Eg har vore mest inne, men Nils og Matias kom seg på sjøen klokka 8.30, dei fekk berre nokre få små- seiar, i tillegg fekk dei makrell. No har vi nettopp ete kokt småsei, og så har vi kokt makrell som vi skal ha kald i morgon.
Mens Nils var vekke vaska eg grundig på badet og kjøkkenet, og så var eg ute ei lita stund og rydda i hagen. No først blomstrar den mørkeblå clematisen for fullt. Som regel er den så seint ute at den får snø på blomsterprakta. Eg er glad så lenge snøen held seg borte.
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag. Etter lunsj las eg ut lydboka mi. Har lese mange korte bøker i det siste.
Innlegget til avisa skreiv eg i går kveld, så det var berre å lese over og sende i dag.
Same om ein ikkje gjer så mykje, så går dagane fort, særleg no når dei er så korte.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget.
(Bilda er tatt frå altanen)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 29.mars

I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat s...