mandag, oktober 19, 2015

Dagbok 2015: 19.oktober.

Klokka er no ca 16.00, temperaturen er + 11  grader C. Det har skya over no, men på føremiddagen var det nydelig. Men sola er låg og skuggane lange, så det er ikkje godt å få gode bilde for ein ukyndig amatør. Bildet over syner utsikta frå sjukehuset mot Folkestad.
I dag skulle Nils tidleg opp for å møte opp på legesenteret for blodprøver og legebesøk. Eg hadde sove dårleg om natta og "somna attpå" og vakna ikkje før Nils var vel heime. Etterpå skulle han til Volda for å ta ei sprøyte. Han har ei dame der borte som KAN sette den sprøyta, ho har brote handa, men ho skulle hjelpe ein lege så han fekk sette den. Det gjekk heilt skeis og sprøyta brotna så no må han bort att i morgon. Sprøyta må bestillast på apoteket, derfor fekk han ikkje gjort det i dag. 
Eg vart med bort til sjukehuset og ville fotografere i sjukehusparken mens han var inne. Etterpå skulle eg gå nedover same vegen som vi hadde køyrt opp, men ikkje lenger enn ned til rundkøyringa ved DH. Det skulle vere greitt? Men nei, vi klarer å rote det til. Eg fotograferte og gjekk ned mot rundkøyringa. Der var det ikkje sol, så eg luffa opp att mot sjukehuset, og var komen nesten opp att då Nils ringde på mobilen, då stod han i rundkøyringa og venta.Han hadde køyrt ein annan veg ned att. Det vart ein liten "diskusjon" om kven som hadde skulda for rotet.
Eg var innom Møre konf. og kika litt,  fann ikkje det eg ville ha,men der var veldig mykje fint.
Så var apoteket i Ørsta neste stopp. Vi måtte fylle på medisinlageret vårt begge to. Eg kom ut for ei ny, ung dame som kom med allslags åtvaringar. Mellom anna fekk eg vite at når eg tok Centyl, burde eg bruke ansiktskrem med faktor 15 for å unngå brune flekker i ansiktet. Eg lurte på om det var solkem ho meinte, men så er det faktorar på andre kremar også. Eg sa at dette visste eg ikkje, og då forkynte ho at dei fleste fekk vite det 10 år for seint.(Og takk for det!) Eg enda med å gå frå apoteket med fleire produkt enn eg hadde rekna med.
Heldigvis hadde vi att fiskegrateng frå i går, så det gjekk fort å lage middag. No har Nils somna i stolen sin, men eg skal prøve å halde meg vaken, så eg får sove til natta.







Denne vegen gjekk eg fleire gonger for dag dei tre vekene pappa låg på sjukehuset i Volda før han døde.Det var våren 1961. Vegen går rett ovafor lærarskulen, og den vesle butikken som eg ofte stakk innom er der enno, dvs. no er det SPAR--butikk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...