søndag, oktober 18, 2015

Dagbok 2015: 18.oktober

Clematis -bildet er tatt frå altanen.


Klokka er snart 17.00. Temperaturen er + 11grader C. Det har vore overskya i heile dag, men no held sola på å komme fram og då er det fint!
Sidan eg har litt sitteproblem for tida, har eg prøvd å halde meg på beina det meste av dagen. Biltur er heller ikkje aktuelt.
Av og til blir vi så "huslige" om sundagane. I dag var det ein slik dag. Vi hadde både fisk og kjøtt tilgjengelig, men bestemte oss for fiskegrateng. Nils gjorde klar fisken, resten gjorde eg.No kan eg dette.
Vi har eitt einaste epletre og epla er ikkje så mykje å skryte av. For nokre år sidan kjøpte vi jus-presse, og i dag har vi køyrt ganske mykje eple gjennon den. Etterpå silte vi safta gjennom ein saftpose, for et blir ein del skum etc. Jusen frys vi på flasker til seinare bruk. Ja, dette er no slikt ein kan styre med når ein er pensjonist. Fiskegratengen vart god, som vanlig. Noko oppvask vart det, men eg likar å ha noko å sysle med. Fekk rydda eit par skuffer i same slengen, fordi eg leita etter noko. Eg er inne i ein skikkelig "rydde- og - kaste" -periode. Gjev den må vare.
Har hatt meg ei stund i horisontalen på sofaen med lydbok. Hadde det ikkje vore så seint på dag, kunne eg ha lagt meg ut på solsenga. Neste helg er det omstilling av klokka, anten vi likar det eller ikkje.



2 kommentarer:

solveig sa...

Når ein må stille klokka, begynner mørketida her ...

Hildegard sa...

Ser herleg ut!
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...