lørdag, juni 15, 2013

Dagbok 2013: 15.juni.

Klokka har passert 20.30, og sola skin frå nesten skyfri himmel. Det har vore mykje sol i dag, men også ganske mykje skyer først på dagen.
Før middag var vi ein tur til Vik, vi skulle ha eit lysrør til badet og litt mat. I dag fann vi på at vi skulle bryte prinsippet og handle på Bunnpris. Det eg likte veldig godt med den butikken var at der er sværtryddig og lett å finne fram, men det mest positive var at alle kjølevarene var samla i eit kjølerom med skyvedører der vi gikk inn og fann melk etc. Dermed kan dei ha behagelig temperatur i resten av butikken.
På heimvegen stakk vi innom "Gjenbruk"-det var noko Nils skulle sjå etter. Der var det kome inn veldig mykje varer sidan sist, så no var der overfylt igjen. Det er meir populært å gi enn å kjøpe, ser det ut til. Kanskje det var det som gjorde at eg tok med meg 9 kvardagsasjettar heim, eg betalte 10 kr stk. Så no må eg kanskje parkere dei eldste asjettane ein stad. Eg har litt vanskelig for å kaste ting som er heile.Det er vel noko som heng att hos oss eldre.
Vi tok oss ei arbeidsøkt i hagen og flytta eit par stauder ned på muren mot naboen, og Nils sådde i der dei stod før. Har enno ikkje fått heilt i orden ved garasjen.
Middagen i dag vart veldig enkel: pølser og brød! Er det sommar, så får vi ta det lettvint.
Etter middag la vi oss på altanen og sola oss, sov og las. Nils gikk inn att til fotballkampen, mens eg vart liggande. Når eg føler meg skikkelig lat, tenkjer eg berre på dei som er i syden fleire veker i året, så får eg godt samvit.
I dag kan vi gratulere Hilde på Eid med dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...