Klokka nærmar seg 19.00, temperaturen ute er +18 grader, og vêret er vekslande. Best som sola skin, så regnar det. Men berre eg slepp kulde og skodde er det greitt. Eg har forresten ikkje vore ute i dag, men har planar om ein tur no snart.
Før middag tok eg ein razzia på badet, rydda og vaska skuffer og skap. Ikkje fritt for at eg fekk kasta ymse ting som var ute på dato!
Til middag steikte eg pannekaker, av og til kjem slike lyster over meg, og då er det greitt. Egg og melk har eg som regel i hus. Rett etter middag kom Margrete på besøk, men ho ville ikkje ha anna enn kaffi, for ho hadde vore på kafe. Men eg fekk overrekt presangane som eg hadde kjøpt til henne.
Så las eg ut lydboka eg heldt på med osb.
I dag fyller det eldste barnebarnet vårt 26 år og vi gratulerer. Eg var 47 år då han vart fødd, og følte meg nesten litt for ung for bestemorrolla. Då yngste barnebarnet kom til verda var eg 70 år og følte meg nesten litt for gammal.
Når eg har valt å legge inn dette bildet av bursdagsbarnet og broren, er det på grunn av genserane, som eg strikka i si tid. Eg synest Einar sin genser er så fin, og kunne godt tenkt meg å strikke same sorten igjen, men hugsar ikkje kvar eg fann mønsteret eller kva det heiter. Kanskje andre veit det?
Genseren i blått og grønt var ein slags "Drillo"- mønster. Garnet hadde same namnet som hunden til Drillo, meiner den også var strikka til Einar.
Vi ønsker Einar til lykke med dagen! Og så blir det vel feiring i samband med Solveig sin dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

4 kommentarer:
Ja, vi får ha ei stor fellessamling. I dag har han så vidt rukke å stikke innom til middag.
Ja, han er ein travel type, særlig i fotballsesongen.
Gratulerer med barnebarnet. Nydelege gensarar, håper du får tak i mønsteret. Du/vi skulle hatt deg ein tur på Eid Miljø hos Reidunn i "Skofabrikken".
Det hadde vore kjekt, ja. Akkurat no har eg problem med å sitte så mykje, så då kan eg ikkje strikke. Strikking er meir ein vintersyssel for mitt vedkomande.
Legg inn en kommentar