lørdag, juni 22, 2013

Dagbok 2013: 22.juni

Klokka er snart 19.00. Ute er det fotsid skodde og regn, det har det vore i heile dag. Men temperaturen er + 15 grader, så det er ikkje direkte kaldt.
Vi hadde tenkt å halde oss heime i dag, men etter at eg hadde støvsuga og rydda opp litt, og Nils hadde besøkt ein gammal kamerat på sjukeheimen, fann vi ut at vi likevel måtte ha ein tur nedover. Hadde eit lite ærend på apoteket, og så er det no alltid kjekt å treffe folk. I dag møtte vi mange vi kjenner. Tok ein tur i gågata også, der eg kjøpte meg ein ny orkide. Eg må alltid ha minst ein orkide som blomstrar, og den eg hadde frå før var begynt å bli noko avblomstra. Merkelig med desse plantane, ein finn alltid ein sort ein ikkje har hatt før.
På denne tida kvart år, plar vi ha ein tur til Nilsbuda på Sæbø, der dei sel lokalt handarbeid. I dag tok vi den turen, og passa på same tid på å få med oss to store, runde Hjørundfjordbrød.
På vegen bortover plukka vi opp to unge haikarar frå Polen, ei jente og ein gut. Dei skulle til Urke og gå i fjellet.Jenta snakka bra norsk, ho hadde studert språket i Polen.
Då vi kom heim vart det middag; eg hadde nemlig kokt risengrynsgraut før vi for heimanfrå og sett den i steikomnen. Spekepølse og potetsalat hadde vi kjøpt på butikken, så det var berre å dekke bordet.
Etterpå slokna eg på sofaen. Er dårlig i rygg og hofte i dag, kjende det i går også. Det er bøy og tøy eg ikkje toler, og det har det blitt litt for mykje av når eg har reinska ugras.
Nils driv og kløyver ved, det likar eg ikkje, for det er min jobb, som eg vil ha i fred. Men då må eg vente til vi har kløyvaren heime att.
Det er vel litt seint, men vil ønske alle ei god helg. Ei spesiell helsing til Øystein som fyller 51 år i dag:
Gratulerer med dagen!
Øystein. (Ser fotballkamp på TV.)
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...