fredag, juni 21, 2013

Dagbok 2013: 21.juni

Klokka er 20.00. Temperaturen ute er +15 grader C, det er opplett og skodde, men har regna det meste av dagen. I går var det så fint turvêr at vi angra på at vi ikkje hadde tatt ein tur vi har tenkt på lenge. Ei av naboane våre disponerer nemlig barndomsheimen sin i Eidsdalen og har ofte sagt at vi må besøke dei når dei er der. Dei er der nokså ofte, men det har ikkje blitt til at vi har tatt turen. Ei av veninnene mine er gift med ein mann som også er derifrå, og eg reknar med at dei fleste som heiter Løvoll kjem frå ein/fleire av gardane i dalen. EG har faktisk reist gjennom dalen ein gong før, på veg til Geiranger, men Nils har ikkje vore der før.
Vi vart litt skuffa då vi såg vêret i dag, men i Eidsdalen var det meldt opplett. Her er ruta for dei som ikkje er kjende: Festøya, Sjøholt, Stordalen, Linge og ferje over fjorden til Eidsdalen. Vi trudde det skulle vere lett å finne fram, det var vel berre å sjå etter ein grå Audi. Men dalen var lang og husa mange, så då vi var komne nesten opp på "fjellet", måtte vi berre snu. Då var vi komne opp til eit vakkert vatn med mange store gardar rundt. Nils gjekk bort tileitt av husa og snakka med ein mann og fekk vite at vi hadde køyrt ei mil for langt, og han foklarte oss koleis vi skulle finne fram. Han kjende Else, ho var tremenningen hans. Så var det berre å snu (bildet over).
Etter vel ei mil var vi tilbake på ferjeleiet, utan å ha funne fram. Nils gikk inn på ein verkstad, og snakka med ein mann som laga teikning(kart), han visste kvar det var, for Else var tanta hans. DÅ fann vi fram. Men der stod ein stor bil som skjulte Audien. Sonen var nemlig på besøk hos pensjonistforeldra, og hadde i tillegg med dei tre sønene sine. Vi blei mange rundt kaffibordet og hadde ei veldig koselig stund.
Else viste meg rundt i huset, der lite er forandra sidan 1950-70-åra. Det var veldig sjarmerande å sjå att ting som eg hugsar så godt.
På heimvegen hadde vi tenkt oss innom den kjende rosekyrkja i Stordalen, men då hadde dei tatt ned skiltet om at kyrkja var open, så vi køyrde berre vidare.Nils tok ein litt annan veg heim att frå Sjøholt (om Magerholm) og på eit forunderlig vis såg vi ikkje Moa ein gong!
Synd at veret var så grått og regnfullt i dag. Fekk ikkje tatt så mange fine bilde.
 
 
 
Vi reiser frå Eidsdalen.
 
PÅ Festøyferja opna eg to mobilmeldingar. Rasmus med fam. er vel framme i Grenå, Danmark. Frisørdama mi skal snart på ferie, skreiv ho, og lurte på om eg ville ha ein time komande tysdag. Snakk om sørvis! Men ho har kanskje sett meg -treng både klipp og farge. Virkelig!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Fin tur, mange år sidan vi var til Skodje og såg på veteranbil hos Fylling-brødrene.

Besta sa...

Då eg las kommentaren din, vart eg merksam på at eg hadde skrive Skodje i staden for Sjøholt. Trur ikkje at eg har vore på Skodje, enda så nært det er.Den vegen vi reiste i går, er ein mykje brukt veg til Geiranger, då køyrer ein ned Ørnesvingane/ Ørnevegen.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...